Gå til innhold
mariapåtur

Stok Kangri erfaringer??

Anbefalte innlegg

Hei! Kunne tenke meg en tur til Stok Kangri i august. Er det noen som har erfaring fra dette fjellet, eller indisk Himalaya? Kan det anbefales? Bra utsikt? Setter pris på alle tilbakemeldinger! På forhånd takk!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Var der i -94. Fasinerande område, enkelt fjell, fin utsikt osv. Det er høgt så god aklimatisering er viktig. Vi var først ei veke i Srinagar, fin opplevelse å bo på husbåt der dersom området er trygt no, deretter tok vi buss til Leh og var der ei veke før vi gjekk på Kangri. Aklimatisering i litt større høgde kan nok vere ein god ide.

Anbefaler buss til Leh frå Srinagar eller Manali, dersom du har tid. Møtte mange som sleit med høgda i mange dagar etter å ha tatt fly, Leh ligg på 3500moh.

Vår topptur tok vi på impuls og hadde ikkje utstyr med utanom fjellsko, sekk og jakke. Mulig å leige utstyr i Leh, men det tryggaste er nok å ta med. Treng ikkje mykje utstyr, men stegjern og øks er greit å ha. Vi gjekk uten, hadde kun stavar, men det hadde vore greit med betre feste på hard snø.

Ordna med ein lokal guide som hadde telt og kokeutstyr, og esel som bar bagasjen til basecamp. Brukte ein og ein halv dag dit, men utan magesjauen til kameraten min hadde det nok gått på ein lang dag. Vi gjekk vidare uten guide frå basecamp og til 5500moh på ettermiddagen, sov ute(slumra, fraus og såg på den fantastiske stjernehimmelen) og gjekk mot toppen i 2 tida om natta fordi vi ikkje fekk sove (god sovepose er greit å ha). Brukte 6-7 timar til topps, men med stegjern hadde det gått raskare. Når sola kom opp vart snøen raskt mjukare og vi kunne gå i skjorte.

Utsikta er flott, vi såg K2 langt borte i vest, og følelsen av å stå på eit så høgt fjell er deilig, det var personlig rekord med 2400 meter. Etter litt tid på toppen retunerte vi til BC og vidare til Leh same kveld. Turen tok oss altså 3 dagar, men er du trent, utstyrt og aklimatisert kan det gjerast på 2.

Reis litt rundt i Ladakh (den regionen Kangri ligg i), det er verdt turen enten du når toppen eller ei. Skulle gjerne reist tilbake og gått ein lengre trekking-tur i eit av dei veglause dalføra som er der.

Har desverre ingen bilder å legge ut sidan turen gjekk i den pre-digitale tidsalder.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder og sporingslenker

Fjellsport Fjellsport

Milrab Milrab

Skitt Fiske

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.