Populært innlegg LeneG Skrevet 2. desember 2015 Populært innlegg Skrevet 2. desember 2015 Adventstida er meint å vere ei ventetid. Nokre av oss har venta endå lenger på november enn desember. Eg har mi eiga pre-adventstid i Tromsø på dei tider, rett før adventslys og julestri, men akkurat etter at julemarsipanen har komme i butikkane. Den beste tida å reise opp på! Mykje klede, mykje spennande lys for ein søring, og mykje liv i havet. Det er nesten slik at det går an å vere bittelitt misunneleg på desse Tromsøværingane som har godbitane rett utanfor dørstokken. Misunning er kanskje ikkje den rette adventskjensla, og om det er noko eg lærer av å reise opp så er det faktisk rausheit. Folka er rause med kvarandre, og med ukjente folk. Alle får ein sjanse. Dei deler på utstyr, deler på erfaringar, deler på opplevinga, tek høgde for at mange på tur betyr å jenke seg. Eg veit ikkje om noko anna friluftlivsmiljø som er så raust som padlemiljøet kring Tromsø. Raust og triveleg. DET er vel noko å fylle adventa med folkens? Turgleda vert større om den vert delt, er ikkje det tanken bak forumet og? Det som hendte i jula var eit mirakel. Mirakel er eit stort ord. Det er ikkje lett å ta innover seg det. I ein kajakk, i ein dertil egna fjord i Troms i november, då kjenner ein på dei store orda. Heilskapleg økosystem, bærekraft, levande natur, mirakel og samspel. God ventetid! 19
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå