Gå til innhold

bygut

Aktiv medlem
  • Innholdsteller

    39
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om bygut

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Det lurer eg og på. Berre åtte dagar til Portugal-flyet no.
  2. bygut

    Forhold Breheimen

    Så bra. Høyres ut som eit eventyr. Kvar gjekk de til og frå Spørteggbreen?
  3. bygut

    Forhold Breheimen

    Draumeforhold på Spørteggbreen dei to forrige helgane. Lettgått føre, men mykje snø. Har vore veldig stabilt, men det endrar seg sikkert litt med nedbøren som er meldt i dag og i morgo. Akkurat tilhøva på den søraustre delen av breen veit eg ikkje noko om.
  4. bygut

    Sesong for fotturar i Jotunheimen?

    Supert skiføre frå Juvasshytta til av Piggen 27. juni i fjor.
  5. Eg har sjølv Storetind med Speed-binding og tlt5 sko. Ikkje den skia eg brukar mest, men absolutt eit oppsett er likar godt på alle turar der ein skal kombinere labbing med køyring. Enormt mykje lettare å gå med enn alle telemarksko eg har høyrt om. Både pga lav vekt, stort utslag i leggen, liten motstand i "hengslinga" og at rotasjonsaksen er langt bak i høve til tåa. Det vil seie at aksen går ca gjennom stortåa i staden for fleire cm lenger framme. Eg gjekk 5-dagars pulk-/telttur sist vinter med dette oppsettet. Er ikkje i tvil om at eg ville valgt same skia om eg skulle gått den turen på nytt. Men det er klart at til skiløping så ønskjer ein at sko og binding skal gje ein meir dynamisk fleks når hælen løftes i frasparket. Det skal likevel vere svært lite køyreterreng på ein tur for at eg skal velge fjellskia med kabelbinding og lærsko. Det største argumentet for sistnemte oppsett er at ein slepp å rigge om mellom gå- og køyremodus. Dette argumentet forsvinn om ein likevel skal ta av/på feller. Eg har brukt mine Storetind/tlt med kortfeller, langfeller, smurning og klister. På turar frå 5 til 30 km.
  6. bygut

    Pulk sekk/ sele

    Takk for svar Anti. Om eg skjøner deg rett har du festa i utstyrsløkkene på hoftebeltet når du gjeng med stivt drag og i skifestene når du gjeng med taudrag? Og det har holdt i lang tid over mange kilometer? I så fall skal eg og prøve dette.
  7. bygut

    Pulk sekk/ sele

    Korleis fester du pulkdraget til varainten Anti? Eg har planar om å gå ein langtur i vinter med pulk og har Variant 52 til å dra med, men eg er usikker på korleis det er best å feste sekk og pulk saman for å ikkje gnage i stykker sekken.
  8. Specsavers i Sogndal har i alle fall. Akkurat kjøpt nye til sonen min der. Dei er supre til fjellbruk.
  9. Specsavers har gode sports-solbriller med styrke. Eg kjøpte med så mørke glass at dei ikkje anbefalast til bilkøyring. Fungerer meget bra på høgfjellet og er billige. Brukte dei mellom anna no i påska.
  10. Eg veit ikkje av nokon annan bre i Noreg der du har tilgang på så mykje variert moro med så kort anmarsj som du har på Nigardsbreen. Etter 25 min til fots så er du midt oppi sprekkområdet nederst på breen. Og oppover breen er det mykje å ta av. Du kan få det så vanskeleg du vil. Over ca 700 moh så minkar det kraftig på turisttaulaga så der får du ha isen for deg sjølv stort sett. I tillegg kan du sjekke ut Fåbergstølsbreen og Tuftebreen. Begge desse har moderat anmarsj, ca 1 time. Andre godbitar i området er Austdalsbreen og Tunsbergdalsbreen, men dei krev båt/kajakk eller lang anmarsj.
  11. Er litt kjent på deler av strekningen. Du må ikkje rekne med å kunne følge sommarvegane med tanke på skredfaren. Omvegane kan moglegens bli dryge avhengig av tilhøva. Ellers er det mykje fantastisk skiterreng i breheimen som absolutt er verdt å bruke nokre dagar på, men du må rekne med å trakke egne spor og difor må du ha kontroll på orientering/skredvurdering.
  12. bygut

    Handspiken på sykkel

    Kjenner noen som har "sykla" her. Myr bæring/trilling fra Mysubytta til Styggevassdammen. Særlig hvis dere kommer fra øst. Men overkommelig og en fin tur i følge de som har gjort det. Selv har jeg bare gått der. Anbefaler å vente til snøen har minka litt utpå sommeren.
  13. bygut

    Klatre/bre/alpinkurs?

    Sjekk ut norgesguidene.no og bfl.no Kompetente folk som både har gode kursprogram og som tilbyr skreddersøm.
×

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.