Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 672
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Tessatroll

    Tessatroll

  2. Løysinga er å handle lokalt folkens! Og handle mindre Neida, spøk til side; eg synes ikkje berre denne diskusjonen gjeld posten/postnord, men generelt for distribuering av forsendingar same kva leverandør ein nyttar.....det er utruleg mykje rot i desse systema. Sist eg hadde Suuntoen min til Finland og skulle sende den avgårde på Suunto si rekning, var det eit himla leven....opplever at ein nesten må vere professor i logistikk-og transport for å greie å fylgje med i heile prosessen. Informasjonen er ofte elendig, og på toppen er det slik at dei ulike aktørane i ei "leveringskjede" ikkje kan kvarandre sine system og vilkår godt nok, noko som gjer at eg til stadigheit opplever at eit firma har lovt noko, og så syner det seg at underleverandøren ikkje kan halde det lova. Altså synes eg ofte at dei to alternativa er ingen info eller feil info. Forbannelse over konkurranseutsetting, og ja til monopol på enkelte ting,slik at ein kan sikre ei VISS føreseielegeheit på infrastruktur i alle delar av landet, og eit einsarta system på handsaming av post på tvers av landegrenser. Slik kan ein kanskje sleppe ha ein master i postgrad for å fatte korleis forsendingar skal gå føre seg. Der vart eg jagu politisk også Det einaste eg ser føre meg som vanskelegare å få eit heilskapleg bilete på enn forsendingar, er "multi-leged" togreiser. Då stig blodtrykket til uante høgder!
  3. Eg tenkjer at det beste er å faktisk låne kajakkar og prøve ulike typar, samt prøvepakke eventuelle "finalistar". Eg er ikkje nokon spesialist, men padla ein del i nokre år, vonar å få sparka i gong att litt no når eg er ferdig med ymse andre prosjekt. Eg er imidlertid ein del saman med ein dyktige folk som har padling som lidenskap, og har moglegens fått med meg noko på vegen. Når du har fått til ei liste med aktuelle kandidatar basert på storleik/lastekapasitet og sjøgåande eigenskapar, er det nokre moment som bør vere avgjerdande. Ein kajakk skal først og fremst vere god å sitte i. Er den ikkje det, hjelp dei øvrige eigenskapane lite. Du skal sitte lange dagar i eit lite hol, også over eksponerte strekningar der landing og pauser med beinstrekk er vanskeleg. Sits kan til ei viss grad modifiserast med litt padding osv, dersom dei andre eiganskapane er så god at ein orkar ta til med det, men utg pkt må likevel vere ok. Du bør også oppleve at du har god kontakt med kajakken. Eigenredning og kamaretredning i ein fullasta langturskajakk er eit eige kapittel, så dette er viktig å prøve og drille før ein legg ut. Eg meiner at desse eigenskapane er mellom dei viktigaste, ved sida av sittekomfort. Lengde på lårbein er ofte avgjerdande her, samt om du er stiv eller mjuk i hoftene, så det varierar frå person til person. Der må eg seie at eg opplever ein del "ekspedisjonskajakkar" som til dømes Hasle, som eit ustyrleg lasteskip. Få kajakkar eg har kjent meg så utrygg i som den. Kan hende kan den innleiingsvis gi ei tryggleikskjensle på primærstabilitet, men dette rundbotna styret av ein båt er slett ikkje lett å få kontakt med når tilhøva dreg seg til. Ein kan fort få ei kjensle av å tilfeldig verte driven hit og dit i bølgene, og tryggleikskjensla kjem meir av at ein sitt i eit badekar langt frå elementet snarare enn at ein faktisk er trygg (mi meining). Må få legge til at det er sjeldan eg ordlegg meg så lite diplomatisk om eit produkt, men her har eg altså lite positivt å komme med. Eg ville sett på kajakkar frå Arrow, Valley, P&H og NDK, samt andre bra annerkjente merkjer, gjerne frå produsentar i land der padling har vore "folkesport" hakket lenger enn her på berget. Dei veit ofte kva dei styrar med! Sjå til dømes på ein del av det som britane, med sine tidevannsutfordringar kan levere. Betre å kjøpe brukt bra enn ny dårleg. Den vert din viktigste redskap lenger. Om du går kurs og melder deg inn i ein klubb vil du komme i eit miljø der du kan hente mykje info og kunnskap. Du vil alltid på ein slik tur padle ha med to årer, så det kan vere greit å ha to med ulike eigenskapar som du kan veksle mellom. Eit lite tilegg, utan å verke formanande: Eg er litt gammeldags på enkelte ting, tryggleik og det å opparbeide seg erfaring over tid er eit felt eg synes er viktig ¨trekke fram. Å ikkje ha padla så mykje for så å planlegge å gjere dette i nær framtid er spenstig. Ikkje umogleg, men spenstig. Det krev stort volum på kort tid, i forkant av turen. Du skal gjere deg erfaringar som andre har brukt år på å opparbeide seg. I fjellet er eg nok hakket mindre skeptisk, av den enkle grunn at der kan ei løysing i mange tilfelle å vere å ta ein pause i vindsekken og "puste" med magen når ting dreg seg til. På havet dealar du med ein tredje dimensjon i miljøet, du er ikkje standby, bølgjer, vind og straum er i konstant bevegelse. Det er ikkje du som bestemmer kva tid du vil ha ei pause og "stillstand" alltid. Om eg skulle måtte velje mellom to "onder" i form av langtur mtp å vere fersk på eit felt, ville eg vore mange ganger tryggare på å til dømes krysse Grønland på ski som fersk, enn å padle Norge på langs. Berre for å sette det litt i perspektiv. Elles synes eg på generell basis at det er kult at folk drøymer, og køyrer på!
  4. Har du vurdert ski med 3/4 stålkant?
  5. Exctly my point. Skulle gjerne hatt noko omtale av evt "lomme" slik at eg kunne bedømme betre om den er lik Ing stad. For då utgår den for mitt vedkommende
  6. Såg det eg også, men stussa på at ein ikkje nemnde noko om smørelomme då, for det gjer ein vel på Ingstadskia?
  7. Hei Har kikka innom den ovanfornemnde modellen frå Åsnes. Er det eg som er blind eller finn ein ingenting om evt smørelomme? Ingenting nevnt som eg greier finne. Ser at den er berekna og designa for brattare lende, så er meget mogleg at den er "paddeflat" mtp spenn.
  8. No dreg eg denne OT att, men må berre få spele inn, sidan ein er inne på "prioriteringar" her i fleire kommentarar; For meg er det ikkje relevant å jamføre med TVen min, eller bilen, eller klea etc etc. Fordi eg ikkje har dyr TV. Fordi eg ikkje har dyr bil. Fordi eg ikkje har dyr sofa. Fordi eg slett ikkje bur dyrt om eg ikkje har med telt. Eg har nokre få ting som sorterar under dyrt utstyr, sjølvsagt kjøpt brukt eller på salg, og etter grundige vurderingar på om der er eit faktisk behov eller eit ønska behov (som er ei felle eg lett gjekk i når eg var yngre, måtte skjerpe meg). Kan eg styre unna high-end produkta gjer eg det. Eg har samme haldning anten privatøkonomien er i ein oppsving eller ikkje. Det er litt prinsipp rett og slett. Mest av miljøomsyn. Litt av omsyn til kva eg signaliserar til kidsa mine. Eg fekk ein tankevekkar ein gong dotter mi kom heim frå skuletur med litt stiv nakke, og telenor-karusellen sekken i handa. (Som ho hadde hatt sidan ho var 5 , var då 14). Eg spør; kvifor har du ikkje den gode tursekken din? "Mamma, det er pinleg. Eg er den einast e kiden som har slikt fancy utstyr i klassa mi. Det kan vel ikkje vere nødvendig for ein liten skuletur vel? ". Eg måtte seie meg samd. På same tid måtte eg jo seie at ho tross alt har desse tinga fordi ho gjer litt meir enn å berre gå skuletur. Og at når du først har det i hus er det jo greit å bruke ting som gjer at du slepp å få vondt i nakken. Ho var samd. Men eg fekk meg likevel noko å tenkje på. For ikkje å framstå som ein type helgenaktig asket kan eg berre med ein gong påpeike at eg i år har eg synda stort med ei lang flyreise. Og at eg slett ikkje dømmer folk som kjøper seg ein god sovepose Berre tankar dette, etter å ha lest gjennom tråden.
  9. Ein ting er i alle fall sikkert; trådar som omhandlar konsum, eller utviklar seg til å omhandle konsum, skaper garantert engasjement For å spore innatt litt; har ei vennine som har ein WM pose. Hugsar ikkje modell men type feit vinter. Av årsaker som tar lang tid å forklare, vart den liggande ute i ver og vind lenge, eksponert for både vete og varme. Etter ein runde til rens og fli såg den pinadegeren nesten ny ut! Då vart eg imponert.
  10. Det der driv eg og med innimellom. Spesielt gode kupp på finn har ein tendens til å bli retta både hit og dit til folk eg veit er på jakt. Sjølv handlar eg ekstremt lite, men er sikkert skuldig i eni del forbruk likevel
  11. Dette er vel generelt eit litt vanskeleg spørsmål å svare på, i alle fall så tidleg. I fjellet kan det vere full vinter på den tida, eller bart, eller det "verste"; midt i mellom, orntli stålkant-og ryggradsspoiler. Prøv deg når det nermar seg litt meir, finn evt ulike grupper på Facebook som har lokalkjennskap til området, og finn aktuelle webkamera evt kan fjelloppsyn og ymse nasjonalparksenter sikkert svare deg på stoda like før aktuelle tidspunkt. Kanskje også dugnadsgrupper for ulike hytter i området.
  12. Ligg fleire Para ute på finn, den eine brukt ein gong. Verdt ein titt? https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=106448119
  13. Bra kammo i desse. Faktisk skummelt bra, fekk eg erfare for eit par år sidan. Eg, sambo og ei vennine var i Femundsmarka på tampen av skisesongen. Plan for dag ein var å gå frå Elgå og litt forbi Svukuriset, slå leir, og gå ein tur opp på Storsvuku. Ved Svukuriset vart det klart at sambo ikkje var i strøk. Me kom fram til at me gjekk opp til punkt for leir, for så og etterlate sambo, og gå opp me to som var friske. Når me kom til punkt for leir, ville sambo ikkje sette opp telt, men vente i fjellduk, då me lurte på å gå endå litt lenge nord før leir. Ein kjapp "topptur" seinare var me "friskingane" vel nede, og trudde at me styrte rett på der sambo var. Me fann han dog ikkje. Eg ropte og ropte, kika og kika, og vart etterkvart nokså stressa, tenk om han hadde blitt skikkeleg sjuk den timen me var borte! Banna til meg sjølv, "uansvarlege kvinnemenneske" m.m. I det eg stussar på ein stein med ein fasong eg ikkje dreg kjensel på, tek steinen til å bevege seg. Det var sambo som hadde sovna inni duken med fjellkammo (jerven), og omsider vakna av ropinga mi. For den som har vore i Femundsmarka veit ein at mykje av steinen som er der har nett dei fargane som den fjellduken har, og ein del av dei som ligg oppunder fjella over tregrensa er nokså store. Ei festeleg episode i etterkant, men eg var ikkje mykje høg i hatten medan eg leita etter det som etterkvart vart ein febersjuk og influensisk fyr. Det blei kortaste veg ut att for oss to
  14. Ligg faktisk eit ute på Finn for tida
  15. Smaken er som terka seier, som baken...eit spm er jo om du hovudsakleg skal nytte det åleine eller saman med ein person til. Om du plar ha med deg mykje. Eit anna er kor lang/stor du sjølv er. Eg er 166 cm og har generelt lite "prakk" med meg på tur. Åleine ville eg i stort sett alle tilfeller greid meg med eit Nammatj 2, eg har nemleg eit hav av plass i Nallo2. Men, som det er sagt over her, om du skal ha det som vintertelt for alle høver, og som kan huse besøk og/eller turkamerat, kan det vere digg med litt meir plass.
  16. Usikker på om eg i det heile skal tore å kommentere, men nøyer meg med følgjande replikk; god damn you crazy people! (Eg er tross alt Sunnmøring...... )
  17. Eg har synes at oppsett av kuppeltelt (type helium dome, VE25 o.l.) med separat inner og ytterduk har vore noko makkverk, spesielt i vind og/eller med kalde nevar. Dog såg eg at når eg øvde nokre gonger på eit som eg lånte ei periode, så vart noko lunde effektivt likevel. Eg kunne likevel aldri tenkje meg å legge ut på tur med det åleine, då det er greit å vere to under oppsett om det er hard vind. Fordel er lite støy, toler ein del vind når først sett opp korrekt, eit hav av plass i innertelt. Mindre sårbart for endring i vindretning. Meget bra ventilasjon i mange av dei. Bakdel er små og låge fortelt/inngang, og at det generelt er litt meir "plukk" å få spent det opp skikkeleg med alle hemper på rett stad. Tunnelltelt er hakket meir effektivt. Ein kan tape stenger og rulle saman teltet på pulken med kuppeltelt også, men då skal ein jaggu ha drillen inne for å "stokke" armar og bein ved oppsett og riving trur eg!
  18. Enig.
  19. Ein liten maraton no sidan eg har hatt det for travelt til å henge med for kvar sending... Må no berre seie at det er fleire personar i årets sesong som verkeleg ikkje har skjønt heilt mekanismane i ei gruppe på skitur i høgfjellet #skrekkoggru
  20. Eg har nytta mitt med dunis til - 3 og sommersyntet i - 20
  21. Det vil i alle fall bli varmt og godt eg brukar ein tynn sommarpose utanpå min dunpose som har comfort - 3
  22. Eg personleg synes det er best me d syntetisk yst då det vil skåne dunposen mtp fukt. Med ein dunpose e med comfort - 2 trur eg ikkje du treng så veldig tjukk syntetpose før du kjenner merkbar forskjell.
  23. Para rangeren sitt som eit skudd på meg. Er ein god sekk. På linje med Xenith synes eg den er litt "trang i toppen" å pakke, samanlikna til dømes med Bergans Alpinist.
  24. Heilt jæv.....pris. Kor vidt dei er mykje betre kjem an på kva du skal bruke dei til. Men, får du tak i eit brukt Keron til ein ok pris er det eit betre allround-alternativ. Wiglo er luksus/familie/kompisgjengtelt med komfort, til ok vekt og hyggeleg pris. Keron er alt det, med unntak av hyggeleg pris. I tillegg er det eit godt vinter/høgfjell og langturstelt som toler mykje vind og er enkelt å sette opp. Altså møter Keron betre mine behov enn ein Wiglo ville gjort fordi den dekker fleire bruksområder. Kor vidt det også klaffer for andre veit eg ikkje
  25. Når eg sprayar vinterpluggar held eg buntar med pluggar saman ute på tråppa og sprayar laust på øvre halvdel. Ingen forarbeid og ingen etterarbeid. Lakken held lenger enn pluggane er mi erfaring.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.