Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 689
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Absolutt, og litt om Keen kjem også i seinare innlegg. Dei høver sambuar godt, men for meg blir det for mykje volum. Kom gjerne med dine erfaringar!
  2. Absolutt. Skal prøve å få sambuarens skogarderobe inn også Så er håpet at fleire bidreg, så vi kan få samla mange ulike føter og erfaringar i ein tråd her
  3. Når begge i hushaldninga har breie føtter, gir det utfordringar når ein skal kjøpe nye sko. Eg har breie føtter, rett stortå og låg vrist. Breiaste punkt er veldig langt fram (kvalifiserer for personnummer i Andeby). Sambo har breie føter, høg vrist og volum, og meir "vanleg" stortå. Han har breiaste punkt litt lenger bak på foten enn meg. Vi er begge aktive med friluftsliv og jakt, og treng gode sko til varierte aktivitetar. No har vi nettopp hatt eit nytt handlerafs, då mykje var utslitt både for sommar og vinterbruk. Mange par sko har kome i posten, og mange i retur. På grensa til pinleg overfor postdama. Etter denne handlerunden tenkte eg her oppsummere litt "dagens" skogarderobe, kanskje kan det hjelpe andre med liknande kroppslege raritetar 😂 Fint om andre med breie eller utfordrande føter hiv seg på med sine tips Skogarderobe frøken Andeby; Women's Kayland Globo goretex. Nokre av dei breiaste støvlane eg har prøvd nokon gong, skal no tas i bruk. Nokså stive for skafthøgda si, og krev nok ein tur eller to med litt inngåing. Skal få bli med i norske fjell når sekken er tung, terrenget tøft og på jakt. For den med vanleg stortå vil eg tru den sitt med ein gong. For meg som har rett stortå, kan det hende eg tek han med til skomakar for å få nokre mm til for stortåa sidevegs, dersom det ikkje ordnar seg etter inngåing. Uansett den støvelen eg har prøvd som truleg krev minst arbeid sidevegs for stortå. Bra med volum, så eg må snøre tett. Brukar min vanlege storleik. Scarpa women's SL active Utan membran. Ikkje fullt så breie som Kayland i heilt front, men god breidde baketter. Sitt godt rundt foten for meg som har lågt volum, men eg trur at den også kan høve den med meir volum då snøringa går langt fram. Ikkje fullt så stiv som Kayland. Skal få bli med på tur i fjellet i moderat terreng eller ved sekk under 20-25 kg. Blir med til Island på 6 dagerstur med 4 dagar moderat terreng og 2 dagar meir krevjande. Vonar å kjøre sekken under 20 kg. Gjekk opp ein halv storleik. Topo traverse God terrengsko utan membran. Litt demping slik at han funkar greit å hardare underlag med dagstursekk. Tåbeskyttelse som faktisk funkar. Veldig god plass til mi rette stortå, den får verkeleg gjere jobben sin. Sitt tett på foten, kan kanskje bli knapp om ein har stort volum/høg vrist? Usikker. Både drenerer og tørkar raskt når ein har plumpa i vatn. Brukar same str som fjellstøvlar og skisko for å fære fint med tæra. Altra Olympus gtx Gode terrengsko med mykje demping, stabil sole. God plass til mi rette stortå. Ein del volum, så denne må eg snøre tettare enn Topo, og lage kameløyrer med dei to bakaste hola. Blir med som eit ekstrapar til Island. Mistenker mykje harde parti og har hatt nokre utfordringar med bekken siste månadane, så harde støt kan bli litt tøft i lengda. Same storleik som for Topo. Bergans jaktstøvlar Breie og god, plass til stortåa mi. Blir berre brukt når eg absolutt må då eg eigentleg likar å gå med så lett fottøy som mogleg. Det vil sei i veldig vått og myrete terreng, der eg treng meir støtte enn eg ville fått i ein gummistøvel. Noko rette i hælkappa, så eg har levert dei til skomakar for å få banka hælen litt mjukare og "hole" den litt. Steike god yttersåle, både i gjørme og på stein. Brukar min vanlege storleik. Nytt innlegg med ymse Crispi, La Sportiva og Meindl kjem ved høve.
  4. Desse dukka opp i mine søk au gitt. Absolutt freistande stillingar å søkje, med spennande områder å forvalte. Men med to ferske barnebarn i sør så kjenner eg på ein viss motstand mot å flytte. I tillegg har eg insett at eg har potensiale for å forbli evig kommuneslusk 🤭 Eg trivast godt i kommunal forvaltning. Velvel. Lukke til med rekruttering, det blir vel ikkje så vanskeleg å besette desse vil eg tru. Og lukke til i ny jobb.
  5. Kva med å gå så langt de kjem frå Dovrefjell til Lillehammer? Evt er jo Forollhogna og områda mellom Oppdal og Folldal snilt og med moglegheiter for fiske
  6. Eg brukar ikkje kart på. Brukar den som TS er ute etter; kun til koordinater. Så detta problemet har eg ikkje
  7. Vi skulle hatt ein hjarte-emoji i reaksjon ❣️
  8. Ja eg synes det er ein del forskjell, både i høve kor tjukke dei er, men også mellom modellar med noko lunde lik "tjukkelse". Dei mest slitesterke eg har hatt er nok frå Exped og Ortlieb. Dei frå Exped som heiter Drybag bs har ein fin kombinasjon av pakkbarheit og slitestyrke. Silva sine i blank silikon er bra, men tjukke (og veldig dyre). Og så er kompresjonssekken til sea to summit med membran ganske slitesterk (brukar til sovepose). Eg brukar mine både i sekk og pulk. Tidlegare var dei også ofte dytta i havkajakken.
  9. brukar Garmin eTrex til samme formål.
  10. Om du går til fysio og er pliktoppfyllande og disiplinert så vert det ofte bra til slutt, er mi eiga erfaring og frå folk eg kjenner. Men det tek tid og krev litt.
  11. Gjekk denne saman med eit skokk kids for det som tek til å bli ein del år sidan. Fin tur. Den fiksar du fint
  12. Vindkraft har vore regulert annleis enn anna arealforvaltning der plan- og bygningslova er det overbyggande lovverket. Men detta trur eg er i endring, utan at eg er heilt oppdatert på kvar i prosessen ein står.
  13. Her kviler det så mange føresetnader eg ikkje er samd i at faktisk eksisterar, at eg må svare når eg er på ein PC 😅😂
  14. Fylkeskommunen stiller seg ikkje positive, det er godt. Statsforvaltaren har også sagt nei. No går vel saka inn til dept. Og det gjer meg noko uroleg..
  15. Kjøper eigentleg vanlege "ikkje-avanserte" halsband frå Troll, ManMat eller Dragråttan. Skal du ha med bikkja mykje på vintertur er det fint med stor, vottevenleg ring. Ofte heiter modellar med slik ring noko med "polar" eller "vinter". Så har vi liggande til henting nokre fine som var kjøpte på Svalbard (såg dei når vi var der, angra på at vi ikkje kjøpte, fekk venninde til å handle og sende). Desse er også av god kvalitet, men unødvendig dyre og mest fordi vi synes dei var så himla fine 😂😂😂 #fintskaldetværepåtrekkhunden
  16. Eg og du vert nok ikkje samde, og det er greit Loen er eit skrekkdøme som gir meg mareritt om natta. Eg skjønar heller ikkje behovet for å stadig skape dårlege blåkopiar. Elles hjelp det lite med gode lokalmiljø utan inntakt natur (og det er vanskeleg å få godt lokalmiljø med så store tiltak tredd nedover øra).
  17. Det gjenstår å sjå korleis regionale mynder og evt etterkvart sentrale stiller seg til dette. Me kryssar fingrane.
  18. Kjem an på kva delar av tilrettelegging ein snakkar om då. TS nevner fleire variantar. Har store problem med å skjøne korleis gondolar og sherpatråpper skal betre folkehelsa. Visuell forsøpling, støy og vonde knær derimot. .. Edit; gløym min kommentar. Eg trudde eg var i ein annan tråd. Sorry! Forum og telefon er ikkje alltid heilt godt.
  19. Er heilt samd i det med handelsboikott, noko eg også skreiv i mitt opprinnelege innlegg. Men, så er det detta prinsippet og det å ta eit aktivt standpunkt. Og det faktum at å handle Devold vil kome med ein emmen smak i munnen for min del. Og det at eg er lei av at ei gruppe så til de grader skal dominere reiselivet i ein region (ikkje minst at dei flyg helikopter over hovudet på ein når ein er i fjellet.. 62° nord) At det verkeleg store slaget står ein annan stad enn ved handlekassa er dog heilt klart! Og heldigvis vert kampen teke. Det er berre å krysse fingre for at regionale mynder sett ein stopp, og at dei igjen ikkje vert overkjørte frå sentralt hald, om det skulle gå så langt.
  20. Foto nedanfor er frå 2016, og ein særdeles fin nærtur på Sulafjellet saman med gode venner. Ein nærtur som kjennes ut som ein "fjerntur", med ei flat "vidde" på toppen, og utsikt mot både ope hav, fjord, spisse tindar og mjukare kystfjell. Eit fjell som er mykje brukt til rekreasjon, av folk i alle aldrar og "kategoriar". I går stemte Sula kommunestyre ja til å bygge ut gondol på Sulafjellet. Om dette ikkje blir stogga høgare opp i systemet, så skal det sprengast fjell og byggast installasjonar. Initativet kjem i kjent stil frå Flakk gruppen, som vitterligen har nok peng frå før. Viktige omsyn til natur og folkehelse skal ein altså sette over styr for at nokre ytterst få mennesker skal tene seg nokre fleire blanke kroner. I tillegg er det ikkje eingong remotely originalt i høve reiseliv. Altså, kor mange sherpatråpper, via ferrata "anlegg", zip lines og gondolar treng ein eigentleg? Vil ein ha naturoppleving i naturen, eller sirkus? Det blir i alle fall ikkje meir Devoldull på meg om det skal farast slik åt med mine etterkomarar sin arv.
  21. Keron utan GT har vel også samme kvalitetane, men er vel ein del tyngre.
  22. Ser ut som eit fint telt, men Hilleberg Kaitum har vel mange av dei samme kvalitetane trur eg? Edit; ser at Ly skil seg frå Kaitum med å ha like lange stenger.
  23. Ja eg har ikkje problemer med det poenget. Men eg ser heller ikkje den store krisa i at enkelte telt treng ei natt med trutning. Og eg ville, til mitt bruk, definitivt gått for eit kvalitetstelt som treng trutning framfor eit billig tapa. Fordi eg kjenner mine behov/min bruk. Og det mine behov som avgjer kva eg handlar. Og slik er det vel for alle, håper eg.
  24. Forsvarast? Eg har sjeldan behov for å forsvare mine val ved kjøp av utstyr til fritidsaktivitet. Men ok. Kjem an på kva du meinar med forsvare. Kva gjeld miljøsida finn eg det vanskeleg. I forhold til det som her er snakka om (teltfunksjonalitet) kjem det an på tiltenkt bruk. Ein kan få det meste til å funke. Kor lenge ein får det til og funke, og kor mykje vêr å juling det toler, heng often men ikkje alltid saman med pris. Ein stangknekk kan få større konsekvensar med dårleg duk til dømes.
  25. Då har vi veldig ulike oppfatningar om kva som er kritisk på tur. At det er vanskeleg/usjarmerande om alt vert gjennomvått ja, og potensielt kritisk under dei rette tilhøva. At teltet treng ei natt til trutning får eg ikkje til å bli kritisk. Det er ikkje slik at det bøttar vatn inn i teltet. Om ei teltstang ryk eller glidelåset ryk går også stort sett bra, men kan potensielt bli veldig kritisk om det vert eit himla vêr og evt. mykje hard snøfokk på vinteren. Men altså, stort sett så går det meste steike bra, både trutning, stangknekk og glidelås som ryk.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.