Gå til innhold
  • Bli medlem

Tur over Stølsheimens største høgfjellsplatå mot Sogn.


Stuttjukken

Anbefalte innlegg

For nokre år sidan var eg på tur åleine over Kleivfjellet-platået på vestsida av Finnafjorden, i 1996. Eg reiste med båtruta Ortnevik - Sylvarnes - Finnafjorden - Geithus - Vik i Sogn, frå Ortnevik. Den skoddegrå seinsommarmorgonen gjekk i land på Sylvarnes, med von om at skodda skulle letta, noko den óg gjorde seinare på dagen. I dag kan ein gå den restaurerte gardstien frå Ortnevik (der bilvegen sluttar på Fitje), og gå ruta Ortnevik - Krogsnes - Alrek - Vetlesand - på ny trebru over elva Lokao til Stavedal - Hanekamb - Sylvarnes (- Vollevik). Båten går må., on. og fr. morgon frå Ortnevik, og om ettermiddagen frå Vikøyri (Vik i Sogn). I tillegg går den frå grendene til Ortnevik sundag kveld, (og kanskje var det ein tur til i helga?). No er det mogleg og overnatta i det gamle skulehuset på Sylvarnes, men det er ingen fascilitetar der, trur eg.

Eg gjekk i land om føremiddagen og traff Reidar Hjortland, ein av dei 4 (i dag 3) som bur på Sylvarnes. Etter ein rusletur til Hanekamb-garden som då nyleg var fråflytta, bar det opp lia på varierande synleg stølsveg oppover. Det bar inn i Sylvarnesdalen, ei av dei vakraste fjelldalane eg nokosinne har sett i Stølsheimen, og eg har sett mange av desse dalane. Stølen i dalen hadde nokre temmeleg lange sel. Det bar vidare opp den bratte fjellskogen i vest, ein krevjande og beinhard oppstigning. Vel over tregrensa og oppe på fjellryggen bar det inn på stølsvegen som kom opp frå Hanekamb, og ein kan óg gå opp derifrå. Så var det berre og rusla stille og roleg oppover stien til Blaonipi, 1242 m.o.h., med eit skremande storslagent utsyn ned på Sognefjorden og grendene på begge sider. Disen hindra utsynet mot Jotunheimen og Breheimen den dagen, men det fekk våga seg.

Det bar så innover Kleivfjellet, det største høgfjellsplatået i Stølsheimen, der Skjerjavatnet er det lågaste med sine 1196 m.o.h., og resten er over 1200 m.o.h., medan Kleivfjells-toppen er 1313 m.o.h. Platået er ikkje SÅ stort, men det opplevest som å gå over Vidda midt innpå her. Stien er godt varda med opprusta store vardar, gjort av Hanekambfolket, og er den best varda stien i Stølsheimen i dag, og er ikkje merka, for det trengs ikkje. Platået er snautt og nake med berg, lav og lyngmark, fleire vatn med snøfenn omkring "gamle som brear", og er som ein magnet på skodda som ligg ofte her ute. Folk har vorte sakna her inne, og det har vorte funne skjelett etter folk i Kleivfjellet årevis etterpå. Platået vart kryssa på 2 timar, inkludert matpause ved Skjerjavatnet. Så møtte eg stien frå Alrek på Storakleivi, og gjekk ned i Kvervet. Det bar ut den vakre og grøne Hanekambdalen til Hanekambstølen, og vidare nedover forbi Alreksstølen til Solrenningen (sjølvbetent hytte) nede i fjelldalen som kjem opp frå Modalen på Hordalandssida, fyllt med bjørkeskog.

Alternativt kan ein gå frå Hanekambdalen og austover om det ikkje er for seint for dagen, og ein har krefter att. Passér sør for Budeievatnet og gå inn i Dunevollen og til kanten av stupet på Finnabotsgavlen, og sjå ned i dalkløfta. Så er det og dra seg opp på Skrivareggi, og vidare over Urdeggi (1262 m.o.h.), med utsyn ned i bortgøymde Tolleknivbotnen og inn i den så absolutt trolske Trollabotnen med sine brefonner sørover Urdeggi. For 2 år sidan såg eg i blåisen her inne, og det er ikkje noko som det er mykje av i Stølsheimen nett. Så er det og rusla ned gjennom Svartevassdalen og bort på det eventyrleg vakre Vatnane (lita ubetent hytte) i Arnafjordfjelli, med dei bjørkekledde holmane i Vatnavatni. Dermed så unngår de og sjå ein einaste raud T den dagen, om det er viktig. Dermed har ein gått delvis rundt den veglause naturperla Finnafjorden, som ein kan sjå ned i frå nord for Vatnane, og det er altså eit must.

Då eg gjekk turen frå Sylvarnes, held eg fram frå Solrenningen og over Urdanipi til Åsedalen dagen etter. Siste dagen bar det over Tindafarangen til Rappen, og ned stølsvegen til Indrefjorden/Arnafjorden. Eg overnatta hjå kjende i Vik, og tok buss og ferjer via Balestrand og Høyanger til Ortnevik for å henta bilen, då dette var ein av dei dagane båten ikkje gjekk.

Reidar Hjortland kunne den gongen fortelja at det ikkje gjekk folk over Kleivfjellet meir enn 3-4 gonger i året. No etter litt tilretteleggjing med opprusta gardsti ved fjorden og overnattings-moglegheiter i skulehuset (nedlagt som skule) på Sylvarnes, har det gått folk litt oftare over Kleivfjellet, viser hyttebøkene på Solrenningen. Kleivfjellet er staden, om ein vil gå ei trygg rute utanfor allfarveg og merka stiar i Stølsheimen. Eg gjekk åleine som vanleg, og det er slik eg har fått gått så mange ruter mange stader i heile Stølsheimen og områda rundt. Eg går ikkje mange gonger på dei same stadene. Eg går istadenfor mange stader.

God tur til det jomfruelege Kleivfjellet i all sin villskap og venleik.

Helsing Stuttjukken.

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
  • Heriks fremhevet denne emne

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.