Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Annonse
Skrevet
Noen som har erfaring med denne? Ser jo solid ut, men er visst billigere enn omnifuel.

Eg har ein slik, men han er lite brukt, for eg har ein Optimus Nova også, og den er betre på alt anna enn å brenne gass. Og til å brenne gass, er det uendeleg mange andre brennarar som er betre enn multifuelen. Til tross for dette, kom han ut som testvinnar i dei fleste testane i si tid, men det var nok utelukkande på grunn av _moglegheita_ for å brenne gass.

Til fyring i telt, er den største forskjellen mellom Primus multifuel og Optimus Nova, flammehøgda under forvarming. Novaen har ei fin, låg flamme, medan multifuelen har høge blaffrande flammer. Ferdig opptent, er lydnivået på multifuelen også MYKJE høgare enn Novaen. Å gje meg den brennaren, var altså ikkje det aller beste reklametrikset Primus har gjort ;)

Kjelestøttene er vel dei same som omnifuelen, vide og stødige. Hadde det ikkje vore for at Novaen er så kompakt samanpakka, hadde eg vurdert å tilpasse kjellestøttene frå Primus til Novaen.

Solid er han riktignok. Den lause rensenåla er nok det svakaste punktet i så måte.

  • 4 uker senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.