Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 689
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Nei den er nokså raud ja, men ikkje typ "juleraud" om du skjønar.
  2. Eh, dårleg på å uttale meg om fargar. Rødorange? Legg ved nokre bilete, enklare å sjå fargen i ein kontekst kanskje....
  3. Eg må være ærleg og seie eg trudde dette var kødd når eg såg det omtala! Men, altså, er dette tilfelle? Eg dauar!
  4. Eg har ei i cayenne. Meinar eg kjøpte den i 2013. go`jakke
  5. Rundtur med x antal toppar med Trollvasstind 1280 som den høgste. God sikt i dag gjorde at me skoda langt både sør, vest og aust, og kjendisar som Lodalskåpa og Snønipa, Myklebustbreen og Jostdalsbreen steig fram, i tillegg til Sunnmørsalpane. Desse fjella mellom Volda og Nordfjord har mykje fin utsikt å by på!
  6. Herleg luftar i Eiksund med like delar kaffikos og padling
  7. Eg har i fleire år jakta stadane som har bra med snø på denne tida, då eg kvart år feirar nyttår eller jul i fjellet. Den staden som kanskje har størst snøgaranti av dei eg har vore på, er Huldreheimen. Kjent som ei redig snøhole. Lett tilgjengeleg. Lite folk.
  8. På Fingeren 1180 moh og på Storhornet på 497 moh.
  9. Det er noko med den realitetsorienteringa gitt. Eg fekk førespurnad ein gong om å "climb Norways highest mountain and see the northern lights" . I tillegg i Juni.
  10. Kan være noko så enkelt som at tapetkniven som varemottaket har brukt ved opning av pappkasse frå leverandør har kome borti eller liknande frå "varehandsaming". Ville uansett prøvd meg på ein rabatt, eller eit gåvekort ja.
  11. Ein tur på Saudehornet 1303 moh i dag. Ofte omtala som "byfjellet" i Ørsta, men ein veldig flott tur med mykje utsikt for sine beskjedne høgdemeter. Start på omlag 150 moh gjer likevel dette til god trimtur, 1150 høgdemeter over omlag 3,5 km. Tipptopptommelopp. Ein stemningsrapport før lett redigering.
  12. Huff då! Nei til slikt er det vel kanskje greit med flasker med pakning i korken vil eg tru, haha
  13. Dette minner mistenkjeleg om jervespor ja.
  14. Gjer det enkelt når eg treng nye småflasker til oppbevaring på tur. Kjøper meg ein coop eller Bendit smoothie i liten str. Drikk den opp og vaskar Då det er pant på dei, kan du fint levere dei innatt når dei byrjar verte litt rufsete. Billig, bra og resirkulert.
  15. Herleg! Fekk umiddelbare abstinensar!
  16. Kanskje å få fleire til å handle? Enkelt og greit? Føresett lik kvalitet osv, dersom eg har valet mellom å handle ein barnehagedress til borna mine hjå ein produsent som driv aktivt inkluderande arbeidsliv og ein som ikkje gjer det, er valet enkelt. Og at dei reklamerar for det? Ser ikkje problemet. Dersom dei ikkje var ei verksemd som dreiv med varehandel, hadde dei jo ikkje hatt arbeidsstader og tilby. Og det handlar ikkje om å sko seg! Tvert om! Det handlar om å drive verksemda, og nytte seg av personalressursar, på ein måte som alle andre verksemder gjer, mest mogleg forsmålstenleg. Spør du meg er det myndiggjering i praksis! Med helsing frå eit brennande sosialarbeidarhjarte. Ps: Med dette har eg ikkje uttalt meg direkte om Stormber, men prinsippet om kva ein får lov til å "marknadsføre" og ikkje. Eg ser ikkje større problem med å marknadsføre dette enn noko anna.
  17. Eg skal også ha ny 80 lite. Har prøvd både Altra og Kajka. Kajkaen gav umiddelbart "godkjensle". Likevel endar eg nok opp med altra, då sekken også vil bli brukt til skiturar med breutstyr og ymse som gjer at den fort vert tyngre enn 25 kg. Då fell Kajkaen gjennom. Testa Kajkaen med 22 kg, supergod, med 27 var det "kollaps" slik eg opplevde det. Så om du stort sett ligg på kring 20 kg kan den kanskje være bra for deg om den elles passar din anatomi?
  18. Flott tur til Brekketindane saman med @LeneG Eit lite utvalg frå mobil.
  19. Ya think?
  20. Det finnast små lokale bedrifter rundt omkring i verda som leverar pelskant av jerv og polarrev, handmade i småskala. Sjølv holdt eg på med det same for nokre år sidan, og enda opp med revepels frå Farmhamna. Usikker på om det framleis held på. Har også ein syntetpels frå Bergans eller Norrøna. Revepelsen beskyttar langt betre er mi erfaring. Sjå vedlagte bileter for dimensjonar.
  21. Gass.
  22. + 1.
  23. Eg er dels samd og dels ikkje. Personleg eigde eg aldri ein slik device. No har eg ein rein nødpeil av typen fastfind. Kan ikkje sende mld med den eller legge spor. Den er til rein naud, og den er påkravd utanfor område 10 på Svalbard, difor har eg den. Eg ser også at når eg guidar grupper i enkelte områder her heime, og først har den, puttar eg den i sekken/kajakken. Det vil ikkje seie at vanleg HMS ikkje står i sentrum, det gjer den i aller høgste grad. Den utgjer berre eit suppplement. Eg vonar eg aldri får bruk for an. Litt som med skredsøkjaren. Som eg forøvrig brukte nokre år på å bestemme meg for om eg skulle ha. Nødpeilen er heller ikkje med på private turar der det ikkje er påkravd. Av ein eller annan grunn kjenner eg meg like "kontrollert" med denne som eg gjorde den gongen eg var på tur saman med ei vennine med spot. Gubben hennar satt heime og fulgte med på ruta vår. Men DERSOM eg skulle få bruk for an, er situasjonen kritisk. Då svarar eg neppe på SMS eller telefon. Hadde eg hatt dekning, hadde eg trykt fint på luftambulansen sin naud-app og prata med dei over førsthjelpa, eller fått andre til å snakka for meg. At responstida vil variere med årstid, vær og vind er eg heilt på det reine med. Det er ein del av vurderinga du gjer når du bevegar deg inn i fjella. EIn veit at risikoen for at noko skal skje også her er tilstades, men at hjelpa ikkje nødvendigvis er nær. Kan forøvrig sjå for meg andre situasjonar der eg ville sett pris på tryggleiken, og meinar det må være opp til kvar enkelt å vurdere. Helsetilstand, årstid, type tur og tilhøver heime er alle faktorar som i samspel verkar inn for dei som eg kjenner som brukar slike dippeduttar. Det må være lov. Litt som med bilbelte. Du er ikkje garantert noko som helst, men du aukar sjangsane litt. Dersom uhellet skulle være ute. Eller som eg likar seie; dersom livet skjer.
  24. Som eit apropos. Denne veka har det vore henta ned folk 3 gonger frå fjellet her På Sunnmøre, i mitt næraste område. Alle gongane med helikopter,alle gongane fordi dei har gått seg fast i fjellet. Alle gongane er folk uskadd og heile på alle vis når dei kjem ned. Det er bra folk ringer etter hjelp og ikkje utfordrar lukka, men eg er jammen litt betenkt. Skal det halde fram slik vil det være enorme ressursar i omløp ila eit år...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.