Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 672
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Signerar også på para rangeren, sitt godt på meg. Synes dog han er noko krøkett å pakke, men det er nok ei vanesak.
  2. Nyyyydelege bileter av det som er ein flott tur. Verkeleg blandt topp fem på Sunnmøre kanskje? Flink er du i alle fall med fotoapparatet!
  3. Mange sekksr i den str er jo noko tunge, men ein som ikkje er det er til dømes Osprey Xenith 105. Topplokk kan brukes til midjeveske.
  4. Been there done that 🤣
  5. Jepp, du må korte med ein desimal ved hjelp av vanlege matematikkreglar. Du får heller ikkje plotta minus ved plotting av desimalgrader, men må bytte E med W om du er på vestlig halvkule og N med S om du er på sørleg halvkule, for å angi koordinat lengd/breidde som til dømes i Googlemaps er angitt med ein minus framfor.
  6. Hei om koordinatar ikkje er oppgitt i UTM er dei oftast oppgitt i ein variant av breidde og lengdegrader, kort sagt lat/long. Desse får ein i DMS (degree, minutes, second), desimalgrad eller grademinutt. Alle desse tre måtane å plotte koordinatar på finn ein i innstillingane for GPSen. Så berre å plotte dei som dei er å nytte dei. Om du likevel vil konvertere til dømes fleire koordinatar i ulike format for å bruke dei i ei rute og sleppe veksle innstillinga på GPS når du plottar, er det greit å nytte ein konverteringskalkulator. Ein slik finn ein på nett, berre å Google.
  7. Superflott! Sitt på buss på veg til Polen på skuletur, og dette var finfin lesnad!
  8. Huff då, der var sjølvsagt komande vår eg meinte, neste år 😂
  9. I år? Eg spør for å kunne gi gode råd altså.
  10. Ok. Kva tid tenkjer de starte?
  11. Hei Har du padla mykje før? Evt kva type kajakk har du frå før? Skal du padle åleine?
  12. Tone, eg trur du utstyrsmessig har føresetnader for å gjere dette heilt fint. Eg er ikkje samd i at teltpose, bedding og doble stenger er superviktig, men det er faktorar som kan forenkle litt, med unntak av doble stenger. Rutine på korleis du slår opp teltet i hardt ver åleine er viktigst, same kva system du nyttar for å gjere det. Kanskje du kan ha dobbel stang i ein kanal, den som typisk får mest juling er den som er lengst vekk frå ein eventuell levegg ved sterk vind ? Dobbelt stangsett i alle kanalar er jo både dyrt og tyngre.
  13. Der kom den og beit meg i ræva
  14. Eg plar ha med netting over og under, knevarmerar, samt ei mellomtjukk ulltrøye. Nettingen tørkar på kroppen min i camp, så eg søv, går og opererar stort sett i samme ulltøy heile døgeret. Ved fare for vedvarande temperaturar kaldare enn 20 minus også halvtjukk stillongs, fordi det då skal lite vind til før ein snakkar kalde temperaturar og fare for lår og rumpestump. Ein ullboxer. To par linera til føtter, eit ved marsj eit til natt. Eit par tjukke sokkar. Plastposar på føttene hindrar fordamling/varmetap på føttene og held skisko og tjukksokk tørr. Brukar den mellom tynn og tjukk sokk, eller berre utanpå den tynne. Om ein svettar mykje kan det vere greit å ta med ei flaske talkum å drysse på litt før en ein tek på tørre nattsokkar. Sokkane frå dagen får ligge mellom liggeunderlaga mine og er ofast tørre (nok) på morgonen. Skallkle, lue, buff og panneband. Balaclava eller maske i stormposen, litt avhengig av om ein har pelskant på jakke.Ullvottar og vindvottar. Evt eit par arbeidshanskar, magic gloves eller pulsvantar. Greit når ein skal operere mot metall i kalde temperaturar. Nokre brukar tynne tettsittande linere på hendene under vottane, og får det til å funke. For meg har det med åra utgått då eg vert kald på fingrane, som best likar seg saman. Evt gamasjar alt etter kva sko du har. Dunjakke. Varmeskjørt og primaloftjakke om det er ein tur der eg kan unne meg litt luksus. Då utgår gjerne andre ting. Fotposar eller bivouacsko om eg har høve til å unne meg det.
  15. Eg nytta med kompass no, og gjekk som sagt på eit sett batteri.
  16. Thanks! Der var ein bokstav eg mista altså. Det er den med kompass eg har nytta. Med eit sett batteri heile vegen.
  17. Eg har ikkje vore vidare frå Krækkja mot Ustaoset, då eg har dreia vest, men har gått frå Finse og dit to gonger. Flott område, litt slak mote opp mot Finsefetene og nokre km forbi, relativt lett terreng frå området Hansbunuten og ned mot Finsbergvatnet. Eg har berre vore der før kvisting, men har vore heldig og hatt nokolunde fast føre. Dersom det er dårleg sikt er det lite "tydelige" ledelinjer før ein synk ned mot Finsbergvatnet, så kart og kompass er ein føresetnad, også her.
  18. Eg betraktar dette slik eg betraktar mange andre goder i samfunnet. Dei er bra å ha, men ein skal sjå opp for misbruk. At redningstenestene, anten dei er smått subsidierte eller ikkje, etterkvart vil stille nokre legitime spm kring "kulturen", synes eg ikkje er hverken ulogisk eller hårreisande. Likevel er eg imot at ein skal bøtelegge. Med andre ord må ein ta tak i dette på andre vis. Eg veit berre ikkje korleis. Hadde det vore enkle svar på dette hadde dei vel dukka opp for lengst.
  19. Ei flott beskriving av di vitjing av Sunnmørsalpane. Habostaddalen og omkringliggande områder husar mange flotte klassikerar. Har du klatrekyndige folk rundt deg, tilrår eg også å avlegge Brekketindane eit besøk, anten det er store eller lille. Flotte turar med ei vanvittig utsikt. Ikkje spesielt klatreteknisk vanskeleg, men greit/naudsynt etter mitt syn, med sikring i eksponerte parti. Her ser du SLogen og Jakta heilt til venstre i bilete.
  20. Har Jan Mayen til ruskebruk, mest brukt ved overnatting under open himmel på skauen. Den er varm ja. Eg er relativt varm av meg i tillegg. Greia er at den kan bestilles med tovegs glidelås, og med to glidelås. Det vil seie at det hverken er problematisk å lufte litt nede ved føttene om det skulle bli veldig for varmt, og det er enkelt å opne den eine glidelåsen og la den andre danne ei "kuldebru" som senkjer temperaturen litt.
  21. Samd. Er ganske vanleg å overnatte på toppane her på Sunnmøre, dei fleste er velforsynte med ur. Av det same finn ein på fleire toppar "leveggar" eller sovegroper av stein. Legg over ein tarp som du steinar nede så held det fint med mindre det vert veldig kraftig vind.
  22. Har kids som er oppvokst med å ligge under open himmel, eller under presenning, i ein grad som gjer at dei føretrekk det framfor telt. Dei har lagt ute i alt frå 20 minus til midnattsol på Svalbard, i skog og på fjell. Me starta dog med å ligge i grei "retrettavstand" til bilen, og avogtil med nødtelt i pulken. Om me ikkje fyrer gjennom natta, er det ofte med ein stor fora jervenduk, som me breier over alle som ei dyne, som held soveposane noko lunde tørre. No er dei to eldste store... Og turinteressa varierar i takt med kva andre tilbud som finnast den dagen. Men får dei tilbud om ei bilnær natt på skauen under open himmel, er det definitivt det som vekkjer mest engasjement, evt minst protestar. Det er rett og slett nokre av dei finaste turstundene me har. Så det er berre å legge i veg
  23. Eg har særs brei fot men La Sportiva høver meg godt likevel. Eg har Trango og Skarven. Båe go til kvar sin bruk. I steinrøys og krøkette terreng, typisk ungt, er La Sportiva i ei særklasse kva kjem å førebygge såre føtter. Crispi er supre med omsyn til gode støtte ved tyngre bører, inntil 25-30 kg synes eg, samt i vått terreng og vekslande fjellforhold. Ein støvel eg til dømes ville valgt ved langtur. Den er også varmare enn ein tekstilstøvel.
  24. Her har du fått mange bra tips. Ta også med i berekninga om de skal bere tungt båe to, om kjærasten din skal bere meir/mindre alt etter storleik, helse og ynskje osv. Dersom de ikkje er vane med å bere tungt nokon av dykk, kan det vere slik at ein i starten av "karrieren" endar opp med noko meir på mannen fordi menn ofte er sterkare frå naturen si side. Skal me kvinner bere like tungt må me ofte ha litt meir trening og erfaring. Fact of life
  25. Utan kompass? Den eg lånte no hadde med. Er der forskjellige utgaver? Greit å vite når eg surfar finn.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.