Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 705
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Prøv! Om du har lyst går vel slike praktiske problemstillingar fint å løyse? Dog litt verre med å ikkje like vinter 🤣 der oppe vil dei jo gjerne ha Svalbarderfaring, vinterfelt, båtfører og scooter som tilleggskompetanse, men det er jo relativt greit å ordne. Eg vonar å skrive ein master eg og, men må ha noko meir bio først, så er eg kanskje klar ved Ås om litt. Men du vil ikkje søkje fjelloppsynsjobben då?
  2. Er ein grunn til at eg har tatt Naturoppsyn/basiskurs i politisk ved NORD universitet, og held på med å få teke heile årsstudiumet i Natur-og kulturminneoppsyn 😎 etterpå vert det å spe på forvaltningsfaga mine med biologi og naturforvaltning, så den dagen dei politiske strømningane skiftar og budsjetta igjen halla i favør av slikt arbeid....så skal eg i alle fall vere konkurransedyktig 🤣 For det er maaaange om beinet gitt! Hjå sysselmannen har dei ein gjennomsnittleg søkjarmassen på 70-80 søkjer er per stilling (natur-og miljø avdelinga) og omlag 15-20 av dess er kvalifiserte i henhald til stillingsannonse... Så det er berre å ta til med å spe på formalkompetansen 🙄🙈
  3. Nett det er grunnen til at eg likar best toposesystem, og helst med syntetisk yst.
  4. Absolutt, med nok luft som føresetnad
  5. Begge deler funkar, men ein må sitte mot kvarandre. Eg vel løysing etter behovet for le og evt temperaturar for legg/føter. Har endog greid å presse tre inni her, men det var litt av eit komishow. Dog, me var tre som fekk innteke lunch i nokolunde greide format på Hardangervidda i blest.
  6. Eg har faktisk fleire sortar alt ettertype tur og gruppestorleik, men den eg brukar mest på dagstur er denne, berekna for to. Oppsett med ein stav i midten vert den eit lite minitelt https://rab.equipment/us/group-shelter-2-bothy
  7. Eg meinar at båe telt er gode, men har kanskje misforstått deg litt. Når du spør etter eit telt som toler mykje vind, reknar eg med at det er fordi du kanskje skal bevege deg i eksponerte områder, og seier då også noko om oppsett? Dersom du ikkje skal bevege deg i eksponerte områder, er jo båe deler kanskje mindre vesentleg, og andre spesifikasjonar meir vesentleg? Eg likar båe desse telta godt, med unntak av den låge takhøgda i forteltet på domen. Forresten, den siste kan eg leve med, men ikkje min sambuar med "fotballyskar" Takhøgda elles på domen er gull, ventilasjonen er bra, og det er eit stilt telt om det skulle kome eit kast eller to. Men, dersom spm ditt verkeleg er kva vind som høver i eksponert områder, kan eg seie at eg har nytta både dome og wiglo, på vinterstid. Ingen av dei er spesielt enkle, men med litt trening og rutine kom det seg med domen. Wigloen gjer meg lyn forbanna, dette på grunn av kanalane og trøbbel med treing av stenger. Dei hektar seg opp, og pga lengda opplever eg dei krøkette å få skyvd heilt til endes på eiga hand. Ting tek tid og er arbeidskrevjande, noko som vert ytterlegare forsterka dersom det er vind. Kva med å sjekke moglegheiter for å få låne ein wiglo? Då vil du jo kjapt sjå om teltet passar til deg
  8. Nett dette med at stilleståande luft er jo poenget med isolasjonen. Isolasjon hindrar/reduserar sirkulasjonen som oppstår når ein har ulik grad av oppvarming i underlaget. Så den isolasjonen som best fiksar kombinasjonen "plass til luft men held den stilleståande" vinn. Enkelt sagt. Evt må ein ha anna isolasjon på toppen som gjer at ein ikkje merkjer sirkulasjonen mot kroppen. Dette harmonerar jo vel godt med Terka si oppleving. Han og kidsa søv uroleg. Det vil ytterlegare bidra til sirkulasjon. I tillegg kjem ekspansjon eller krymping av luftvolumet ved temperaturendring.
  9. Eg har ikkje LW og eg nyttar ikkje bamse på ein slik tur, men eit tilkappa ridgerest eller ein halv z-lite saman med donwmat 5. Totalt sett vert vekta omlag lik som, eller lågare enn 9ern åleine. Men, eg har større fleksibilitet (eit ord som går att med meg ser eg ). Å reise på tur der alle "berre" har med eit oppblåsbart ser eg på som lite aktuelt. Ein ting er å ha litt back-up ved hol. Det er kanskje ikkje det viktigste, det dreiar seg som regel berre om komfort, og vil kunne løysast på andre vis (i alle fall på turar med vaksne). Ein annan ting er at ein har noko å sitte på i pauser der meir enn eine rompeballen får plass (i motsetnad til ein del små sitteplater). Eg synes også det er fint å kunne legge seg ned om det er flott ver. Men det viktigste er nok å vere rusta for førstehjelp på ein god måte, i situasjonar der dilling med utstyr ikkje skal ha pri. Det skal vere enkelt, og det skal virke. Mtp kidsa har me 4 stk tilsammen, og dei har alle kvar sin halv z-lite på sekken, som eit tillegg til 5ern. Kva ein foretrekk av to litt "tynnare" eller eit tjukt er som baken, delt. Men for oss har det funka veldig fint med litt mindre oppblåsbart i kombinasjon med skum. Det skal seiast at eg ikkje har campa lenge med kids i veldig streng kulde. Det kaldaste mine har sove ute er 20 minus, og då ei natt. Ved fleire netter har det vore mildare. Men tilbake til opprinneleg tema for tråden; eg er samd i at når underlaget heiter noko med "winter" i så vil dei fleste tenkje at det er fullverdig isolert, inkl meg. Så dersom det er det du vil ha, forstår eg godt at du synes du har fått "feil/ueigna" produkt.
  10. Wigloen er eit flott telt, romsleg og luftig. Eg har brukt det ved fleire høver. Synes likevel det er eit forbanna prakk å sette det opp. Så teltet er ikkje dårleg, ein må berre vere klar over pros and cons. Og vite at det er fint at teltet toler mykje vind om den kjem ETTER oppsett. Har du mykje vind under oppsett er det ei større utfordring, som heilt sikkert let seg løyse men som er ok å vere bevisst
  11. Ohoi, 61 cm var breidt ja! Eg ville føretrukke han 10 cm smalare 😁 å vere 191 og 110 å skulle finne kajakk veit eg ikkje er enkelt, eg har hatt med meg store kunder som eg har hatt trøbbel med å finne eigna kajakk til.
  12. Samd. Problemet med dei kanalane som ikkje er fylte er jo først og fremst at når lufta sirkulerar som resultat av forskjell i temp oppe og nede i kammeret, så må du varme opp att denne lufta med kroppen din. Med skum oppå vil du ikkje merke det på same vis, og eg vil tru den nedkjølande effekta forsvinn. Eg veit i alle fall at når eg er på sommarcamping med typisk gjesteseng frå Jysk (tjukk oppblåsbar utan fyll) så frys eg i 15 grader....nett på grunn av den sirkulasjonen. Nok å legge eit gammalt ullpledd mellom laken og madrass så er problemet eliminert.
  13. Aldeles samd. Sjeldan eg gidd drasse med meg niern om eg til dømes har sekk. Typisk vårskitur Josten osv. Kan bli nokså kaldt oppå der i Mai, men greier meg godt i 15 minus med Downmat lite 5 og eit thermarest skum.
  14. For meg handlar det om at eg på eit tidspunkt bestemte meg for å ikkje ha ørten variantar av alt. Får innimellom nokre anfall om å kjøpe ein Dragonfly, men let den gå. Har dog brukt ein slik ein del og synes dei funkar fint og. Sidan XGKen då er den mest pålitelege og mekanisk enkle eg har vore borti (eg har ikkje prøvd alt som finnast), og eg hovudsakleg skal ha den til snøsmelting, så vert det den. Eventuelle ulempar (eigentleg berre flammespreiing) får eg berre leve med eller forsøke utbetre. Å ha 3 bensinbrennerar for å dekke eit kvart behov utgår for min del XGKen brenn ALT mellom himmel og jord, i ut- og innland. Det synes eg er ein stor føremun. Den er enkel å mekke på, og då den og whisperlite er mykje brukt, er det ofte enkelt å kunne samkjøre seg på reservepumpe og rep med andre som skal på samme tur. Simmerlite kan eg ikkje seie so mykje om, men det eg har sett av whisperlite har vore at den er mindre effektiv og har lettare for å gå i sotinga. Har ofte ein slik med som brennar nr 2 når eg reiser saman med ei vennine som har ein slik og ein dragonfly.
  15. Har eit Keron 4 GT. Det faktum at eg er på grensa til forelska i det teltet er skikkeleg pinsamt.
  16. Scorpioen er jo reine morroklompen i forhold til stormen vel, i alle fall om eg kan jamføre med squall og scorpio lv. Eh, foreslår at du tek det over i tråden "Hva har du kjøpt i dag?"
  17. Eg sett som oftast pris på lyden, synes det gjer det enkelt å fylje med på stoda når eg driv med andre syslar Dersom ein evt ring skulle ha både flammespreiing og lyddemping skal eg kunne leve greit med det, men det er ikkje av interesse å kjøpe ein som berre tek lyd men ikkje spreier flammen, då det i hovudsak ikkje er lyddempinga eg er ute etter men betre tilhøver for å steike meg ein yummi omelett eller pannekaker greit å sleppe planlegge kokkeleringa med lite trykk på tanken som føresetnad.
  18. Denne vart eg i tvil om høver min XGK, og nokså korrekt er det ein som skriv i kommentarfeltet at den ikkje høver. Eg er ute etter ein til min. Fann ein som vil passe, men den tok hovudsakleg lyd (ein lyd eg sett pris på) utan å gi flammespreiing (som er det eg er ute etter). Tips?
  19. Har brukt den låge varianten av desse, også på toppturar med lett oppakning. Likar dei fordi dei er relativt vridningsstive til å vere ein "joggesko". Eg kjøper dei dog ikkje på ny etter å ha slitt dei ut, fordi passforma i forfot ikkje er optimal for min gakkgakk fot, men elles er den topp. https://www.intersport.no/produkt/147614/salomon-xa-pro-mid-gtx-tursko-dame?gclid=CjwKCAiA0IXQBRA2EiwAMODil19AWgSfQB6mGJf3pvLxVNLVRIl1AtUdegErlj663CC5cNKuvaWmAxoC6gcQAvD_BwE#001110?cid=_adwordspla_cpc
  20. Hei Eg har ei klattermusen Freke som eg er veldig glad i passforma på. Eg er dog glad i å ha det romsleg i skallklea mine, i tillegg til at eg har litt korte bein. Klattermusen trur eg på generel basis opererar med lenger bein enn vanleg relativt til vidde, og då kjem eg litt skeivt ut. Eg har kome i tankar om å legge den opp. Først tenkte eg på det som tilnærma umogleg, så det er så mykje "dilldall" nede på beina på den, samt langsgåaende glielås heile vegen. Dog har eg etter eit lite besøk inne på extremtextil sine sider komt fram til at det må vere råd å få til. Eg har ikkje har behov for å rekonstruere alle detaljar nedst på beinet, men lurer på kva som vil vere greiast å få til, av å legge opp nedst på beinet eller korte den inn over kneet i staden og behalde ankelområdet as is. Nokon tankar frå dykk som er meir røynde med å konstruere eiga bekledning? Eg må uansett til å sette i nytt kortare glidelås i sida, men er ute etter enklaste løysing på beinlengd
  21. Jau det er klart at du då får brukt hendene mindre, men det heie kjem an på kva terreng du ferdast i, helling og last. I veldig mange situasjonar på langtur med pulk er du jo langt frå noko som kan minne om effektiv diagonalgang med topplua på snei Det er andre kriterier som ligg til grunn for "god stil", mellom anna slitasje, varmekonservering/opparbeiding og rett og slett balanse/framdrift (til dømes i bre/sprekkområder).
  22. Enig i alt. Legg til at variert stavbruk er greia for å unngå belastningsskader.
  23. Eg personleg synes at det å tre stengene og få opp wigloen er ei heil utfordring, spesielt om ein må bruke vottar. Når ein står der og makkar er den også eit stort vindfang.
  24. Me har nokre slike i hus i ulike storleikar og vattering, og det er nok nokre av dei produkta som har fått best og mest variert anvendelse. Guten min var ikkje gamle karen når svaret på kva han ønska seg til jul var eit kontant "eigen jervenduk så eg slepp dele han med nokon". At den har eei nytte som tryggleik i fjellet og komfort i teltet er ein ting. Men me har støtt lagt mykje under open himmel eller tarp, då er denne gull. Hunteren (den avlange) er jo stor nok til å få heile expeden og sovemorakkelet inni. Andletet til kidsa lyg i alle fall ikkje når dei ligg i posane, innetulla i duken ved bålet. Komfort utan å bekymre seg om det kjem litt lett snø/slaps. King size duken har vore stor nok til å bre som ei ekstra dyne over alle kidsa når dei ligg ved sida av kvarandre, og stappe endane inn under dei sto som ligg yst. Praktisk.
  25. Gå utan stroppene? Eller med "polgrep"? (slik som kidsa vil gjere det, med handa rett gjennom løkka). Ved sterk kulde vil ein gjerne ha minst mogleg som hemmar blodsirkulasjon rundt handa, og ein vil gjerne ha lågast mogleg grep, i alle fall rett etter pauser, på morgonen osv når ein gjerne er litt kald, men nokre dager heile vegen. Ein vil ikkje ha armane i eller over hjartehøgde når ein er kald på fingrane.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.