-
Innlegg
3 689 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Tipptopp forhold. Kjør på. Tilrår å gå Langsæterdalen eller Habostaddalen. Flott.
- 11 svar
-
- 1
-
-
- sunnmørsalpene
- camp
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Skal bli! Blir nok uansett ikkje før til seinvinter/vår, no er det turar med andre behov som står på tapetet
-
Eg får ikkje til å opne den, men det er kanskje her det er gale og ikkje med fila
-
Når friluftslivet går utover forholdet
Tessatroll svarte på SveinJ sitt emne i Generelt om friluftsliv
Det var litt bastant/dårleg formulert også, men ikkje bastant meint Erkje så gla den mafiaen eg hell, eg er ikkje så gla i noko form for mafia- 36 svar
-
- 3
-
-
Når friluftslivet går utover forholdet
Tessatroll svarte på SveinJ sitt emne i Generelt om friluftsliv
Eg er heilt samd! Og beklager "knølete" formulering. Eg er heller ikkje av den typen som meinar at ein MÅ ha born for å ha eit meiningsfullt liv. Eg har venner som bevisst har valt å ikkje få kids, eg har ingen problemer med å forstå. Men det er i mange (kanskje dei fleste) tilfeller slik, at når ein har fått dei inn i livet så er dei ei beriking, det var det som var poenget mitt, som kanskje kom dårleg fram. Livet tek ikkje slutt om ein får born, sjølv om ein kanskje i utg pkt ikkje er superentusiastisk.- 36 svar
-
- 3
-
-
Når friluftslivet går utover forholdet
Tessatroll svarte på SveinJ sitt emne i Generelt om friluftsliv
Eg vil som fleire av dei andre her avstå frå å gi spesifikke råd til folk og tilhøver eg ikkje kjenner, men på generell basis kan eg seie følgjande om "tidsklemme": 1: Eg har fått meir ro i rompa etter at eg vart voksen nok til å skjønne at "liveterbestute" stor sett berre tel dersom resten av livet ditt heng noko lunde på g. Altså. Det er ein fantasisk bonus, forbeholdt oss i overfloda. Den dagen kvardagseinsemda tek deg, eller du på ein eller anna måte opplever sjukdom, eller livet forøvrig berre "skjer", så kan hende du får eit anna perspektiv på friluftslivet. 2: Born er ein berikelse. Same kor slitsomme og "fridomsinnskrenkande" dei kan verke. Dei kan endog gi friluftslivet ditt nye dimensjonar. 3:Det er nesten garantert at om du fann nokon med like interesser, ville du fått andre "downsides" å jobbe med. Når både eg og sambuaren min har meir lyst til å pelle hundemøkk, spleise liner eller dyrke grønsaker enn å vere inn å lage middag, støvsuge og ta oppvasken......då er det duka for ei logistisk utfordring mtp oppgåvefordeling. Med det sagt gjer like interesser at me har påfyll på +kontoen som sjølvsagt har enorm verdi når utfordringane i kvardagen tårnar seg opp. Eg er no 36 år og har kids på 15 og 13 år. Om nokre få år er dei ute av redet. Eg blei åleine med dei når dei var 1,5 og 3 år, og har hatt eit utall "ole brum turar". Ja det var faktisk mi form for friluftsliv i mange år. Så var det nokre år med større kids som med iver vart med på tur. Golden years heilt til tenåra slo inn...sjølv om eg får dei med på hyggelege overnattingsturar, er ikkje akkurat sveitte motbakkar på Sunnmøre deira daglegdrøm, og "Ole Brum" turane med matpakke er ikkje ineresessant. MEN, og her kjem poenget mitt med denne avhandlinga; når eg er 40 har eg myndige born. Altså, alt til si tid, kvifor bråhast? No har eg planlagt og førebudd ein tur til Grønland over lang tid. Eg reiser om 10 dagar. Eg gler meg til det. Men gleda er ikkje fullt så einsidig som den eingong var, over slikt. No gler eg meg minst like mykje til å komme heim etter å ha vore vekk. Å vere med kidsa og reise med dotter mi til Polen på skuletur. Eg vil gå så langt som å hevde, att det å ha kids, forpliktingar og familie, har fått meg til å sette meir pris på alle sider av livet. Inkludert "friluftslivet". Som jo eigentleg berre er utetid, i livet som skjer. Når det er sagt, er det ikkje noko mål å halde ut i situasjonar som krev at ein går på akkord med seg sjølv meir enn det gir, over lange periodar. For å greie å gjere opp den "rekneskapen" kan det vere greit å søkje hjelp. Biletet er ofte meir komplisert og nyasnert enn ein trur, og ein sjølv har gjerne gått seg fast i eit tankemønster. Lukke til Edit: må legge til at eg ved bruk av "du" ikkje meinar du som person. Burde eigentleg skrive "så kan hende ein får eit anna perspektiv på friluftslivet".- 36 svar
-
- 17
-
-
Svar frå BigSKy: Therese, Thank you for your email, please see > responses below: I am trying to find some information about the SuprSil fabric, like denier etc. But it seems to be difficult to find. Can you provide me with some information? > Here is more fabric information: https://bigskyinternational.com/pages/fabric-comparison-table > Note: SuprSil fabric is coated both sides with silicone so it has a tear strength about 2x stronger than the same fabric coated with PU... if the tent's outer fabric is seam taped, the fabric has PU coating since silicone coating cannot be seam taped... Hilleberg is another tent brand than uses both sides silicone coated fabrics. And what Wold the shipping cost to Norway be for a Chinook 2P? > USD14.99 from Big Sky EU warehouse Thanks for your interest, Bob Big Sky International online store: www.BigSkyProducts.com online store: www.BigSkyInternational.com email: [email protected]
-
Herleg turrapport frå eit flott område!
- 5 kommentarer
-
- femundsmarka
- grøtådalen
-
(og 3 andre)
Merket med:
-
Vert varm om hjartet 🌼 så flink du er!
- 4 598 svar
-
- 3
-
-
Yaranga er superaktuelt, men det igjen vil eg ikkje nødvendigvis vere komfortabel med å ta med til dømes på Josten på våren. Der kan det vere solskinn og fin slush i mai, eller det kan vere stiv kuling, 15 minus og luftfuktigheit frå ei anna verd. Den dårlige nettstaden er skikkeleg irriterande, ein må inn på ymse forum for å finne meir utfyllande info. Med mindre eg får meg ei skikkeleg overrasking på duken, så vert det eit slik på meg. Så gjenstår det å sjå om det var dårleg gambling. Rekna meg fram til 2 kg med det "heftigste" oppsettet, og 1,6 - 1,7 ish med det lettaste, omlag som Niaken, som eg forøvrig likar veldig godt! Edit: rekna på ny med anna link, og fekk lettare vekt. Vonar eg får svar på spm mine så eg kan få sikrare tak.
-
Ja det erkje spesielt pent. Og så er det kuppel, som eg IKKJE likar. Men footprint og stenger som ikkje skal tres. Fordel klumsa mtp duken. Men det å til ei viss grad kunne skreddersy det, til dei materialane og stengene ein vil, og få eit telt som toler litt til ei ok velt, tiltalar meg. I tillegg er det fin pris på det. Eg har slitt med å finne telt for høgdemeter med dobbel duk og låg nok vekt. Eg er gla i Nallo. Men det igjen vert i overkant tungt når eg er åleine på sommaren. Det å kunne bygge ut og trimme ned teltet etter sesongen, slik at det for meg er høveleg både på vårskitur på bre for to og en, og på same tid åleine med lett innertelt, ei stang mindre, og kanskje UL stenger i dei siste to ser eg på som topp ved behov. Finn ikkje att sida eg fann detaljerte spesifikasjonar med omsyn til vekt på alt, men synes å hugse eg kan plukke omlag 400 gr på det viset, meir med UL stenger. Eg har sendt e-post for å få meir info om duken.
-
Eg for min del har bestemt meg for å kjøpe eit big sky chinoc med ekstra stang og i firesesongs materialar, etter supertips her på forumet. Framleis lett. Noko tøffare materialar? Firesesongs
-
Ha prøvd han på, verkar som ein bra støvel. Har avogtil sett han på gode tilbud, så om du ikke har hast vikle eg venta og vaka
-
Ynskjet deg fin ferie Kolåstind står fremst i dalen der eg bur, og Slogen og Jønshorn nokre steinkast frå. Vonar du får godt ver! Bremanger og Hornelen er også superflott. Du får sende ein PM om du lurer på noko når du er her.
- 11 svar
-
- sunnmørsalpene
- camp
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Eg hadde sendt ved ein link til denne tråden i eit av bjeffa mine. Dette er simpel kundehandsaming, og eg er freista til å be deg sende navnet på nettbutikk på PM, slik at eg får boikotte.
- 57 svar
-
- 3
-
-
-
Desimalgrader vestleg halvkule og GPS - hjelp
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Navigasjon og elektronikk
Eg fann det ut, det var enklare enn eg trudde... I staden for å angi det med minus, som ein normalt vil gjere, angir ein i staden om det gjeld vestleg eller sørleg halvkule. Som dette tilfellet då, så skriv ein koordinaten N xx.xxxxx og W xx.xxxxx. Det slo meg ikkje eingong, i starten, at det var der det låg. Tenkjer eg let posten stå, om andre skulle vere like "newbie" på vestleg halvkule og desimalgrader 😂 -
Desimalgrader vestleg halvkule og GPS - hjelp
Tessatroll publiserte et emne i Navigasjon og elektronikk
Hei Skal plotte desimalgrader på wp eg har for ein tur på Grønland. Har runda ned frå 6 til 5 desimalar, og funne rette format på GPSen....og der stoppar det. Korleis i pokker plottar eg minuset for vestleg halvkule? Per i dag endar eg i Russland når eg vil ende i Umivik..... -
Test av sekk til dame - Osprey Xena 85
Tessatroll kommenterte på Tessatroll's artikkel i Bære- og fraktsystemer
Og flott at du minte meg på at eg hadde gløymt å lime innatt informasjon om herremodellen. Eg skulle flytte på det under bearbeiding, og borte blei det No ligg det inne att!- 11 kommentarer
-
Test av sekk til dame - Osprey Xena 85
Tessatroll kommenterte på Tessatroll's artikkel i Bære- og fraktsystemer
Dette var eg faktisk ikkje klar over! Eg finn ikkj noko om det på Osprey sine sider, har du link? Då vil eg i tilfelle redigere det inn i testen slik at lle som les den får det med seg- 11 kommentarer
-
Test av sekk til dame - Osprey Xena 85
Tessatroll kommenterte på Tessatroll's artikkel i Bære- og fraktsystemer
Der kan eg måle for deg, men nett no lurer eg på om bikkjene har gravd ned målebandet etter ein målesession til nye selar i går 😳 🙈 send meg ein PM så skal eg hugse å få det gjort.- 11 kommentarer
-
Test av sekk til dame - Osprey Xena 85
Tessatroll kommenterte på Tessatroll's artikkel i Bære- og fraktsystemer
Så bra at du kan kjenne at di oppleving av produktet i min omtale! Og å oppdage bonusfeatures må no verre vere supert 🤣- 11 kommentarer
-
- 2
-
-
Nærtur på Brekkeheida i i ettermiddag. Kort tur med akkurat nok gjørme og sleipe og bratte parti til at me måtte jobbe med desse energirike, lett udisiplinerte unghundane, mtp å gå bak og ta det med ro. Perfekt. Berre eit skikkeleg tryn på far 😂
- 4 598 svar
-
- 17
-
-
Turmat, tanker og kallori utregning - Hva tror dere?
Tessatroll svarte på Tor-Erik-L-77 sitt emne i Fjellvandring
Absolutt, eg får dei sjeldan til å vare meir enn 3-4 dagar sommarstid. På vinteren held dei seg frosne til eg legg eit på innerlomma til tining. Det er ikkje så himla grovt, men det er nøtter og tørka aprikos og ymse i, som dreg opp. Eg personlig synes det balanserar godt. Proteinrundstykket er ikkje ultragrovt i det heile, berre havre i det. Det er ikkje spesielt haldbart dog, så det er typisk "første-dagane" luksus. Eg nyttar ofte desse i starten, for så å gå over på polarbrød eller loganbrød. -
Turmat, tanker og kallori utregning - Hva tror dere?
Tessatroll svarte på Tor-Erik-L-77 sitt emne i Fjellvandring
Hei eg er gla i litt meir tyggemotstand, og lagar heimelaga energibrød og proteinbrød. Dei er runde og flate som polarbrød, og sjitgo med graddost og pepper på, eller smør og brunost. Eg rekna nyleg ut totalt kaloriinnhald per deig energibrød, og delte på 16 rundstykker. Eg skal ha desse til lunsj i starten på Grønlandstur. Enda på 403 kcal berre i brødet, så kjem pålegg i tillegg. Proteinrundstykker 263 kcal med ei deig som gir 5 stk med grei storleik. Har ikkje oppskriftene framfor meg no, men om du vil ha dei ska eg leite opp.- 9 svar
-
- 1
-
-
Produkt Osprey Xena 85 L Levert av Jarbeaux sport AS Veiledande pris kr.3 000,- Fakta frå leverandør Storleikar: Ein storleik, justerbar. Vekt: 2,35 kg. Volum: 85 L. Fakta frå Fjellforum Vekt 2,4 Fakta om testperson Kvinne 35 år 166 cm og normalvektig Van med å bere tung sekk, i variert og til dels krevjande terreng Punkt til vurdering Bæresystem og passform Lommekonfigurasjon, festemoglegheiter Brukarvennlegheit Praktisk bruk sett opp mot "kva sekken lovar" Handtverk og materialar (ver og vind) Vekt mot volum Pris Om sekken Sekken er retta mot lange turar og ekspedisjonar, i fylgje leverandør. Den er utvikla og satt opp for å kunne bere tung last, med hoftebelte som er førehandsforma, justerbar rygg og ventilert ryggpanel. Sekken skal vere sjølve kulminasjonen av Osprey sine kunnskapar, opparbeidd gjennom 40 år. Å kjøpe sekk Når ein skal kjøpe sekk er det mange omsyn å ta. Bruksområde med omsyn til type tur og terreng, behov for lastekapasitet, detaljar og tekniske finesser vert ofte diskutert opp og i mente. Likevel er det eit omsyn, som tronar over alle; passform. Om ein sekk ikkje høver eins anatomi, er det til sjuande og sist knekkande likegyldig kor lett eller tung han er, kva lommer som finnast, og kva type materialar som er brukt. Ein vond sekk er vond, og han er vanskeleg å diskutere med. Prioritet nummer ein ved sekkekjøp er altså prøving. Gjerne over tid. Kanskje kan ein låne maken til den ein vurderer kjøpe? Å gå ein tur i marka med sekk på 20 - 25 kg, over ein dag eller to, eller fleire timar i strekk, plar ofte luke ut dei minst aktuelle sekkane ganske raskt. Elles er det å nytte seg av butikkane sin 100% fornøyd garanti. Om testen Sekken har bak seg i overkant av 15 bruksdøger både sommar og vinter , i alt av ver og vind, både på ski, bre og vandretur. Testar er ikkje spesielt "fintfarande" med utstyr, det vert brukt som det er meint; som eit verktyg på tur. Vurdering Bæresystemet er enkelt å justere rygglengda på, men kan med det same framstå som litt "skjørt". Borrelås har alltid gitt den effekta på meg. Som vanleg må eg etterkvart innrømme at det funkar, når ingeniørkunsten bak resten av bæresystemet er bra. Bærekomforten er god, og eg ville kalle den særs god når ein tek eigenvekta på sekken med i reknestykket. Eg tenkte ei stund at skulderreimane og hoftebeltet verka litt "mjukt", og frykta at det skulle bli for lite tak i det når vekta auka, men det viste seg også å vere feil. Denne sekken toler fint last på 30 kg utan at det vert ukomfortabelt. Med omsyn til passform er skulderreimane på denne sekken tilpassa damer. Det vil seie at dei står litt tettare og er noko smalare. For meg gir det alltid eit lite klyp i musklane over skulderbladet i starten. Det opplever eg ikkje med herresekkar. Dette skuldast nok mi noko breie ryggtavle meir enn det skuldast passforma på sekken. Reimane går seg som regel til ved litt bruk, og "legg seg" breiare. Hoftebeltet er kanskje det beste eg har prøvd, og ber tunge bører godt utan å klemme hverken på setemuskulatur eller gi ømme hofter. Plassert korrekt sitt det veldig godt, og "motarbeidar" ikkje kroppens mekanikk på nokon måte. Dette er veldig deilig å gå med, spesielt når ein er van med store/breie herrebelter som anten klemmer på setemusklar eller kjem heilt opp under ribbkassa. Ein har også godt med stramming å gå på, så ein slepp problemet med at ein etter to dagar på tur, når magemusklane har trekt seg saman, ikkje har meir å gå på. Eg personleg likar at det er ei glidespenne på skulderreimane som ein kan justere vinkelen på toppstrammarane med. For meg har det litt å seie for å få hoftebeltet til å gripe kring hoftene i staden for "å trykke ned" i dei. Det har ikkje denne sekken. Til meg høver vinkelen som han er, men den som treng ein annan vinkel, må til med nål og tråd, eller ei anna form for fiksering. Lommer og festemoglegheiter er etter mitt syn, ved sia av det komfortable hoftebeltet, denne sekkens store styrke. Detaljane er mange, og for den som verkeleg vil ha lang-lesnad, tilrår eg å gå inn på Osprey sine sider for oversikt. Eg omtalar her det eg opplever som kjernepunkt i bruk. Xena har Osprey si eiga løysing, "Stow-on-the-go", for å kjapt kunne pakke vekk eller ta fram vandre- eller skistavar. Meshlommene på sidene gir reint faktisk plass når du er på farten, og ein får ting nedi dei sjølv om sekken er full. Lommene på hoftebeltet er romslege, og ein får plass til også den største av dagens smarte telefonar. Ei hanskekledd hand kjem også enkelt til. Ei lomme er i mesh og den andre i tett ty. Ingen av dei med vasstett glidelås eller stoff. Topplokket har tradisjonell opning mot nakken, i to etasjar, og lommene er romslege. Det kan takast av og brukast som rompetaske. Ei lita sitteplate ligg på innsida av det, for den som synes det er greit å kvile ein rumpeball i slengen. 4 hemper for karabinere/tau/ekstra feste oppå lokket. Sekken har ikkje opning i front, men på kvar side. Desse funkar greit, men gir ikkje same oversikt som ei frontopning. Eg hallar likevel mot å seie at det er greit, då framsida er så godt løyst at eg ikkje trur eg ville hatt den på noko anna vis. Der finn ein to isøksfester, to romslege "halvmånelommer" og ei meshlomme utanpå desse igjen. Isøksfesta kan nyttast både til spade og isøks, og ein får fint frå seg desse utan at dei er i vegen når ein treng noko i sekken eller lommene. Halvmånelommene er romslege, og ein kan enkelt skilje eventuelle brenselsflasker frå resten av oppakninga. Dei vil då vere lenger vekk frå ryggen, enn til dømes om dei var plasserte i sidelommene. Det vil seie at det dersom resten av oppakninga er lett, kan vekta av flaskene gi drag bakover. Eg tenkjer likevel at ein i dei fleste tilfeller der ein har med fleire tunge flasker av type fuel, thermos osv, er på ein tur som også krev ein del anna utstyr, og vekta i sjølve sekkerommet stabiliserar dei kiloane som er i ytterlommene. Har ein lettare sekk, kan ein jo også plassere flaskene i meshlommene på sida. Det er då verdt å tenkje over at dei ikkje er "innelåst" ved ferdsle i til dømes bratt snøbakke. Meshlomma i front har bra strech, og på linje med dei på sidene, tenar den faktisk til noko, også når sekken er full. Xena har opning nedst i fronten, for enkel tilgang til det som ligg der. Hovudrommet har moglegheiter for deling, til våt og tørr sone. Alternativt kan ein dele det av om ein ikkje har nok "fyll" i botnen (typisk sovepose), og ynskjer unngå eit sekkerom som heng å sleng nedst, med små tunge gjenstandar. Reimane nede på framsida er i kortaste laget for telt eller skumplastunderlag med litt volum. I tillegg er dei feste berre på framsida, altså går dei ikkje under sekken. På det viset mistar ein høvet til å la tyngre utrustning som ofte havnar på utsida, i alle fall på starten av turen, trekke sekkens tyngepunt ned,men i staden vil det drage bak. Dette er eit minus på skiturar. Kompersjonsreimane på sekken er gode, og sekken eignar seg av di også greit som dagstursekk, ved til dømes avstikkar frå basecamp, dersom rompetaska vert for lita. Alle glidelåsdragerar på Xena er hanske-og vottevennlege, og glidelåsa kiler seg lite. Sekken er enkel å forstå, og slik brukarvennleg, til tross for mange detaljar. Ein treng ikkje ver ingeniør hverken for å gjere justeringar, eller pakke den. Fasongen på sekken gjer likevel sitt til at ein ved skitur skal tenke på å plassere vekt i sekkerommet rett, slik at han ikkje vert topptung eller baktung. Dette av di han er noko lang og smal. Kva gjeld praktisk bruk vs "målsetting" for sekken frå Osprey, synes eg dei langt på veg har lukkast. Det første som slår ein når tek i sekken og byrjar forske litt på han, er at han verkar enkel, men likevel full av velplasserte detaljar. Ved bruk viste dette seg også å stemme. Han funkar fint til utstyrstunge turar, der ein kan få med seg mykj både inni og utanpå sekken, utan at noko er "i vegen" for kvarandre. Dette er kanskje ein av dei få sekkane eg har prøvd i denne storleiken som ikkje får meg til å sakne den gamle storsekken av typen med gigantiske sidelommer, men med ei eigenvekt på 4 kg. Eg synes dog literane er "små", samanlikna med til dømes Gregory Deva 80 L. Ved pakking av akkurat samme mengde bagasje, rommar Gregoryen meir. Så, med tanke på bærekomfort og løysingar på sekken, vil eg seie at han held den han lovar. Men, eg synes litrane gjerne kunne vore noko meir romslege, på ein sekk som lovar å ta deg til "the end of the world". Materialar og kvalitet på saumar verkar så langt bra, men det skulle jo også blott berre mangle etter berre 15 bruksdøger. Eg har registrert klager på slitestyrken på tyet til Osprey, utan å ha erfart det sjølv. Når ein tek i materialet i hovudsekkerommet, kjennes det noko kraftigare enn til dømes på Gregry Deva. Om det likevel skulle vere slik at slitestyrken er låg, kan det vel tenkjast at det er prisen ein må betale, for så mykje komfort for relativt lett vekt? Vekta på denne sekken ligg hverken høgt eller lågt, samanlikna med andre sekkar med omlag same volum, sjølv om eg er usikker på om den held 85 L. Sett opp mot bærekomforten og dei gode løysingane derimot, synes underteikna likevel at vekta må seiast å vere i nedre sjiktet. Prisen på denne Ospreysekken plasserar han hverken blandt dei dyraste eller dei rimeligste. Med 3 000 kr som veiledande, ligg han nokså midt i mellom. Komfort og praktisk bruk tilsvarar etter mi meining det du kan finne i langt dyrare sekkar, men det kan tenkjast at dei dyrare modellane er hakket meir slitesterke, og noko romslegare. Testers erfaring er at få sekkar i tilsvarande eller lågare prisklasse kan matche bærekomfort, men dette er sjølvsagt også individuelt betinga. Oppsummering og konklusjon Underteikna vil plassere Osprey Xena 85 L i kategorien "komfortabel allrounder, med gode og gjennomtenkte løysingar, til ein overkommeleg pris". Graden av bærekomfort er høg. Pluss for gode lommeløysingar og akseptabel vekt. "Små liter" og noko korte reimar trekk ned. At sekken er smal og lang gjer at den kan vere utfordrande å pakke til skitur, der er ein gjerne vil ha lågt tyngdepunkt. På den andre sida gjer måten den er løyst på med fester og lommer, at den høver veldig godt til utstyrtunge turar, som til dømes vårskiturar på bre. At den er smal gir også rom for aktiv stavbruk og fridom for røyrsle i overkroppen. Dette skjedde med sekken etter endt testing Testar opplever at denne sekken gir ein bærekomfort som er så bra, at den enda som den "utvalgte" sekken til ei Grønlandskryssing hausten 2017. Den skal få legge "kilo til motoren" på veg opp brefallet på austkysten, og bære all last ut Austmannadalen på vestkysten, dei tre siste dagane av turen. Test vil verte oppdatert etter endt tur. Alle foto er frå leverandør eller underteikna.
- 11 kommentarer
-
- 19
-
-