Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    957
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    5

Alt skrevet av josteink

  1. Har ein dunpose som eg ikkje er nøgd med. Den har komforttemp på 7+ og er derfor ikkje varm nok for norsk sommar, og eg har frose mykje i den. Den er i tillegg "tung" til å vera så lite varm, 750 gr. Derfor vil eg ha ny pose, men ettersom eg har symaskin og overdrevet stor tru på egne ferdigheter så kanskje eg berre skal kjøpe meir dun og oppgradera posen? I tillegg har eg sett på quilt, pga mindre vekt og volum. Så derfor var målet å sy ein quilt ut av soveposen. Kjøpte derfor 350 gr 850dun som skal erstatte 270 gr 650dun. Quilten blir ca 130 cm brei oppe, 100 cm nede og ca 180 cm lang (dvs til nasetippen). Syr igjen nederste 50 cm til fotboks. Å sette saksa i ein dunpose er interessant oppleving. For å hindre dunragnarok så er det om å gjera å ha kontroll. Eg sydd saum ned langs kanten før eg klypte opp posen slik at duna ikkje føyk rundtomkring. Hadde nylonstrømpe eller tynn ullsokk framfor støvsugerrøyr for å hindre totalt dunragnarok. Fungerar utmerka. Under er nokre bilete, er no halveis i å tøme posen for dun. Duna eg tek ut skal inn i ein billegdunjakke som eg då kan bruke som skrotjakke utan å vera redd for glør eller kvister.
  2. Hei, siden vi er inne i ein avfallsdiskusjon. Var ein liten tur i varmen oppå haugen bakom bustaden vår. Her låg det ein gapahuk nedblåst på kanten av ryggen, snart klar til å bli blåst ned i krattskogen og sakte men sikkert verta nedbroten til ..... tja. Denne stod på grasletta 5 m bak i bilete for ein månad siden. Då var den vindskeiv og skakk og eg, som den teltnerden eg er som ikkje klarar sjå eit slikt oppsett tok å plugga den skikkeleg ned og retta den opp. Siden den gong har det vore eit par stormar og den har no blåst ned. Denne er openbart utan eigar. Det er ingen underlag eller sekk eller anna som ligg i eller rundt den. Den er av typen Backpacker mellom anna solgt på xxl til 399,-. Nokon har altså gått 30 min og 350 høgdemeter for å sitje på eit fint utsiktpunkt og så berre la den stå (evt berre la den stå som søppel). Frista til å ta den med heim men ettersom eg kjem frå eit møblert heim så vil eg jo ikkje ta noko som faktisk nokon eig. Det kan jo vera det er ei forvirra sjel som vil ha ein fast ettroms med utsikt her oppe men som av grunnar eg ikkje kjenner til aldri har komen attende. No ligg den samanrulla i eit tre. Om ein månad eller noko så går eg attende og ser om den er der. I så fall vert den med meg heim trur eg. Poenget mitt er at dette gjer du ikkje med ein hilleberg tarp til 1750,-. Er utstyr for billeg.....
  3. Prinsippet er, i rekkefølge mest mest til minst miljøvennleg, at: 1) Hindre at det vert produsert noko som ikkje kan gjennvinnast eller gjennbrukast, dvs produksjon av avfall 2) Gjennbruk 3) Materialgjennvinning 4) Energiutnytting 5) forsvarlig handtering av restavfallet som ikkje fell inn under nokon av dei andre punkta. Forbrenning av plast poser etter 1 gangs bruk er ikkje miljøvennleg fordi det er forbruk av ikkje-fornybare material (=olje), det vert ikkje brukt på nytt og det vert ikkje nytta til resirkulering. At den er meir miljøvennleg enn papirpose (forutsett at den ikkje hamnar i naturen, noko 60 tonn i noreg gjer kvart år) er irrelevant her siden målet må vera minst mogleg avfall til forbrenning og mest mogleg gjennbruk, uavhengig av om det er papirpose eller plastpose. Lenker til rapporter og liknande om plastpose vs papirpose. Samandraget er at plastposer er betre på det meste forutsatt at det ikkje går ut i naturen. https://www.faktisk.no/faktasjekker/rjx/papirposer-er-bedre-for-miljoet-enn-plastposer https://forskning.no/forurensning-miljo-forbruk/bomullspose-eller-plastpose-hvilken-skal-jeg-velge/278907 https://naturvernforbundet.no/plast/plastpose-papirpose-eller-barenett-hva-er-mest-miljovennlig-article38544-3932.html
  4. I norge er vi vokst opp med panting av flasker og bokser, noko som har resultert i ei mengde colasmokker og sjokolade for landets unge og håpefulle. Dette er imidlertid heilt unikt i verden for øvrig at flasker og bokser vert systematisk gjenvunne på den måten. Ein del land har gjenvinningsstasjoner men i norge er vi på verdenstoppen når det gjeld gjenvinning på den måten.
  5. Så oppsummert så er 75 mm like gode som bc sko til barmark egentlig. Som gjer at eg kan slite på skoa eg har evt kjøpe meg eit lettare par.
  6. Ein del av skiturane mine er start på barmark og gå nokre 100 høgde meter før eg kan ta på skia. No har eg med eit par fjellsko + skisko. Men er det nokon som har erfaring med skisko til fjellski som er ok å gå med på barmark? Tenkte i retning av typen med BCbinding som Alfa quest?
  7. Hei, har ein ein dunsovepose i same vektklasse. Denne held til eit par minus men er ikkje ein vintersovepose. Slik eg les spesifikasjonane for summit 800 vil eg ikkje sei at det er ein vintersovepose, ettersom -5 komforttemp neppe held lenge i vinterfjellet. MEN det er veldig stor forskjell frå person til person, så du må berre prøve dette ut ei natt med nokre minusgrader. Er nokre ting du kan gjer for å få posen til å tole litt meir mellom anna ta eit fleecepleddet og sy deg ein innerpose i tilfelle du frys, eller bruk jervenduken. Det er berre å kome seg ut og prøve
  8. Fine bilete. Min største utfordring med gopro og kajakkpadling på sjø er at det alltid kjem salt og vatn på linsa som gjer dårleg bilete, må torkast veldig ofte.
  9. Som Ørud og Tubbs har sagt. Spesial kopar og raud og blank og raudt. Innsveivingshastighet og størrelse kan vera viktigare enn sluk. Ha eit fåtal slukar i slukboksen din i ulike størrelse istadenfor 100 ulike. I min boks har eg spesial kopar/raudt, møresild 6 gr og mepps oransje og svart, og det er det. Det viktigaste er at du fiskar mykje. Dersom du skal avansera ut frå dette ville eg gått for ein dupp med eit lite utvalg fluer, dette er veldig effektivt men er litt meir styr å fiske med. Eg brukar ein intermediat (sakte synkande) blank bomber dupp, fungerar på alt både i sjø og ferskvatn.
  10. Sorelsko med kunstfiberinnersko er ikkje særleg varm og blir mykje kondens er vår erfaring. Vi vurderar å tove innersko i ull. Mogleg vi kjøpte feil modell. I år går vi for anna type sko med god plass til tjukke labber.
  11. Gangtid på barmark er ca 3-3,5 t kongsvoll-reinheim. Sjekk webkamera for snøtilhøve: https://no.webcams.travel/webcam/1308217835-Været-E6-Grønbakken-(Ved-Hjerkinn)-Kongsvoll Dette er vel det vi kallar ein gamle-fjellski-tur, dvs du kjem til å skrape i geologien her siden det nok ikkje er mykje snø. Eg er villig til å satse kroner på at det ikkje er snøscooterspor eller at det er sett ut stikker, men terrenget her er greit å orientera i men du må ha med kart og kompass. Følg elva og pass deg for moskus
  12. Kor er kaffikjelen? God kokekaffe og kaffikopp ville eg tatt med.
  13. Behov Trengte ein sekk til overnattingstur dvs ca 45-50 l som kunne rullast saman og fekk plass i kajakk og i sykkelveske. Dvs inga ramme. korleis Tok ein gamal og lite brukt 56 l sekk, klypte den opp og putta ryggplate i skumgummi, sele og hoftebelte til side. Fann noko silnylon og sydde til ein boks på 20x30x60 cm med nettinglommer + rulletopp. Inspirasjon var litt zpacks, mytrail og hmg. Sydde dette på ryggstykke frå gamal sekk og sette på skulderreimer. Lagde ein masse hol i hoftebelte, tok av stoff her og erstatta med silnylon. Brukte alt av reimer og spenner frå den gamle sekken. Kjøpte kun netting og 2 spenner. Resultat voila så har eg fått meg ein ny og lett ryggsekk på 600 gr som er ca 50-55 l, til ein veldig billeg penge. Bilete viser saman med osprey 58 l. Har prøvd 1 t med 7 kg i og den er god på ryggen, sit stabilt og fast. Overaskande lett når dei vanskelege delane, rygg, skulderreimer og hoftebelte, kunne gjenbrukast. Redesign av friluftsutstyr. No rotar eg i boden for å finne andre ting eg kan sette saksa i :-).
  14. Sko med få sømmer og tjukt skinn holder lengre enn sko med masse sømmer og semska skinn eller tøygreier. Når eg var mykje ute på tur så holdt eit par sko som td crispi besseggen i 2 år, då var sålen heilt slitt ned. Skinn sko som supre Scarpa SL holdt 3 år får sålen var slitt ned, men skinnet her er mykje betre enn typisk besseggen og skarven, som har mykje tynnare skinn. Skikkeleg skinnsko er meir holdbar men krev meir stell og er tyngre enn membranlettvektar er min erfaring.
  15. Litt frustrasjon som skal ut no. Eg kjøper mykje på finn fordi 1)har ein tanke om at å kjøpe brukt reduserar forbruket mitt og 2)det er veldig mykje bra friluftsutstyr som ligg ute. MEN ein del reglar burde ligge i bakhovudet på folk som legg inn annonser. Dette er mellom anna at alt som er gamalt, dvs eldre enn 5 år er ikkje retro eller vintage og kan med det doblast og 3doblast i pris. SKriv rett ut at dette er eit gamalt telt eller ein gamal primus, ikkje sett retro framfor alt som er gamalt. Ja det er sikkert ein def på retro og folk må få gjera som dei vil bla bla. Visst du har ei god gamal fiskestang å selga så sei "god gamal fiskestang" ikkje "Retro fiskestang kr 5000,-". Bra utstyr er bra utstyr, du treng ikkje snobbe det opp. Og når du legg ut noko så sjekk prisen i resten av den digitale verden. Har du brukt noko så kan du ikkje selga det dyrare eller like dyrt som nytt. Når Ringstind SL1-2 ligg på Helsport sin outlet til 3799,- så bør du kanskje ikkje legga den ut til 4900,-... finn.no har masse bra men ein del ting er håplaust overprisa. Det er greit, det er jo opp til kvar enkelt å sette prisen og enda opp med å ikkje selga men av og til tenker eg at "jeeeezzzeeezzz, ta deg 5 min research". Dette var ein synsebasert ytring som kommenterar folk sine frie val, eg er klar over det, men av og til slår den sosiale-kontroll-nerden inn over meg. Rår alle til å bruke finn.no til å kjøpe utstyr, det er overaskande mykje bra der ute. Dropp billeg kinashit, kjøp brukt
  16. Har eit par plagg som er arva og er 30 år og eldre, og som framstår som uslitelige. Eit av desse er min eminente blå bomullsanorakk som er arva frå bestefar min, av merket Skogstad. Eg veit ikkje kor gamal den er men tipper på tidleg 80 eller 70 tal som betyr godt over 30 år og framleis svært god. OG eg får masse positive tilbakemeldingar om at det er ein flott jakke. Eg tenker jo at det er svært få, om nokon, av mine plagg som kjem til å ha ei levetid på over 30 år. dei fleste av mine friluftsplagg har levetid under 5 år....
  17. Ja på den sida du har sett opp teltet er det ikke noko drikkekvatn, drenerer til samnanger. Flott bilete!
  18. Ingstadskia har bittelitt spenn men det er lite så ja det er litt smørelomme men veldig lite. Vekt på skiløper har lite å sei når det er så lite som det er på desse skia. Nårt det er sagt så har eg brukt desse skia i eit par år til ulendt kupert terreng utanfor opptrakka spor og eg er nøgd med dei til dette bruket. Skulle eg gått lengre turar i flate områder er det betre å ha ski med meir spenn.
  19. Hei, vi har fjellpulken barnepulk og pariser. Har brukt barnepulken litt men når vi er på tur med eldstemann 4 år så har vi gått over til å laste opp pariserpulken med alt utstyr og lage eit rom framme eller midt i der ungen sit. Vi har brukt Underlag, reinsdyrskinn og jervenduk og då er det godt og varmt. Viktig å ha godt underlag siden det kun er eit tynt plastlag til underlaget slik at alle humpar og ujamnhetar kjennes svært godt dersom du sit oppi. Denne løysinga er veldig fleksibel, dvs at det er lett for ungen å kome inn og ut av pulken, det er stort lastevolum og pariser er veldig lett å laste inn og ut og kan brukast til akebrett med meir. Og ikkje minst så er det lett for ungen å hoppe oppi utan å ta skia av dersom det er ein litt bratt bakke (det går sikkert an med fjellpulken og). Minuset er at den er mindre stabil men som sagt der vi går bruker vi dette oppsettet. Sist vinter så var ikkje fjellpulken ute av garasjen. Fjellpulken er veldig god å dra lengre strekker og er stabil på variert underlag. Den har liten lastekapasitet, usikker på om du får bagasje til 2-3 døgn med oppi den med ein unge i, vi hadde ikkje klart det. Men med pariser kan du berre henge den bakpå fjellpulken og dra 2 pulker. Fjellpulken fungerte veldig bra når det skal sovast 1 t medan eg ruslar rundt med ski innover fjellet. Som sagt så kjem det litt an på behovet og kvar du går. Vi går ikkje på noko lengre turar i ulendt terreng så pariseroppsettet fungerar strålande for oss.
  20. Nei, den kjelestøtta passa best i barnebursdag!
  21. Vart sitjande å sjå korleis boksen min kunne gjerast betre, dvs lengre brenntid og mindre sot, og kom over denne lenka. Han prøver litt ulik plassering av hol (ca 3-4min ut i video) og har brenntid på 28 min på kun ein fylling og openbart ingen soting. Eg har laga størst mogleg hol for mest mogle luft men her er det veldig små hol i botn.eg må kanskje laga meg ein til.
  22. US podcast om friluftsliv, litt om alt, litt utstyr, litt turområder og ein av dei betre synes eg: http://trustthetrailpodcast.com
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.