josteink Skrevet 23. oktober 2018 Skrevet 23. oktober 2018 Behov Trengte ein sekk til overnattingstur dvs ca 45-50 l som kunne rullast saman og fekk plass i kajakk og i sykkelveske. Dvs inga ramme. korleis Tok ein gamal og lite brukt 56 l sekk, klypte den opp og putta ryggplate i skumgummi, sele og hoftebelte til side. Fann noko silnylon og sydde til ein boks på 20x30x60 cm med nettinglommer + rulletopp. Inspirasjon var litt zpacks, mytrail og hmg. Sydde dette på ryggstykke frå gamal sekk og sette på skulderreimer. Lagde ein masse hol i hoftebelte, tok av stoff her og erstatta med silnylon. Brukte alt av reimer og spenner frå den gamle sekken. Kjøpte kun netting og 2 spenner. Resultat voila så har eg fått meg ein ny og lett ryggsekk på 600 gr som er ca 50-55 l, til ein veldig billeg penge. Bilete viser saman med osprey 58 l. Har prøvd 1 t med 7 kg i og den er god på ryggen, sit stabilt og fast. Overaskande lett når dei vanskelege delane, rygg, skulderreimer og hoftebelte, kunne gjenbrukast. Redesign av friluftsutstyr. No rotar eg i boden for å finne andre ting eg kan sette saksa i :-). 9
Populært innlegg josteink Skrevet 23. oktober 2018 Forfatter Populært innlegg Skrevet 23. oktober 2018 (endret) Fleir bilete Endret 23. oktober 2018 av josteink 11
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå