Gå til innhold
  • Bli medlem

Vestlands-fjellquiz


FU

Anbefalte innlegg

Annonse
  • Svar 781
  • Opprettet
  • Siste svar

Mest aktive i denne tråden

Mest aktive i denne tråden

Postede bilder

Hei Stuttjukken - Nei, eg gjekk opp frå sørvest og såg ingen "Mann", visste heller ikkje om ei slik steinblokk så eg måtte vel ha gått rett på den kanskje?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Såg bileta dine først i dag, FU. Det første viser Tverrbotnanuten, 1611 m.o.h., på austsida øvst i Fresvik-Jordalen, litt sør for Fresvikbreen. Biletet er truleg teke frå Smørbotnanuten, litt lenger sør. Det andre biletet viser Jotunheimen på sitt finaste, for Jotunheimen skal opplevast frå vest, Nils, eaa, Morten, Espen, Kim, m.fl. Det ser ut som at me trivest innover på Fresvikhalvøya begge 2, Frode. Det er eit herleg område, med passe lite folk, eller me kan unngå folk heile dagane om me vil det. Var dette på VU sin tur der inne sist helg, FU?

Sjå på biletet ditt, FU. Midt i biletet endar Langafjellet i bratthenget over Tundalen i Fresvik. Lenger til høgre kjem Handadalseggi inn i biletet. Der var eg 20. september 2000, på tur frå Leitevatnet - Fresvikvarden - opp på sørsida av dalføret og austover høgda til Handadalseggi - litt attende og vidare over Langafjellet (1511 m.o.h. på det aller høgste) og utover mot kantane på Tundalen - attende og ned att til Fresvikvarden og Leitevatnet i Fresvik-Jordalen. Handadalseggi har den lettast tilgjengelege av fangstgjerda som Fresvikhalvøya har fleire av, og steingjerdet er ca. 300 meter langt og går på skrå over ryggen. Etter å ha jagd reinen utfor stupet (skjedde truleg på 800-1000-talet), var det tid for å drå kadavera ned til Nærøyfjorden, difor namna Dyrdal og Drego. Eg reknar med at de visste dette, FU. Nord for Langafjellet mot Tundalen er det eit flott skue ned på Sognefjorden (mellom Fresvik og Kaupanger, samt at ein ser flyplassen på Haukåsen (Sogndal).

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jo, det var som vanleg heilt korrekt Stuttjukken! VU hadde tur til toppen denne helga og var ytterst heldig med veret.

Eg har ikkje vore så frykteleg mykje i området og har ikkje sett dyrefangsanlegga over Dyrdal sjølv. Men har sett eit anlegg på andre sida av Nærøyfjorden, mellom Skammadalshøgdi og Fessene som også er godt bevarte.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Stemmer det, for dei ligg i røysane oppover frå Fessedn mot Øyaskavlen, rett ved stien nord for Skammadalshøgdi. Turen til Handadalseggi er absolutt å tilrå, FU. For meg sjølv står ein tur til Vidasethovden litt lenger nord langt oppe på lista for Fresvikhalvøya no. Vonar at dette vert noko av til sommaren. Turen opp går frå Feios mot Vidasethovden, 1227 m.o.h. (inga imponerande høgd), søraust for Feiosbygdi. De finn fjellet på kartet, og det mest spektakulære med Vidasethovden er geografien, midt i smørauga for dei mest komplette fjordutsyn i Midtre og Indre Sogn. Det ser eg fram til.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Endelig en helg uten regn, snø, tåke eller glemt kamera.

Spørsmålene blir her:

1. Hva heter fjellet i bakrunnen ?

2. Hva heter fjellet i midten ?

3. Og hva heter fjellet som bildet er tatt fra.

Bildet er tatt søndag 15/04/07 i Hordaland.

post-2122-133474459986_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan det vere mot Fuglafjell, for eksempel frå Bjørnaknausen og med Gråhorgi i midten?

Det kan det være ja, riktig på alle 3. Var på ski i 8 timer å så kun en annen skiløper i det fjerne.

Måtte bære skiene ca 1 km fra Kvittingen, kanskje det er forklaringen :roll:

Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da prøver jeg meg med et nytt bilde.

Også denne gangen fra Hordaland, men forhåpentlig vanskeligere enn sist.

Fra hvilken topp er dette bildet tatt fra ?

Vill spekulasjon: Kan fotografen ha stått på Hikletten på Osterøy?

Torbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vill spekulasjon: Kan fotografen ha stått på Hikletten på Osterøy?

Torbjørn

Det kan han så absolutt. Utsikten er mot syd, tettstedet Vaksdal skimtes langs Sørfjorden på høyre side.

Var på toppen forrige fredag, etter at det hadde snødd natten før. Å finne stien ble da en ekstra utfordring.

På sommerføre er turen helt grei.

Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Romarheim er ikkje langt unna, nei. Ser Agnar på eit godt kart, tenkjer eg han finn namnet på stølen óg, for den høyrer til ein av gardane langs E 39 i området. I dag er stiane gjengrodd, så etter å ha hatt litt sti i starten gjekk resten av turen til stølen på fri hand i terrenget. Det er nok ikkje berre Osterøy som er i bakgrunnen. Fjella ved Dale og Veafjorden er i sikte óg, m.m. Dette er eit turtips for fjell- og tur-interesserte på tur langs Osterfjorden (E 39), for her må ein finna vegen sjølv. Hjortetrakk er eit godt tips undervegs her, iallfall på korte strekk.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da har jeg studert kartet og funnet Vetle-Aurdalssætri. Den er merket med 2 prikker og utsikten derfra kan passe med den på bildet. Andre kandidater ser jeg ikke.

Har ikke vært der selv, det nærmeste er Almeskilet tidligere i år. Jeg burde ha kjent igjen utsikten derfra hadde jeg sett noe gjennom tåkehavet den dagen.

Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då er stølsnamnet på plass. Inne i fjorden er det ingen som seier eller skriv Aurdal. I staden vert det skrive Urdal, så dermed heiter stølen Vetle-Urdalssætra. Berre til opplysning, fordi det står "Aurdal" på alle kart som eg har sett. Uansett svarte rmb rett på stølsnamnet. Sjølv køyrde eg til Vetle-Urdal mellom Romarheim og Vikanes. Det går ein dårleg traktorveg oppover dalføret mot nord. Der dalføret svingar mot vest, held stien fram opp eit granefelt i nordleg retning. Vel oppe i ein skogabotn, forsvinn stien. Deretter må ein gå på fri hand vidare nordover til Vetle-Urdalssætra, og trekkja over eit par høgdedrag undervegs. Det er tilnærma klatreterreng nede i elvakløfta, men det er lett å gå over haugane. Stølen kan óg nåast ved tur på fri hand over åsane, vest frå vegskiftet inne på Romarheim.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive

Annonse


×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.