Gå til innhold
  • Bli medlem

Dovre, igjen... :D


jarle

Anbefalte innlegg

jess, jammen var eg ikkje på dovre att,,, torsdag til laurdag, 2. til 4. mars. torsdag gjekk vi frå kongsvold til reinheim, i ein stor bue rundt nokre moskus... dei er imponerande lite grasiøse i gallopp, men jammen er det tøft når dei brakar saman! været var litt så som så på torsdag, kanskje ein kilometer sikt, og til tider litt betre... men aldri tettare enn at sola skein litt igjennom :)

reinheim delte vi med fire danskar, som skulle tilbringe neste natt i iglo ved gråhøin!

for oss var det derimot snøhetta som lokka, planen var i utgangspunktet å gå over og ned til åmotdalshytta, men vi slo dette frå oss pga gnagsåra til turkameraten min. det viste seg å være like greit, då veret ikkje akkurat innbydde til å prøve å finne ei svakt merka rute ned på andre sida... kort sagt var det stiv kuling, litt snø, og 50m sikt,,, hadde snudd lenge før om det ikkje var for den militæret merkinga. på toppen var det kaldt, sjølv i ly bak varden (vardar har ein god funksjon alle vardemotstandarar!). vi snudde nasen tilbake den vegen vi kom ganske fort... så, vel på veg nedover, medan eg venta litt på turkameraten med gnagsåra klarna det opp ein augneblink, og fjellverda openberra seg... så klarna det meir, og meir, og meir,,, og jammen var ikkje toppen skyfri før vi var halvvegs nede att! snakkar om nestentiming! uansett var det berre å fortsetje nedover, for kaldt var det, og vi trengde ly til ein rast... returen ned til reinheim vart bada i sol, litt bittert, men samtidig må ein hugse på gleden ved å ha komme seg til topps! sjølv om vi såg hytta på toppen like godt i kikkert frå reinheim som då me var på toppen... vi får trøste oss med at snøhetta er ein flott topp å sjå på og :) and we're coming back some other time!

idag stod me opp tidlig for å nå det tidlige toget frå kongsvold, med gnagsår og det heile var det ikkje så mykje anna å gjere. igår kveld hadde me selskap i to sveitsarar, som hadde ein nesten månadslang ferie her i noreg. dei fire norske som kom seinare på kvelden gjømde seg i sikringsbua, kva er det med oss nordmenn? eg vann veddemålet utlendingar vs nordmenn 6-4 denne gongen, og ligg totalt på 15-4 på dovre dei siste to vekene... veit at andre her på forumet har vore i området med telt, men det verkar jo likevel som det er fleire utlendingar å treffe? menmen, generelt sett har dei då og vore meir pratsomme enn nordmennene vi har treft :? turen til kongsvold vart forøvrig krydra av meir av den evinnelige moskusen. ein fin tur var det iallfall, herlig med sol, snø, ny høgdepers på norsk stein, og stillheita i fjellet! skal teste ut dovre nokre dagar i sommar og...

bilete er det lite av, kameraet bestemde seg for å døy av kulde ganske så med ein gong... :(

og det er ikkje toppturskiføre på snøhetta forresten,,, så ikkje ta med pudderplankane :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hei Jarle høres ut som en morsom tur, jeg har aldri vert på Dovre, du sier det ble D. igjen er det fordi det er så fint eller er det tilgjengligheten? Har hørt att det er veldig bratt?

Lurer på å ta meg en tur

Hilsen Atle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

tja, er vel litt tilgjengeligheita, men jammen er det fint og! :? noko av det eg likte best med området forrige gong var at det er ein herlig kombinasjon av breie flyer, runde hø'er, og meir "dramatiske" toppar. det er ikkje så mykje snø, men nok... eit anna godt argument er at området stort sett berre har sjølvbetjente turisthytter, som er fint for studentøkonomien, men også mykje koseligare enn "fjellhotella". gleden ved å unne seg ein liten/stor boks fruktcocktail om kvelden er ubeskriveleg!

og ja, eg skal leve på denne turen ei stund no :) med augelaser og midtsemesterprøver coming up vert det vel nokre veker til neste sjanse... skulle vel bli påsken...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Høres glimrende ut, vi pleier å gå på selvbetjente hytter i påsken,men påske aften syntes fruen det er koz å ta på fjellhotel med masse rødvin.He he da blir det jo litt koz på meg å.

Skal kikke litt på Dovre og snakke med svoger så tar vi nok en tur-- obs... er det lov til å slippe hund der oppe nå ?

Hilsen Atle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

det er godt mogleg, men det er ikkje noko eg tenkjer så mykje på. eg har jo ikkje hund (enno?)... men moskus er ikkje glad i hund, og eg trur ikkje det er langt frå at eg kan garantere at du ser den typen på ruta mellom kongsvold og reinheim, om du skulle gå denne... om du skulle ta denne ruta, frå reinheim, mot kongsvold, så kom dykk ut før soloppgang! så kan du gå soloppgangen i møte :?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Heriks fremhevet denne emne

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.