Jump to content

Stølsheimen 08-11 juli 2004


kjellinge

Recommended Posts

Det vart tid for å lufta to stykk opphav og ein stykk bror i noko som etterkvart har vorte ein årleg tradisjon : ei laang helg med hytte til hytte tur.

Etter å ha vore i landskjende område som Jotunheimen og Rondane dei to siste åra, var tida no igjen kommen for å "fellesoppleva" litt meir av den meir lokale og vakraste naturen i verden - vestlandsnaturen.

Stølsheimen skulle kryssast. Planen vart lagt og gjekk frå Engjaland (2mil frå Voss mot Gudvangen langs E16) via Selhamar, Solrenningen og Norddalshytten til Ortnevik.

Vermeldingane var i begynnelsen av veka mildt sagt deprimerande, og før start på torsdag såg det framleis ut til å bli minst to dagar med meir eller mindre ufysleg ver. Torsdagen hadde imidlertid allereie fått ein perfekt start. Og for å sei det som det vart - dei neste tre dagane vart også svært solfyllte og fine!

Dag 1 : Engjaland - Torvedalen - Selhammar
Start frå Engjaland rundt klokka 10. Kjempever og nydeleg lyngkledt turterreng - og etterkvart flott utsikt mot eks. Kvitanosi - toppen av Stølsheimen. Etter eit par timar kom me fram til Torvedalen - som eg personleg held for å vera den finaste plassen i Stølsheimen. Det vart sein kveld før me kom fram til Selhammar. Etter 12 timar kom me fram til Selhammar (9 timars gange ifylgje til fots i Norge - men i slikt ver må ein jo dra dagen ut). Dei mest sletne hadde funne ut at me hadde tatt 1300 høgdemeter (noko mindre nedovermeter)

Dag 2 : Selhammar - Solrenningen
Etter ein dårleg start frå Selhammar med gløyming av kart og dermed retur, samt ødelegging av skolissene i fjellstølane til underteikna kom me oss avgarde. Dette vart den gråaste dagen men kanskje opptil fleire timar med overskya ver. Litt anna terreng en fyrstedagen med langt meir vegetasjon - særleg etter at me kom ned i Åsedalen og fortsette ned mot Stølsdammen. Etter ti timar var me framme på Solrenningen. Ein svært fin plass reint visuelt. Terrengmessig kunne eg tenkt meg det litt mindre blaudt.

Dag 3 : Solrenningen - Norddalshytten
Ein tung start på dagen med 450 høgdemeter rett opp dalsida. Og etter storefonnosen vart det eit realt snøsjokk. Faktisk gjekk 90% av resten av turen på snø, tiltross for at me i likheit med fyrste dagen bevega oss mykje i mellom 1000 og 1200 meter var det her mykje meir snø. Heldigvis baud ikkje passeringar av elvar ol. på noko problem. Ein tur oppom ein høgde på 1247 meter gav utsyn mot hurrungane, Fresvikbreen og Jostedalsbreen. Litt mykje dis til å sjå ting tydeleg men det er alltid kjekt å sjå hurrungane - så veit ein kor ein er i verden.

Dag 4 : Norddalshytten - Ortnevik
Terrenget hadde no endra seg ganske mykje. Antar at det var ein kombinasjon av at me var litt høgare enn før og at me var lengre vest. Det var mykje mindre vegetasjon - veldig lite lyng osv. iforhold til fyrste dagen. Høgdepunktet denne dagen kom sjølvsagt i det me runda over og såg fjorden for fyrste gong. Trur det er noko med vestlendingar og fjorden. At det ligg ei lita bondebygd med grøne bakkar der òg gjer ikkje den visuelle verdien for meg mindre akkurat.

Stølsheimen er faktiske eit veldig flott området å gå i. Veldig bra terreng og ein møter veldig lite folk (me møtte seks stykk på "vegen" desse fire dagane - ein god del meir var på hyttene, men ein kan altså vera ganske åleine sjølv på ruter merka med T'ar. I den austlege delen virka det som det er lett å orientera seg utan noko rute å gå etter. Til lengre vest me kom til meir oppsprukke vart fjellet og antagleg meir krevande å forflytta seg i.

Ein tur med telt og fiskestang (fisket skal etter det som vert sagt vera bra) kan nok verta svært triveleg her. Langt i mellom vatna var det iallefall ikkje.

Kommunikasjonane er ikkje av dei beste rundt stølsheimen så litt planlegging på den fronten er nødvendig. (Ved hjelp av litt missforståelsar internt i Fjord1 (dei kan ikkje lesa sine eigne ruter :) fekk me oss ein ekstratur seint på søndag - me takkar imidlertid mannskapet på Sylvarnes for svært god service!)

Link to comment
Share on other sites

  • 9 months later...
Annonse

Stølsheimen er fjellområdet som står mitt hjarta nærast. Vender du attende til Stølsheimen, ta turen til Vatnane ved Arnafjorden og opplev utsynet ned i den ville og veglause Finnafjorden. Det er Stølsheimen på sitt vakraste og mest storslagne.

Helsing Stuttjukken.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Restore formatting

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...

Important Information

By using this site, you agree to our Terms of Use, and privacy rules Privacy Policy