Gå til innhold
  • Bli medlem

krokavatnet

Aktiv medlem
  • Innlegg

    429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av krokavatnet

  1. Har berre brukt småsekkar frå Lowe Alpine, men dei får mine beste skussmål.
  2. Eg fekk til slutt flunk ny jakke frå Klättermusen utan at eg vart kravd for anna enn å senda inn den gamle jakka. Den nye jakka ser betre ut, men eg har berre testa ho på småturar så langt. Uviss på kvar Klättermusen produserer sine ting, men meiner det er i Estland.
  3. Brynje har ikkje mykje produksjon i Noreg og det vil overraska meg om ytterkleda deira er laga her i landet.
  4. Skal du ha ei lengre jakke så kan du sjå på Ouslandmodellen frå Norrøna.
  5. Veldig fin rapport og fine bilete. Eg likte spesielt leirplassane ved elvane.
  6. Det er ikkje bra nok. Eg hadde eigentleg same opplevinga då eg tok kontakt med dei i starten av 2010. Heldigvis kom eg gjennom, men det kan tyda på at eg då var heldig.
  7. Dunvest er ganske praktisk. Til dømes gjev han akkurat nok varme over ein sveitt rygg til at teltoppsettet går smertefritt. Vidare funkar han bra som forsterking i soveposen, og når ein dreg pulk er han fin å hiva over jakka nær det bles. Eg har óg brukt han utanpå vindjakka ved lange unnarenn dersom det er grisekaldt. På hausten er han eit glimrande pauseplagg - så sant det ikkje regnar. Men dunvest er ikkje noko ein MÅ ha
  8. Crispi sine lérsko er vel litt smalare enn modellane frå Varg. Det er i grunn ikkje så mange merkje å velja mellom når det gjeld 75 mm.
  9. Har brukt dunvest ein del og det er eit veldig greitt plagg. Har óg mykje føre seg på litt kjølige haustturar, tek lite plass, er lett og er sjølvsagt billegare enn ei dunjakke. Men det er dunjakka som får vera med på flest turar gjennom året.
  10. Har óg brukt Araldite, men armerte i tillegg med stålull.
  11. Har mange overnattingar på verandaen sjølv, men helst om våren og vinteren.
  12. krokavatnet

    Kuldemaske

    Eg har ei i neopren som eg kjøpte for mange år sidan, men eg har eigentleg ikkje brukt ho. Maska ligg i sekken eller pulken i tilfelle. Mange slike masker kjem i one size fits all så det er sikkert lurt å prøva ho på før du kjøper.
  13. Ein må ikkje ha dunjakke og eg har hatt mang ein kald tur utan ei slik i fjellet opp gjennom åra. Men som, det vert peika på, så er ei dunjakke ekstremt digg å ta på seg i pausar. Eg kjøpte meg ei bra dunjakke til halv pris for nokre år sidan og har ikkje angra på det. Ei føremon med dunjakke er under teltoppsett då ein ikkje treng stressa så j.... for å koma i hus og kan ta seg tid til å ankra opp skikkeleg. Ei dunjakke av ein viss kvalitet varar óg ein god del år.
  14. Ettersom du held til i Bergen ville eg teke ein tur innom Platou. Eg kjøpte Ingstad der sist vinter til god pris saman med Riva III-bindingar og 10 mm plate. Når det gjeld Vargsko så er dei heilt greie, men slitestyrken er ikkje imponerande. Tenkjer eg skal sjå på Scarpa T4 etterkvart.
  15. krokavatnet

    Ullsokker

    Har brukt Lundhags sin tjukkaste modell Extreme, men denne er ikkje bra. Slapp fasong, isolerer dårleg og stinkar gift etter kort tid. Eg brukar heller industrisokkar med 80 prosent ull. I skiskoa brukar eg ulluddar i 100 prosent ull.
  16. Eg vil svara ja på det spørsmålet, men det kjem litt an på kva du skal ha oppi sekken. Dersom du har ein enorm sovepose og slike ting så kan til og med ein såpass stor sekk verta knapp. Sjølv har eg ein 95-liter og har god plass til ting i den.
  17. Klättermusen ordnar opp i saka med Bredejakka. Då er eg nøgd så langt! Det vert spanande å testa ut erstattaren.
  18. Ikkje bra. Eg har nye Ingstad frå sist vinter og desse har heldt veldig bra. I tillegg har eg eit par Rago som nektar å gje seg. Åsnes pleier å ordna opp om det er noko.
  19. Har kjøpt Sorel på G-sport og XXL så vidt eg huksar.
  20. Har brukt Sorel med stort hell i alt frå skikkeleg kulde til ekte Bergensslaps. Veldig greitt med laus innersko som kan takast og turkast framfor omnen om kvelden. I tillegg er desse skoa lette å ta av og på.
  21. XXL har nokon veldig fine gamasjar frå Sea to Summit i eVent. Dei såg veldig solide ut.
  22. Brede er ei bra jakke til vinterturar dersom ein likar K-musens løysingar, men Cutan-membranen er veldig tett så ein vert jævlig klam. Til samanlikning hadde eg ein tidlegare modell, Bifrost, laga i eVent som var veldig bra i kulden. Når det gjeld servicen frå K-musen så får eg sjå kva eg gjer vidare. Uansett flott å få backup frå forumet! Eg kjøper uansett ikkje ei ny jakke til halv pris, for eg meiner eg fortener betre då alle mine tre K-musenplagg har hatt feil. Jakker til over seks tusen burde vara ei stund.
  23. Siste oppdatering: Eg får kjøpa ei ny K-musen Brede til halv pris - dvs 3000 NOK. Då vart det, som eg nemnde over, ei ekstremt dyr jakke til slutt. Har ikkje heilt sansen for denne løysinga. For å samanlikna så har eg lettvektsplagg som på langt syner same grad av slitasje som det K-musenjakka har gjort, og lettvektsplagga har vorte brukt mykje meir.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.