Gå til innhold
  • Bli medlem

krokavatnet

Aktiv medlem
  • Innlegg

    429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av krokavatnet

  1. Eg har Brede og deler røynsla som Thorq har med Froste. Brede er digg når det er skikkeleg ruskevér sommarstid, men ho er tett og er specca for meir vinterlege aktivitetar. Dette gjer at eg har opplevd jakka som for heit til mange turar i sommarhalvåret. I tillegg er vekta for høg til at dette er ei jakke eg har i sekken som regnplagg. Men Brede funkar som heilårsjakke.
  2. Dersom du er innstilt på å importera så kan du vel like gjerne sjå etter Denali Pro frå Gregory? Ligg vel på halve prisen i USA samanlikna med sportsnett og Oslo Sportslager.
  3. Har ikkje lese alle innlegga her, men ein ting er aldri å byggja seg hytte.
  4. Afe nemner brødbaking og der har eg same innstilling. Brød er sjølvsagt best når dei er heimebakte, men det er óg økonomiske føremoner med å baka sjølv. For det fyrste vert prisen per brød lægre enn om ein kjøper brød og for det andre er det veldig sjeldan eg kastar heimebakt brød. Vidare er det slik at ein då lettare har oversikt over brødstatusen i heimen og i mindre grad treng å ta ein liten tur innom butikken for å kjøpa brød, noko som lett fører til at ein kjøper andre ting som ein eigentleg ikkje skulle ha. Brødbakinga resulterer for min del i færre turar til butikken. Ein annan ting som eg gjer og som har hatt positive utslag av økonomisk art, er å sykla til jobb. Ein sparar fort inn ein brukande sykkel når ein samanliknar med busskort og ikkje minst bilbruk, men syklinga gjer óg at eg i mindre grad stikk innom butikken for å handla småting. Eg giddar rett og slett ikkje å sykla med varer i sekken eller på styret. Her gjev altså giddaløyse økonomisk vinst!
  5. Dei er ganske så tynne, men huksar ikkje i farten den eksakte dimensjonen. Eg klarte å øydelegga ein bardun og fekk Platou i Bergen til å skaffa nye Hillebergbardunar og desse var ein del tjukkare. Sjekk www.hilleberg.se så finn du nok svaret.
  6. Eg skrev tidlegare i tråden at Sportsnett har Whitney til ein god pris - fekk du med det?
  7. Det er somme som meiner Bora'en er trong og at det er vanskeleg å pakka i han. Dette var nok eit større problem på dei fyrste modellane, for min sekk som er frå 2009 er rommeleg så det held. Eg er nær ved å hevda at Bora 95 er enklare å pakka i enn min gamle Norrøna Stetind 90. Men både Bora og Whitney har faste rygglengder og bør difor prøvast på i butikk med vekt i sekken. Ein seriøs butikk eg var innom når eg prøvde sekkar, sa at det kanskje finst betre sekkar enn Bora, men at eg ikkje ville verta skuffa om valet fall på den. Personleg er eg større tilhengar av pulk til vinterturar, men det må nemnast at Bora'en er ganske så fin på ryggen når ein går på ski. I det store og heile er Bora 95 ein veldig solid sekk med god plass og mange gode løysingar. Nokon nemnde problem med at hoftebeltet kunne vore kortare. Her er det slik at både Arc'teryx og Gregory sel separate deler til sine sekkar. Sjekk difor med butikken om det let seg gjera å byta ut hoftebeltet til ein annan storleik. Alternativet er å legga om kosthaldet slik at får ein fasong som er meir tilpassa last enn fart
  8. Har Bora 95 sjølv og har brukt han mykje. Dette er ein veldig bra sekk, men er ikkje heilt nøgd med skulderreimane. Desse tykkjer eg er hakket for mjuke, særskilt merkar ein dette etter mange timars gange. Utover det er hoftebeltet veldig bra og løysingane generelt det same. Eg kjøpte Deva 85 frå Gregory til min sambuar og likte skulderreimane betre på den, men no har eg ikkje akkurat testa denne ut. Whitney har dei til ein god pris på sportsnett.
  9. Dette prinsippet har eg óg brukt ein del på hausten, men berre på turar med stor sekk. Då har ikkje blafringa vore så galen. Sjølv har i slike tilfelle hatt ei soft shelljakke med hette under.
  10. Dette er kanskje den mest utfordrande vértypen når det gjeld val av klede. Sjølv traskar eg mykje rundt i regn og vind på Vestlandet og kan ikkje seia at ag har betre innspel enn ull innst på kroppen og tex ytst. Plagg i ulike texmateriale er fenomenale når dei er nye, men ein skal ikkje bruka dei så lenge før ytterstoffet absorberer mykje fukt og ein kjenner seg god og kald - i tillegg vert ein, som de nemner, blaut innanfrå. Saka er i høve til véret å velja seg ytterklede som er nokså stive og som står litt i frå kroppen. Kombinerer ein dette med ullunderklede av god kvalitet så er ein eit stykkje på veg. For å vera konkret i høve til det siste så har eg hatt gode røynsler med Aclima WoolNet denne sesongen. Ytterstoffet som Norrøna stort sett har brukt i sine texklede (Trollveggen, Dovre, Recon, etc) er ikkje bra i slikt vér. Stoff med ei litt blankare overflate har synt seg betre.
  11. Det er ein ventil i toppen av kuppelen, altså over inngangen, og som kan regulerast ved å opna ytter- og innerdøra. Personleg tykkjer eg Unna har for dårleg ventilasjon til vinterbruk og det burde vore ein tilsvarande ventil på andre sida. Med eit lite volum vert det då fort gjort å få soveposen i kontakt med fuktige vegger. Problemet er størst i høgfjellet der ein i større grad må stenga seg inne. I skogen, der véret er lunare og ein kan tillata seg meir radikal lufting, så fungerer teltet flott vinterstid. Plassen innvendig er i minste laget for fyring etter mitt syn, men der er sikkert mange usamde. Generelt er eg godt nøgd med Unnateltet når det gjeld løysingar og kvalitet. Teltet står bra i vind, har mange bardunar og er lett å montera. Unna har plass nok til at ein kan ha alt av utstyr med seg inn, men det er klart at mangelen av fortelt kan vera ei utfordring i skikkeleg øyseregn. Det er likevel ikkje verre enn at ein finn ein teknikk for grei inn- og utpassering. Lars Monsen siktar til eit lettvektstelt frå Fjällräven.
  12. Pulk. Dersom du absolutt må ha sekk på vinterturen så bør du sjekka ut tilbodet som Sportsnett har på damesekken Gregory Deva 85. Eg kjøpte ein slik til sambuaren min, og så langt verkar det å vera ein veldig bra sekk.
  13. Dette med korleis ein opplev storleiken vert gjerne noko subjektivt, men har to par Alfa i 43 og desse er i alle høve ikkje småe. Eg brukar ein passe tjukk industrisokk i mine til det meste av turar. Likar at Alfa er rommelege i tåpartiet slik at ein ikkje stangar frammi når ein går i bratte nedoverbakkar. Eg hadde fyrstegenerasjons Bever Pro for nærare ti år sida og meiner at dei nye krev litt meir inngåing enn dei gamle. Men om dei kjennest for korte ut i butikken så er dei garantert det ute i terrenget.
  14. Har høyrt at det er ein del dunlekasje på Helsportposar. Marmot Col kunne eg godt tenkt meg sjølv så mitt råd er enkelt: Marmot Col!
  15. Dersom det var mitt innlegg du sikta til så meiner eg ytterklede av mikrofiber: tynt vindtett materiale. Hadde denne jakka vorte produsert i nytt opplag så hadde saka vore grei. Bergans har ein liknande variant, men det er ikkje den heilt store marknaden for slike produkt.
  16. Har brukt ein del ulike variantar i kaldt vér, men i det siste har eg hatt stort hell med å bruka soft shell-bukse i staden for texbukse (og ull under). Det held meg langt turrare enn med texstoff. På overkroppen er det ei føremon å gå berre i ulltrøye. Dersom jakka må på er det viktig å velja ei jakke med skikkelege luftingar. Før i tida - på nittitalet - gjekk eg som oftast i ein microfiberdress frå Helly Hansen. Denne er no utsliten, men var ekstremt bra i høgfjellet. Under denne hadde eg ullongs og anten Brynje eller ull (i ekstra kaldt vér kombinerte eg desse). Tex er tett, men kan vera deilig å ha på seg i skikkeleg vind då det stive stoffet står litt i frå kroppen.
  17. Eg har Osprey-modellen nemnt over. Denne er ganske grei og har halda sekken min i live på flyturar i Asia og Europa.
  18. Hestra har ein fin fjellvott der du kan ta ut innervotten og erstatta han med ein tjukkare variant eller byta dersom han er blaut. Elles er gode sko og noko skikkeleg på hovudet viktig. Har hatt stor suksess med Sorelsko på kalde dagar eller støvlar av neopren på regnvérsdagar. Sistnemnde er kjøpt på ein heilt vanleg skobutikk og ikkje noko spesialgreier. På hovudet er Lowe Alpine Mountain Cap i minste størrelse fin i kombinasjon med hals eller balaclava i anten fleece eller ull.
  19. Skulle kjøpta eit telt frå Sportsnett i fjor og la inn ordre. Rett etterpå vart eg ringt opp frå butikken om at det ikkje var på lager og eg fekk vidare veta når teltet var venta innatt i butikken. Veldig greitt! Har elles handla mykje frå Sportsnett og fått varane ganske så kjapt.
  20. Brukar Bamse ein del, men tykkjer ikkje det er særskilt bra. Det isolorerer dårleg når eg ligg på snø og det er eit h.... å rulla ut i teltet. Breidda og slitestyrken er derimot positive ting.
  21. Nokon som har gått på ski frå Dyrkolbotn og oppover i fjellet i det siste? Eg tenkte på den vanlege ruta innover Langeneset og oppover på fjellet.
  22. Eg har akkurat kjøpt Gregory Deva 85 frå Sportsnett til min sambuar. Sendinga er på veg i posten og sekken vert truleg testa ut i helga.
  23. Eg har Xero 550 i lang versjon trass i at eg er under 180 cm. Eg hadde tidlegare ein syntetisk ME-pose i standard lengde, men denne opplevde eg som for kort. Dersom du er 180 kan du fint kjøpa lang versjon frå ME.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.