Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 019
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    7

Alt skrevet av josteink

  1. Hei, Nesje uttaler seg fordi han er geolog og er nok den personen som sit inne med mest kunnskap om Jostedalsbreen og Briksdalsbreen i verden. Han har med andre ord eit solid fagleg grunnlag til å uttale seg. Store fluktuasjoner av brefronten har skjedd og vil skje som ei følgje av naturlege klimatiske svingingar, ei endring på 10 år er ikkje automatisk noko prov verken for nedkjøling eller oppvarming. Det som er interessant med den nedsmeltinga av brefronten siste 10 år i høve til 1930-1950 som ein ser no er på bakgrunn av to ting: 1) fronten av Briksdalsbreen har aldri vore observert lenger tilbake enn no, jmf NVE sine målinger. Kan tilføye at reel brefront nok er enda lenger tilbake fordi brearmen er i ferd med å avsnøre seg frå botnbreen nede, og haust 2012 vil nok vise ei markert tilbaketrekking. 2) frå 1991-2011 var det i gj snittleg ca 15% meir nedbør på Jostedalsbreen enn i perioden 1930-1950, noko som skulle tilsei ei mykje mindre nedsmelting enn observert. Så spørsmålet er kvifor smeltar breen så fort attende når det er ein vesentleg større del av nedbør? Jo, varmare somrar og lengre smeltesesong på haust og vår (dvs lengre sommer) veg opp for ein auke i nedbør. Dette er i samsvar med prediksjoner til klimamodeller, som viser eit varmare og våtare klima. PS: fint om tråden her berre kan omhandle briksdalsbreen og ikkje naturlege klimaskifte/global menneskapt oppvarming og aboslutt alt rundt dette, det er andre tråder på forumet til det.
  2. He he, nei kvifor tillegga ein av europas fremste ekspert (Nesje) på maritime brear noko kompetanse til å sei noko om breendringar...
  3. http://www.bt.no/nyheter/okonomi/Oppdrettsrefs-fra-Riksrevisjonen-2666124.html Refs av riksrevisjonen, kanskje det omsider skjer noko ..??
  4. Bål på våt ved, velkomen til vestlandet. Forarbeidet er veldig viktig, har du fyrst fått opp ein skikkeleg glohaug så brenner det meste! Bruk tørre kvist til opptenning, ta berre kvist utan bork eller never, masse fukt i borken. Å finne tørr opptenningsved i våt skog krev litt erfaring, men har du tilgong på granskog så er det alltid håp.Bruk masse småkvist, og då meiner eg skikkeleg smått, f eks tørr/død røsslyng. Auk sakte opp i str på veden. Legg luftig!!!! Ser mange som trøkker for mykje og for stor ved på bålet. Har du litt halvvåt ved så krever det ein del jobb fyrste halvtimen, konstant arbeid med å leggje på ved på rett plass og blås/vift slik at flammane får masse oksygen. Men det viktigaste er at du gjer dette mange mange ganger, læring gjer meister! Snart handterar du dette utan problem. Bål
  5. Loven må ligga til grunn og følgast opp med ein form for sanksjon som gjer at den fatisk har ein funksjon. MEN eg må sei at brotet på bandtvang og størrelsen på bøten var urimeleg, kan lange hasj på plata og sleppe med mindre ....
  6. Takk for gode svar. Oppblåsbare underlag har eg øydelagt for mange av til at eg vil kjøpe fleire. Ser det er eit tjukkare ridgerest enn det eg har til sommarbruk, så kanskje det blir løysinga.
  7. Hei, har hatt ei fin vinterhelg med overnatting i telt. Nok ein gong syntes eg at eg frys nedover mot bakken. Har tidlegare vore nøgd med bamseunderlaget men har byrja å fryse nedover når eg ligg på snø. Er det nokon som har same erfaring? Er alternativet eit tynt biltema underlag i tillegg?
  8. Flott at de tek med unge speidarar ut på telttur på vinteren og viser at telttur på vinterstid er overkommeleg og kan vera ganske behageleg
  9. Andre plassar på vestlandet? Voss, Ulvik, sogndal, Odda, Jondal, Fjærland med meir har alle halvparten av nedbøren i bergen og mindre maritimt klima med kaldare vintrar og varmare somrar, masse plass og billege bustadar. Minst nedbør finn du i området Folldal - Hjerkinn og Skjåkområdet, alt som liknar av kyst kan du berre styre unna. Flott oversikt over nedbør og temp finn du her: http://www.globalis.no/Land/Norge/(show)/maps litt generell men du ser klart kva område du skal styre unna.
  10. og så vil eg anbefala dynafitbindinger, små og lette i forhold til f eks diamir og marker.
  11. Ein nydeleg dal heilt inn til langavatnet. Einaste minuset er jo såklart at elva innfor Blåfjellenden plutseleg forsvinn ned i eit hol i fjellet, for å bidra til produksjon av elektrisitet
  12. Edit: ikkje for å disse DNT, fordi dei gjer ein flott jobb med å få folk ut på tur og med å merke løyper og tilrettelegge hytter. Eit dreiing av fokus mot rein turisme med høg grad av tilrettelegging har imidlertid blitt eit fokus som står i kontrast til fokuset på urørt natur. PS: det går europaveg fordi jotunheimen, rondane og hardangervidda....
  13. Ja, er komen enkelte billegtypar på markedet som ikkje kan kallast brukarvennlige, heldigvis så er det x antal testar på nettet som gjer ein god peikepinn.
  14. To gode råd som ofte vert underkommunisert, 1) det er ikkje så viktig kva skredsøker du kjøper men at du trener og trener med den slik at du kan bruke den raskt, og i kombinasjon med søkestang og spade. 2) like viktig som søkeutstyr er at du veit kvar du ikkje skal gå for å bli tatt av skred, anbefalt lesing er Den lille snøskredboka til Friflyt eller Skredfare av Landrø. I tillegg er skredkurs morro og lærerikt. Halvparten av mine toppturer i sesongen går uten skredsøker, fordi eg likar å ha ein svært lav risiko og unngår difor bratt (over 30 gr) terreng. På lengre og brattare turar er søker, spade, søkestang, fjellduk, førstehjelpsutstyr m.m standard utrustning.
  15. http://www.nordlys.no/nyheter/article5935128.ece
  16. Jada, heilt enig. Men du kan velge vekk risiko ved å halde deg vekk frå terreng med helning over 30 gr. Dersom du vel å gå brattare så endrar risikobilete seg radikalt og dermed krav til kompetanse til å ta rette vurderingar. Og det er ikkje slik at bra skikjøring må vera brattare enn 30 gr, er mi personlege meining.
  17. Nei, det inneber ikkje alltid ein viss risiko å kjøre bratt på ski, den risikoen kan du som skikjørar velga vekk ved å gjera ei vurdering før du vel deg rute opp og ned. Med andre ord så kan du fint stå på ski og kose deg på topptur utan å gå inn i terreng som er så bratt at det inneber ein risiko for skred.
  18. Ja, kjempebra serie og flotte bilete, dette er vitenskapeleg formidling på sitt beste, vi sit som trollbunden.
  19. Kort svar 1. nei 2. alt og ingenting Lengre svar 1. mindre vatn utan tilførselsbekker og med liten utløpsbekk, ofte dårlege gyteforhold, liten men stor fisk....kanskje. Store vatn har ofte stor fisk i større eller mindre antal, men er vanskelege å kome i kontakt med enn i småvatn er min erfaring. 2. bare ved å sjå visuelt på vatnet er dette vanskeleg å sjå. Kan vera greit å rote litt rundt i sivkanten eller løfte steiner. Ser du marflo eller skjoldkreps kan dette vera eit bra teikn, men ingen garanti.
  20. Har sett litt på dette men ettersom eg praktiserar variert fiske i vatn og elv så er rekkevidda litt liten. Dersom eg hadde berre fiska i elv eller bekk så hadde dette vore eit reelt val. Det er uansett veldig enkelt og greit, slik fluefiske skal vera Sikkert veldig effektivt til nymfefiske, så les deg opp på tjekkisk nymfeteknikk og kortlinenymfing.
  21. Fiske i ferskvatn kan du gjera så lenge det er ope vatn. Kald vatn betyr treg fisk. Eg fiskar lite på seinvinter fordi det er kaldt... men store og tunge nymfer fungerar, dvs krok 8-10. Kulehodenymfer og mykje bly er viktig for å komme ned til fisken, den er ikkje spesielt gira på å bevega seg så veldig langt etter mat på vinteren. Du har sikkert flytesnøre men det går forsåvidt greit, berre la nymfa synke ein del. Bruk gjerne liten opphenger med sterke farger.
  22. Teltet er supert, men som det er sagt så er underlag og sovepose viktigere. Det er mange lure tips for vinterturer her på forumet, søk litt rundt. Dersom eg frys om vinteren så er det som regel nedover, dvs at det er for dårleg isolert mot snø (for tynt underlag). Dette ser du på at det har danna seg is under underlagt ditt dagen etterpå. Tips her er å kutte ned masse granbar og legge under soveplassen. Evt naudløysing om du frys om natta, ta alt ut av sekken og bruke denne som ekstra underlag. Spade er eit must for vintertur. Ang snøplugger så har eg helsport snøplugger som eg ikkje bruker meir, fordi eg fann ut av vegvesenet sine brøytestikker er mykje betre. Finn gamle oransje brøytestikker som er øydelagt i grøfta, del dei opp i passelege lengder (35-40 cm) og vips har du supre snøplugger. Prøv ut ei natt i skogen eller under relativt kontrolerte forhold, så lærer du mykje. Det verste som kan skje er at du frys litt, men med to hunder burde ikkje det vera noko problem. God tur!
  23. Hei, Åsnes amundsen er gode ski, super til fjell og skog. dersom du ikkje gidd på kjøre heilt til Kvamskogen kan du stoppe på Gullbotn, p-plass til høgre på veg frå bergen (p-plass venstre side er betalparkering). Her er det lysløype og fint å gå. Dersom du vil gå innoverfjellet så er det berre å ta opp skogsvegen innerst inne og rusle oppover. Her er det preppa eit stykke opp og over tregrensa er det fint og faltt å gå. Eit anna alternativ er Totland eller Bjørndalen innenfor Espeland. Stor p-plass og fint å gå, anbefalt. Og så klart er det jo fitn å gå over vidden frå ulrikken til fløyen, eller fløyen og rundt Blåmannen til rundemanen, litt bratt og krever litt skirøynsle på veg ned mellom barnevogner og akebrett Tips: god smørning er viktig, evt feller. Ingenting øydelegg ein god skitur som bakglatte ski!
  24. Har nettopp mottatt ein større pakke frå campsaver.com. Rask service og kjapp til å svare på epost.
  25. Så lenge dei ikkje skremmer fisken eller bråker om natta, så bryr eg meg ikkje om det finnes fantar og tusser eller ei
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.