Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 704
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Alternativ til overprisa fleeceposar i sportsbutikk: Kjøp det tjukkaste fleecepleddet du finn på jysk/nille/europris, legg det dobbel og sy saman eine kortsida og den langsida som ikkje er bretten......Voila, fleecepose for 69,50 i staden for 300 kr
  2. Har brukt Bergans kids comfort med ekstra innerpose i tjukk fleece og et sett ullundertøy i utetemp heilt ned i 18 kalde. Rett nok låg mor då med ei hånd ute halve natta for å kontrollere temp, noko som var unødvendig, for det var varmt nok. He gode underlag
  3. Sidan du er der, og er "inside", har du nokre tips til gode aktørar for ut/tilbaketransport med scooter ved ein litt lengre skitur?
  4. Sysselmannen krev vel ikkje satelitt tlf, men nødpeilesendar. Du får leigd nødpeilesendar på Svalbard, og nettet er fult av aktørar som leiger ut satelittelefonar med ringetid. Har de fastlagt ruta?
  5. Eg har brukt kroppssele på min son fram til no, han er vel 9 år. Dotter mi har brukt sittesele sidan ho var 8, men ho har ein heilt anna figur. Dersom sonen din har smale hofter kan det være lurt med ein kroppssele. Dersom ein likevel vurderar sittesele, kan ein ta ein test på om sittesele funkar, ved å spenne sele godt fast på ungen og snu opp/ned. Dersom ungen heng godt i selen og den sitt utan at ungen glir ut av den, kan ho/han truleg bruke sittesele uten risiko. Husk sjølvsagt å sjekke vektangivelse på kroppsselen. Eg har ein kroppssele til sals for 150 kr + porto.
  6. Ok. Eg har ikkje noko særskilt behov for å gå Glittertind eller Galdhøpiggen, og er også usikker på kva dato eg kjem heim, så om eg kan hive meg med på litt kort varsel er det flott? Bur på Sunnmøre, 45 min kjøretur frå Stryn, send meg ein PM om eg kan hjelpe til med "lokalgeografisk" kunnskap med omsyn til logistikk osv
  7. Hei Høyres ut som ein knall tur. Har du nærare spesifisert tidsrom? Eg er vekke på tur i fire veker frå mid-april, men om de framleis er på tur når eg kjem heim mid-mai, hiv eg meg gjerne med på delar av turen, artig å treffe nye folk på tur.
  8. Snø og ei hole...Vindgryte? Europas største bre? Bings?
  9. Hei og takk for svar Skjønar at snøgrensavarierar frå år til år, men ein har no oftast "trendar" innanfor vær og føreforhold. Eg ynskjer å ta med telt og gjere ein litt lenger rundtur av det. Har skjønt at ein del folk nyttar seg av esel på grunn av behov for å bære med seg vatn. Kor reelt dette behovet er dersom der er hytter langs med som ein kan kjøpe reint vatn på, veit eg sanneleg ikkje? Om det er slik at eg kan handle vatn, er det ikkje verre enn at eg bær med meg det andre eg treng for ei lita veke på ryggen. Snøforhold og høve til smelting er noko avgjerdande for løysingane ein legg opp til på ein slik tur, så linken din var no midt i blinken for å få følge med på dette! Tusen takk
  10. Hei Er det nokon her som har teke turen til Jebel Toubkan vinterstid og kan seie noko om det? Fly til og frå Marrakech og turen vidare ut til Imlil er eg nokolunde orientert på, men Imlil - toppen - evt rundtur samt evt leige av esel osv har eg lite på. Kor langt kjem ein med esel om vinteren? Altså, kvar går snøgrensa`ish? Siste kan eg vel finne om eg googlar litt, men skadar ikje spørje her inne.
  11. Ost og bacon inni, og kanskje ein dæsj med pizzakrydder, yummi
  12. Får ikkje mobilversjonen til og verke på quotes men ja, Sæbø er der nede, Slogen skimtast, og Holmshornet var godt tippa, men ikkje heilt treff, fjellet eg står på heiter Lynghalstinden.
  13. Dette var litt artig, så eg hiv meg på
  14. @ Giorgio Pioda: You can use Voss with skins, cut them behind the heel
  15. What about Madshus Voss? They go down to the length of 160, and they are quite soft in the core compared to other skis in the same segment, so they should fit your boy just fine. My girl is around 155 cm, 43 kg, and the 170 has a nice and soft flex for her.
  16. Jamfør post om sakshandsamingstid: Snakka med det Grønlandske hjemstyret denne veka, eller det vil seie, ein tilsett i dept. for boliger, natur og miljø. Handsamingstida skal normalt ikkje være så lang, dei 3 mnd held som regel, men ein må hugse at sakshandsamingstid vert rekna frå søknaden ligg føre komplett. Personen eg snakka med gav uttrykk for at dei innimellom får inn søknader som ikkje er tilstrekkelg dokumenterte, og at det difor vert vanskeleg for the Chief Constable of Greenland and the Greenland command å gjere ei go vurdering av søknaden. Dette kan gi utslag i lengre sakshandsamingstid. Altså som det ellest fungerar i byråkratiet Først no ser eg dato på posten din, og tenkjer at du truleg allereie har fått desse svara Postar det likevel, just in case
  17. Mogleg du allereie har tenkt det, men "damen" bør få prøve ymse sekkar før kjøp vert utført Mogleg eg påpeikar det openbare, men har faktisk nokre kompisar som handlar til dama nærast utan og involvere henne, det kan verte dyrt i lengda . Når det gjeld sovepose kan eg også legge til at oppgitt liggelengde på Huldreheimen er noko misvisande slik eg opplever det, både dotter mi og bonusdotter mi har Huldreheimen lt til sommarsbruk. Dei er 11 år og 155 og har passeleg med rom nedi. Eg har prøvd og ligge i den eine sjølv et par netter, etter at ei spysjuke hadde herja huset og vi var tome for dyner og puter, og eg ville gjerne hatt den 5 cm lenger. Eg er 167 cm og normalvektig.
  18. Tessatroll, on 13 Aug 2013 - 23:53, said: Ja dette er og eit alternativ... ka binding er greiest til slikt ?? lurte litt på riva... har alpin og twintip så er meint til det formålet så guttene har ski men eg har ik fått tak i sko med 75 mm og binding.... har egentli leita litt etter små sko 75 mm men er ik mykje rundt.... tips ? Beklager min klønette copy/paste, har liksom ikkje heilt skjønt korleis eg gjer dette. Vanleg 75 mm tåbinding utan kablar eller noko bak frå Rottefella er vanleg å sette på alpinski for born. Kablar gir meir bøyemotstand, meir unaturleg og tyngre for dei å gå med. Garmont har telemarkstøvlar til born, med ein spiseleg pris anten dei er på salg eller ikkje. Einaste eg kan tenkje meg som er bakdelen med ei slik løysing, er at om dei skal gå opp med dei, så er det betydeleg meir bøyemotstand med eit slikt oppsett (sjølv utan kablar), enn langresnnski. Alternativt kan ein kjøpe adapterar (kostar 1700-1800 kr og gjer at du får gå-funksjon med vanleg alpinbinding og sko). Så spm her er altså om det er eit poeng at borna skal gå med same ski opp og ned eller korleis ein tenkjer det.
  19. Eg har også gjort som virrma over her, latt borna gå opp på langrennski og rent nedatt på alpintski. Til fellar har eg brukt langfellar som eg kappa rett bak helen, stor forskjell på å gå med langfellar heilt bak kontra kappa ved helen. Sportstape held lenge for å feste endar. Alternativt kan ein montere ein 75 mm tåbinding på ei alpinski, kjøp små Garmont telemarkstøvlar til typ 500 kr på salg, og breiaste type "rimelege" langfellar. Funkar fint. Då kan dei intuitivt lære seg å velje ulike kjørestilar etter føre og kor bratt det er. Har sett fleire born verte habile fjellskiløperar på dette viset, då ei alpinski og ein stiv sko gir kjapp respons på teknikken dei vel, utan å venje dei til fasthelskjøring.
  20. Har Deuter fox....finst i både 30 og 40 l. God sekk, med gode løysingar.
  21. Har en 40 l deutersekk til dotter mi. Den er av god kvalitet og bra utforma, med enkle men robuste og anvendelege funksjonar. Skal sjølv ha meg ein ny 50-ish liter, og Deuter, saman med Gregory, Lowe Alpine og Arcteryx er med i vurderinga
  22. Ei god avgjerd synes eg. Om du ikkje kjenner deg trygg sjølv er det greit å la være. Når eg skulle venje mine dreiv vi mykje med "tull og tøys" i vatnet. Enkelte ettermiddagar slengte eg ut kajakkane på vatnet rett fram i dalen her eg bur, med ei line i enden, og meg sjølv på land med andre enden og ein kaffikopp. Ungane har godt av å bale på litt utan haukeblikket til foreldra på seg, så lenge det er innom trygge rammer, er mi meining. Kos dykk med leiken
  23. At ein spør om råd treng vel ikkje bety at ein må fylje dei dersom ein synest dei er urimelige? Eg har i alle fall ikkje lest argument over her som tilsei at ein skal halde seg heime. Men, det er vanskeleg å svare generelt på dette, då ein ikkje kjenner alderen på borna dine, dine eigne eller deira skills, ei heller veit kvar og under kva forhold du skal padle. Meinar likevel prinsippielt at dersom ein ikkje skal kunne ta laust og padle eit stilt vatn ein fin sommarsdag, nært land og med alle tryggleikstiltak som er rimelige å setje i verk satt i verk, kan ein like godt pakke inn både seg sjølv og borna i bomull og vatt. Putt på borna dine rimelige våtdrakter frå Europris, bruk eit sjal rundt livet på dei om dei vert vide så dei held på varmen, bruk ei slepeline som du får kjøpt i ein padlebutikk og hald deg nær land som har gode landingsmoglegheiter. Vert det vind eller ruskette går de rett i land. Slepelinene i padlebutikk er slik gjorde at dei ligg i ei mageveske som du har på deg. Denne er enkel å løyse. Dersom lina vert for lang i slepet kan du "hekle" den opp med type barneskule-fingerhekling, og sette karabinen i den siste løkka. Slik kan du enkelt løyse kroken om du vil gi ut meir line. Meinar personleg at tryggleik handlar like mykje om å ta gode avgjerder undervegs som i forkant.
  24. Toppane over er flotte. I tillegg vil eg nevne Kjerringa frå Mosetra som ein flott tur, Vassdalstind frå Vallasetra og Sylvkallen, anten frå Sæbø (overgang gjennom flott dal med flotte vatn) eller frå Standal. Einig med ods, boka fotturar på Sunnmøre er ein god måte for å skaffe seg oversikt, i tillegg gir nettsider som westcoastpeaks.com og fjell i nordvest.net mykje god info om flotte turar.
  25. No veit ej ikkje kva type sekk du har, men dei fleste produsentar som er litt serviceminda kan få til mykje rart "custom". Med meg er saken at eg har eit unisexbelte, som eg får stramma for lite, og trur at eit damebelte vil være betre til meg. Om du kan få skifte til eit mindre, eller få ein dyktig salmaker til å korte inn "armane" på hoftebeltet ditt avheng vel litt av kva som allereie står på sekken din vil eg tru. Eg har eit bæresystem som fint skal tole 30 kg, men synes kanskje at 25 kg er meir korrekt.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.