Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 672
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Spurte også ei god venninne som er metallurg. Vel vitande om at eg kjem til å få høyre det resten av mitt liv, at kunnskapen min om desse materialane er så dårleg 😳😁
  2. Det er ingenting som kan minne om substans. Det er farge på stål som er endra ig det er heilt greit, berre eg ikkje får i meg noko eg ikkje vil ha i meg 😁
  3. Takk. Misfarginga gjer ingenting, så lenge det ikkje er noko farleg som kjem ut 😂
  4. Skal med dette avsløre mine elendige kjemikunnskapar og spørje, kva misfarging som vist under kan skuldast, og om det har ein konsekvens i forhold til frislepp av ymse mindre heldige stoff? Kjelen har ikkje vore tørrkokt i utgangspunktet, men godt mogleg at eg ved eit eller anna høve har putta snø i av ein kvalitet der det tek tid før det er noko spesielt fuktig i botnen.
  5. Bra til sitt bruk, men veldig snevre bruksområder.
  6. Eg kan ta av topplokket på Xena og nytte som rumpetaske. Så kanskje det kjem an på årsmodell? Såg at der var mindre endringar frå min til @Herikssin som ho nett har kjøpt.
  7. Ingen stad. Og til dømes REAL er ikkje lette på tråden mtp spoins. Eg ville henvendt meg til min lokale sportsbutikk og spurt om dei kunne yte ein kvantumsrabatt ved kjøpe av x antall.
  8. Ja det er fint. Sjøl høyrer eg ikkje når eg er ute, men pendlar til jobb og har ganske mange timar i bil ila ei veke. Då er det greit med fine podcaster. Eg e særs dårleg på veldig amerikanske greier, så sjeleglad kvar gong eg finn ein god nordisk og nøktern sak
  9. Super podcast. Full av dyktige, engasjerte nerdar som evnar formidle lettfettaleg
  10. Hei Området der DNT-hyttene i Langsua/Huldreheimen ligg er no kjent for å vere lettgått og fint for familier. Då vil eg tru det kan gjelde for nybyrjar au? Elles er det no mykje fint frå Sjusjøen og nordover, med relativt lettgått terreng og snaufjell. Så lenge du har telt så er det no du sjøl som vel kor lange dagsetappane skal vere, so då kan no nordaustre del av Jotunheimen au vere aktuell? Lettgått og fint der.
  11. Kva med Outwell Earth 4 eller Urberg 4 person G3? Campingtelt i ei vektklasse som også tillet camp et par km frå bil.
  12. Eg lurer på følgande, sidan høgda er høgare enn oppgitt og andre mål mindre/kortere; Er det markliner på Allak på same vis som på tunelltelta? Dersom det er det, kan for stramme markliner definitivt påverke måla på teltet. Eg justerte nett mine på Keron, som har hatt noke skrevande stil og lågare takhøgde ei stund, pga for slakke markliner. Strammar eg dei for mykje, blir det voldsom takhøgde, og elles kortare mål på lengde og breidde i "badekaret".
  13. Eg skal også sende poste restante neste vinter, gjer det slik at nokon her heime sender på gitt dato.
  14. Det var ei finfin påske og Kolåstind stod du jæklig godt av 😁
  15. Det stemmer. Eg nyttar sjeldan/aldri såpe på tur. Eg tenker at når ein veit at Zalo ikkje er spesielt bra, så vil ein kanskje unngå å bruke det på tur, då spes mtp at mange vaskar opp ved bekk osv. Altså er det andre levande organismar eg tenker meir på enn akkurat meg sjølv i det henseende. Heime nyttar eg så lite Zalo som mogleg.
  16. Hadde han berre vorte like kraftig bøtelagt han som slapp bikkja si, MED sender, i løypa mellom Ustaoset og Tuva i vinterferien. Ein ting at mine stod oppstalla på wire utanfor Tuva, og slik var "sårbare" for laus og framand hund, men ein fireåring på langrenn har heller ikkje mykje å stille med. Bikkja blei holdt på koppel til omlag 100 m frå Tuva, så blei ho slept fri. Returnerte sjølsagt straka vegen attende til mine. Eg kleppa nedi sendaren og bikkja (som forøvrig var veldig grei), og marsjerte, passe irritert, opp til eigaren med den att. Han var sjølsagt lett sjokkert over bikkja si som aaaaldri gjorde slik. Vel. Det er bandtvang der heile året. Sender er og rekna som jaktutstyr. Eg sku verkeleg ønske at SNO som var der dagen etter, hadde vore der då. Eigarane gav tydeleg FAEN, noko som provoserer meg så langt inni gamperaua at eg ikkje har ord. Viltliv, kids, redde folk og andre bikkjer er stikkord. Toskestell.
  17. Skal ein først nytte såpe er etter mitt syn biologisk nedbrytbar såpe å foretrekke. Sist eg las noko om såpe/kjemi så var Zalo eit av dei hushaldningsprodukta i bruk til dagleg som lettast tas opp i blodbanen og verkar hormonforstyrrende (har diverre ikkje link).
  18. Ingen problem å feste kuppel i pulk/sekk.
  19. Mja, mykje fint i Jotunheimen. 12 april opnar jo Sognefjellet au. Kva med Krossbu, over Smørstabbrean, i retning Leirvassbu, Gjendebu'ish, og Veslådalen og Rauddalen tilbake. Evt frå Gjendesheim og innover Gjende, med ein runde nordvest opp Stordalen og Langvatnet, ned Gravdalen og attende Rauddslen? Er det fint føre kan du no gå avstikkere, er det utfordrande er det no fint med stikkaløypene
  20. Siste rapporter frå Hardangervidda lyd på berande føre, hundespanna kjører uspora. Då går det fint med joggemeier og pulk
  21. Eg har sett opp begge deler under krevjande tilhøver. Det funkar greit etter mitt begrep. Kuppeltelt med lukka stangkanaler som må tres som eit tunelltelt med lukka kanal i eine enden og stangkopp i andre derimot... Hakket verre.
  22. Eg er samd med deg. Eg harprøvd ulike telt i vind. Så lenge kuppelteltet har dei løysingane med klipsing på, er det faktisk kanskje ein av dei tryggare variantane mtp vind.
  23. Sist eg såg to ridgerest var dei tapa saman og del av eit fartsprosjekt over Grønland via Nansenruta funka visst.
  24. Når du skal sette opp Staika kan du plugge alle fester på teltet før du trer stenger og reiser det. Måten Hilleberg har løyst dette med lukka kanal nederst og klips i toppen gjer at ikkje ein først spenner opp eit stort vindfang som ein skal stå å plugge. Det gjer det ok å sette opp i vind, i forhold til ein del andre kuppeltelt. Fordel med kuppel ellers er at det toler større snøbelastning enn tunelltelt. Det er og mindre sårbart for endring i vindretning. Tunnelteltets overlegne representasjon i polområda skuldast vel nett behovet for raskt oppsett. Modell utan særleg stort fortelt ofte brukt i nord ser eg, pga mindre fotavtrykk i isen. Altså treng ikkje like stor tomt. I Syd/antarktis har ein jo ofte veldig dominerende vindretninger og føreseielege forhold akkurat kva gjeld det. I camp i høge fjell vil jo nett det med mellom anna snøbelastning vere ein føremun, samt at ein har andre vindtilhøver, og generelt skiftande forhold.
  25. Fleire forhold. For store flater relativt til talet på barduner. Må montere på fleire. For lite avstand ytter inner, evt store flater som enkelt blir trykt inn og tak som samlar vatn. Mtp kva det ikkje toler av vind/regn så tenkjer eg det som eit telt for 3 sesongar i terreng som ikkje er veldig eksponert. Då burde det hatt betre ventilasjon. Teltet er fint til vegnær camping, hybelliv bak rosebusken på Campus og evt ved vergaranti på tur.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.