Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 705
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Eg har nytta mitt med dunis til - 3 og sommersyntet i - 20
  2. Det vil i alle fall bli varmt og godt eg brukar ein tynn sommarpose utanpå min dunpose som har comfort - 3
  3. Eg personleg synes det er best me d syntetisk yst då det vil skåne dunposen mtp fukt. Med ein dunpose e med comfort - 2 trur eg ikkje du treng så veldig tjukk syntetpose før du kjenner merkbar forskjell.
  4. Para rangeren sitt som eit skudd på meg. Er ein god sekk. På linje med Xenith synes eg den er litt "trang i toppen" å pakke, samanlikna til dømes med Bergans Alpinist.
  5. Heilt jæv.....pris. Kor vidt dei er mykje betre kjem an på kva du skal bruke dei til. Men, får du tak i eit brukt Keron til ein ok pris er det eit betre allround-alternativ. Wiglo er luksus/familie/kompisgjengtelt med komfort, til ok vekt og hyggeleg pris. Keron er alt det, med unntak av hyggeleg pris. I tillegg er det eit godt vinter/høgfjell og langturstelt som toler mykje vind og er enkelt å sette opp. Altså møter Keron betre mine behov enn ein Wiglo ville gjort fordi den dekker fleire bruksområder. Kor vidt det også klaffer for andre veit eg ikkje
  6. Når eg sprayar vinterpluggar held eg buntar med pluggar saman ute på tråppa og sprayar laust på øvre halvdel. Ingen forarbeid og ingen etterarbeid. Lakken held lenger enn pluggane er mi erfaring.
  7. På alpinski/telemark/topptur fordi dei ofte vert mindre retningsstabile i fart. På fjellski fordi eg ynskjer mest mogleg bæreflate, og med tung oppakning på vekslande føre vil ha ei ski som ikkje "lever" sidelengs, men som saman med vridningsstive sko er retningsstabile utan at føttene/fotblada/anklar og kne må jobbe som pokker. Som eit skrekkeksempel kan eg nemne ei gammel E109 saman med ein mjuk type Alfasko.....#vredematerialisert Eg er 166 cm og har Amundsen i 187 cm. Heilt i grenseland spennmessig om eg er utan oppakning, så går eg med lett dagstursekk må eg verkeleg tråkke i, men den funkar gull elles, og den vert jo stort sett brukt med pulk eller tung sekk. Mtp lengda køyrer eg ikkje akkurat hoppsvingar i bjørkeskogen med dei, men så er den jo heller ikkje berekna på det... Nansen i 185 cm fordi eg mtp styring ikkje merkar den store forskjellen mellom 185 og 180, men dei 5 cm ekstra gir meg meir bæreflate. Telemarkski type alpint i 171 cm, då eg har lett for å kjenne små napp i knea ved litt fart på for korte ski (er ein middels god telemarkkjører, men synes det samme på fasthelski, og der er eg hakket stødigare). Hadde ei stund fjellski i 180 og opplevde det som "for lite ski" på alle måtar. Modellen kunne nok samanliknast med Amundsen, mao ei Amundsen 14 cm lenger enn meg. Korleis eg hadde opplevd dei ovanfornemnde modellane i denne tråden veit eg jo ikkje. Dette vart eit fyldig svar, men er liksom vanskeleg å gi eit svar på "kor kort" då det avheng litt av modell og bruksområde. Fellesnemnaren er vel at eg stort sett vel lenger ski enn det som vert tilrådd.
  8. Så det var du som stakk med den Hehe, sendte melding for ein venn, og då var den nettopp solgt
  9. Eg har fobi mot korte ski, men har ikkje erfaring med modellane du vurderar så skal ikkje vere bastant på dei.
  10. Nei eg har berre spraya slik som du. Funkar fjell.
  11. Båe oppsett funkar, og eg har telt til båe. Mi erfaring er at det er greit med to telt når vekt er vesentleg. Elles er det langt hyggeligare når alle er samla i eit telt, eigentleg uansett alder på borna, men kanskje spesielt når dei er så små som dykkar. Dersom ein vel to telt som "einaste" telt, ville eg i alle fall hatt det eine med såpass takhøgde og plass at alle kunne samlast der til frukost osv. Så utfrå budsjettet ditt ville eg satsa på Wiglo. Har du god tid og is i magen, ville eg tråla bruktmarknaden etter eit brukt Hilleberg Keron 4 eller 4GT. Me har sistnemnte. Usannsynleg dyrt veil men har gitt mykje hygge og gode opplevingar. At kidsa kan få servert pannekaker "på senga" frå forteltet på morgonen, gir høg hyggefaktor.
  12. Eg synes han funkar fint over 25 kg også. Men pga sekkens fasong må ein tenke ein ekstra gong når ein pakkar han fyste gongen med tung bør. Elles synes eg han er sett opp på ein særs funksjonell måte!
  13. Eg er dels samd med deg. Denne sekken er litt sensitiv for pakkinga om vekta går over ei viss grense. Likevel synes eg bærekomforten og funksjonaliteten til sekken er så bra, at det er verdt å "eksperimentere" litt med pakkinga for å få den opptimal.
  14. + 1 p til det @Marengog @steingrd seier dersom de har lite vintererfaring. Det kan verte ei dyr/utriveleg erfaring for både store og små.
  15. Ei og ei dyne? Uansett bra storleik trommel det då
  16. Kulda som ovenfor nemnt er vel det som kan by på utfordringar. Om de tek turen ser eg fram til rapport! 👏🏻
  17. Exped Orion extreme billig https://www.finn.no/106646809
  18. Det kjem an på kor stor den er. Eg ville ikkje vaska soveposen i ei vaskemaskin med "standard" hushaldningsstorleik på trommelen.
  19. Alternativt må ein ta med kidsa Vil han ikkje bli med?
  20. Eg har i ei årrekke brukt å feire jul/nyttår til fjells dei gongane mine kids er hjå faren. Slik julefeiring som den han karen her har ved bålet, har eg hatt mål om i nokre år, men kvar gong har den vorte spolert av dei notoriske stormane/orkanane som herjar vestlandet/midtnorge i desse tider, og enda på ei eller anna hytte/bu i staden. Det er ikkje ille med julemiddag laga på vedaomnen heller, men eg vonar at eg ein eller annan gong får 10 minus og stjerneklart i staden for 20 m/s og sidelengs sludd. Då vert det lykter av rispapir i trea og pinnekjøtt i bålkjelen. Trur kanskje eg må flytte meg til ein annan del av landet for å få det til dog klimaets tilstand borgar ikkje akkurat for stabile vintrar. Elles eit supert program, har gledd meg til i kveld sidan forrige veke
  21. Etter litt googling ser eg at eg er særs utdatert! Alle modellane eg tenkte på hr anten gjennomgått store endringer eller er utgått. Jaja. Det seier vel litt om kor ofte eg kjøper dunjakker 🤣
  22. Rab har ein del fine modellar i dette segmentet. Sjølv har eg brukt neutrino pluss. Elles synes eg også Mountain Equipment har ein del fine jakker, men desse har eg ikkje prøvd. Har brukt Sir Joseph også, men prisen på dei er jo ofte noooooko stiv.
  23. Du får seie frå når du skal, og om du treng tips om tint og tant.
  24. Eg har nytta OMO sin vask for sportstøy, det funka fint det og.
  25. Sunnmørsalpane har fått godt med snø i høgda, men framleis mogleg å gå flere flott toppar. Området er konsentrert, så enkelt å bu på ein stad heile tida.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.