-
Innlegg
3 672 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
69
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Arcteryxen har fantastisk passform. Og er slitesterk. Er du våken kan du få den litt nedprisa, og slik til ein spiseleg pris. Verre er det med Klattermusen. Sjeldnare råd å få tak i på salg. Eg kjøpte sjølv Klattermusenbuksa mi på Svalbard, så slapp eg hvertfall momsen...
- 16 svar
-
- 1
-
-
Får fnatt av innerteltdører meg myggnetting berre øverst, så eg måtta i tilfelle klart modda døra. Full myggnetting er eit krav for meg.
- 70 svar
-
- 1
-
-
Nallo 2 fungerar suverent for meg, dog er eg ikkje lenger enn 167 cm. Unna er dog også eit interessant alternativ, spesielt når eg ser at der er heile stangkanalar, og ingen ting som skal klipsast på. (DET gidd eg berre ikkje dille med, har stått ein gong med influense i sterk kuling på Gaularfjell vinterstid og klipsa teltduken på stengene på eit Allak, med digre vindvottar. Det var ein tanke som stod i hovudet på meg då: Dette er første, og f....meg siste gong). At det ikkje er fortelt på Unna hadde eg ikkje stussa på, eg føretrekk Nallo nettopp fordi at det er enkelt å slå til sides det vesle som er der av fortelt, og få naturen "rett inn". Det er ei vanesak å greie seg utan fortelt (mogleg det er slik for meg fordi eg ikkje er så stor i meg sjølv, og kan kasta pakkposane eg treng i teltet inn i teltet og bruke til å bygge opp under hovud eller kne, eller berre oppbevare i fotenden). Spørsmål: Eg er i ein prosess med å prøve få tak i eit nytt Nallo. Med tanke på Unna, trur eg det kan være eit alternativ for meg også, då blir den endelege avgjerde rett og slett "whatever comes around first at a good price". Greia er at eg er ute etter eit 4-sesongstelt som veg lite, som kabn brukast til to på alpine turar, men er lett nok for meg åleine på andre turar. Når ein ligg to i eit Unna (to normalstørrelse i breidda, litt små på lengd), korleis ligg det an med duken på langsida? Kan sjølvsagt mååle opp breidda på stovegolvet og finne senter for tak og slik få ein idè, men er for lat, og spør i staden
-
Kjem sjølvsagt an på skredsituasjonen. Me har nett hatt ei påske her på Sunnmøre der snøen liknar meir på januarsnø enn stabil vårsnø. Med har framleis lag i snøen, og vindtransportert snø, pluss eit lag nedesnødd/nedefokka rim som er vanskeleg å lokalisere. Så alt kjem an på kva tid de skal rundt og om snøen har byrja stabilisete seg til då, slik at det i hovudsak er soloppvarming de har å bekymre dykk for. Varsom.no har mykje god info om dei generelle snøtilhøva her no, les dykk opp på det, studer kart, og vel rutfrå det når turen er nært foreståande. Tankane de har om ruter verkar grei, om tilhøva er stabile. Er dei ustabile, kan det hende de må legge omvegane om mindre alpint terreng.
-
Eg har eit Hilleberg Keron 4GT som familietelt. Herleg spacious. Me brukar det faktisk til fire born og to vaksne, då me vaksne glatt får plass i forteltet, evt ein voksen og fire barn i innertelt og ein voksen i fortelt. Mine born er eigentleg mest glade i å ligge ute under open himmel, men dette teltet er godkjent. Det er det einaste av telta våre dotter mi ikkje klagar på at vert "klamt". Eg likar også høvet til å bruke doble stenger, og 360 graders dør med myggnetting. Får heilt fnatt av "små luker" med myggnetting øverst på døra ala Helsport. Helsport sine telt med stormklaffar er heller kanskje ikkje så gunsig sommarstid mtp temperatur og inneklima? Ei vennine av meg har Svea 3 camp, og teltet verkar knallbra, men som heilårstelt veit eg ikkje, ei heller som stort nok telt til 4 + bikkje. Keron verkar større pga like store bogar. Brukar det sjølvsagt til turar utan familie også, blandt anna hadde eg det med som telt på ein skitur på Svalbard i fjor saman med ei vennine, og har brukt det over Josten attmed nokre andre venniner. Det gjekk knallfint, sjølv om eg tenkjer at bruk av eit slikt stort telt i alpin samanheng nok krev at ein er minimum 3, gjerne 4 for å forsvare vekta. Spør om du lurer på noko
- 9 svar
-
- 1
-
-
Lå 8 timer under snøen - reddet ut i live
Tessatroll svarte på Kjell Iver sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Så innmari også det! Her på Sunnmøre, og i Romsdalen har det faderullan meg vore så mykje flaks i omløp i påska mtp skred, at ein kan bli mørkeredd av mindre. Mykje uvettig ferdsel, og mange hundretusen kroner brukt som følge av dette.- 1 svar
-
- 1
-
-
Om du vil ha ei god all-roundski til telemark er det greit å ha ei med medium mål, og litt rocker/løft i tupp, så du ikkje må jobbe så innmari med duppande tuppar i laussnøen, men som på same tid har spesifikasjonar som gjer at du sitt greit på kant i bakken og kan takle det meste av føre. Om du då spanderar på deg ein tusenlapp ekstra når du vel binding, kan du få ein god telemarksbinding med gåfunksjon, så slepp du øydelegge hoftene dine på topptur. Eit oppsett eg ville vurdert om eg var deg, er K2 wayback 88 med ein G3 targa ascent eller ein Voile switchback. Finn du switchbacken til same pris som G3en er switchbackeb å foretrekke, pga mindre problem med ising i låsemekanisme. Eg har G3 og greier løyse det heilt fint, men hadde eg skulle kjøpt nytt hadde eg sjølvsagt prøvd å unngå det. K2 skia får du i 82, 88 og 96 mm under fot. Eg personleg synes 96 mm vert litt mykje om eg skal kjøre alpinstil telemark i bakken, og på vanskeleg føre i fjellet. 82 er kanskje herleg ei stund i bakken, men er litt knapt på dei fine dagane i fjellet, og du får fort kontroll og kjensla av at "søren, det hadde gått heilt fint med litt breiare i bakken og". Så den mellomtingen er altså flott, synes eg Lukke til.
-
Kjem nett an på DINE føresetnader, kor van du er med å gå i ulendt terreng, og kor sterk du er i den muskulatur som skal stabilisere ledd, og kor godt trent dei pittesmå musklane i fotsolane dine er utvikla. Eg har storforbruk av sko, og kan difor ha eit lite utvalg utan dårleg samvit. Eg har vanlege gtx terrengsko i låg og halvhøg versjon, eg har eit låge par vridningsstive anmarsjsko, eit par kraftige skinnstøvlar og eit par tekniske alpine støvlar med stiv sole. Alle saman vetr mykje brukt, men i ulike samanhengar. Heim på Sunnmøre brukar eg dei låge skoa mest, anten dei er vridningsstive (lange toppturar, ur og sva) eller "terrengsko" (typisk kystfjell, lynghei, lågare fjell). Dei høge støvlane høyrer heime på klatre/rangleturar, breturar og vandreturar i ruftsete terreng med tyngre oppakning. Opptil 15-18 kg går greit utan høge støvlar, om terrenget er ok. Tyngre enn dette, eller ruftsete terreng, og eg vel skinnstøvlane. Ikkje så mykje pga anklane men meir pga solane. Gjekk ein gong frå Finse til Demmesvasshytta på ski i Juni, vidare frå Demmevasshytta og ned til Simadal til fots. Eg hadde det meste av breutstyr og felleutstyr, og var oppe på en 27-28 kg. Skinnstøvlane mine var gåen, og eg hadde ikkje råd å kjøpe nye akkurat då, så gjekk i nokre halvhøge gtx "marka"sko. Først marsja me ut til nedstigninga, for å relativt brutalt ta oss ned 1000 høgdemeter til Simadal. Kan seie det slik at eg sakna solane på skinnstøvlane då.
-
Kan berre på generell basis svare deg, då eg ikkje eig nokon av desse modellane, men har prøvd dei eller har venner eg har vore mykje på tur med som har dei. Eg prøvde Arcteryx sine dunjakker, full av forventningar. Eg har både skallkle og ryggsek frå A, og tenkte at dun kom til å vere i samme liga. For meg var det heilt feil. Passforma var dårleg (for meg), armane korte (utan at eg har utprega lange hender) skuldrane smale og heile jakka generelt for kort. Har også høyrt rykter om at dei lek i overlag mykje dun til å vere ei så dyr jakke frå eit anerkjent merke. Modellen du linkar til har også gjennomgåande saumar. Norrønajakka får frå venner skryt, den toler ein del juling til å vere lettvektsplagg. Den har også box-wall konstruksjon, noko som gjer den varmare. Normal passform slik eg forstår det. Bergansjakka har slik eg ser det, og har prøvd den, bra passform, er varm og god, slitesterk, men noko tyngre komprimerbar har eg forstått, enn Lyngen. Dunkvaliteten er bra, så kanskje er det det slitesterke ytterstoddet som gjer det? Denne jakka har også box-wall. Felles for alle tre jakkene for min del er at eg finn dei litt korte, men det kjem no nett an på kva ein skal bruke dei til Elles: Har du høve til å reise på ein outlet? Sist eg var på Outlet i Langevåg, fann eg Bergans Fonna (4500 kr) til 999,- ... Kjøpte også skibukse til dotter mi for 199,- (tidlegare 3199,-)
-
Har hatt ulike typar skalljakker, men dei eg er definitivt mest nøgd med er Arcteryx Alpha SV og Norrøna Svalbard gtx (Ouslandjakka). Ouslandjakka har ikkje same slitestyrken som Arcteryxjakka, men båe har holdt meg tørr, også på turar med mange og lange bruksdøger. Diverre er ikkje Ouslandjakka lenger å få tak i, med unntak av ei og anna som slyng på outlet.
-
Flott tur til Hellefjellet 1239 moh via Grøthornet i går. Sørvestsida som er smelta frå før fekk aldri nok sol til å bli bra i går, så nordaustsida vart nedfart.
- 4 598 svar
-
- 10
-
-
Nokre veker og fleire turar har passert, ein spontantur i Rondane, ein skogstur med kidsa og ein topptur til Klovetinden.
- 4 598 svar
-
- 15
-
-
Kommersiell men likevel flott: Rallarvegen. Enkel å komme til med tog. Om du er vestpå: øyhopping på nordøyane eller Værlandet og bulandet
- 12 svar
-
- 1
-
-
Og nett i slikt terreng, vil eg i motsetnad til dei fleste, velje taudrag framfor fastdrag. Gir ein heilt anna fleksibilitet mtp manøvrering i slikt terreng.
-
Lukke til med opptrening!
- 4 598 svar
-
- 2
-
-
Eg hiv draget over ei ski, ventar eg skikkeleg rufs snur eg han oppned og grev an delvis ned. Drar ikkje rundt på ekstra greier for og forankre pulken. Kan evt bruke spadeskaft når eg er ferdig med spada for kvelden, eller isøks om det er ein slik tur.
- 6 svar
-
- 2
-
-
- 4 598 svar
-
- 12
-
-
Liten tur til Melshornet Måndag, litt bålbrenning attpå, ein snartur i turløypa i dag. Nydeleg flott om dagen!
- 4 598 svar
-
- 8
-
-
Ein liten kartleggingstur med endomondoen til Krøvelsetra på truger. Tenkt til bruk i Barnas turlag og grupper me turistar. Flott tur til tross for at myra surklar og viser sitt åsyn både her og der.
- 4 598 svar
-
- 7
-
-
Min bruk av Nallo 2 er til soloturar og til turar for to. Sjølv om me ikkje har GT synes eg det funkar utmerkt for to. Me er dog ikkje så veldig store av vekst. Skulle eg gått lange turar åleine (fleire veker, langtursprosjekt) ville eg nok kjøpt eit reint 1 mannstelt, pga vekt, men mine åleineturar begrensar seg til 3-4 overnattingar og då gjer den kiloen ikkje så mykje. På det viset utgjer Nallo 2 for meg eit godt fleirbrukstelt. Soloturar og tomannsturar samt eit telt som toler ein del vær, utan at det krev mykje plass og eller er kresent på barduneringsmoglegheiter: Det siste gjer at det også dug fint til padling. Det supplerar også mitt Keron 4 GT fint på dei turane der dei vaksne ikkje vil ligge i ytterteltet (seks stk i eit Keron 4 GT går faktisk, men vil nok ikkje alltid være optimalt).
- 36 svar
-
- nallo 2 gt
- nallo 3
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Lettpakking Små lette turkjøkken/brennere
Tessatroll svarte på Nils Martin sitt emne i Primus og kokesystem
Har sjølv ein Bruntonbrennar (meinar den heiter Brunton Flex) som er nokså lik cruxen, berre at den har fire armar. Får akkurat den og ein gassboks ned i ein liten Primus Litechkjele. Held i lange baner for meg på sommartur og avogtil vårskiturar- 31 svar
-
- 1
-
-
- lettvekt
- lettpakking
- (og 7 andre)
-
Vandring i sommer med telt i Møre og Romsdal - 2-3 dager
Tessatroll svarte på Mantis sitt emne i Fjellvandring
Og då ser du også at moglegheitene for og plukke med seg toppar er nokså nært endeslause...Eit lite knippe: Før Molladalen: Klovetinden. I Molladalen: passerar du toppane Svinetinden og Grønetinden nokså nært når du går over skaret, men har du tid kan du også gå eins ærend på klassikerar som Jønshornet/Ramoen, Randers topp eller Mohns topp (på dei siste ville eg vurdert og ta med ein sykkelhjelm eller klatrehjelm, spesielt om der er mykje folk pga steinsprangfare). Vidare på ferda er du godt i posisjon til og gå på Kolåstinden (kan være greit med litt enkelt breutstyr) Sætretindane og Sylvkallen. Pluss pluss. Skulle eg velt til dømes 3 av desse ville eg gått på Klovetinden, Randers og Sylvkallen, samt plukka med meg Grønetinden i det eg sveiva meg over skaret. Fine bileter å få tatt nedi Molladalen og bort på tindane. Legg ved litt fleire bileter frå ymse stader i området- 10 svar
-
- 6
-
-
Uhøytidelig Fotokonkurranse, Emne "Kulde" Nå med premie
Tessatroll svarte på Phaser sitt emne i Foto/Video
- 23 svar
-
- 5
-
-
Utan GT. Eg har brukt Nallo utan GT i nokre år. No forsvann det ut av hus, og eg skal kjøpe nytt. Det blir også denne gong utan fortelt. Eg likar kontakta det gir meg med det som er utanfor. Kan ikkje fordra og være "innesperra" av eit fortelt, med mindre eg må. Utan fortelt tenar også greit til vinterturar der vekt er av betydning. Er ikkje vekt av betydning, vel eg nok heller Keronet som eg har til slikt bruk.
- 36 svar
-
- 1
-
-
- nallo 2 gt
- nallo 3
-
(og 2 andre)
Merket med: