Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    957
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    5

Alt skrevet av josteink

  1. Kontakt dei lokale sport1- butikkane, dei selger fiskekort for ein del områder og veit kven som evt selger.
  2. Har dette: Aldri prøvd ute enda men når sommaren kjem så vert det enkel tarp av denne typen (heimasydd) og så får vi sjå om det fungerar, har ein plan om å teste det ut i høgfjellet.
  3. Ikkje veit eg. Eg bruker utelukkende mormyska, og då fisker eg med litt bevegelse, dvs små napping. Relativt effektivt og får ein del fisk, men eg har jo ikkje gjort eit forsøk med levande kontra død maggot så kan ikkje dokumentera effektivitet av dette. Men som sagt så får eg jamnt med fisk på død maggot.
  4. Ja, takk for korrigering på det punktet. Har sjekk institutt for pelsfangst i Canada, der det ligg oppdatert liste frå 23 november. Her er det mange typer fotsakser (med gummilaminert kjever for mindre skade) og fotsnarer (med laminert wire) som er godkjend for bruk. På bakgrunn av dette så fokuserar eg på rev skutt i norge eller gjenbruk av pelskåpe eller liknande.
  5. Eg kjøper to bokser maggott på nett, og så putter eg dei i frysen (dette er nær blasfemi i isfiskemiljøet). Då held dei seg veldig godt og har ikkje oppdaga noko forskjell på levende og dø maggott når det gjeld fangst her i området, dvs utelukkende aure. Har prøvd mais men det har ikkje vore noko suksess, ei heller reke.
  6. Tips: Dei største utgiftene du har i livet er knytt til lån på bustad og evt bil. Bu billeg og ikkje ha billån, då kan du har mindre jobb=mindre inntekt. Og som @Kjell Iver peikar på, det kjem ein dag der du skal leve av pensjon, start tidleg med pensjonsparing!
  7. Hei, kan du kort sei kva del av revepelsen du bruker til kanting? Er det bare å klippe til og sy fast? Kor lang holdbarheit har slike?
  8. Ut får det som står i regeverket er det tillatt både med feller som drep umiddelbart og feller som fangar levande i Canadisk og Eu-regelverk, slik eg les det regelverket det er lenka til. Eg vil ikkje ha pels frå dyr som er fanga i feller som ikkje drep umiddelbart, så fram til eg har avklart dette så avstår eg frå noko tinging av pels.
  9. Hei, ynskjer å få tak i pelskant av ekte pels, som skal på vinterdressane til ungane. Finn ein butikk som selger coyote, ulv med meir i norge, men siden eg ikkje veit korleis fangstmetode er så styrer eg unna (vil ikkje ha fotfellefanga dyr). Då er det to alternativ 1) finne nokon som sel ferdige pelskanter laga av f eks raudrev i norge. Finn ingen butikker av dette slaget, er det nokon som veit om nokre slike? 2) kjøpe raudrevskinn på finn.no og lage til pelskant sjølv. Ser det er ein del som sel ferdig garva skinn av raudrev, antatt frå jakt. Evt kjøpe ein brukt revebola eller liknande og kutte den opp til pelskant (siden dette er eit brukt produkt som vert videresolgt så tenker eg at det er innanfor...). Er det nokon som har laga pelskant sjølv og kan sei om det er greit å få til? Kan kjøpe fuskepels men har både ekte og fuskepels og det er stor forskjell på desse. Dersom eg får ekte pels innanfor visse etiske rammer så vil eg gå for det.
  10. Store opne områder er f eks nord i Rondane, kjør inn Grimsdalen. Her kan du campe på tilrettelagd plass nedenfor Grimsdalshytta, ved grusvegen, eller du kan gå innover og campe enten sørover eller nordover. Lettgått terreng. Anna område er å parkera ved Kongsvoll på Dovre og følge t- sti inn på Dovre. Ingen regler ut over det som er i friluftsloven om hensynfull ferdsel. Same på vidda, du kan gå og campe overalt på vidda med mindre det er skilta og markert i kart (naturreservat). Parkering er langs vegen eller på p-plass ved f eks haukeli, halne , dyranut, spør om parkering på dei ulike fjellstovene dersom du parkerar der, ein del av dei har p-avgift. God tur!
  11. Vi hadde same situasjon, gjekk for stort campingtelt (6manns outwell) pga at dersom det er litt ruskever så er det kjekt å ha litt innvendig plass. Kjekt med ståhøgde. Ligg ein del rimeligt ute på finn.no. Nokon campingplasser har pr plass men dei fleste vil ta betalt pr telt, men siden dåke er 1 familie så går det kanskje som 1.
  12. josteink

    Dekkforvirring

    Takk for svar. Ser at det i tillegg står 28x1.4, så då må eg gå for 1.6 eller noko slikt antar eg. Er ein hybridsykkel som eg vil bruke meir på dårleg grusveg. Kjøper eit billegdekk og prøver meg fram.
  13. josteink

    Dekkforvirring

    Hei, skal ha litt tjukkere dekk på sykkel men er forvirra av ulike benemningar og varianter. Står 37-622 på dekket, og eg har skjønt at 622 er størrelse og ar det er 37som må aukast. Men dersom eg går opp til 47-622 blir det altfor tjukt, evt 42-622? Nokon som har vore borti dette og kan gje meg noko referansepunkt?
  14. Må du gå så langt? Vi brukte områder nærme veg med kort gangdistanse, då betyr vekt lite. Ein anna ting som avlaster er å bruke vogn til transport, du kjem deg langt på sti med skikkelig barnevogn. Sykkelvogn og kano, alt som kan lastes hjelper. Rulling på underlag, vi bygger opp rundt slik at det vart ei krybbe, då stopper rullinga ut av underlag.
  15. Dropp ekstra bukse, bruk stilong + regnbukse som backup , evt bare stilongs.
  16. Ok, så då bør eg kanskje ikkje gå opp ein str, eg skal teste det.
  17. Har kjøpt talon 11 i str s/m, etter å ha brukt osprey sin strtabell. Sekken kjennes kort, og hoftebeltet sitter litt oppå magen. Ut frå tabellen på rygglengde så burde eg vera midt på ein s/m. Spørsmålet mitt er difor om dette er ein sekk som skal vera litt stram siden det er ein løpesekk, eller er passformen litt liten og eg burde gå for m/l? Nokon som hae denne sekken og har erfaringer? Er ca 176 cm høg.
  18. Ser også at jakka eg ser på er keb eco-shell, som er ei anna jakke en keb (som er g1000). Det vil vel sei at det er forskjell i passform mellom desse
  19. Takk for svar alle saman. Med andre ord bør eg prøve denne før eg kjøper, tenker eg.
  20. Takk for svar. Er passformen normal, dvs ikkje veldig trang i armer eller mage eller andre merkverdigheter?
  21. Har planer om å kjøpe fjellreven keb jakke. Må gjera det på nett siden ingen butikker her har dei, og får ikkje prøvd jakken. Korleis er desse i str? Er normalt m men har fjellreven bukse som var er stor i str, lurte på om det gjeld jakkane og?
  22. josteink

    Hva gjør jeg nå?

    Bra du skreiv nokre ord, dette var god lesning 👍
  23. josteink

    Hva gjør jeg nå?

    Godt oppsummert 👍
  24. Nei. Dyra flytter seg rundt men normalt er det mindre flokker i begge områder. På stien kongsvoll-reinheim er det god oversikt og det er lett å sjå dyra på god avstand. Det er i tillegg lett å trekke opp i høgda evt krysse elv for å gå rundt. Må seiast at eg aldri har gått med hund så veit ikkje korleis dei reagerar på hund.
  25. josteink

    Restriksjon kano

    Ferdsel i båt, kano mm (uten motor) er i tillegg ein del av allemannsretten definert i friluftsloven. Dvs at regelen om å opptre hensynsfult (les:plikt til!) gjeld i lag med dei andre reglane i denne lova: «Enhver som ferdes eller oppholder seg på annen manns grunn eller på sjøen utenfor, skal opptre hensynsfullt og varsomt for ikke å volde skade eller ulempe for eier, bruker eller andre, eller påføre miljøet skade".
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.