Gå til innhold
  • Bli medlem

LeneG

Aktiv medlem
  • Innlegg

    50
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    2

LeneG vant dagen sist 29. juni 2015

LeneG hadde mest likt innhold!

Nettsamfunnsomdømme

310 Excellent

Om LeneG

  • Bursdag 11. april 1975

Profile Information

  • Gender
    Female
  • Sted
    Ålesund

Nylige profilbesøk

2 071 profilvisninger
  1. Korleis får ein innlegg frå kladd til adventskalenderen? #teknoidiot Tips med teskei vert belønna med takksemd!
  2. Adventstida er meint å vere ei ventetid. Nokre av oss har venta endå lenger på november enn desember. Eg har mi eiga pre-adventstid i Tromsø på dei tider, rett før adventslys og julestri, men akkurat etter at julemarsipanen har komme i butikkane. Den beste tida å reise opp på! Mykje klede, mykje spennande lys for ein søring, og mykje liv i havet. Det er nesten slik at det går an å vere bittelitt misunneleg på desse Tromsøværingane som har godbitane rett utanfor dørstokken. Misunning er kanskje ikkje den rette adventskjensla, og om det er noko eg lærer av å reise opp så er det faktisk rausheit. Folka er rause med kvarandre, og med ukjente folk. Alle får ein sjanse. Dei deler på utstyr, deler på erfaringar, deler på opplevinga, tek høgde for at mange på tur betyr å jenke seg. Eg veit ikkje om noko anna friluftlivsmiljø som er så raust som padlemiljøet kring Tromsø. Raust og triveleg. DET er vel noko å fylle adventa med folkens? Turgleda vert større om den vert delt, er ikkje det tanken bak forumet og? Det som hendte i jula var eit mirakel. Mirakel er eit stort ord. Det er ikkje lett å ta innover seg det. I ein kajakk, i ein dertil egna fjord i Troms i november, då kjenner ein på dei store orda. Heilskapleg økosystem, bærekraft, levande natur, mirakel og samspel. God ventetid!
  3. Det vert ikkje alltid slik ein har tenkt. Vi valde utsikt framom skodde, sjølv om dei høgaste toppane kanskje stakk over. Nydelege haustfargar, i den grad ein får det på Nord-Vestlandet. Vi kom oss aldri til Åvasstind, men erobra ein namlaus knatt på 968 moh. Søndag på Sunnmøre er heilt innafor - uansett turmål. Bomullsdammen i Ørstaskaret Mot Romedalstinden frå høgde 968 moh Retur på nordre enden av Romedalstraversen http://lenesintur.blogspot.no/2015/10/forsk-nr-2-pa-avasstinden.html
  4. Saksa (1073 moh). Populær topp på Sunnmøre for tida. Relativt lett tur med mykje utsikt fra toppen. Urke camping kan anbefalast. Enkle hytter men veldig koselig. Hyggeleg pris og alt ein treng.
  5. Tur laurdag - og kanskje ikkje ein slik som ein går kva dag som helst. I godt ver og godt selskap var det ein stor dag med Tessatroll ved Brekketindane på Sunnmøre. Har funne ein knapp som heiter "drama" på kameraet, og det vert litt kult. Dei "normale bilda frå turen ligg i bloggen, men her er eit utval av "dramabilda" Idyll ved Engesetelva Søre Brekketind og breen. Slogen bak Brevandring er kjekke saker! Smørskredtindane http://lenesintur.blogspot.no/2015/09/brekketindane-brevandring-og-bading.html
  6. Bur og aleine og har tenkt litt på det. På lange turar (type langhelg eller lenger) seier eg frå til søstra mi og sjefen min. Beskjeden er då som regel omlag slik: Vi er i fjellområde X, planlagt retur søndag. Det går ikkje an å få tak i oss på telefon. Om vi ikkje er tilbake tirsdag kan de varsle ein eller annan. Ellers gjev eg sjeldan beskjed.Har ein generell avtale med ein kollega om at ho sjekkar opp om eg ikkje dukkar opp på jobb utan å gje beskjed. Det hender av og til (sjeldan) at eg gjev beskjed til dertil egna person, om at eg på tur om eg trur det er litt risiko og dårleg mobildekning. Eg har mykje turglade folk i vennegjengen og er sjeldan på tur aleine. Plan A er i grunn å ha med nok til at uføresette ting går greit, dvs litt ekstra klede og litt ekstra mat. Det er eg MINST interessert i er ein eller anna tullete grunlaus leiteaksjon etter meg berre fordi ting tek litt lenger tid enn planlagt.
  7. Torsdag etter jobb fekk vi oss ein knallfin tur på Masdalhornet i Ørsta (977 moh). Ikkje alltid ein treng på dei høgaste toppane for den beste utsikta! Kanonfin tur, lett å gå og maksimal utsikt. http://lenesintur.blogspot.no/2015/09/mastodonten-masdalshornet-977-moh.html
  8. Endeleg kom meg eg på Jønshornet (Ørsta, Sunnmøre) eg og!! "Alle" eg kjenner har vore der før, og det har berre aldri klaffa for meg. Fredag vart det ein nydeleg sommarkveld i fjellet. På veg opp i Molladalen Vatnet omkransa av ville fjell Heftige klipper Fin utsikt Meir i bloggen
  9. I veka var vi på leit etter Dollsteinhola på Sandøy på Sunnmøre. Ein veldig fin tur, og kombinasjon av padling/gåing. Grotter fann vi i fleng. Det er likevel ikkje alltid slik som ein trur... Nydeleg plass i havgapet. Grottekunst Meir om turen og fleire bilde på bloggen: http://lenesintur.blogspot.no/2015/07/sommar-pa-sandsya.html
  10. Onsdag testa vi turkonsept for Vestferd. Padling frå Sæbø - Skår (Hjørundfjorden). Fottur til Skårasætra og Skåranakken (609 moh). Flott tur på ein eigentleg grå og guffen dag. Det er betre med magisk lys under skydekket enn å gå på dei høgaste toppane i skodda! Sunnmøre leverer - alltid! http://lenesintur.blogspot.no/2015/07/hjrundfjorden-og-skaranakken-609-moh.html
  11. Litt på etterskot, men vil reklamere for fin topp i havet. Skorpa i Herøy. Mykje utsikt for innsatsen og rå natur på alle kantar! Vi padla ut, og det kan no vere ei utfordring å komme seg dit, nmen dei andre øyene i Herøy er det vegforbindelse til. Tippar det er brukbar utsikt frå fleire av dei. Sørover til Stadlandet, Nordover til Runde og innover på Sunnmøre. http://lenesintur.blogspot.no/2015/07/keipen-og-kongens-ring.html
  12. Kombinert padle og fjelltur i Ulstein i går. Flott terreng og ein nydeleg sommardag! Meir om turen i bloggen.
  13. Eg har lagt skia på hylla for sesongen, men det er jammen mykje godt skiføre på Sunnmøre endå. Vi hadde familieselskap på Standalhytta, og toppturane til fots vart det lita av. Full sommar, utsikt til taggefjell og godt selskap vert likevel aldri feil, så vi klarte oss fint. Bilda: Sølvkallen med Slogen bakerst Utsikt ned mot Store-Standal, Hjørundfjordne og Trandal på andre sida Toppane i Fladalen - Eg trur dette er Søre Snarhornet med tilhøyrande herlegheiter Kolåstind - Kongen av Sunnmøre
  14. På tur i går. Vestlandssommaren på sitt beste og verste. Haram på tvers. 4 fine kysttoppar med super utsikt over Sunnmørsfjell og øyriket langs kysten. Grautskodde på siste to toppane og behov for seriøs navigering.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.