-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Eg har Cayenne, er den som er avbilda over....og når eg ser på fleire bileter der eg har den på er den nokså lik som det bilete eg har posta over. Diverre greier eg ikkje hjelpe meir enn det.
-
Kva med å supplere med ein sovepose til? Om vinteren ligg mine slik; Eldste med vinterpose som er passeleg. Ho har dedikert vinter og sommerpose. Nestemann med sin tresesongspose med eldstemanns sommarpose utanpå igjen. Dette er ei stor hjelp, og når posen skal utanpå barneposen, gjer det ikkje så mykje at den er litt lang og vid. Dei to små kidsa til min sambuar er så tynne og små endå, at i tillegg til eigne barneposar i 150 cm, kan dei bruke dei første barneposane som dei to eldste har vokst ut av. Slik har me komplett oppsett for alle fire sommar og vinter, med litt ulike oppsett. Gode liggeunderlag vel så viktig, så supplerar me med varmeflasker i fotende på pose, evt legg stor fora jervenduk over alle mann etter dei har sovna, om det er skikkeleg kaldt og me ikkje fyrer bål natta gjennom. Eit tips for å få små, litt tynne born til å ha det varmt i ein litt for rom soveposeende, er å kjøpe dei billige "duntøfler" på princss eller jysk. Desse fyller ut fotenden og gjer lufta meir stilleståande, og slik varmare.
-
Hadde eg vore deg hadde eg gjort som tidlegare foreslått, høyrt med ein tindevegleder eller NF-godkjent brefører om dei kunne laga eit opplegg for ein dag. Alternativet er å finne eit område med nokolunde flat bre som ein kan sjå på, og kanskje ruske rundt litt i utkanten
-
Trur moglegens det finnast ein middelveg. Det er ingen her som eg ser som meinar ein skal fyre primusen hundre gonger heime. I alle fall ikkje eg Derimot har me innanfor norsk friluftsliv ein tradisjon for noko som heiter ferdsel etter evne. Først sett moderne ord på på 60 og 70 talet. Og det er ikkje slik at ein ikkje få brynt seg og lært gjennom praksis, om ein ttilpassar ferda litt. Er det noko som er garantert, er det at ein får møte uføresette tilhøver og utfordringar ein ikkje har tenkt på, uansett.
-
Hva slags kjøkken og brenner skal jeg ha?
Tessatroll svarte på Miamaria sitt emne i Primus og kokesystem
Om ting brenn seg fast har også ofte med storleik på brennarhovudet å gjere. Til dømes funkar stormkjøkken frå Trangia (eg har tre) fint til koking etc, men til steiking er det ubrukeleg (synes eg). Dette fordi brennarhovudet er så lite, at ein ofte må skru på ganske mykje effekt for å få varme på heile steikepanna. Dette gjer at det som er på midten ofte brenn seg (til dømes pannekaker). Dette gjer at eg har falt for Primus Gravity. Enkel gassbrennar med vidt brennarhovude, god effekt og relativt lite støy. Vindskjerm på laust får du kjøpt i dei fleste velassorterert butikkar, så er det jo berre å handle panne som du syneser god. Sjølv likar eg Primus Litech serien, og har steikepanne i denne. Til bruk i minusgrader er gass ubrukeleg. Raudsprit tregt. Altså sitt du att med alternativa bensin eller parafin. Og då må du til med forvarming. Dette er mindre avansert enn det høyres ut, og du tren ikkje ekstra stasj. Eg forvarmer med den bensinen eg skal bruke. Sjølv har eg ein brennar som bråkar som eit helv...., denne vert kun brukt til snøsmelting, når eg er avhengig av ein påliteleg brennar som kan ta unna og smelte 8-10 liter per dag. Eg går difor med planar om å anskaffe ein MSR Dragonfly, som er meir retta mot matlaging enn den eg har, og som er hakket stillare. Dersom du leitar litt finn du nok heilt sikker tbensin/parafinbrennerar som er mykje stillare enn den også. Personleg likar eg bensinbrennerar som lagar litt "lyd", då lyden er ein god kilde til kontroll. Bensinbrennerar er ikkje til å kimse av, spesielt i telt, og eg sett pris på å ha fleire indikatorar enn visualen, dersom noko er galt. -
På generel basis er nok gass kjipern på vinteren. Det er nok lurt å gå over på bensinbrenner eller parafin alt etter som kva du føretrekk. Kanskje dumt å kjøpe ein slik ein før du veot om du likar dette vinterlivet i telt, kanskje du får lånt deg ein? (sørg for å få med opplæring, og bruk den berre utanfor telt, i alle fall i starten). Dnt lokalt her har ein del uttyr til låns, kanskje dei har det i Trondheim også?
-
Kan hende er du klar over det allereie, og då må eg beklage, men; det funkar litt annaleis mtp på kva teltet ditt må tole. Det er også slik at gassbrennera funkar dårleg til snøsmelting når det er minusgrader ute, tek ei eve og får sterkt nedsett effekt.
-
Lurt Har du telta på vinteren før?
-
Hei Emilie Så flott at du har lyst ut på ein lengre tur på ski. Vinterfjellet er magisk! Men, det kan også være nådelaust. For å prøve å svare på dei spm eg kan svare på; 1: Snømengder i Rondane i Desember kan variere, men det er vel oftare at det er dårleg med snø/ujamne mengder enn at det er glitrande skiføre, i alle fall lengst nord mot Hjerkinn ( eg er ikkje lokal, så folkens, feel free to correct me). Eg har tilgode å køyre forbi eller opphalde meg i området i dei tider og sjå forhold som innbyr til skitur. Eg har faktisk snudd ein tur pga av dette, ein gong eg skulle feire jul på Reinheim. Kava oss opp frå Kongsvoll i djup laussnø med pulken stappa med pinnekjøtt. Bikka tregrensa og kom inn på kanten til Stroplsjødalen så var det "snøtomt". Berre fokkskavlar her og der. Me snudde, aka ned lia på pulken att, nikaurde til Gjevilvatnet og dura inn på Gjevilvasshytta. Pinnekjøttet kom på omtrent når det eigentleg skulle stått på bordet Det er ikkje stikka/merka løyper så tidleg. Når skisesongen tek til "for alvor" kan du elles finne gode opplysningar kring dette gjennom turistforeningen sine føremeldingar. 2: Det vil alltid være mogleg å gå ein tur, spm er kor mykje slit du er innstilt på, og om du har preferansar pulk/sekk. Med ein sekk er det enklare å plukke av seg skia å labbe på føtene ved behov. Det skal seiast at turar i mellomsesong med alt slags føre har ein tendens til å trekke ut i tidsbruk. 3: Spm kring kart/kompass gps har lite med fjellet og tilhøva å gjere, og meir med eigen kompetanse å gjere. Skal du i vinterfjellet åleine er det etter mitt begrep eit minstekrav at du er 100% trygg på bruk av kart og kompass. Bruk av GPS som supplement kan være bra, men det krev at du har din basiskunnskap, for å dra nytte av den. Spm kring GPS er også eit spm om kor vidt du er avhengig av framdrift. Dersom du har utstyr til å legge deg i vent når du finn det uforsvarleg å bevege deg pga krevjande orientering, er det heilt ok utan. Dersom du er avhengig av framdrift synes mange det er ok med ein GPS. Likevel må ein tilføye at GPS sei like lite om småskavlar og hamrar på 5-6 meter som kartet gjer. 4: Med atterhald om at eg ikkje kjenner deg, vil eg utfrå det du fortel om eigne føresetnader kanskje rå deg til å anten gå saman med andre, med minimum lik erfaring som deg sjølv, eller gjerne litt meir. Helst ville eg starta litt snillare, med kortare etappar, og betre exit moglegheiter. Om snøtilhøve tilseier det, kanskje starte frå Mysusæter i staden, og gå til Rondvassbu og Peer Gynthytta, og gjere fine turar i områda der nokre dagar? Relativt enkel exit, enkel tilkomst frå Otta, samt dersom ok tilhøve er det litt folk der, noko som kan være ok om det er første tur åleine. Her er sikkert også andre folk inne på forumet som kan tilrå glitrande turar i denne perioden som er litt "snillare". 5: Det finnast mange flott fjellområder for ski. På generelt grunnlag vil eg rå deg til å leite etter områder som har litt korte avstandar mellom hytter, uavhengig av om du skal bu i telt eller hytte (fin backup om noko skulle skje). Det kan også være fint å bevege seg i områder som går litt under tregrensa og litt over, med moglegheiter for litt skjerming om været skulle slå seg på vranga. Typisk områder med rikt stølsliv/stølstradisjonar. Om du byrjar litt snilt og aukar på etter kvart, får du gode erfaringar og opplevingar, og før du anar ordet av det har du vore så mykje på tur at du slepp å legge inn ein førespurnad på fjellforum om du er i stand til å gå turen eller ei. Du har fått kunnskap om eiga ferdselsevne! Uansett; god tur!
-
Artic circle trail Grønland.
Tessatroll svarte på Salthaugen sitt emne i Ekspedisjoner og utenlandsturer
Gjekk du denne i år? Ser utruleg flott ut! -
Bergans Rondane kjem i mange storleikar, frå 12 L og oppover
- 7 svar
-
- 1
-
-
Kva med ein Helsport Snota? Dei er rimelege i outleten om dagen. Eller ein Bergans Rondane 30 L?
- 7 svar
-
- 1
-
-
Nokon som har erfaring med nevnte? Sist eg kjøpte meg brebriller kjøpte eg Bollè Traverse med eit par mørke glas og eit par rosa, fordi eg hadde måteleg imponerande erfaringar med Oakley sine fotokromiske glass, og ikkje heilt har tillit til "systemet". Likevel må eg seie meg freista av eit par glass til "alle" lystilhøve, spesielt på dagsturar og kortare turar der ein ikkje prioriterar ekstra solbriller og skibriller i oppakninga. Vert desse Julbo brillene mørke nok på sitt mørkaste?
-
Som nevnt over er jo Hardangervidda superflott. Eg ville også kika litt på Femundsmarka so alternativ, ein runde med parkering nokså langt sør/aust, til dømes frå Elgå. Fint mogleg å lage seg flott rundtur på 3-4 dagar der, med moglegheiter for å trekke ned i belte av storskog delar av tida, dersom ein skulle ynskje seg det Kjøretid omlag 4,5 t.
-
Nei den er nokså raud ja, men ikkje typ "juleraud" om du skjønar.
-
Eh, dårleg på å uttale meg om fargar. Rødorange? Legg ved nokre bilete, enklare å sjå fargen i ein kontekst kanskje....
-
Om ikke breene smelter fort nok - så kan de jo få litt hjelp!
Tessatroll svarte på Kjell Iver sitt emne i Samfunnsdebatt
Eg må være ærleg og seie eg trudde dette var kødd når eg såg det omtala! Men, altså, er dette tilfelle? Eg dauar! -
Eg har ei i cayenne. Meinar eg kjøpte den i 2013. go`jakke
-
Rundtur med x antal toppar med Trollvasstind 1280 som den høgste. God sikt i dag gjorde at me skoda langt både sør, vest og aust, og kjendisar som Lodalskåpa og Snønipa, Myklebustbreen og Jostdalsbreen steig fram, i tillegg til Sunnmørsalpane. Desse fjella mellom Volda og Nordfjord har mykje fin utsikt å by på!
- 4 598 svar
-
- 15
-
-
- 4 598 svar
-
- 7
-
-
Eg har i fleire år jakta stadane som har bra med snø på denne tida, då eg kvart år feirar nyttår eller jul i fjellet. Den staden som kanskje har størst snøgaranti av dei eg har vore på, er Huldreheimen. Kjent som ei redig snøhole. Lett tilgjengeleg. Lite folk.
-
- 4 598 svar
-
- 20
-
-
Det er noko med den realitetsorienteringa gitt. Eg fekk førespurnad ein gong om å "climb Norways highest mountain and see the northern lights" . I tillegg i Juni.
- 36 svar
-
- 4
-
-
Kan være noko så enkelt som at tapetkniven som varemottaket har brukt ved opning av pappkasse frå leverandør har kome borti eller liknande frå "varehandsaming". Ville uansett prøvd meg på ein rabatt, eller eit gåvekort ja.
-
Ein tur på Saudehornet 1303 moh i dag. Ofte omtala som "byfjellet" i Ørsta, men ein veldig flott tur med mykje utsikt for sine beskjedne høgdemeter. Start på omlag 150 moh gjer likevel dette til god trimtur, 1150 høgdemeter over omlag 3,5 km. Tipptopptommelopp. Ein stemningsrapport før lett redigering.
- 4 598 svar
-
- 15
-