-
Innlegg
3 673 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
69
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
No var det isolasjonsbukse til person med særskilte kuldeutfordringar som var trådens tema. Me held oss til det. Moderator.
- 16 svar
-
- 2
-
-
Viktigare enn stormmatter er tilstand på duk og stenger, rutine, oppsett og rette avgjerder til rett tid. Så nei, ikkje nødvendig.
- 53 svar
-
- 2
-
-
Gamme tilsvarar Finnmark
-
Eg ville sett på Finnmark, som i praksis er Gamme utan stålkant. Ei god allround-ski, med rocka tupp, grei flyt og manøvrerbarheit på same tid som den ikkje blir "heilt daff" på fastare føre, og ein kan ha kantkontroll i skavlete og vindherja snø. Eg personleg får neller når det kjennes ut som eg like godt kunne spent to daue sild under beina. Då vel eg heller å sjå på andre spesifikasjonar som kan hjelpe på flyt, ikkje berre breidde.
- 17 svar
-
- 2
-
-
Kombinasjonen kulde og vind kan verte en prøvelse for mange, også utan astma. Særskilt over fleire dagar, med fysiske utskeielsar. Er vel fleire som har oppdaga "astmaen sin" for første gang på vidda, Grønland eller i antarktis, og enkelte har måtta avbrutt. Men, mennesker er ulike. Eg nyttar den sjeldan på "vanleg" vintertur, men mellom anna på store brear med konstant motvind og vedvarande kulde er den gull. Den gjer også inntak av mat og drikke litt enklare synes eg, på dei verkeleg grisete dagane, der ispanseret frå brysbeinet og opp er eit faktum. Her på vestlandet brukar eg den sjeldan/aldri, då det ikkje er vanleg å oppleve kulde og mykje vind i kombinasjon.
- 9 svar
-
- 2
-
-
Coldavengeren e knall. Eg har den som ikkje e balaclava, den beste maska eg har prøvd.
-
På alle turar der eg ikkje har behov for gamasjen/og eller ekstra varme, samt turar der eg vil ha best mogleg respons/kanting (Stetind sitt noko betre på foten). Altså brukar eg Stetind langt meir enn Svalbard. Daglegturane i utmarka, vårskiturane med mange høgdemeter, treningsturane med pulken full av vannkanner eller vedsekkar osv osv. Eg brukar Svalbard berre når eg har eit særskilt behov for den skoen, som for meg stort sett er på kalde pulkturar med litt varigheit.
- 7 svar
-
- 1
-
-
Tilpassa fasongen til ei øltønne med to bein synes eg å hugse 😂 Men ja, slitesterke og tette.
-
Mi oppleving: Svalbard er varmare, hakket meir krevjande å få snørt skikkeleg, like vridningsstive. Eg har båe par, kunne ikkje tenke meg å ha berre Svalbard.
- 7 svar
-
- 2
-
-
-
Ein altfor smal Mountain Hardwear lamina -30f/-34c. Eg e kje hverken smal eller brei, ei heller spesielt klaustrofobisk. Men detta var berre ikkje aktuelt for ein halv gris. Synes eg kjenner panikken slå inn år eg under godt kalde tilhøver (som jo posen er berekna for) skal snøre meg heilt inn i det smale pølseskinnet av ein pose. Så, den går i retur.
-
Til solobruk ville eg ikkje vurdert noko større enn Keron 3GT.
-
Eg har ikkje nytta, men fleire av mine ivrigste padlevenner gjer, mellom anna @Morild.
-
Hvordan pakke pulken for tur
Tessatroll svarte på Thomas Stiauren sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
-
Har budd mykje i båe storleikar. 4 har jo større volum, så det er litt "kaldare". Også meir bråk i vind, om du er var for bråk. Eg er ikkje det, men har sove saman med folk som er det, og som reagerar.
-
Skallbukse - bib + ikke lange ben , hva er alternativene egentlig?
Tessatroll svarte på lommelun sitt emne i Bekledning
Bib + damemodell + kort beinlengde er nok ei sjeldanheit diverre. Mange (blandt anna Norrøna) vegrar seg også for å legge opp plagg der dei må til å forkorte glidelås 🤷♀️ så nokså håplaust -
Du vert sikkert nøgd, eit knakande godt telt
- 14 svar
-
- 1
-
-
Har 4GT sjølv, og har budd mykje i 3GT, og vore på tur der be har vore i bruk og stått "side om side". 4'aren bikkar akkurat det punkt at du får såpass store flater at det bråkar ein del meir enn 3'aren. Så spørsmålet er kor mykje hardt ver du skal ut i/kvar du teltar (skog, høgfjell osv) og kor lydtolerant du er. Eg søv om "halve verda" er i ferd med å ramle ned, men eg veit mange som synes støyen vert i overkant.
- 14 svar
-
- 1
-
-
Podcasts om jakt, fiske, friluftsliv
Tessatroll svarte på Veidemannsblod sitt emne i Podcasts om friluftsliv
Gull tråd. Visste ikkje om hverken FEFO eller Villmarksliv sin!- 23 svar
-
- 1
-
-
Skårasalen er grei å gå også om det er litt frost og kanskje eit snødryss. Det same gjeld Sylvkallen. Hellefjellet gir fin utsikt, samt litletinden. Klovetind gir fin utsikt inn i Molladalstindane eine vegen og ut i Sulesund og storhavet andre vegen. Gjennomgangstur Molladalen - Lisje/ytrestandal er kjempeflott, med mykje fin utsikt, og moglegheiter for kjappe avstikkerar opp på småtoppar til dømes i skaret. Keipen nedom Litledalshornet gir fin utsikt ned i Hjørundfjorden, med moglegheit for å gå opp på Litledalshornet om tilhøva tillet det. Saksa som nevnt er fin og grei, men dels ødelagt med sherpatrapper. Elles kan Oktober på Sunnmøre som kjent by på både årets første topptur i pudder og dagar med tilnærma sommar, så det er godt mogleg Slogen er heilt grei i Oktober.
-
Jentene har tidlegare vore med i Kompani Lauritzen, og ei av dei i 71 grader nord. Også der var det upåklageleg innsats. Jon refererte ofte til Monsen på 71, som ei morsomheit. Så var han gjest hos Monsen under Camp Monsen eller kva svarten det heite, der eg synes dei var artige saman. På slutten kom det eit "kanskje vi sku vore på tur saman". Då kryssa eg fingrane for at me fekk sjå det. Og det fekk me, i eit fint program etter mitt syn. At han framleis refererer til Monsen er jo artig. Likeins at han sjølv eigentleg på mange vis er eit råskinn
- 95 svar
-
- 1
-
-
Litt avhengig av reiseradien din, kan eg også slå eit slag for Tafjordfjella/Reinheimen. Eit fredeleg fjellområde, som strekker seg frå indre fjordnorge i vest og søraustover mot Gudbrandsdalen/Dovre, med dei terrengvariasjonane det gir. Snillt og slakt i aust, meir krevjande i vest. Når ein planlegg tur her, lyt ein vere obs på at ein kan bli stilt overfor store snøfall på kort tid, noko som i kombinasjon med krevjande terreng kan by på auka tidsbruk ift kva ein normalt vil berekne i enkelte andre fjellområder. Enkelt å komme til med kollektivtransport, til dømes til Grotli eller Bjorli.
-
Så dårleg hukommelse har vel ikkje ein søring i nord, at han treng påminning om kva vintersol er
- 12 svar
-
- 1
-
-
Eg e en sucker for å trekke vest, så av desse to ville eg valgt Finse - Haukeli og gå tidvis høgt om veret tillet det. Meir terreng. Større områder utan mobildekning og generelt mindre trafikk er digg synes eg (sjølvsagt litt samanheng med tidsrom). Og så ville eg starta frå Finse. Å gå med sola i ansiktet er digg
- 12 svar
-
- 1
-
-
For ei allroundski ville eg satsa på Nansen eller Gamme. Amundsen er meir langtransport. Gamme har meir smørjelomme. Både den og Nansen er lettkjørte og morsomme. Mtp å ferdast i skog ville eg kanskje velt Nansen hårfint framfor Gamme. God allroundski hovudsakleg i snaufjell/ikkje skog ville eg truleg velt Gamme hårfint framfor Nansen.
- 8 svar
-
- 1
-
-
Ligg eit lite brukt Nallo 2 på finn til 5000,-. Knalltelt. Toler mykje ver.