Tråden her fisla bort sjølv om det har vært mykje om temaet i media i seinare tid, etter ei prosjektgruppes til dels radikale forslag for berging av villrein.
DNT har forutsigbart sett seg på bakbeina no sist i kronikk ved Hanasand og Klarp Solvang.
Fyrste avsnittet er lett å være einig i, men deretter glir det etter mitt syn litt ut.
Sitat:
Derfor har beskyttelse av villreinen stått høyt på vår dagsorden i mange år. Vi har stengt hytter, flyttet stier, redusert åpningstider og lagt ned mye arbeid i å informere våre gjester og andre om hvordan de kan ta hensyn til villreinen.
Det stemmer at DNT har gjennomført nevnte tiltak, men mykje av det har dei hatt kamp til døra for å unngå. DNT er dratt baklengs inn i framtida i villreintemaet og eg
vert noko provosert når DNT no framstiller det som om heile den norske friluftskulturen står på spel dersom DNT må nedskalere. DNT heng ut andre kommersielle
aktører, men stikk under sin høge hest (sic) at også dei er ein formidabel kommersiell aktør. Kanskje hadde villreinstamma vært betre stilt og nokre av dei no
framlagte forslaga vært unødvendige dersom DNT hadde vært meire frampå i skoa tidlegare?
Eg kjenner til at DNT også har ei gruppe som er nedsett for å tale villreinsaken innad i DNT, men savner deira stemme i denne kronikken.
Phu... Lite hjartesukk frå meg, no kan dei som er ueinige opplyse meg om kvifor DNT fortjenar å få fortsette si eksklusive forretningsdrift i fjellheimen vår på villreinas bekostning.
Og ja, hyttebygging i randsona, kraftutbygging, samferdsel og fleire andre tema er også store problem for villrein, men her og no var det den manglande audmjukheita frå
DNT som provoserte meg.