-
Innlegg
3 705 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Då trur eg at eg vil tilrå å prøve meg på ein Targhee, Alpinisto eller evt Bergans Rondane lady. Den har også ok hoftebelte (i alle fall i 46 l, den ned på 30 talet er eg usikker på). Skal elles seie at eg ikkje har hatt nokon dagstur/skisekk som sitt så stødig på meg som Targhee. Det er heller ikkje dumt at den har Gregory sitt system for fiksering av reimer, så ved næring av ski slepp ein ski som etter kort tid lever sitt eget, ustødige liv på sekken. Ein feature eg synes mange sekkar mangle.
- 65 svar
-
- 1
-
-
Og så kjem det jo an på terreng. Vert han veldig baktung vert han fort meir vinglete i nedoverbakke på hardt føre. Går heilt fint, men om du då har taudrag er det greit å ha "teknikken" inne med "hunden på plass". Med andre ord er han som en sekk. Bør pakkast etter kva oppførsel/egenskaper ein ynskjer.
-
Det er berre ein måte å finne det ut på!
-
Er det eg og tenkjer, og meiner med at det moglegens kan funke i moderat terreng, og vil få meir juling. I skikkeleg "høggmark" trur eg vinkelen kan bli for slak til å løfte godt? Me taudrag vil ein jo då få effekten av bremsetau nærast?
-
Kan hende er der det, eg fann ikkje noko bilete der toppstrammer viste, og gjekk ut frå at der ikkje var, då ein del lette sjeklar plar droppe det. Men kan hende tek eg kraftig feil, eller dvs, truleg tek eg feil, i og med at der er på herremodellen 😄 Elles samd med deg Prebb, i mange tilfeller må ein på slike sekkar akseptere at hoftebeltet handlar meir om å halde sekken til kroppen enn å bære vekt i hofta.
-
Hm. Kjenner ikkje til problemet, men min alpinsekk/skisenk har kraftigere hoftebelte enn detta. Eg har ein Gregory Targhee. Trur også Alpinisto har kraftig belte. Ser at tempest ikkje har toppstrammer på skulderreim, noko eg personleg synes må vere der for å få justert skikkeleg. Men går ut frå at du på dei andre sekkane har prøvd å forlenge skulderrem slik at denne ikkje er med på å trekke opp, for så å stramme toppstrammer?
- 65 svar
-
- 1
-
-
Er det eg og tenkjer. Mtp festepunkt er jo det ein relevant tanke synes eg, spesielt i moderat terreng. Føresett imidlertid då to festepunkt, og så vil dei få litt meir juling enn når festa oppe? Per dato har eg hanefot både på pulk og sele, og eit trekk, ikkje to, fordi eg likar vandringa det gir, mem det er definitivt verd eit forsøk å endre!
-
Samme med meg og mine brett, har dradd dei gjennom morenar, fergedekk, slamelvar og leire. Men om eg hadde hatt glassfiber kan hende eg hadde vore piiiiiiittelitt meir forsiktig
- 26 svar
-
- 1
-
-
Omtrent som med ein ny glassfiberkajakk?
-
Har gjort kål på nokre parisbrett, og berre fordi eg er nysgjerrig vurderar eg å prøve meg på ein slik. Såg på desse når eg var på langtur forrige haust (traff ei gruppe som nytta slike) og dei ser ut som dei har ei skrogform som kan klyve snø og terreng betre enn mange andre alternativ. Tyngre enn parisbrett, men framleis ikkje svintunge, og med ein skapeleg pris? Her til lands er det Yourway adventures som sel dei. Any thoughts? https://www.aiguillealpine.co.uk/product/snowsled-polar/expedition-pulk-system/expedition-pulk/
-
Det er flott. Eg ahr sykla Rallarvegen med kidsa, det synes dei var artig Flåmsbanen er spesiel (og rimelig trafikkert i turistsesongen). Løner seg å ha kjøpt bilettar på førehand på denne så ein slepp køa blandt "kinaskjermane". Men ei fin oppleving Aurlandsdalen vurderar me å ta med kidsa å gå til sommaren, om den ferien strekkjer til
- 6 svar
-
- 1
-
-
Samd i dette turforslaget. Hakket meir effektivt å ta flyet til volda/ørsta lufthavn, men Widerøe utgjekk var det slik ?
-
Kan det vere aktuelt å gå Aurlandsdalen frå Finse? Transport tilbake til Flåm, og ta Flåmsbanen opp til Bergensbana att? Alternativt sykle Rallarvegen?
- 6 svar
-
- 2
-
-
Alternativet er toposesystem. Fleksibelt, og middels "lommebokvennleg." Altså ein god tresesongs dunpose innerst, som går nedpå minussida, og ein lett sommarsyntet utanpå. For meg held det til 20 minus, med per dato WP viking 600. Tidlegare ME Titan 650. Helsport Lom utanpå. Det vert 2,3 kg, så ikkje spesielt lett, men mindre volum med begge to enn ein stor syntet, og lettare å pakke i to kolli. Andre fordelar; synteten avtek for fukt utanfrå, og flyttar kondenspunkt innanfrå. Ytterposen er tynn og tørkar lett. Kan nyttast heile året som fleksibelt system , har i seg bra temperaturspenn på turar med vekslande ver og temperatur. Dyrt å kjøpe to posar, men du har kanskje ein grei sommarpose i syntet frå før? Eg personleg er glad i toposessystem, men må vere ein pose som er nedpå minussida, saman med ein heilt ok sommarpose.
-
Eg har vore litt plaga med kramper i legg, spesielt ved tung pulk eller sekk i motbakker. Dei vert også fort ømme og stive. 3 mnd før eg drog på lengre tur i fjor haust starta eg å ta mellom anna magnesium, og hadde det med på tur også. Eg hadde ingen dagar med kramper, hverken på tur eller under harde treningsturar i forkant, og leggane var overraskande fine. Eg innbiller meg at magnesiumen hjelp. I tillegg verkar magnesium stabiliserende på blodsukkeret, og kan til dels vere betennelsesdempande. Så her i huset har magnesium blitt fast innslag saman med trana
- 59 svar
-
- 1
-
-
Eg har hatt 3 Silva expedition som har ramla frå kvarandre mellom hendene på meg, forholdsvis nye. Fekk nytt kvar gong, men enda til slutt om med SUUNTO som eg opplever som robust og pålitelig. Den gong Silvaet ramla frå kvarandre for 3 gong "gramma eg mi nød" på Facebook, og det kom ein del like brukarerfaringar frå venner og bekjente. Butikk eg snakka med hadde fleire klager på denne modellen. Toppen var nådd for meg når eg satt i Femundsmarka med ei venninne som skulle orientere åleine for første gong, eg hadde sjuk sambo og vi skulle då snu og ho halde fram. Lett usikker hørte eg frå naboteltet; "eh, eg er usikker på om eg bør ferdast åleine". Det synte seg at hennar Silva expedition var heilt ute å kjøre på retning. Sjekka seff dei vanlege tinga, mtp om noko kunne påverke, men nei. SUUNTOet mitt viste rett, så ho tok med det. Silvaet viste feil også etter turen og vel heime. Erklærte meg då for ferdig med Silva (i alle fall på speilkompass) 🙈 Må legge til at desse episodene gjekk føre seg over eit par år, så usikker på om det handlar om et eller fleire partifeil, eller generellt dårleg produkt.
-
Kva som er god og dårleg moral kan vel variere med kven ein spør. At folk forklarar grunnlaget for at dei har gjort slik og sånn valg er ikkje det samme som å komme med unnskyldningar, slik eg ser det. Det er forøvrig ikkje forklaringsplikt for personlege val her inne. Tenkjer dette er greide føresetnader å ta med seg inn i ein kvar diskusjon/tråd.
-
Skjønar godt. Her søkjer du hjelp og så gjer me deg berre ytterligere forvirra 🙈 Kan det hjelpe om eg sender min Jan Mayen til deg, så kan du prøve den i både sekk og til ei overnatting?
- 5 svar
-
- 1
-
-
Då skal du jo ha alle føresetnader for å finne ut av det 😄👍🏻 Og samd i det med Laurdag heile veka. Eg har laga meg ymse sukkerfrie variantar som likevel er høgenergi, til dømes daddelbarar, for samme grunn. Kan ikkje lange innpå med "ekspedisjonsmat" så snart eg skal på tur. Men då er er kanskje desse elektrolyttpakkane frå apoteket noko å prøve ut?
- 59 svar
-
- 1
-
-
Veskebalanse er viktig for sirkulasjon. Sirkulasjon er viktig for yteevne og restitusjon. At ein skal greie å stappe i seg alt ein treng på krevjande turar (over litt tid) via mat utan å tenke "energitettleik" og innhold, og kanskje noko tilskot...vel. Då får ein "gløyme" framdrift (pga tid) . Og då går jo behovet proposjonalt ned. Greia er at å ete nok og rett nok mat på tur med krevjande dagar, er vanskeleg både med omsyn til tid og type mat. Kaloriar SKAL ein ha. Uvel og kvalm kan skuldast salter/mineralar. Men det kan også skuldast at du tømmer (delvis kanskje) glukoagera dine, noko som vil gi samme kjensle. Å ikkje ete "snacks" langsmed på tur for fleire dagar som er krevjande, er ikkje å tilrå. Nøtter til dømes gir verdifulle tilskot av feittsyrer og proteinar. Eg driv ikkje og propper meg med alskens rart og Kaloriar på tur bak på "heia" men ute over fleire dagar med forflytning kvar dag er det greit å lytte til kroppen. Vert du uvel er det kroppen din som prøver kommunisere noko til deg Kjensla av å vere "bakfull" er også noko som seier noko om behov som ikkje vert stetta, ofte veske og gluko. Edit: alt er sjølvsagt relativt, og må sjåast i samanheng med type tur og fysisk utskeielse, men når ein har opplevingar som gjer at ein stussar i om ein "manglar" noko, eller vert uvel, har ein knaske kryssa grensa for kva som funkar på "vanleg kosthald"? For meg er det i alle fall forskjell på å sitte på kontoret og på å trekke pulk i mange timar.
- 59 svar
-
- 3
-
-
Elektrolyttpakkar frå apoteket. Ikkje dyrt, smakar bra, og gir deg litt meir enn "vanleg" sportsdrikk. Eg hadde med meg slike for første gang i haust på langtur, for å ha på dei ekstra krevjande dagane, og synes det hjalp til å halde kroppen i balanse.
- 59 svar
-
- 2
-
-
18 timers kortreist eventyr, "rett bak huset" saman med @LeneG. Skautur med bål, pelsane trakk nordisk med pulk for første gang. Flinke. Liten topptur etter camp var pakka. Nydelig.
- 4 598 svar
-
- 16
-
-
-
Og til "dagleg" har eg ingenting faktisk 😄 PLB en ligg stort sett fint i en skuff, men skal eg avgårde åleine over fleire dagar, eller med ansvar, då tek eg han med. Me er ulike alle med korleis me likar det og godt er det 😄
- 68 svar
-
- 2
-
-
Eg er ikkje så teknisk, men veit kva som vert kravd av sysselmannen (som for all del kan ha utdatert beslutningsgrunnlag) og kva eg har erfart. Eg har ein PLB (det er det eg kallar nødpeilesender, ingenting anna). Eg har nytta InReach, satelitt tlf og radio. Ingen av produkta er dårlige etter mitt begrep, men samtlege har i seg føremunar og ulemper. Kva ein foretrekk, eller kva slags kombinasjon ein evt vil gå for, avheng vel litt av kvar i verda ein skal bruke det, kva regelverk som gjeld og kva som er sannsynlege scenario, tenkjer eg. Som supplement til min PLB ville eg hatt satt tlf, men kva eg hadde velt om eg skulle på tur der eg vurderte det dit at eg burde ha berre ein duppeditt, og ikkje hadde PLB frå før, veit eg ikkje. Men eg har altså opplevd at InReach svikta, med delay på meldinger, noko som gjaldt fleire på det tidspunkt og ikkje berre oss. Må legge til: batteritida på InReachen er heilt vanvittig bra, også i sterk kulde.
- 68 svar
-
- 3
-