Gå til innhold
  • Bli medlem

Toto

Passivt medlem
  • Innlegg

    55
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Toto

  1. Sjekka ut kva eg fann her, før eg reiste sørover, og var sjølv på Gigilos denne veka. Finfin tur, sjølv om toppen nok ikkje er høgare enn ca. 1980 (sjølv om det finst skilt og anna som seier 2080). Eit tilsynelatande påliteleg kart eg fekk tak i opererar med 1964 på sørtoppen (denne er truleg nokre meter lavare enn nordtoppen), medan nabotoppen Volakias i aust er oppgitt til 2116. Eg hadde ikkje med GPS, men barometerklokka mi gir normalt nokon lunde pålitelege høgdetal. Høgdeskilnaden mellom Volakias og Gigilos er iht denne klokka ca. 130 meter, og inkje tyder på at høgda på Volakias er vesentleg feil. Skal vi tru at ein av marknadsføringsomsyn ikkje har sett nokon grunn til å skrive ned høgda på Gigilos? Jf. f.ø. denne, som opererar med 1980 : http://www.sougia.info/walk-gingilos.htm Nokre bilete frå min tur følgjer :
  2. Toto

    Sunnmørsalpene

    Lite snø i år ja. Eg var for første gong på Synnavindsnipa i går, og var litt redd for korleis snøfonna eg hadde lese om på førehand skulle vere å krysse, men inga snøfonn var å sjå den aktuelle staden. Er det evt. normalt at denne er vekke midt i august?
  3. Her er løypa : http://www.styrkeproven-rettvest.org/page10/page10.html Slik eg forstår det, var det som skjedde her at vedkommande korkje fulgte løypetraséen, eller det som ville ha vore den enklaste "bryteruta" ned frå Redningshytten (turvegen ned til Osavatn). Viss skildringa i nettavisene stemmer, braut han av ned til høgre mellom Slettegga og Livarden.
  4. Toto

    Hvorfor Nordkapp?

    Eg er heilt samd med deg, poenget mitt var at med ein slik argumentasjon er også Lindesnes ei øy. Såleis skal ikkje spørsmålet kun vere "Hvorfor Nordkapp?", men også "Hvorfor Lindesnes?".
  5. Viss du går i konstant tempo, vil du vel vere ein eller annan stad rett sør for Dyranut (kor langt sør avhenger av tempoet)???
  6. Toto

    Hvorfor Nordkapp?

    Sjå på side 25 her : http://www.skodje.kommune.no/diverse/1/Skodje_Naturtyperapport_2005.pdf Korleis sundet (eller eidet?) ville ha vore i dag utan mangeårig menneskeleg påverknad er neppe godt å seie, men 5 meter djupt hadde det neppe vore... Elles er vel Nordjylland (nord for Limfjorden) eit godt døme på at det ikkje er lett å finne ein eintydig definisjon på skiljet mellom øy og fastland. Kielkanalen veit eg lite om, men denne har vel sluser, og i så fall er vel resten av Jylland fastland? Sør-Sverige er definitivt fastland, Göta kanal ligg jo ikkje i havnivå.
  7. Du veit om denne??? http://www.ii.uib.no/~petter/mountains/Norway/Helgeland.html
  8. Viking har tur-O-tilbod (som passar også for internettgenerasjonen) i Fløienområdet : http://www.tifviking.no/avdelinger/orientering/turorientering/ Bergen Turlag i Marken seljer også tur-O-konvoluttar for dei andre opplegga i Bergen. Stort sett har kvar klubb opplegg i "sine" område.
  9. Ulriksmasta står jo ikkje på toppen (i alle fall ikkje på den 642/643-haugen eg trur dei fleste reknar som toppen). Då er vel Rundemanen og Lyderhorn verre??? Elles må vel Dustingen vere ein god kandidat??? http://www.vossnow.net/Database/visbilete.asp?filnamn=foto25120.jpg
  10. Toto

    Hvorfor Nordkapp?

    Det er nok så enkelt (eller vanskeleg) at det ikkje finst noko klar grense her... Er t.d. Oksenøya i Ålesund/Skodje øy eller fastland? Kva med Lindesnes (jf. Spangereidkanalen)? Typisk ved slike sund som Dragsundet mellom Oksenøya og "fastlandet" er at nokon har gjort tiltak her antan for å stoppe vasstraum og utgraving eller (oftare) for å opne for båttrafikk. Korleis då trekkje grensa mellom øy og fastland viss det frå gammalt av kanskje var slik at sundet var tørt ved fjøre og vått ved flo? Er det ikkje like greitt å definere Lindesnes som øy ein gong for alle? Korleis skal du evt. klare å skilje mellom "kunstige" sund og "naturlege" sund? Dragsundet er knappast "naturleg" i sin noverande form...
  11. God idé! Då unngår ein jo også dei høgst så kunstige "kommunetoppane" som ikkje ein gong er ein topp (som t.d. Ålesund sin såkalla "kommunetopp", som er eit punkt på ein rygg mot ein topp som ligg i nabokommunen Skodje).
  12. Kva med respektive det nordlegaste, vestlegaste, sørlegaste og austlegaste punktet i kvar kommune? Viss kommunen delvis ligg på fastlandet og delvis på øy, må sjølvsagt også dei tilsvarande retningsekstreme fastlandspunkta visiterast. Det går jo også an å oppsøke kommunetoppar i eldre kommuner (t.d. med utgangspunkt i kommuneinndelinga frå før 1964). Nok eit forslag kan vere den høgaste toppen på kvar norske øy.
  13. OBS: Lyngve har faktisk svart 100% korrekt på det opprinnelege spørsmålet, men det synast mykje meir interessant å kverulere om alt anna...
  14. Først kastar du dritt fordi kjiver skriv noko om vardar, som etter di eiga utsegn ikkje var tema. Så følgjer du opp med ein masse visvas nettopp om vardar (som jo ikkje var tema...). Finst det ein logikk her??? Kanskje du heller skulle ha skaffa deg din eigen blogg, der du har kontroll på alt som skrivast, samstundes som vi slipp å bruke tid på å bla forbi oppgulpet ditt?
  15. Eg ser ikkje heilt korleis du kan bruke dette dømet til å konkludere med noko som helst om Jotunheimen??? Elles blir vel forumet det som brukarane (inkl. deg sjølv) gjer det til? Ulike forum og ulike sider dekkjer ulike behov, men forum/sider kan og bør også utvikle seg. Elles er det vel slik at vi som bur i vest har eit klarare/nærare forhold til under-/lokalforeiningane enn til overbygninga DNT. Dette siste ser kanskje litt annleis ut austfrå?
  16. Eit kjapt søk på DNT-sidene gir ingen treff på Fjellforum, men fleire treff på etojm : http://turistforeningen.no/article.php?ar_id=7508 http://turistforeningen.no/index.php?fo_id=1022 Lenkesida er tydeleg ikkje heilt ajour, men likevel... Hos Bergen Turlag finn eg lenke til m.a. ei av mine definitive favorittsider (westcoastpeaks) : http://www.bergen-turlag.no/index.php?fo_id=3903 , og hos AaST finn eg lenke til fleire andre favorittar (t.d. fjellinordvest (og nok ein gong fabelaktige westcoastpeaks)) : http://www.turistforeningen.no/alesund/index.php?fo_id=6730 Heilsvart er det såleis ikkje, men interessant er det at Fjellforum ikkje gir treff nokon av desse stadane...
  17. http://www.idrettsbutikken.no/aspx/prdinfo.aspx?plid=23713
  18. Toto

    Farvel Vestlandet ?

    Stord-Stavanger kan syklast t.d. via Bømlo (ferje Langevåg-Buavåg) og Karmøy (ferje Skudeneshavn-Mekjarvik).
  19. http://timesofindia.indiatimes.com/NEWS-World-Europe-3-Lithuanians-killed-trying-to-climb-Mont-Blanc-/articleshow/4793352.cms
  20. Røldalstunnelen kan nok virke lang, men er nok ikkje lengre enn ein stad mellom 4 og 5 km... Forbi Lønavatnet (første vatnet etter Voss) er det mogleg å sykle aust for vatnet forbi Nedkvitne (litt lengre enn E16, men langt mindre trafikk). Også forbi Oppheimsvatnet (vatnet ved høgste punktet mellom Voss og Gudvangen) er det rolegare å sykle fylkesvegen på høgresida av vatnet. Frå Skjervet mot Voss er det flott å sykle på den gamle jernbanelinja.
  21. Toto

    Slogen

    https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=17016
  22. Nordsida av Svinningen sett frå Livarden seint i ettermiddag...
  23. Ein stad under toppen av Kyrkjetaket i Isfjorden, med sikt sørover mot m.a. Venjetind.
  24. Eg støtter forslaget om Hellenakken, men ikkje at dette er rett etter avgang. Flyet ser ut til å vere på veg vestover, og er då heller på tur inn mot Vigra, om enn relativt lavt til å vere eit rutefly?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.