Gå til innhold
  • Bli medlem

tf

Aktiv medlem
  • Innholdsteller

    53
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  1. ... er tittelen på dette måleriet (skribla på baksida av ramma). Spørsmålet som då naturleg melder seg er kvar i Telemark motivet er i frå, dersom då ikkje kunstnaren har måla etter fantasien! Kan Telemarks-ekspertisen (geografi, ikkje ski!) på forumet oppklare dette?!? Torbjørn
  2. TrondE her på forumet har rapportert om NVE sine dGPS-målingar frå 2004 av det høgaste punktet på fast fjell, i tillegg til dåverande høgste punkt på breen, sjå: [Hidden Content] Torbjørn
  3. Staden er Leirvik på Stord i Hordaland, fjellet i bakgrunnen til venstre er Siggjo (477 moh) på Bømlo. Torbjørn
  4. Dette er Huldakyrkja i austkanten av Fresvikbreen. Torbjørn
  5. Lacuna sin foss nr. 1: Tvinnefossen ved Voss?? Torbjørn
  6. Ingebjørgnuten fremst midt i bildet, og Oksen bak og like til venstre for denne. Biletet er teke ca. frå Disk, nær Midtfjell. Involverte kommunar er Granvin, Ullensvang og Ulvik ... Torbjørn
  7. Sjekk denne: [Hidden Content] Torbjørn
  8. Bildet er tatt frå Melderskin, som ligg nær Rosendal i Kvinnherad kommune i Hordaland. Ser mellom anna Juklavasskruna / Bjørndalstindane, og Folgefonna i bakgrunnen. Torbjørn
  9. tf

    eggenipa

    Sjekk denne websida: [Hidden Content] --- Torbjørn
  10. Det er nok ikkje Midtfjell til høgre (har vore der ca. 200 gonger, og meiner å vita korleis det fjellet ser ut! ); skulle i så fall også ha sett Grimsnuten tydeleg på venstre sida av denne toppen. Trur heller at bildet er teke i ei eller anna retning mellom sørvest til aust-søraust; td. mot Veigdalen, eller kanskje retning Skykkjedalen / området sør for Hardangerjøkulen. Dei tversgåande "dalane" kunne i så fall vera Eidfjord eller Simadalen, og ei mogeleg løysing på gåta kunne vera "naboane" Øktanuten 1614 og Sovarenuten 1648. Men eg har ikkje så langt klart å få dette til å stemma med kart
  11. Var på fottur til Onen (1621 moh, på grensa mellom Ulvik og Eidfjord i Hordaland) hausten 2006. Knipsa bilder i "aust og vest" på turen, men gjekk ikkje gjennom materialet før nyleg, og har no fått følgjande problem: Eg kjenner att mesteparten av motiva, men ikkje fjellet midt på bildet nedanfor! Det er tatt med ca. 10x zoom, og (den distré!) fotografen står sannsynlegvis ca. 1 km aust-nordaust frå toppen av Onen, mellom 1550-1600 moh. Eg appellerer difor til eventuelle Hardanger-spesialistar på forumet om hjelp til å fastslå kva topp me ser ...! Torbjørn
  12. Det er korrekt! Øykjafonn bak til venstre, 'landemerket' Vassfjøra (1633) ligg utanfor høgre bildekant. Torbjørn
  13. Nope. Fjellet på bildet er nok høgare enn alt du finn i området du nemner ... Torbjørn
  14. Denne vart visst litt vel vrang! Tips: Hordaland ...! Torbjørn
  15. På tide med ei ny nøtt ... kva ser vi her?? Torbjørn
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.