Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    57

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Her er du inne på fleire vesentlege poeng @Gal Krokfot. Takk. Reinsjakta er ikkje berre "rekreasjon og moro". Jakta er også ein del av forvaltninga. I tillegg står jakta for store mengder verdifulle data, både på skrantesjuke og anna. Hadde vore interessant å vite kor mange årsverk ein snakkar om i innhenting av data (relativt omfattande prøvetaking og regime etter fall, med innsending av reingjort underkjeve, lymfe- og hjerneprøve osv., i tillegg til andre fall- og slaktedata). Eg har sitti i fjellet og sett effekten både av fotturistar og grupper med syklistar på rein. Sjølv om datagrunnlaget mitt er tynt, har det for meg sett ut som at syklistar støkker meir "brutalt" (reinen reiser lenger). Kanskje fordi ein har høgare fart og ofte kan komme eit hakk meir uforvarande på? Dette er meir synsing enn fakta altså 😅 At jerven skal fikse skrantesjuke har eg også problem med å forstå. Nøyaktig korleis skal det gå til? Nedskyting av stammen var eit forsøk på å stogge sjuka, og det var eit ærleg forsøk. Kunnskapen ein satt med og erfaringane frå USA tilsa at det var lurt å prøve og ta grep tidleg. Det er også viktig å hugse at dette ikkje berre handlar om reinen, men kan smitte til andre hjortedyr også. Derfor har ein til dømes sett i verk tiltak kring jakt på hjortedyr i omlandet til Hardangervidda. ....at "ein urett ikkje legitimerar ein annan" er for meg trådens beste oppsummering!
  2. Ja. Om skruhola ikkje stemmer pluggar ein hol og borar nye. Går heilt fint.
  3. Har hatt Åsnes expedition med teleskop i mange år, ein favoritt til fjellskitur. No treng eg eit par nye, og det blir med fastlengde. På fjellski treng eg mindre variasjon i lengde enn på topptur, stort sett berre for å endre litt belastning eller få lågare grep (meir varme i fingrane). Då held det stort sett med langt skumgrep. Dei i karbon/kevlar er stive og bra, og etter å ha brukt det i nokre år blir det ikkje tilbake til alu på fjellskistav. Den kontante responsen (stive) i kombinasjon med den låge vekta synes eg gir god pendel og stavbruk.
  4. Denne har eg altså ikkje sett før no. Kan no svare for trådens skuld. Ja det er stor forskjell, både med og utan kablar (kan tas av og på). Hugsar ikkje om det var magnum eller vanleg, har gått med nokre bc-bindingar her i hus. Merkar dog heilt ærleg lite forskjell mellom desse vanleg og magnu. Kva bc-støvlar ein har er meir avgjerande. Gåkomforten var super, spesielt i Andrew St.Moritz. Dog blir 75 mm no bytta ut med xplore. Rett og slett fordi eg har problemstillingar i føter som gjer at eg ikkje lenger toler 75 så godt.
  5. Mountain works har mykje bra som ser ok ut og som ein ofte finn pent brukt eller på tilbud.
  6. Då kan kanskje Harkila sine varmehanskar vere eit alternativ? Dei er noko tynnare, utan at eg har testa førlegheit.
  7. Hei Eg har god erfaring med Heat experience sine hanskar, og tenker å prøve vottane au. Dei har "vanlege" hanskar og vottar men også modellar der du kan stikke ut fingrane for finjustering av fotoutstyr, for så å smette dei raskt inn i varmen att. Eg har ganske varianten av desse til jakt, der kan eg få ut pekefinger. På vottane kan du få ut alle fingrane. Eg har diverre ikkje erfaring med andre merke.
  8. Ok. Eg er med jamne mellomrom på Ås, om du ikkje er veldig langt unna der og vil prøve. Send i tilfelle PM
  9. Dei kjem i ulike storleikar til småsko/støvlar/store støvlar. Som sagt usikker på funksjon førebels, og valde prøve då prisen ikkje er avskrekkande. Kan komme med ei attendemelding når eg har fått testa meir
  10. I utgangspunktet ikkje noko eg vil bære med meg på fottur. På vanleg fottur går ein uansett som regel (med mindre det er skrekkelege tilhøve og/eller berre myrlendt) støvlane tørre. Men for hytteliv over lengre tid (om ein skal vere nokre veker og drive variert aktivitet der ein ikkje nødvendigvis får gått støvlane tørre) og i pulk tenker eg det ja. Med atterhald om at eg ikkje har fått testa noko særleg enno.
  11. Dei er nok meir tverrstive enn bre trur eg, og stivare i skaftet. Gode å gå med, dei beste 75 mm eg har gått med. Dei er nok berekna for å gi støtte for litt oppakning. Saman med voile 3-pin med kabel er dei ein fjellskidraum nedover. Perfekte til typiske litt tunge vårskiturar og til skiturar i slik type terreng som du har (om du er stril "innaskjærs").
  12. Då får vi håpe dei funkar
  13. Er Skare expedition eg har ja. Lettare å tørke skallsko og kartank kvar for seg. Har også kjøpt slike støveltørkerar for å teste i år (for å tørke toppturstøvlar når bur i telt og fjellstøvlar når bur på hytte utan straum over tid. Var nemleg våt på beina frå juni til oktober i år 🙉). Kan førebels ikkje seie så mykje om korleis dei virkar, men støveltørk utan straum/batteri var eit for fristande konsept til å la vere å prøve.
  14. Har du vurdert nokre av Lundhags sine med kartankar? Eg kjøpte nokre slike i forbindelse då eg skulle gjere noko feltarbeid som innebar snøskuter og ein del roleg aktivitet. Held meg god og varm på beina. Elles kan kanskje varmesålar vere eit alternativ? Heat experience sine får vel gode skussmål. Eg har sjølv vurdert dei for dei kalde dagane i plaststøvlar i alpinanlegg.
  15. Ja du får betre feste med desse skia med kortfell (det dei kallar intelligrip transition), og ikkje minst moglegheita til å dra av kortfellen på dei dagane det er lett å smørje eller du har ei lang strekke med unnarenn (på langrennskia er det meininga dei skal sitte på heile tida). Det er vanleg å kappe kortfellar slik at ein får maks gli utan å ofre feste, men det må ein ikkje gjere om ein berre vil sikre seg spikarfeste. Om eg ville sett langrennsbinding på ei ski med 50 mm midje og grei innsving er eg usikker på. Eg ser for meg at det blir litt pinglete. Eg ville kanskje sett på eit par BC-bindingar og sett meg om etter eit par rimelege og greie BC-støvlar, evt kjøp på finn, der sleng det mykje bra som knapt er brukt.
  16. Ja er dei ikkje lekre i raudt? 😍 Ja eg brukar vanlegvis 39 i fjellskistøvlar og fjellstøvlar (kjem litt an på merke dog). Måla på innersole er 25,5 og 8,8 cm på det breiaste.
  17. Hehe, meget innafor! Elles samd med deg. Det er langt mellom dei gode støvlane, og det er med irritasjon eg konstaterer at 75 mm er "lost case" for meg. #punintended
  18. Synes forslaget om ei smal fjellski er godt. Då kan du velje om du vil ha på eller av kortfell (digg å rive dei av på lengre strekk med unnabakke). Då får også ei litt anna type ski i staden for to "av samme"? På ei slik ski kan du jo velje å behalde full lengde på kortfellen (ikkje kappe den) for betre feste. https://madshus.com/en-no/p/panorama-t50-intelligrip-transition-skis-2024 På ski med integrert fell har dei jo berre ei viss lengde gitt spesifikk lengde og stivheit? Evt ring Madshus å spørje kva av dei to modellane dei tilrår?
  19. Ikkje noko problem med dampsperre i Svalbard ein solid plastpose mellom tynn innersokk og yttersokk gjer susen.
  20. Åsnes mountain race jr. Og ja, du finn BC-støvlar, men eit like godt alternativ i den alderen er skinnsko til vanlege nnn bindingar.
  21. Eg har gode erfaringar med Silvretta. Det er ein mixfell med uforskamma høg slitestyrke og bra gli til å vere ein mix. Den kjem i 40 breidde. Det funkar fint. Kan sjølvsagt smalnast inn med tapetkniv om ein vil, men tippar på det ikkje er behov for det.
  22. https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=284167221
  23. Hei Tidlegare hadde Fischer nokre gode turski til jr utan stålkant, finn dei ikkje no. Eit alternativ kan vere å kjøpe treski, til dømes frå Rønning. Evt Madshus Voss, som ikkje har stålkant framme men på 3/4 av skia. Det same har Åsnes Vikafjell vert solgt her: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=250683915 Elles sleng det mykje bra på finn, eg har handla der ein del til jr når eg hadde "sære" ønsker (les; alt var betre før, inkl skiutstyr 😂). I høve at eldre ski manglar kortfellesystem kan ein fint kjøpe ein smal langfell i mohair og kappe den ved hælen. Då får ein god gli og greit feste. Her er kanskje noko? https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=321957282 https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=326440059 Vi har hatt samme som dessa fischerskia om eg ikkje tek heilt feil. Veldig ok ski til slik bruk som du snakkar om.
  24. Rygglengde på 46 høres langt ut om du er 165. Sikker på du har målt rett? Få hjelp kanskje?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.