Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 705
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Nydelege bileter!
  2. .....og til tross for at eg ikkje har min hovudaktivitet i nokon av desse områda, har eg vitja nokre av dei, og kan seie at eg nyttar pulk i tilsvarande områder. Eg seier ikkje at pulk alltid er best. Det er det ingen her som gjer. Det er vel heller så vidt eg ser ingen som meinar at ts skal "selge sekken" og kjøpe pulk. Men at pulk kan vere eit fint supplement. Kva folk meinar er eigna pulkterreng skil seg, som ein kan lese her. Innkjøp av utstyr bør gjerast i henhald til det den som skal kjøpe utstyret tenkjer. Det er mi erfaring at dei fleste langt på veg prøvar sette seg inn i behovet til den som spør, framfor å borge for eigne val, om det er det du meinar folk gjer. Men greia er at det finnast fleire enn eit svar. No skal eg avslutte mitt engasjement i dette, då nyttårsforsettet mitt eigentleg er å slutte med mine uendelege avsporingar.
  3. Ein haug med kart! Den definitivt kjekkaste pakken å få i posten. Eit par Kayland Comet frå finn.no som rauk rett på marknaden igjen då selgar hadde opplyst feil storleik. Note to self; be alltid om bilete av lappen med storleik på.
  4. Fordel med fleece er at det tørkar lettare. Luktar fortare. Veg mindre. Er ein større miljøsyndar. Transporterar fukt betre. Ullfilt bind fukta meir. Varmar uansett. Veg meir. Er meir miljøvennleg (truleg). Tørkar seinare. Luktar mindre. Sjølv har eg strikka posar til mine born. Av eit type syntetgarn (miljøsynder vil eg tru) . Luftig og voluminøs strikk på tjukkepinnar, som gir masse varm og stilleståande luft, er lett og tørkar fort. Får ein slags helseteppeeffekt.
  5. Usikker på om eg skal svare på denne, for eg ser ikkje heilt kva du er ute etter med spm dine. Men ok. Eg skriv ikkje dialekt, men nynorsk. Eg bur på nordvestlandet, nærare bestemt Sunnmøre. Eg har heller ikkje komt med ei uforbeholden tilråding til nokon, eg har sagt noko om kva eg føretrekk mtp sekk/pulk. Parispulk og taudrag har eg ikkje sagt noko om i denne tråden?
  6. Eg ferdast mest på Vestlandet, og mi oppleving er at det skal være jævlig kupert før eg synes sekk er betre enn pulk, og sjeldan/aldri heile vegen.
  7. På tur med sekk går eg for 0,2-0,25 per dag alt etter som
  8. Må presisere at 6-7 dl for meg ville inkl bensin til snøsmelting, og ville vore rikeleg. Skal eg på pulverturar og gje meg sjølv slakk til fyring, til dømes ved vedvarende vekslande ver og litt behov for ein de-icing og tørk av ting ein kveld, så reknar eg 0,3—0,35 per dag, då opparbeider eg meg eit lite overskot dei dagane eg ikkje fyrer.
  9. Normalt på tur med mykje pulver at så reknar ein 0,20 - 0,25 per pers berre til snøsmelting til drikke og vatn til mat, kjem litt an på høgde og brennar. Så kjem kosefyring og evt "avansert" matlaging i tillegg. Skulle eg kokkelera og kosefyrt litt kvar dag (noko eg sjeldan gjer) ville eg rekna omlag 0,6-0,7 per pers i eit tomannstelt, ish, inkl desilietarane til snøsmelting.
  10. Eg har nytta både maskin og badekar til Jakke, men det er akkurat den "breaking up wetballs" som gjer at eg enda på rens i staden. Det er ein helvettes jobb. Holdt på i fleire dager med Sir Joseph jakka til tidlegare sambo.
  11. Scooterkarta var ikkje dumme, skal ha dei i mente. Kartoversikt har eg kika etter, takk!
  12. Takk Kjell Iver! Då vart det to slike i 1:250 000, og eit i veikart 1:700 000 med namn Nordkalotten. Då er det eigentleg planleggingskart for strekninga i Finland eg manglar.
  13. Ynskjer å kjøpe planleggingskart i stor målestokk eller kart i 1:100 000 eller 1:200 000 for områda langs aksen Rovaniemi - Tromsø, truleg via området Reisadalen inn i Norge, men mogleg også lenger sør i området Bardu, om nokon har slikt slengande og ikkje lenger treng det. Er i hovudsak/første omgang for å kunne trekke opp ei grovrute og finne ut av kartbehov.
  14. Skikompis! Lettfattelig og godt oppbygd bok, i motsetnad til ein del andre bøker om temaet.
  15. Super film, særs flotte bileter. Saknar også litt "uredigerte øyeblikk" og kanskje hakket lenger bileter/sekvensar før du i skiftar, slik at ein rekk ta innover seg det ein ser.
  16. Yeti får du særs billig på ebay UK. Me snakkar nokre hundrelappar. Siste eg handla enda på rett i underkant av 500 kr totalt.
  17. Ok, då skal eg slå på tråden og evt ta ein tur ut
  18. Kvar fann du den jakka til den hyggelige prisen? Link? 😁
  19. Ja dunjakke har eg vaska. Blei bra. Sovepose har eg ikkje turt, og ser at eg truleg har litt for lita maskin
  20. Har du fått til å vaske og tørke oppatt dunsovepose heime? Kor stor trommel har du evt? Eg har ikkje turt prøve, har no sett for eit mosk det er berre med ei enkel dunjakke, så leverar mine til rens, om dei absolutt treng noko rengjering. Ikkje er det spesielt dyrt heller. Men om eg kna gjere det heime er jo det supert!
  21. Med omsyn til fiske på vestvidda veit eg lite, men om eg sjølv skulle vitja den delen av vidda til fots ville eg vurdert å gå opp frå Simadal og så arbeidd meg sørover. Utsikta og naturen på vestsida av Jøkulen er fantastisk. Eg har gått ned der ein gong eg kom frå Finse på ski i juni. Fotføre frå Skåkje og ned i dalen. Dog 1000 brutale høgdemeter i starten.
  22. Vegrar meg mot å gjere vurderingar av alpine ruter på andre sine vegner, mem tenkjer det kan vere smart å få tak i eit eksemplar av breføreren.
  23. På Fischer sin skivelger kjem du ut med e99 i 205 eller 210 med 180 høgde og 85 kg. 210 vil eg tru er for dei spesielt interesserte, så eg ville gått for 205 eller 200 som du har frå før. Eg ville ikkje gått under 200 cm. Eg har forøvrig også Nansen, dei har eg i 185 altså 19 cm lenger enn meg. Dei er så lettmanøvrerte at eg ikkje ser noko poeng med å takke nei til litt ekstra bæreflate i form av lengde. Amundsen har eg i 187, altså 21 cm lenger enn meg.
  24. Kvar i denne tråden finn du den påstanden? Elles tenkjer eg som eg gjorde innleiingsvis; spennet er ikkje som på ei langrennski. Eg har ikkje teke arktesten på mine Amundsen, men butikken gjorde ei spennmåling på 4 par, i maskin og fann forskjelar. Heilt sikkert ikkje så store, men dog. For den som har behov for/interesse av å "fintune" er vel det greit vel?
  25. Eg og jamntung venninne kjøpte ski til ein tur me skulle på. Ville ha litt lengde, og ba butikken finne dei to para i den lengda som hadde minst spenn. Dei tok 4 par og målte, og me fekk dei to i nedre spennsjiktet av desse 4 para. Det var Amundsen. Trur ikkje forskjella er så stor som på langrennski, men kanskje greit å vite om ein vipper mellom to storleikar, at ein kan nytte slike målingar?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.