
Interbond
Aktiv medlem-
Innlegg
216 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
1
Interbond vant dagen sist 12. mai 2013
Interbond hadde mest likt innhold!
Om Interbond

Profile Information
-
Gender
Not Telling
Interbond sine prestasjoner
-
Her er forresten eit par gamle bilder av teltet der bardunene ikkje er festa.Det er eit 1 manns telt med stor vestibyle.
-
Trur eg berre lar det vere som det er. Eg oppdaga bøygen da eg satte opp teltet ved overnatting i nesten 1600moh i opent landskap. Vinden blåste opp i stiv kuling i vindkasta heile natta, men ingen problem. Teltet stod stødig. Var litt forbaska å få den bøygen, noko som ikkje har skjedd under bruk. Eg spurte ChatGPT og foruten ein måte å rette den ut på så foreslo den å bytte ut eit stangledd med følgjande NFL Featherlite 8.7mm | buy online at extremtextil sjølv om denne er 8,7mm så skulle den visstnok passe på ei 8.84mm stang. Eg målte leddet til 36,5cm og trur 36cm ikkje gjer nokon forskjell i praksis. Ser at det har vore litt debatt om Extremtextil til Norge, men så vidt eg kan sjå så sender dei hit no
-
Var nylig på ein tur og oppdaga da at eit ledd på hovedteltstanga var bøygd , veit ikkje akkurat kva som kan ha skjedd, kan muligens ha trakka på den. Stanga er 8.84 mm DAC Featherlite . Det var ingen problem å få satt opp teltet pga av dette,men stanga halla litt innover nede på eine sida. På bilda har eg lagt med motsatt ende av stanga for samanlikning og på det andre har eg delt leddet der stanga er skeiv. Har noko eit godt råd for å rette ut stenga uten å øydelegge den?
-
Viss du ikkje har fiska på 20 år og skal begynne igjen så bør du vere obs på ein ting ; moderne fiskestenger med karbon har mange fordeler mot eldre tiders stenger ,men dei har ein stpr bakdel. Dei er mindre robuste mot kakk og slag. Grunnleggende fiske: Slik knekker fiskestengene Tar ein hensyn til dette og er forsiktigså er ikkje dette noko problem. Omdu vil ha meir robuste stenger så finnes det fortsatt einkelte slike modeller å få tak i. Eg ser det ein som advarer mot Lawson stenger- Eg hadde ei Lawson Adventure stang som eg kjøpte i fjor. Dette er rekna som ein billigmodell. Den knakk ved tørrtrente heime i hagen da eg testa aksjonen. Eg kjøpte fleire andre stenger fra Berkley og Daiwa- ingen problem med dei. Heller ingen problem med ei Lawson Explorer teleskopstang. Eg fekk igjen eit anna produkt då eg reklamerte sidan eg fann ut at eg egentlig hadde nok stenger og heller trengte polariserte solbriller, 😎
-
Exped downmat 9Lw blir vi bare lurt?
Interbond svarte på Ragnar Løkka sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Kor vanlig er dette? For rundt 15 år sidan kjøpte eg ein Exped Downmat 7 LW. Eg testa den ut heime nokre få netter, no er dette så lenge at eg ikkje hugser detaljane ,men liggeunderlaget utvikla nok raskt ei slik "boble, berre mykje verre enn på bildet. Det var faktisk heilt ubrukelig. Det kom aldri i bruk utover testing,men vart rulla lett saman og satt i eit skap. Sidan vart det heilt gløymt.Har overnatta lite i telt etter det,men har da brukt eit enda eldre Thermarest underlag som fungerer fint fortsatt. Men når det blir teltur snart i september så kom eg på Exped underlaget og det var like elendig no, samme svære bobla dukka opp. Eg skulle sjølvsagt reklamert den gongen,berre dumt av meg å ikkje gjere det. I staden vart det kasta rett på bossmottaket, trur ikkje eg kunne ha brukt det til noko utanom å skjere det opp for å sjå konstruksjonen,😆. Vurderte lenge kva eg skulle kjøpe for Thermaresten er ikkje god nok for ryggen min, Vurderte Exped Dura 5R LW som er syntet og Dura 6R LW som er med dun. Seinare i dag fann eg eit bra tilbud og bestillte i staden ein RAB Stratosphere 5.5 LW. . Vektmessig er desse 3 ganske like , R verdien varierer fra 4.8 til 5.8 med Rab'en på 5.5 Isolasjonmessig er dei kanskje "overkill" til mitt bruk då dei neppe blir brukt mykje om vinteren,men seinhaustes i høgfjellet 1400moh.+ blir det nok. Exped'ane er 7cm tjukke og RAB 8cm. No når eg ser denne tråden om dun i Exped liggeunderlag så er det vel like greit at det vart eit i syntet. Eg ville ha eit underlag som var solid og slitesterkt så difor enda eg opp med ikkje av dei lettaste underlaga.Vekta er 1060 gram akkurat det samme som for Dura 6R LW. PS den gamle Downmatn 7 LW vog 1110g og hadde oppgitt R verdi 5.9 ifølgje pakksekken. -
Er det noen som har erfaring med dette liggeunderlaget ? https://www.hektapatur.no/sove-ute/liggeunderlag/3-sesongs-liggeunderlag/warmpeace-stratus-lite-liggeunderlag
-
Er det nokon som har prøvd å vaske ullgenserar/jakker osv som er merka med håndvask i vaskemaskin på ullvaskeprogram? Eg tenker da først og fremst ullprogram på 30 grader og kva slags erfaringar folk har gort med dette. Dette gjeld og håndstrikka plagg som da sjølvsagt er umerka. Eg har gjort det nokre få gonger og det har stort sett gått bra. Ei gong vaska eg ei veldig rimelig ulljakke fra Swedteam kjøpt hos XXL, den var i utgangspunktet litt stor og krympa litt slik at ho vart passelig. Det samme med ein kinaprodusert genser som eg kjøpte i samband med OL i 1992, den og krympa litt og vart passelig. Prøvde her om dagen å vaske ein ullgenser fra Bråtens og merka ingen forskjell, det hadde ikkje gjort noko om den krympa da den er litt for stor. Har og vaska ein Submariners Jumper fråOutdoor Knitwear den er merka med maskinvask 40 grad, det gjekk greiit uten at eg brukte ullprogram, da mitt kun går til 30gr. Vaska og ein anna liknande (no utgått modell) nautisk genser frå samme produsent på 40gr ,men den krympa slik at den vart ubrukelig. Rett nok var merkelappen vekke slik at eg tok ein sjanse med å vaske den på samme måte. Har og sett nokon som vasker Devold sine klassiske ullgenserar i maskin for å få dei litt tettare, om dei i utgangspunktet er litt store. Akkurat det har eg ikkje tatt sjansen på enno.
-
Kortreiste klær? Hva lages egentlig noenlunde nær Norge?
Interbond svarte på Bjørja sitt emne i Bekledning
Bråtens sine ullplagg lages i Polen av norsk ull i genserane . Til undertøy merinoull som er importert. Dale of Norway lager sine plagg i Vaksdal med norsk ull og importert merino. Norlender lager sine produkt på Osterøy med hovedsaklig norsk ull + merinoull i einkelte plagg. Dessverre er Norlender ukjent for mange nordmenn, eg finn til dømes ingen ting om dei her på Fjellforum. Ein anna relativt kortreist produsent er Outdoor Knitwear i England . Dei brukar britisk ull . Handler ein hos dei så drar dei ifra moms på 20% og har ofte gode rabatter. Spesiellt på utgående modellar kan ein gjere gode kjøp.Eg har handla hos alle desse 4. Dale og Bråtens er nok mest kjent og kan anbefalast, eg vil og sei at Norlender har flotte produkt på linje med Dale ,men litt billigare sjølv om også dei kostar ein god del. Outdoor Knitwear har masse modellar ,men i ein litt anna stil for dei fleste plagga. Deiras mest kjente plagg er kanskje den originale Nato genseren . Fleire av genserane fås med ubehandla/ufarga ull og skikkelig lanolinlukt. https://outdoorknitwear.com/en/ https://norlender.no/- 9 svar
-
- 1
-
-
Eg har begge setta fra Aclima og Brynje + trøya fra Devold. Er stort sett enig i det som har komme fram men må tilføye ein negativ ting; det blir lettare dårlig lukt i Aclima sin ullnetting enn dei to andre.Sjølv Brynje som har større andel syntet er bedre på dette punktet etter min meining
- 8 kommentarer
-
- ull
- nettingundertøy
-
(og 6 andre)
Merket med:
-
Varde blanding av ull og silke kan absolutt anbefales. Har hatt ei slik trøye i flere år. Er ei medium minus tynn trøye.
-
Ut av bildet å dømme ser det ut som ein eldre modell av Janus Design Wool.Design Wool lages fortsatt,men har no litt andre fargar og mønster.
-
Hammer eg synes kort og godt at du tar altfor lett på dette. i motsetning til mange andre her på forumet og andre lands myndigheiter. Verdt og merke seg er at mange av desse landa har ein geografi som gjer det mykje lettare å få god dekning med DAB enn Norge, likevel føl dei ikkje etter Norge. Problemet med myndigheitene er ikkje argumentene til dei som er imot slokking av FM nettet i 2017, problemet er at myndigheitene overhodet ikkje vil diskutere saken.
- 72 svar
-
- 2
-
-
No synes eg ikkje me skal vera altfor kritiske til DAB. Eg har sjølv DAB radio heime og får mykje bedre lyd i sendingane, godt å sleppe skurr. Både heime og mange andre steder, altså ikkje på fjellet,men der folk bur, så har eg opplevd det som ein fordel med DAB, ikkje berre pga av bedre mottak,men og mange fleire kanalar .Ein heilt anna diskusjon er om kanalane som er per i dag gir ein mykje større variasjon i kanaltilbodet? Mange av dei,spesiellt dei kommersielle, synest meg å vera veldig like i innhald dessverre.Større utvalg er ikkje nødvendigvis større mangfold. Problemet er at FM nettet blir vekke.. Om me beheld begge "systema" så er det ikkje problem om DAB er dårlig til fjells så lenge me har FM. Derfor er eg ikkje enig i at DAB er ubrukelig. Vel eg ser kanskje eit problem og det er om ein kun har DAB radio i bilen,og ein opplever at det kun er dekning på FM. No har eg ikkje så god greie på dette,men sidan vanlege radioar har FM og DAB så finnes det vel og bilradioar med begge deler? BJV, hadde ikkje radioen din både DAB og FM? Eller var problemet at du ikkje kunne bruke ei slik "modifisert" antenne på akkurat denne radion sjølv om den og hadde FM? PS! Tenkte og på ein ting til; viss me må vraka alle FM radioane våre, er det veldig miljøvennleg? Tenker ikkje da på avfallsproblem ,men kast og bruk mentalitet? I tillegg blir det jo ein ekstra kostnad som alle får.
-
Eg har 3 arbeidskolleger frå Philipinene, ei kvinne og to menn. No er alle sosiale og hyggelige ,men to av dei er meir sosiale enn den tredje. Desse to har eg som venner på Facebook. Dette kombinert med slik eg kjenner dei i arbeid og ellers så er det tydelig at dei likar veldig godt å omgås masse folk.. Mest frå sitt eige heimland, dei reiser gjerne til byar for å treffe sine landsmenn når dei har fri,men dei omgås også nordmenn. Desse to, spesiellt kvinna, går ikkje så mykje turar. Den tredje som ikkje er på FB omgås også sine landsmenn,men då mykje sjeldnare og helst slektningar. Han er nok den som lignar mest i oppførsel på oss nordmenn. Han har faktisk og fått interesse for friluftsliv og spør meg ofte til råds om turar. No er Asia veldig stort så det er vanskeleg å generalisere,men mange stader så bur folk tett og er vant med meir fellesskap enn nordmenn. At dei tar denne ballasten med seg til Norge er vel ikkje så rart? Når det er sagt så har eg ein kamerat her på landet som er ivrig jeger og friluftsmann og me har ein del turar i lag om hausten på ein støl,men han får aldri med seg kona dit ,ho er norsk, for ho hatar å bruka utedo!
-
Ein ting er dekning der folk bur (fast) ein anna ting er dekning til fjells på hytter,telt eller anna. Etter det eg forstår så blir dette mykje dårligare då signala ikkje rekk så langt. Ein anna ting som einkelte nemner her er at ein DAB batteriradio brukar mykje meir straum enn ein vanleg FM radio. Om ein då er på hytta der det ikkje er straum , og må bruke batteri så får ein enten store batteriutgifter eller endå verre ein går tom. Eg veit om folk som tok med seg DAB radio til fjells der det ikkje var straum pga litt dårlige FM forhold, dette var ikkje langt til fjells ,men nok til at det blei blir skurr på FM radioen. DAB fungerte fint der,men pga enormt forbruk av batteri så bytta dei han heller ut med ein litt skurrete FM radio. No kan kanskje DAB radioar i framtida bli bedre energibesparande,men per i dag er dette eit problem. Da blir det veldig merkelig når eg ser DAB diskutert i media at akkurat desse problema ikkje blir nemnt i det heile tatt. Ikkje i eit einaste innlegg av dei som forsvarar utkoblingen av FM nettet så blir problemet med dekning til fjells nemnt, heller ikkje dette med batteriradioar. Heller ikkje media har tatt opp denne problemstillinga. No har eg sikkert ikkje fått med meg alt,men dette burde vera ei problemstilling som nemnt kvar einaste gong utkoblingen av FM nettet vart diskutert. Så alvorlig er det. Var det ikkje i år dei ville ha inn forslag til endring av fjellvettreglane? nr 3 . Vis respekt for været og værmeldingene må da kanskje skrivast om med forbehold om at det er dårlig radiodekning til fjells.
- 72 svar
-
- 5
-