Gå til innhold
  • Bli medlem

tf

Aktiv medlem
  • Innlegg

    53
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av tf

  1. ... er tittelen på dette måleriet (skribla på baksida av ramma). Spørsmålet som då naturleg melder seg er kvar i Telemark motivet er i frå, dersom då ikkje kunstnaren har måla etter fantasien! Kan Telemarks-ekspertisen (geografi, ikkje ski!) på forumet oppklare dette?!? Torbjørn
  2. TrondE her på forumet har rapportert om NVE sine dGPS-målingar frå 2004 av det høgaste punktet på fast fjell, i tillegg til dåverande høgste punkt på breen, sjå: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=7943 Torbjørn
  3. Staden er Leirvik på Stord i Hordaland, fjellet i bakgrunnen til venstre er Siggjo (477 moh) på Bømlo. Torbjørn
  4. Dette er Huldakyrkja i austkanten av Fresvikbreen. Torbjørn
  5. Lacuna sin foss nr. 1: Tvinnefossen ved Voss?? Torbjørn
  6. Ingebjørgnuten fremst midt i bildet, og Oksen bak og like til venstre for denne. Biletet er teke ca. frå Disk, nær Midtfjell. Involverte kommunar er Granvin, Ullensvang og Ulvik ... Torbjørn
  7. Sjekk denne: http://www.ii.uib.no/~petter/mountains/4000mtn/rainier.html Torbjørn
  8. Bildet er tatt frå Melderskin, som ligg nær Rosendal i Kvinnherad kommune i Hordaland. Ser mellom anna Juklavasskruna / Bjørndalstindane, og Folgefonna i bakgrunnen. Torbjørn
  9. Sjekk denne websida: http://westcoastpeaks.com/Peaks/eggjenibba.html --- Torbjørn
  10. Det er nok ikkje Midtfjell til høgre (har vore der ca. 200 gonger, og meiner å vita korleis det fjellet ser ut! ); skulle i så fall også ha sett Grimsnuten tydeleg på venstre sida av denne toppen. Trur heller at bildet er teke i ei eller anna retning mellom sørvest til aust-søraust; td. mot Veigdalen, eller kanskje retning Skykkjedalen / området sør for Hardangerjøkulen. Dei tversgåande "dalane" kunne i så fall vera Eidfjord eller Simadalen, og ei mogeleg løysing på gåta kunne vera "naboane" Øktanuten 1614 og Sovarenuten 1648. Men eg har ikkje så langt klart å få dette til å stemma med kartet heller ...! Torbjørn
  11. Var på fottur til Onen (1621 moh, på grensa mellom Ulvik og Eidfjord i Hordaland) hausten 2006. Knipsa bilder i "aust og vest" på turen, men gjekk ikkje gjennom materialet før nyleg, og har no fått følgjande problem: Eg kjenner att mesteparten av motiva, men ikkje fjellet midt på bildet nedanfor! Det er tatt med ca. 10x zoom, og (den distré!) fotografen står sannsynlegvis ca. 1 km aust-nordaust frå toppen av Onen, mellom 1550-1600 moh. Eg appellerer difor til eventuelle Hardanger-spesialistar på forumet om hjelp til å fastslå kva topp me ser ...! Torbjørn
  12. Det er korrekt! Øykjafonn bak til venstre, 'landemerket' Vassfjøra (1633) ligg utanfor høgre bildekant. Torbjørn
  13. Nope. Fjellet på bildet er nok høgare enn alt du finn i området du nemner ... Torbjørn
  14. Denne vart visst litt vel vrang! Tips: Hordaland ...! Torbjørn
  15. På tide med ei ny nøtt ... kva ser vi her?? Torbjørn
  16. Kva med Ustetind (1376 moh)?? Torbjørn
  17. Eit råtips: Melderskin og andre Rosendalsfjell, sett frå Folgefonna????? Torbjørn
  18. Når det gjeld toppen av Jøkulen, sjekk denne tråden: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=7943&start=0&postdays=0&postorder=asc&highlight= Torbjørn
  19. Hm. Det må vera teke frå vestsida, kanskje frå Raudaberget? Torbjørn
  20. Vill spekulasjon: Kan fotografen ha stått på Hikletten på Osterøy? Torbjørn
  21. Ja, me gjekk på ski over desse vatna, som alle er > 1000 moh, og uregulerte. Dvs. med ein 'normal vinter' bør dei vera trygge (var OK når me var på tur i fjor), men det er sjølvsagt naudsynt å vurdera dette sjølv når du legg ut på tur (det same gjeld evt. skredfare!). Prøv å få oppdatert informasjon frå folk med fersk, førstehands kjennskap til området (tippar at til dømes Voss Utferdslag kan hjelpa deg med dette). Torbjørn
  22. Dette bildet ("Fra Småfagerdalsvatnet.jpg") viser oppgangen frå 'gryta' søraust for 1028, sånn ca. opp snøfonna heilt til venstre i bildet. På skituren vår i fjor, byrja me turen med å gå opp til Fagerdalsvatnet frå Slondal, deretter gjekk me over Småfagerdalsvatni og så vidare derifrå på austsida av 1028 til 'normalruta', som også vart brukt på returen. Torbjørn
  23. Gjekk Slondal - Vassfjøra på ski 1. april i fjor; me overnatta då på stølen på austsida av Slondalsvatnet, men det er også gjennomførleg som ein (lang) dagstur frå Ørnaberget; det er vanlegvis brøyta dit - sjekk med Mjølfjell Ungdomsherberge. Når det gjeld ruta frå Slondalsvatnet, er det vanleg å følgja Kvanngjolo til å byrje med slik som du har skissert på kartet, men i staden for å gå opp gjelet mellom Gommahaugjen (1309) og punkt 1190, er det vanleg å følgja elva oppover mot aust (frå enden av ordet 'Kvanngjolo' på kartet ditt) og opp til 'gryta' søraust for punkt 1028, nedanfor vestsida av Kvannjolnuten. Derifrå går ein bratt opp mot sør (-søraust) til eit skar (varde??) og held fram (litt nedover att) i same retning, mot nordvest-enden av Kvannjolvatnet. Etter å ha kryssa dette vatnet, går ein opp Reinsskardet (SV for Reinskardnuten), som du har skissert på kartet. Har ikkje gått denne ruta på ski, men etter å ha gått til Reinskardnuten og Vassfjøra til fots frå Ulvik, via Miningane, vil eg tru at du må lenger mot nord enn det du har teikna inn for å komma opp på (nord-) ryggen til Reinskardnuten. Vidare kan det henda at det er enklare å runda Svana på sørsida, for deretter å gå laus på bakken mot Vassfjøra omlag ved vatnet aust for Svana (dvs. derifrå omlag som du skisserer). Når me gjekk turen i fjor, nytta me ei anna rute frå Kvannjolvatnet: Me gjekk til nordaust-enden av dette, og følgde deretter elvedalen (går sikkert greit å nå Reinskardnuten herifrå også!) vidare mot Skipanutvatnet, kryssa dette, og kryssa også vatn 1159. Frå søraust-enden av dette vatnet, gjekk me litt oppover dalen, og deretter oppover ein naturleg 'rampe' / dal , etterkvart i sørleg retning, til eit punkt omlag midt i mellom 1413 og 1268. Herifrå følgjer ein ryggen vidare, dvs. via punkta 1413, 1546, 1557 og 1621, til toppen 1633. God tur! Torbjørn
  24. Yup, dette er ein flott tur! Ta gjerne ein avstikkar til Ramnabergnuten (1729 moh) like vest for Jøkulen - denne er nesten 'gratis' når du allikevel går 'Jøkulrunden' langs kvisteløypa. Vargebreen (1766 moh - '3-fylkes-grense' mellom Hordaland, Sogn & Fjordane og Buskerud) er eit alternativ nord for Finse. Eit anna tips er Flakavassnutane (1750 moh), som ligg ikkje langt frå 'ruta' til Kyrkjedørsnuten, og går greit å 'ta med seg' på ein tur dit. Torbjørn
  25. Kyrkjedørsnuten er 1790, medan punkt 1816 sør-sørvest for denne er det høgaste 'fjellpunktet' i Hordaland utanfor Hardangerjøkulen. Kyrkjedørsnuten er dermed høgaste toppen 'med namn' i Hordaland utanfor Hardangerjøkulen. Torbjørn
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.