Gå til innhold
  • Bli medlem

Tips til 4/5-dagers tur i Sunnfjord/Sogn??


Kathrine

Anbefalte innlegg

Hei!

Planen var eigentleg å gå i Tafjordfjella no til helga, men sidan det har meldt 2 grader og regn(snø?) reiser vi heller på svigers si hytte i Sunnfjord og går turar derifrå. :) Tenker å bli der i 1-2 veker, og vil legge inn i alle fall ein telttur i tillegg til dagsturar.

Nokon som har tips til kvar det er fint å gå i området? Gaularfjell? Vikafjellet??

Tips til dagsturar og lengre turar mottas med stor takknemlighet! :D

Kathrine

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Forslag til dagsturar:

Blægja frå Rørvik, Blægja og Kvamshesten frå Heilevang, eller Kvamshesten frå Bygstad.

Tindefjellet frå Vassenden, gir veldig flott utsyn. På Jølster finst det ei mengde fine turmål.

Frå Gaularfjellet: Gottopphesten/Jostefonn eller Johannesberget. Litt lenger vest Geitebotsfjellet

og Skardfjellet. Frå Haukedalen er det fleire muligheiter.

Rundt Nordalsfjorden nær Florø: Ålfotbreen og Gjegnen, i tillegg til mange andre toppar.

Forslag til litt lenger tur:

Frå Stongfjorden/Askvoll via Nipebu, til Blægja/Kvamshesten og til Langeland, eller den kan

forlengast vidare mot Rørvikfjellet og Haukedalen.

Frå Sandane til Longevasshytta og vidare til Ålhus eller Angedalen. Mange fine toppar underveis.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Frå Haukedalen er det fleire muligheiter.

Passar jo fint, for det er der "hytta" ligger. :)

Frå før av har vi bare vert ein tur på Årskogstøylen og en tur oppover i dalen fra der lysløypa går. Har heilt klart tenkt meg en tur på Kabusen før eller seinare, men det spørs om eg får lokka med meg sambuaren min opp den bratte stien der.. :)

Takk for mange turtips!:D Skal kjøpe oss eit kart i morgon, so får vi litt betre oversikt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.