Gå til innhold
  • Bli medlem

Bugten

+Støttemedlem
  • Innlegg

    68
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

18 Neutral

Om Bugten

Nylige profilbesøk

1 874 profilvisninger
  1. Alltid ved telttur i kajakk. Blir fort salderingspost når det skal bærast... , med mindre det er kort distanse.
  2. Du treng ikkje gjere alle punkta kvar gong. Og det går å forenkle, so lenge ein oppnår formålet. Monge veiar til Rom , men sånn gjer eg : Punkt 1 : Finne smøresonen ; dette gjer du ein gong for alltid. Og merk tydeleg på skia for all framtid. Punkt 2 : Dette gjer eg max 1 gong for sesongen , eller ved behov. Punkt 3 og 4 : Ved sesongstart og veromslag til mykje kaldare ver . Då vaskar eg av med sitrus solvent eller rødsprit og startar på nytt. Brukar nokre lag av dei 2 "kaldaste" smurningane eg har til festevoks. Punkt 5 : Impregnering av feller er ein god ting , men ikkje nødvendig kvar gong. Og etterkvart som du taklar smøring brukar du fellene mindre, og aldri nedover ! Punkt 6 : Varmar inn samme type glider som eg brukar på alpinskia. Treng heller ikkje gjerast kvar gong , men oftare på grovkorna vårsnø ; slit meir på smøringa. Dette gjer eg forresten før festesmøringa . Oppfrisking seinare ved slitasje gjev betre glid , men går fint å klare seg utan. Brukar absolutt klister no på våren. Erstattar longt på veg feller . Enklaste føre å smøre for ! -heilt til nysnø dalar ned for ein liten bonus-vinter ... Som sagt ; dette er ikkje fasit, berre eit alternativ.
  3. Tenkte nok det var ein jallabutikk ja. Takk for innspel ! Like greit å kjøpe "jalllavarer" frå kinamannen sjølv ja ... 😉 Fullt klar over at det var på andre sida av dammen , og at moms og frakt kom i tillegg. Takk til "sofasliter" for Ali Ekspress - lenkja ! 🙂
  4. Nokon som har erfaring med denne nettbutikken ? Ultralight Camping AirPump – Njord Outdoors Co. Er den reell , eller berre lureri ? Florerer på sosiale media med ukjende levrandørar som leverer "lure" nyvinningar om dagen , og denne dukkar stadigt opp att. Lenke er til ei pumpe som eg kunne tenkt meg å prøve. Har og fleire interessante produkt.
  5. Ok Takk for svar . Då tar eg ein prat med VPG att før kjøp. Trur nok du har rett . 😊
  6. Ok, det skulle bety at den i lenka til VPG passar til tjukk såle då sidan den har svart hammerlakk på tåjernet ?
  7. Hei ! Kan nokon oppklare kva sko som passar i nye Voile 3-pin ? Har eit eldre par av desse , og skoa har kraftige (tjukke) sålar ; Varg Polar. Desse går sovidt på plass i ytterste hakk om eg tar i, passar eigentleg ikkje. Er aldri heilt sikker på at dei er på rett plass sidan ein må bruke kraft. VPG har desse på tilbud no , og tenkjer å bytte om desse passar tjukke sålar. Men VPG kunne ikkje oppklare om dei passte , var ikkje klar over at det var ulik tjukkelse på sålar i 75 mm systemet.. (!) I følge eit innlegg av Mr.MountainLurk gjekk denne frå tynn (ca 13-14) til tjukk (16 mm) på eit tidpunkt . Gjeld det denne typen som er lenka til ?
  8. Kjøpte ein besin /multifuelbrennar på tidlegt 90-tall ; Coleman component Apex (slangebrennar). Det var ikkje so utbredt med slike på den tida. Og ja ; utstyrsfreaken har handla fleire i ettertid . Men ingen andre har vore like bra på bråk og småkoking.
  9. Gratulerer med nye dukar ! Ja det blir det, men ikkje so mykje . Kjem an på temp ute og i kroppen. Iallefall Jerven sine har eit varmereflekterande belegg på innsida. Ja i utgangspunktet. Men ein finn løysingar på sånt ; eit belte eller berre ei pakkreim rundt livet held duken passe oppe om ein vel å gå med den i leiren. Jerven leverer denne med på dei lange dukane. Når det gjeld skilnaden på Helsport og Jerven sine kan eg ikkje uttale meg sidan eg berre har Jerven sine. For å kompensere for vekta på tur kan ein evetuellt ta med tynnare sovepose og bruke fjellduken utanpå. Men då skal ein merke seg at det er ekstremt viktig å ikkje glide for mykje att. Pusten må på utsida ! -elles blir det aha-opplevese neste morgon ; søkkvått på innsida ! Hugs å lufte/tørke fora duk i etterkant , den er fuktig sjølv om det ikkje viser. Det er og mulegt å spare endå meir vekt ved å berre ha fjellduk (fora) utanpå underlag og sovepose , men ville ikkje satsa på dette primært. Vær obs på at det i framtida kan oppstå (fleire) dilemma når ein skal pakke før turen ; -skal duken med ? -ev. kva for ein ! 😉
  10. Det er fordelar og ulemper med alt. Ulempa med fora fjellduk er at den er 1,5 - 2 kg , avhengig av modell (ein ufora kan duge om det ikkje er for kaldt). Men fordelane fører gjerne til minneverdige stunder . For eksempel når freden senkar seg attmed med bålet ein kjølig haustkveld er det prikken over i-en å trekke fjellduken over og glide passe att . Ein vart gjerne litt frostig før bålet tok fyr. Varmen breier seg i kroppen, veden innafor rekkevidde , -og gjerne ein goddråpe i glaset. Klart det er fordel om veden er gnistfri, men den sjangsen tek eg. (det går fint å lappe). Dette er eit av monge bruksområder. For meg er vissheita om at eg kan finne ly og skifte til tørre klær kor som helst den beste grunnen for å ta med fjellduk . Å bli kald på beina er ikkje eit problem inni fjellduken.
  11. Lars p ; Desse medium-klemmene var skikkeleg skarpe i kjeften ja ! Bra du nemnde det , har no dratt over tennene med ei flat-fil so dei skånar teltduken . Kjem uansett til å putte på ein tape-bit og. Dei hadde som sagt ikkje mini då eg kjøpte, men for 2 klemmer utgjer det berre 20 gram meir enn for mini-utgåva i pluggposen ..., so det får gå !
  12. Okay Lars p, ser den. Hadde tenkt å tape før bruk ja (alltid litt tape i sekken). Fint om dar finst litt mindre og lettare , men på min lokale butikk såg det ikkje ut som dei hadde ... Ellers tenkjer eg ikkje å la dei stå på permanent , kun ha to sett i pluggposen til trengande situasjonar.
  13. Det er klart at dersom det var første turen med eit nytt telt vil ein vel være litt spent på korleis det skal gå når vinden passerar 15 - 20 sekundmeter ... Dog trur eg det er potensial for at neste tur kan bli betre når ein har førstehands erfaring med kva teltet står for . Og det er jo heilt utruleg kva ein kan bli vand med ... 😉 Har ikkje prøvd noko Fjellreven-telt, men dei har jo særs godt rykte. Det teltet eg har som liknar mest er eit Helsport Reinsfjell 2. Og i dette har eg faktisk blitt liggande å høyre på blafrande duk (nederste kant mot bakken), og tiltak vurdert. Det teltet eg har opplevd mest bråkete duk i er eit Ringstind 2 Hjalp ikkje kor eg enn justerte/stramma so her har eg gjort tiltak mot problemet. Løysinga blei å få sydd på nokre stormmatter og fleire pluggfester (samtidig som eg fekk gjort nokre andre moddar) . Dette fiksa biffen ! Ein treng ikkje få sydd på permanente pluggfester heller. Eit par presenningsklemmer med strikk og pluggar fiksar som regel problemet på den eksponerte sida der vinden kjem frå. Har tenkt på å ta med slike til Reinsfjellteltet .... https://www.clasohlson.com/no/Holdon-Midi-Clips-Presenningsklemme%2C-hvit%2C-4-stk-pk/p/Pr309551000 Og manne-brus kan sjølvsagt få roa til å senke seg .. 😂, -men tar ikkje med til fjells noko under 40% ! 😜
  14. Når det drar på med vinden so blir det fort nokre turar ut av teltet for å justere /stramme barduner , ev. legge steinar på stormmatter eller pluggfester som er mest eksponert. M.a.o. er dette er beste sovemedisinen for meg ; å vite at teltet er sikra på beste mulig måte. Då søv eg godt sjølv om det er litt lyd. Men det er meg. Har aldri brukt øyrepropper for å få sove i telt. Men brukar dei mykje på jobb. Og som Kristian P skriv er det viktig med korrekt bruk. Dei fleste som ikkje brukar desse til vanleg brukar dei feil. Dei MÅ komprimerast/rullast mellom fingrane til dei er ein brøkdel av str. før dei blir putta på plass. Då skal dei ligge i øyregangen , ikkje 3/4 utanfor. Dersom ein då føler att dei pressar ubehageleg mykje etter at dei har ekspandert att skal ein vite at det finst fleire størrelsar.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.