Gå til innhold
  • Bli medlem

Interbond

Passivt medlem
  • Innlegg

    208
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Interbond

  1. Eg har Norrøna Arktis jakka,trur eg kjøpte den i 2002/2003, meiner det ikkje har skjedd så store endringar sidan den gong. Tidlegare modellar var tjukkare og stivare. Stoffet er av 300g/m2 bomull. I fjor kjøpte eg ein Åsnes Topp anorakk, den fås også som jakke, den har epic bomull. Foreløpig har eg ikkje fått brukt den så veldig mykje. Stoffet er 220g/m2 og har ein vasstettheit på 513 mm som vel er det ein kallar vassavstøytande.Pusteevna er oppgitt til 673g/m2/24t ,men når eg ikkje har noko å samanlikne med så kan eg ikkje sei kor bra dette er. Åsnes anorakken kjennes både tynnare og mjukare ut enn Norrøna jakka noko og tala tilseier. Til samanlikning så har Klattermusen sine bomullsjakker ein tjukkelse på 205g/m2 og vassøyle 750mm. Dei brukar :Material Etaproof 205 g/m2, 100% ekologisk bomull med fluorkarbon-fri impregnering. Kor bra desse jakkene pustar i forhold til Klattermusen sin skalljakker er vanskelig å sei då dei brukar forskjellige måleeinheiter for jakkene sine. Både anorakken og jakka til Åsnes og Norrøna oppleves å "puste" mykje bedre enn membranjakker eg har. Eg opplever ikkje epic bomullen i denne anorakken som noko dårligare enn Norrøna jakka når det gjeld "pusting",men som sagt så har eg ikkje fått hardtesta den. Positivt er at den tørkar veldig fort om det har regna. Begge plagga er i samme størrelse,men Norrøna oppleves som veldig stor i forhold til andre merker. Åsnes er litt mindre ,men oppleves som over gjennomsnittett stor i forhold til andre merker i samme størrelse,men så er dette ein anorakk og ikkje jakke. Jakka hadde kanskje føltes endå større enn anorakken?. Har og prøvd Åsnes Topp nikkers som passar fint medan Bergans Finse nikkers i samme størrelse er håplaust trang for meg. Dette med størrelsar er greitt å vera klar over om ein handlar på nett og ikkje får prøvd i butikk. Korleis Bergans Finse sin epic bomull er i forhold til Åsnes Topp sin epic bomull kan eg ikkje sei. Eg har studert merkelappen på Finse produkta ,men dei manglar informasjonen du finn på Åsnes sine produkt. Prinsippet er det samme ,men tjukkelse kan kanskje variere?
  2. Kanskje denne kan vera ein muligheit? Berre litt over budsjettet. . http://komplettfritid.no/product/marmot-wms-ouray-alpenglowgranite-56lft?utm_source=kelkoono&utm_medium=cpc&utm_campaign=kelkooclick&utm_term=Marmot%20Womens%20Ouray%20Alpenglow/Granite%2056 Oppgitt temperatur passar med det du oppgir http://marmot.com/products/wms_ouray?p=117
  3. Er det nokon som har prøvd Helsport Femunden 85l ? Er klar over at dette er ein rimelegare sekk,men eg treng ikkje ein for å bera dei tyngste børene berre ein med bra plass til ca 20-25kg max.
  4. Eg kan sjølv innrømme at eg nok har handla for mykje friluftsutstyr og klær , altså ting som egentlig er unødvendig. Eg er vel ikkje den første som innrømmer det her eller......? Når det gjeld membranklær så kan eg heilt bestemt sei at den største skuffelsen eg nokon gong har opplevd på friluftsklærfronten var første jaktdressen eg kjøpte med gore-tex. Det var i 1994 og eg var hjernevaska og ukritisk til kor bra gore-tex var ifølgje reklamen. Aldri før har eg vore så sveitt og blaut som den sommaren eg prøvde desse kleda. Naiv som eg var trudde eg at sveitten lett skulle bli transporttert vekk, men nei kleda blei kliss blaute. Dressen har eg fortstatt , jakka er faktisk så fin at eg brukar den til "sivilt" bruk og ikkje jakt . Og til bruk der ein slepp å anstrenge seg er den ok,men ikkje til å gå seg varm i. Seinare har det blitt nokre få plagg til med gore-tex,men eg har innsett at dei passar best til stillesitting på jakt i regn og vind,men til slikt bruk har eg ein Jerven Hunter duk som egentlig gjer gore-tex kleda overflødige. Så i dag går eg meir vekk frå gore-tex til aktivt bruk pga dei elendige pusteegenskapene. Det største positive framsteget eg gjorde på utstyrsfronten var å gå fra gummistøvlar til fjellstøvlar i lær. Det gjorde friluftslivet mitt mykje bedre. Ellers har eg merka med alderen at tynt liggeunderlag som var vanleg før blir for dårlig for ryggen min no. Exped sine tjukke dunfylte underlag har verkeleg revolusjonert det å ligge ute/i telt for min del. At friluftslivutstyr har blitt relativt billegare med åra trur eg kan stemme for mange produkt,men til gjengjeld kjøper vel folk meir produkt no enn før slik at ein totalt kanskje brukar meir på dette no enn før?
  5. Når ein her seier at ein bomullsanorakk ikkje er heilt vindtett så stemmer dette. Om eg hugsar rett så fantes (finnes?) det ein definisjon på kor vindtett vindtett egentlig er. Såvidt eg hugsar så hadde ein produsent lov å kalle anorakken vindtett sjølv om den ikkje var 100% vindtett,Akkurat kor mykje vind som fekk sleppe igjenom hugsar eg ikkje.. Det stod forresten ein test av anorakkar i eit nr av Forbrukerrapporten på 80 tallet trur eg det var. Eg gav forresten vekk 3 anorakkar gratis i år. 2 etter mine foreldre som dei ikkje brukar lenger då dei hadde kjøpt seg Norrøna anorakkar i 100% bomull, og ein som eg sjølv hadde i min ungdom, med ulvepels.Alle var blanding av bomull/polyester,min var av merke Skilom. Kunne kanskje solgt dei,men berre min var i tipp topp stand så den fekk ein spesiell person. Dei andre bar preg av å vera brukt,men var likevel.godt brukande.
  6. Forutan at Åsnes sin Topp anorakk er i epic bomull så synes eg ikkje den er noko meir teknisk i utforminga enn dei gode gamle anorakkane.Den er laga i "retrostil" og skil seg soleis ikkje noko særleg ut fra dei den eldre utforminga om ein då ser bort frå at eg synes brystlomma kunne vore litt djupare. Vil ein ha ein eldre type utan epic så er som andre nemner nok Fretex staden å leite.
  7. Oslo Sportslager solgte Åsnes sine anorakkar til langt rimelegare prisar en veildande.pris på 2000kr eller meir. Eg betalte omtrent like mykje for Topp anorakken som andre tar for Bergans sin Morgedal anorakk på tilbud. Forresten så skjønar eg ikkje vitsen med at einkelte produsentar kallar sine jakker for anorakk. For eksempel er Bergans Finse ei jakke og ingen anorakk. Norrøna kallar sin Arktis modell for anojakke, ok greitt nok,men det er ei jakke likevel. Ei jakke er ei jakke og ein anorakk ein anorakk. Det har med utforminga å gjere ikkje om den er laga i bomull eller bomullsblanding. Åsnes Topp anorakk er eg forresten godt fornøgd,men eg har foreløpig ikkje brukt den på fjelltur. Skal eg kome med kritikk så må det vere at brystlomma kunne vore større, og at det kunne vore gjennomgåande lommer nederst,men det er ei smakssak. Den virkar ikkje så tjukk og pustar bra. Sidan den er i epic bomull så merkar eg godt at den tåler litt nedbør uten å føles våt. Såleis har den ein fordel i forhold til ein eldre anorakk. Bergans sin Morgedal anorakk som vel er nærmaste konkurrent er og i epic bomull,men eg har ikkje prøvd den.Om det er lik tjukkelse på stoffet eller andre forskjellar veit eg ikkje,. Årsaken til at eg kjøpte Åsnes sin modell var at den var på tilbud. Når eg har vore ute og gått med denne anorakken no i kulda så merkar eg godt at den er av bomull, og ikkje er ei klam og tett skalljakke med membran.
  8. Tiur3 ved kjøp av Devold Active som er undertøy med syntet Thermolite innerst og ull ytterst så følgjer det med ein lapp der det står kor bra ulike stoff varmar i tørr og våt tilstand. Kan det vera det du tenker på? Eg har ikkje dette tilgjengelig her,men meiner nokre syntetstoff slik som det Devold kallar Thermolite kom bra ut. Litt omtale av Thermolite her http://www.tacky.no/...rticle/?id=8371 http://www.advancedfibres.eu/thermolite.htm
  9. Kanskje Ulvang Rav ullgenser og ullbukse? Dette er ikkje altfor tjukke ullkler 450 g/m2 ,men det vi kan kalle mellomtjukt. Finns no på tilbud hos www.fjellsport.no for 399kr for trøya og 350kr for buksa .
  10. Er du ute etter ei varm bukse som mellomplagg så har http://www.fjellsport.no/kampanjer/salget/lagerrydding/ulvang-rav-pants-koks-melert-gra-herre.html tilbud på Ulvang Rav pants for 350 kr. Sikkert fin å ha utapå ein tynnare longs når det er skikkelig kaldt. Tilsvarande genser. er og på tilbud http://www.fjellsport.no/kampanjer/salget/lagerrydding/ulvang-rav-sweater-w-zip-skoggronn-gronn-herre.html for 399kr. Ulltjukkelsen er 450g/m2 . Til samanlikning så er Ulvang Zirkon genseren 600 g/m2
  11. Topp vintersovepose Ajungilak Denali for kun kr 1699 http://www.fjellspor...ason-210-v.html
  12. Både Helsport og Ajungilak brukar EN 13537.
  13. Det hadde vore fint med ein oversikt over firma som selger friluftsprodukt som har julekalender eller gir bort julegaver. Her er dei eg har funne så langt aclima, sportsnett,bergans, komplettfriid, norrona http://skittfiske.ad...alender.no/���� devold Fleire av dei finn du enkelt på Facebook
  14. Ser at merket Mountain Equipment er nemnt i denne tråden, men dei har faktisk fokus på kva slags dun dei brukar http://www.thedownproject.me.uk/down-codex.php Det er mange av dei seriøse produsentane av soveposar og andre dunprodukt som er svært bevisste på dette. Ein kan sei mykje rart om Peta og andre dyrevernorganisasjonar,men problemet med plukking av dun frå levande fuglar er ikkje noko tull og tøys dei har funne på. Då trur eg neppe dei ulike produsentane av dunproduktane hadde brydd seg. At dyrevernorganisasjonane kanskje gjer problemet enda støre enn det i verkelegheita er, er mulig,men problemet er i alle fall der. Penn og Tailer som kritiserer Peta m.m er mest som underhaldning å regne i den forbindelse og ikkje seriøs kritikk. Forresten så er det eit paradoks som einkelte nemner at nordmenn gjerne vil kjøpe billige produkt produsert under "ymse" forhold,men samtidig kjøpe dyre bilar. Eg trur det har med status å gjere, Matvarer som status derimot trur eg berre gjeld ei ytterst lita gruppe mennesker i Norge. Ellers hadde ikkje folk kjøpt så mykje billige First Price produkt o.l.. Bilen er synlig for alle , det er ikkje maten ein et heime. Ja mange nordmenn er blitt statussøkande og forfengelige, uten tvil.
  15. Isolasjonevna til plagg med netting og uten er ikkje så enkelt å samanlikne. For eksempel så veg Aclima sin Woolnet serie 120 g/m2 , og den nærmaste samaknliknbare er Aclimas Lightwool serie på 130g/m2,men eg vil tru nettingtrøya oppleves varmare så sant ein har eit plagg utapå . Ellers vil ullnettingen med sine store hol opplevast kaldare og luftigare,men det er vel ikke så ofte ein brukar berre ullnetting på kroppen utan noko utanpå, untatt om sommaren,men då er det andre egenskaper ein er ute etter som god lufitng. Brynje sin ullnetting er endå lettare enn Aclima sin. Dei plagga eg ramsa opp i forrige innlegg har følgjande tjukkelse ;Devold Expedition 235 g/m2, Åsnes Polar 240,Bergans Krekling 260, Bergans Svartull 320,Devold Nature 250, Devold Optimum 230, Janus Sportswool Ullfrotte (83%ull) 350 g/m2, Devold Thermo Jacket 470 . Tar og med ei "skikkelig" ulltrøye Devold Blåtrøie jacket 500 g/m2. Dei to sistnemnte kan brukast som utapåjakker.. Blåtrøia er tett strikka, nesten vindtett og det uten bruk av for eller membran. Woolland som eg nemnte har for meg ukjent tjukkelse. Når det gjeld Lannulva så er dei i det eg vil kalle ein klasse for seg sjølv. Dei er ikkje vanleg tett/ribbestrikka eller ullnetting, dei blir i praksis ein slags mellomting då strikkemetoden er lufig og tjukk i motsetning til ullnetting som er mykje tynnare. Både tjukkelse og strikkemetode gjer at det pustar godt,men og er veldig varmt. Typiske ullfrotteplagg med 50-70% ull har eg ikkje tatt med,men dette er ofte plagg som isolerer svært godt.. Om plagg av lik vekt,men ulik konstruksjon er like varme er eg ikkje så sikker på. Luftig strikking gir bra pusteevne og god isolasjon under forutsetning av eit lag utapå som beskytter mot vinden. Andre meir vanlig plagg blir meir tette ,men oppleves til gjengjeld ikkje så trekkfulle om ein berre brukar dei på kroppen under tur. Ellers kan eg anbefale ei slik trøye http://shop.ibex.com/Apparel/Mens-Long-Sleeve/M-Shak-Jersey den fås også med heil glidelås som jakke. Tjukkelsen er 390g/m2 noko som gjer at den kan brukast som mellomplagg eller undertøy ved svært kaldt ver og ytterplagg ved mildt ver. Prisen er høg ,men eg fekk den til 1/2 pris. Kvaliteten og slitestyrken er heilt på topp etter mitt skjønn.
  16. Det spørs kva du meiner med ei ulltrøye? Sidan du ikkje bruker ordet ullundertøy eller ullgenser så tolkar eg det som det eg vil kalle tjukt ullundertøy som også kan brukast som mellomplagg. Kan då nemne Devold Expedition og Åsnes Polar, eg har begge desse og dei er ikkje altfor tjukke. Åsnes trøya føles litt tjukkare. Eller har Bergans komen med ein ny serie ullundertøy der dei to tjukkaste modellane Krekling og Svartull begge er tjukkare enn dei to eg har,men dette er ganske dyre plagg. Ellers har eg funne eit for meg ukjent merke http://woolland.no/u...og-konsept��som skal vera ganske tjukt om det er det du er ute etter. Og i tillegg har Devold ein modell som heiter Nature som er endå tjukkare enn Expedition modellen. Og ein ved namn Optimum som er ein hettegensar. Skal du ha tjukkare plagg enn dette så har Janus nokre aktuelle modellar i Sportswool serien. Devolds Thermo Jacket. er ei temmelg tjukk jakke i ull, meir ei utapåjakke.
  17. https://www.devold.com/outdoor/default.aspx?menu=562&gender=564&category=2&id=2307 I Devolds nettbutikk er det no bra tilbud på Multi Sport boxer kr 149 før kr 249. Devold sender fraktfritt viss du bestiller over ein viss sum (300kr?)
  18. Alle veit kva ei topplue er ,men prøv å leit etter ei i butikkar og du må leite lenge før du finn ei skikkelig topplue. Med skikkelig topplue meiner eg ei lue som smalar litt av mot toppen og med ein dusk. Ikke så smal og lang i toppen at den ser ut som ei nisselue .Og ikkje minst lua må vere av ull. Rød eller blå topplue har vore brukt av nordmenn i generasjonar ,men no er den blitt svær vanskeleg å oppdrive. I dag går det mest i "beanies" altså luer som er meir eller mindre runde i toppen. Og finn du ei lue med dusk på toppen so er lua meir eller mindre flat eller rund på toppen. Og finn du ei som lignar på den klassiske modellen så kan du vere sikker på den er i akryl Merkelig nok klarer eg knapt å finne eit skikkeleg bilde av ei vanleg normal skikkelig topplue på internett, nei då må eg finne fram bildealbum eg har. Så kvar har det blitt av den klassiske topplue i ull? Er det forresten nokon som har strikkeoppskrifter til ei slik lue , ho treng ikkje nødvendigvis vere rød eller blå, gjerne med mønster.Så kanskje eg kan få nokon til å lage ei slik til meg. Topplua er for meg ein del av norsk kulturarv, om den er "utrendy" eller "ukul" bryr ikkje eg meg om.
  19. http://www.janusull....uest=yes��Janus har heilt nyleg opna eigen nettbutikk der dei og har eit eige tilbudstorg. Dei leverer fraktfritt ved kjøp på minst 800kr. Kjøpte meg ein del Summerwool shortsar på tilbud. For dei innvidde så er ulla 17.5 mikron og stoffet er 160g/m2.
  20. No er det jo ikkje så rart at land som for eksempel Danmark eller Nederland satsar på vindkraft, potensialet for vasskraft er ikkje akkurat så stort det for å sei det mildt. Midt oppi denne debatten om kraft , kvar har det blitt av bølgekraftverka som det var ein del snakk om for ei tid sidan? Er det og ulønnsom kraft som må subsidierast for i det heile tatt å kunne byggast ut? Eller forsking på thorum som energikjelde som spesiellt Frp var opptatt av for nokre års sidan?
  21. http://kuiu.com/thehunt/merino-wool?page=1 Her er litt nyttig info om kva merino ull er. Må legge til at den finaste ulla som blir brukt i friluftsplagg er 17.5 mikron. Kan forresten nemne at Kuiu er eit nytt firma som satsar spesiellt på lette klede til jakt,men som også kan brukast til generellt friluftsliv. Ikkje for den som likar moteriktige fargar,meir for den som likar funksjonelle klede. Kunne faktisk tenkt meg den dunbuksa dei har med 850+ dun.
  22. Ser at ein del her klager på slitestyrken på ull. Ull er uten tvil ikkje så slitesterkt som syntet,men eg lurer på om folk vaskar ullundertøyet/ullkleda sine for ofte? Om ein har vore ei helg på fjellet og sveitta mykje så treng ein ikkje vaske ullundertøyet, heng det ut til lufting og det luktar sannsynlegvis friskt etter 1 dags lufting. Vaskemaskin sliter veldig mykje på kle, ikkje berre bruken. Har du 2 eller fleire sett så bytt gjerne kvar dag, då kan du forlenge tida mellom kvar vask ytterlegare før det blir lukt. Etter eg begynte å praktisere dette så går det lang tid mellom kvar gong eg vaskar kleda, og det uten at eg går rundtog luktar surt. Resultatet blir at kleda varer lenger og ein sparer miljøet for unødig bruk av vaskemaskin.
  23. REs 11.september eller 911 om du vil, kan også være valgt av en anna grunn, som kjent er 911 nødnummeret i USA. Tilfeldig? Det tror eg neppe. Madrid terrorangrepet kom forresten 911 dagar etter 11.september terroren i USA. I ei eller anna nettavis blei det nevnt ein som deltok fordi han trodde han kunne kjøpe seg pistol når jegerprøven var i boks. Kanskje unødvendig å fortelle at han slutta før han var ferdig når han oppdaga at så enkelt var det ikkje.
  24. Meget bra tilbud på Brynje Classic (Wool) http://villmarksbutikken.net/Produkter/Klaer/Undertoey/Lagerrydding-Brynje einaste "aberet" er at det kun er raud farge igjen.
  25. Angåande tynne sokkar innerst så har eg sjølv desse http://www.ametrine....e.no/node/526�� Desse sokkane skal også vere tynne og dei inneheld meir ull,men eg har ikkje prøvd dei sjølv http://www.ametrine....e.no/node/582�� Må berre og ta med denne for alle som er plaga med at sokkar forsvinn i vasken http://www.ametrine.no/node/546
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.