Gå til innhold
  • Bli medlem

Ragnar

Passivt medlem
  • Innlegg

    1 384
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Ragnar

  1. RunMik, eg er heilt einig med deg at det er ei kjempeoppleving å fly over fjell og fjordar ein finvêrsdag og du er heldig som har ein slik jobb. Men eg synes det fokuseres lite på ulemper som kan oppstå, både for folk, dyreliv og turistnæring. Når trafikken er på eit lågt nivå, slik det stort sett er idag, er problemet lite. Men eg synes nok tendensen er stadig meir flygning også i fjellheimen, særleg når det no har blitt fleire helikoptere ut over landet, og det er blitt gitt fleire konsesjonar for nye heli-pad'er. Visse selskap stasjonerar jo også helikoptre dedikert for sightseeing i fjellheimen/turistområde midt i fellesferien, det er ikkje akkurat eit godt utgangspunkt når bransjen skal driva lobby eller overtyda folk om at det er lite støyproblem med sin aktivitet. Det er eit uttal forskjellige operatørar og det verkar ikkje som om det er ei forståing mellom selskapa og resten av turistnæringa. Kva er det med Geiranger til dømes. Operatørane tviheld å fly dit sjølv om 'heile' turistnæringa blir svært frustrert (og tapar pengar?). Kva med eit lite samarbeid der ein i alle fall held seg unna store turistmasser i toppsessongen? Her synes eg selskapa opptrer alt for arogant og lite samla. Om ein skremmer vekk andre turistar med si eiga turistflygning vil ein kjapt miste truverd. Mi utfordring til bransjen hadde vore å kome opp med noko slikt: -Avklara all turistflygnig med resten av turistbransjen -Ikkje fly over kjente turistattraksjonar når det er mange turistar der -Ikkje fly i spesielt verna område, slik som enkelte fjordar mv. -Overhalda ein høgare minstehøgde over nasjonalparkar/randsoner enn det loven krev, t.d. 300m. -Ikkje fly sightseeing i fjellområde når er mange på tur, typisk i helgene og utfartsveker. Det skulle bety at det ikkje var greit å overfly Preikestolen, ikkje fly i Geiranger, ikkje stasjonera helikopter midt i Jotunheimen sommarstid osv, alle ting som skjer idag. Heliskiing Du er jo inne på det - helikopter er dyrt i innkjøp, drift og vedlikehald. Ein er dimed avhengig av oppdrag heile året for å forsvare investeringa. Er ikkje den eigentlege grunnen til at operatørane ønskar seg heliskiing at det er ein periode med lågare flyaktivitet for andre bransjar (kraft, anlegg, tele), og at det ville ha vore lettjente pengar i denne rolige perioden? Viss det skulle opnast for at kvar kommune kunne gi dispensasjon til Heli-skiing, så vil det fort bli eit veldig press på å opne stadig nye område. At operatørane sjølv skulle avgrense si flygning har eg som sagt lite tru på. Som du nevner, noko av problemet er at dei mest attraktive områda vil vera dei samme både for vanlege toppturar og for heli-skiing. Det er jo spesielt på dei fine dagane det vil vera mest marknad for slik flygning, akkurat dei same dagane det er mange på vanleg tur. No er eg ikkje for heli-skiing i Norge av fleire grunnar, og er einig med Alek om at det er unødvendig, men likevel: Om ein hadde avgrensa det til eit mindre område - noko eg har lite tru på ville skjedd - og til bestemte tidsperiodar, så ville det jo ikkje ha blitt all verda ulempe støymessig i fjellet. Det er jo gjerne mindre støy av ein kjapp tur opp og ned til eit fjell, enn å fly 'timesvis' turistcharter over det samme området, som er heilt lovleg (og heldigvis lite vanleg). Det er også knytta utfordringar til avgang og landing, det er nok få som ønskar seg mykje trafikk i nærleiken av eige hytte- eller turområde. Helikoptre Når det gjeld støysvake helikoptre så skal nokre av operatørane få gode ord frå meg av at dei satsar penger på å kjøpe inn kvaliteteshelikoptre med noko mindre støynivå, sjølv om støysvak nok er ein term eg ville ha vore forsiktig å nytta. Andre operatørar flyr derimot med rimelegare helikoptre og opptrer i visse tilfeller opp mot det helikopteret er berekna for, tenker her spesielt på "lette" helikopter brukt under skiftande forhold på/over fjellet.
  2. Hardangervidda Denne tråden tar for seg ein del turforslag på Hardangervidda: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=11028&highlight= Finse-Haukeliseter er ein grei tur med tanke på transport, tog til Finse og ekspresbuss tilbake frå Haukeliseter. Jotunheimen Det er litt kronglete å ta seg til Jotunheimen frå Stavanger med offenteleg transport. Det raskaste er nok buss til Bergen og vidare buss frå Bergen til Tyinkrysset (og evt beltebil heilt inn til Eidsbugarden/Fondsbu). Eit alternativ er nattog til Oslo og DNT sin påskebuss til Gjendesheim. Den kan også vera grei som retur: http://www.dntoslo.no/article.php?fo_id=2687&ar_id=12761 Rutetider for beltebilen Tyin-Eidsbugarden: http://www.jvb.no/beltebiler/index.htm Det er også mogleg å ta bussen frå Oslo til Beitostølen og evtentuelt beltebil til Bygdin, sjekk rutetider på www.jvb.no Fondsbu - Gjendebu - Gjendesheim - Glitterheim - Spiterstulen - Leirvassbu - Skogadalsbøen - Fondsbu/Tyinkrysset er ein fin og lang runde (5-6-7 dagar), her er det mange variantar Skarvheimen Ta bussen til Tyinkrysset eller til Breistulen ved Rv52 over Hemsedalsfjellet. Du kan då gå sørover gjennom Skarvheimen: (Tyinkrysset - Sulebu ) - Breistulen - Bjordalsbu - Lungdalshytta - Kongshelleren - Geiterygghytta - Finse. ca 3-4 dagar frå Tyinkrysset, 2-3 frå Breistulen. Absolutt ein fin tur det også. Sulitjelma- Abisko/Riskgrensen Ta flyet til Bodø, buss til Sulitjelma. Tilbake med tog frå Abisko, Riksgrensen eller ein annan stasjon. Buss frå Narvik til Evenes og fly derfrå. Indre-Troms Ta flyet til Evenes eller Bardufoss. Frå Evenes buss til Narvik og tog til riksgrensen. Derfrå er du inne i løypenettet i Indre Troms. Frå Bardufoss t.d. til Altevann og gå derfrå (usikker på om det går buss dit). I alle fall eit veldig fint område med få folk i påsken. Likte spesielt godt området rundt Vouma-Dividalen-Dærta-Rosta. Elles har eg høyrt mykje bra om Saltfjellet, så spanande forslag Aalstad kom med
  3. Har hatt dette problemet både med Crispi og Garmont skisko, og trur igrunnen det er noko som kan skje med dei fleste lærsko om ein er uheldig. Sidan mine sko var under 1 år gamle (men godt brukte likevel) så ga G-sport/Garmont meg eit nytt par. Crispi-skoa var ein del eldre då det skjedde og der var skaden også mykje mindre, slik at dei er brukandes enda (så lenge det varer) Tvilar på at det er så lett å få limt. Ser for meg at limet lett blir rivd opp etter ei stunds bruk. Du kan jo prøe å ta kontakt med ein skomakar som kanskje kunne ha stifta og sydd skinnet på plass igjen, men ville ikkje ha hatt for store forhåpningar.
  4. Skru av dysa, kjør gjennom eit par desiliter drivstoff medan du held brennaren opp ned (ikkje bruk det drivstoffet igjen). Det skulle rense ut eventuelle slaggrester/andre partiklar som kan ha satt seg i systemet. Dette har fiksa problem med uvjamn flamme for meg eit par gonger. Elles viktig å sjekke om gjengene i brennaren er reine, då eventuell sot kan føre til at dysa ikkje blir heilt tett. Lekkasje her kan vera vanskeleg å oppdage. 4-takts miljøbensin går kjempegodt på denne brennaren. Viss du har brukt parafin tidlegare, så kan du ha vore uheldig å ha fått noko dårleg parafin, som kanskje har etterlatt seg partiklar i røyrsystemet.
  5. Det er få moglegheiter for å dobbeltsjekke, men reknar med at kartet skal stemme godt for området. Har vore innom alle desse og kan ikkje hugse at nokon av dei låg feil i forhold til kartet.
  6. Nå er det vel slik at den lista som ligg på gps.no over DNT hyttene ikkje er meint å vera 100% nøyaktig, sidan hyttene er blitt lagt inn frå kart, ikkje ved oppmåling. Dette er også forklart i posten med punktene. På grunn av konvertering er det ikkje uvanleg å få mange desimalar, uavhengig av nøyaktigheten. DNT oppgjer ein del koordinater i turplanleggaren, desse skal vera innmålt med vanleg gps og er nok meir pålitelege. Det er verdt å merka seg at ein del turisthytter er blitt flytta nokre hundre meter, utan at kartet nødvendigvis har blitt oppdatert, det har eg erfart ein del gonger. Anbefaler å bruke topo-karta som er tilgjengeleg for Garmin og Magellan, posisjonen her er nok noko bedre lagt inn, sjølv om det godt kan vera litt feilmargin her også.
  7. Våte/fuktige sko fryser lett til i løpet av natta og blir ganske kalde om morgonen. Det beste er å unngå å få dei for fuktige i utgangspunktet, til dømes ved å bruke Yeti-gamasjar, fotposar o.l., eventuelt også dampsperre (sistnevnde har eg mindre erfaring med). Likevel er det ikkje til å unngå at skoa ofte blir fuktige etter ein dag på ski. Eg plar difor på litt lengre turar å først ta ut sålen, deretter fjerne all snø frå skoa/sålen slik at eg kan sette dei inn i innerteltet. Først får dei då lufta seg nokre timar. Om natta legges skiskoa då mellom soveposen og liggeunderlaget, gjerne under knea, slik at dei ikkje frys til. Er ein fleire i teltet, så kan dei leggast på liggeunderlaget mellom personane. Er skoa verkeleg våte (eller djupfrosne), så er det mogleg å tørke/varme dei over primusen, har vel høyrt rykter om at Monsen også gjer dette av og til. Det fungerer greit og tar ikkje all vera med tid, men det sliter nok ein del på læret. Husk også at temperaturen ikkje må bli for høg og pass på snorene! Har du avispapir med deg, så kan du stappe dette ned i skoa, dette er mest aktuelt på kortare turar. Det kan fungere med ein slags frysetørking også: ta ut sålen, slakk snorene og lag størst mogleg opning. Sett så skoa i snøen med eit dekke over (gamasjer) etter ei tid. Skiskoa frys då til og litt fuktighet forsvinn i prosessen. Om morgonen blir det då litt kaldt gjerne, men om det ikkje er så alt for kjølig, plar varmen å koma etter kort tids gange.
  8. Nokre greie sider: http://summitpost.org http://explorersweb.com http://www.outdoorsmagic.com http://gamme.no
  9. Direkteruta Finse - Kjeldebu går via Helvestesnutane, som du er inne på så er denne ruta meir vindutsatt og ein bør kanskje unngå den i veldig dårlig vêr. Vi hadde ingen problemer med tung sekk nedover, men nokre bratte parti er det. Skulle det vera hardt føre, er det bare å krysse sideslenges nedover. Legg ved eit bilde frå ein bakke heilt øvst, litt lengre bakkar lenger nede viss eg ikkje hugsar feil. Skulle det vera mykje vind, så er jo alternativet å gå mot Krækja, men ta av lenger sør mot Kjeldebu. Den ruta er litt lengre, men går i dalbotnen og er betydeleg flatare
  10. Foreslår ein klassisk tur Finse - Haukeli. Frå Finse til Kjeldebu, vidare via Dyranut til Trondsbu/Bjoreidalen - Sandhaug - Litlos - Hellevassbu - Haukelisteter. Det burde vera greie dagsetappar, du kan også fint hoppe over nokre av hyttene om føret er bra. Frå Bjoreidalen/Sandhaug kan du også ta vestover å gå innom Hadlaskard og Torehytten. Har sjølv bare vore innom Hadlaskard, men runden om Torehytten skal vera veldig fin! Det er nok også litt mindre folk heilt vest på vidda. Eit anna tips er å ikkje velge dei mest populære utfartsdagane frå Finse om du vil unngå det største innrykket, dvs ikkje Palmelørdag eller onsdag i påskeveka. Finse - Rjukan er jo også eit velidig bra alternativ, men har bare delvis gått dette strekket. Greie dagsetappar og kanskje litt flatare enn om du går mot Haukeliseter. Det er fleire betjente hytter på austsida enn på vestsida, men det kan no vera like greit på dei sjølvbetjente. Det er nok litt fleire som går denne ruta kontra Haukeli. Ellers er det jo også mogleg å gå nordover frå Finse, i Skarvheimen. Finse - Geiteryggshytta - Kongshelleren - Ljongdalshytta - Bjordalsbu - Breistølen er ein veldig fin tur, men er kanskje litt kortare (2-4 dagar). Du kan også fortsette over til Sulebu og ned til Tyinkrysset. Det er då mogleg å gå ei kortare rute mellom Bjordalsbu og Sulebu, men denne er ikkje merka. Frå Sulebu kan du koma direkte ned til Tyinkrysset om du går ned i den oppkjørte skiruta, eventuelt ned til Nystuen i kvisteruta. DNT's kvistekart er fint å bruke under planleggingen: http://www.turistforeningen.no/files/DNT/publikasjoner/kvistekart/kart%20over%20vintermerkete%20ruter%202008.pdf Anbefaler at du skaffer deg eit kart der kvisterutene er innteikna (t.d. Hardangervidda 1:100.000) til turen. Det kan vera greit å ha i mente at påsken er ganske så tidleg i år.
  11. Interessant. Vi kunne kanskje ha fått til noko på fjellforum? Planen er å lage eit wiki-opplegg kobla mot kart, hovedsakleg google maps. Det burde ikkje vera noko meir stress å få registrert hellere/hidlere enn andre kartpunkter. Men det forutsetter at folk som veit om slike, faktisk legg dei inn. Kanskje kartverket kan ha lister over hellere? Skulle nesten tru mange av desse var registrert på noko vis, kanskje også ein del er registrert som kulturminner hjå fylkesmannen. Elles er det vel bare å gå igang med å ta gps-punkter når ein kjem over ein hellar, kanskje også ta eit bilde av den. Kanskje kan ein lokalisere nokon av desse bare ved hjelp av kartet også, om ein har vore innom. På ståande fot kjem eg raskt på nokon eg sjølv har sett på tur. Mvh, Ragnar Fjellforum
  12. Du kan sjå ei grov skisse over ruta på Turistforeningens kvistekart: http://www.turistforeningen.no/files/DNT/publikasjoner/kvistekart/kart%20over%20vintermerkete%20ruter%202008.pdf (Oversikt over når rutene kvistes: http://www.turistforeningen.no/files/DNT/publikasjoner/kvistekart/merkeperiode%20vinterruter%202008.doc) Rutene i Setesdalsheiane blir merka frå den 15.02 ifølge oversikten, så det betyr nok fersk merking når du skal ut å gå. Du kan eventuelt sjekke med Kristiansand og Opplands turistforening (http://www.kot.no/) før du reiser, hyttene i området tilhøyrer denne foreningen (hyttene er opne). Ruta går vel stort sett rundt 700-900 meter over havet og det er nok godt med snø i år. Vanlegvis er ei slik vinterrute/kvisterute merka med kvist eller plaststikker, men det blir ikkje kjørt opp spor. Det blir merka ganske tett med stikker, men snø og vind kan fort blåse ned ein del av desse. Det er difor viktig å ha med seg eit kart/kompass, og følge med litt på kor ein er, i tilfelle ein kjem utanfor ruta. Vanlegvis er det lett å følge stikkinga, men det kan vera forvirrande der kvisterutene møtes. Har møtt mange som har fulgt "feil" rute etter eit kryss, inkludert meg sjølv. Anbefaler å bruke fjellski, då det som sagt ikkje er anna spor enn det du og andre skituristar lagar sjølv. Rett etter oppmerkinga kan det vera eit brukbart snøscooterspor nokre dagar, avhengig av vind og snø. Eg har bare delvis gått det strekket du skriv om (i området rundt Kvinen og Gaukhei), men eg synes det er eit fint område. Gaukhei er jo ei kjempefin hytte også, så anbefalar ein tur innom dit. God tur!
  13. Det blir ingen 420Kv linje ved Ålfotbreen ifølge Firda Tidend: Statnett legg vekk alternativet for 420 kV-linja gjennom Hyen og over Ålfotbreen, og går for det vestlege alternativet. – Det blir så ekstreme belastningar med is på linja og så usikre driftstilhøve at vi berre må legge vekk alternativet ved breen, seier prosjektleiar Magne Maurset. http://firdatidend.no/nyhet.cfm?nyhetid=4215 Det var visst i det heile problem med å få montert ein vêrstasjon der oppe, lokalavisa virker ikkje til å vera særleg overraska: I fjor skulle Statnett montere ein stasjon for innsamling av vêrdata. Etter tre månader måtte forsøket droppast fordi det ikkje var mogeleg for helikopteret å ta seg fram til området. http://firdatidend.no/nyhet.cfm?nyhetid=3848 Men det var vanskeleg å tenkje seg ei kraftlinje gjennom dette området, på ei snøbre der ein av røynsle at det kan legge seg ti-femten meter nysnø om vinteren, og der vind og ver naturlegvis herjar. http://firdatidend.no/nyhet.cfm?nyhetid=3854
  14. Men betyr ikkje ekstremvær at det bare er i den ekstreme enden av "værskalaen"? Met.no, som jo stort sett utsteder ekstermværvarsel i Norge, har denne definisjonen: ---- Definisjon av en "ekstremværhendelse" Vinden eller nedbøren er så kraftig, forventet vannstand så høy eller snøskredfaren så stor ...at liv og verdier kan gå tapt om ikke samfunnet er spesielt forberedt på situasjonen. Været berører et stort område; for eksempel et fylke. http://met.no/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=482 ----- Om det er meir eller mindre "ekstremvær" blir vel ikkje så relevant etter den definisjonen. I forhold til det som står i ordboka som ekstremt, så har du eit poeng: ekstre'm a1 (sm o s I ekstrem) som ligg mot yttergrensa av det normale el. moglege; heilt uvanleg, spesiell e-e vilkår, forhold / i e-e tilfelle / ytterleggåande ha e-e standpunkt / adv: uvanleg, overlag e-t vanskelege forhold http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=ekstrem (og ein stor "takk" til met.no sine nye nettsider som bruker semikolon i sine linker, det er ikkje særleg smart)
  15. Tvilar på at det kjem toll, kun vanleg merverdiavgift (frå 1.1.2005: 25%). Hjå Jetcarrier er vel fortollingsavgifta (dvs kostanden ved å berekne/betale inn mva og evt toll) inkludert i portoprisen, blir det sendt på anna vis tar gjerne transportøren seg ekstra betalt (typisk 80-150kr).
  16. Det skal vera mogleg å bestille via tjenester som til dømes jetcarrier.no, dvs at nettbutikken sender deg varene til "din" adresse i USA, så sendes dette vidare til din eigentlege adresse. Har imidlertid ikkje testa dette sjølv (enda) Trur ikkje det er noko nytt at Arcteryx ikkje blir sendt ut av USA? Slik eg har forstått det, så er det Arcteryx som ikkje vi ha re-eksport(Arcteryx er Canadisk og importeres til USA). Samme for mange andre merker, også amerikanske. Har nok noko med at dei ikkje vil øydelegga markedet andre stadar (muligens noko høgare prisnivå i europa t.d)
  17. Vi skulle gjerne ha brukt detaljerte, topografiske kart på fjellforum. Imidlertid er dette så dyrt at det er urealistisk Viss vi t.d. på Fjellforum skal kunne bruke kart over heile Norge, så må vi ut med rundt 20.000 +mva pr år. I tillegg kjem ei visningsavgift på 2,5øre +mva for kvart kartutsnitt (dvs kvar gong eit kartetutsnitt flyttes eller zoomes). Dette er for ein rasterutgåve med stor rabatt, skulle det ha vore vektorbasert ville det ha kosta rundt 90.000 pr år + 8-9øre pr visning +mva. Kartlisensieringa frå Norsk Eiendom a/s (som har rettane) er tilpassa dei store bedriftene (td. finn.no), som i praksis betalar veldig lite pr bruker av kartet pga store rabattar, samt dei som er med i "Norge digitalt" (for det meste stat/kommuner og nokre få org). Det er difor slik at vi må halde oss til fritt tilgjengeleg kartverk. No som Google Maps også har fått bedre kart, så er det for oversiktens sin del godt nok også for å teikne inn sporloggar, sjølv om det ikkje er optimalt.
  18. Alle fjelloverganger mellom aust og vest er stengt: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.4629439 I slike tilfeller er det bare å halde seg i ro! Det er for tida 2 Norge på langs turar ute i området, han eine var på Haukeliseter for 3-4 dagar sidan: www.skinorway.org.uk Sikkert "fint" på vidda idag.
  19. Dette med sporlogger på nettet trur eg bare blir meir og meir populært. Det fine no er jo at vi har god tilgang på brukbare kart (google maps, yahoo maps osv) slik at rutene også kan visualiserast. På sider som http://www.tierrawiki.org/ er det blitt posta ein del logger også frå Norge. Synes forsåvidt det er ein god ide å kunne tilby noko slikt på fjellforum også. Det er nødvendig med ein kraftig advarsel med tanke på bruken av slike tracks, men likevel trur eg nok mange kan ha god nytte av det. Det er ingen tvil om at "feil"/overdreven bruk av tracks som andre har gått, kan vera temmeleg risikabelt. Feilmarginen er også ganske stor til tider, samt at marginane i fjellet gjerne er små. Med det meiner eg at ein feilmargin +/- 20 meter vil ha stor betydning ved f.eks. tinderangling, mens det i enklare terreng har lite å sei. Dette med ulike forhold spelar jo også inn, slik Kjiver er inne på. Reint praktisk håper eg å få det til slik at GPS-logger kan lastast opp på samme måte som eit vedlegg, bare å velge gps-fila og laste opp. Så tar koden seg av formatering og konvertering til å vise ruta i Google Maps. Det vil då også vera god plass til å beskrive ruta. Det blir også mogleg å liste opp alle sporlogger frå eit område (f.eks. Jotunheimen). Sysler også med ideen om å kunne teikne inn ruter på kartet manuelt, f.eks. for å illustrere eit turforslag. Vidare blir det mogleg å geotagge bilder (merke kor bildene er blitt tatt frå) og vise thumbnails i kartet. Det er også planen å markere hytter, topper og andre ting i kartet, for deretter å linke dette mot ein Wiki (der alle kan legge inn informasjon om eksiterande eller nye punkt). Uvisst når det er klart, men håper i løpet av vintaren. Tar gjerne imot forslag og råd! Ragnar Fjellforum
  20. Ikkje at eg har noko særleg greie på det, men Brokke-Suleskardsveien brøytes vel ikkje før villreinen har trekt seg vekk frå området (er vel kalvingsområde?), men det skjer vel somregel før vanlig opning uansett. Det er mykje trafikk og aktivitet, kanskje et er grunnen til at den er mindre i sør. Det var snakk om å flytte turisthytta Øyuvsbu til Håhelleren (og rive den gamle hytta der) pga villreinen, men det ser ut til å ha stranda. Øyuvsbu har mange besøkande, er bare 10 minutt frå vegen. http://hytteisetesdal.no/index.php?m=nyhet2&m_action=les_mer&id=142 Å legge om skiløypa lenger vest mellom Øyuvsbu og Svartenut trur eg vil ha marginal effekt. Det betyr vel bare at den først går eit stykke mot Håhelleren, deretter over Rosskrepp. Sidan det er enkelt å navigere på strekket, kjem nok mange til å gå gamleruta. Kva dei andre tiltaka skulle vera, veit eg ikkje, men tvilar på at det vil ha noko målbar effekt. På motsatt side, ikkje så langt frå vegen mellom Ådneram-Lysebotn, har Stavanger Turistforening ikkje fått lov til å flytte på turisthytta Langevatn, ei heller utvide den sjølv om det er svært lite/sporadisk med villrein i området.
  21. Gjekk i 112 dagar! Røros er ein fin stad det. Litt vrient å koma seg på ski dit, hadde nok valgt ei litt meir nordleg eller sørleg rute mot Røros om eg skulle gått dit på ny.
  22. Eg brukte fotposer laga av gore-tex og bever-nylon, dette gjer litt varme, men viktigast at snøen ikkje er i direkte kontakt med skoen. Til dei verkeleg kalde dagane hadde eg også strikka ullovertrekk, nesten som ein raggsokk, bare det er hol til skituppen og hælen. Desse vil definitivt samle snø, så bruker det bare i kombinasjon med fotposer. Skulle tru det er mogleg å bruke ein vanleg raggsokk, men å tilpasse den ved å klippe nødvendige hol. Fotposane har eg laga sjølv, siden eg brukar vidjebinding (riva) så klemmes bare stoffet inn i bindingen. Har du BC-binding må du ha hol for tuppen. Eit alternativ er Yeti-gamasjar, som har gummitrekk over skoen (Berghaus) og som går inn i alle bindingstyper. Det beste er nok likevel å ha litt for store sko, slik at det blir plass til eit par tjukke sokkar. Det er somregel om morgonen skiskoa er kalde. Viss du ligg i telt, så er det då eit godt tips å passe på at skoa ikkje frys til ein isklomp i løpet av natta. Er det fleire personar i teltet, plar vi å legge skiskoa mellom oss, er eg åleine har eg dei mellom soveposen og liggeunderlaget (under knea t.d.). Husk å ha med snøbørste (oppvaskbørste) til å børste av snø frå skisko og tøy.
  23. Fungerer bra i hard snø, bladet er "knallhardt" og tåler det meste. Er det veldig hardt er det bare å vinkle bladet slik at eit av hjørnene får hogge. Det breie bladet kombinert med teleskopstaget gjer at du får med utruleg mykje snø i kvart spadetak. Vil absolutt anbefale ei stor spade som dette (eller evt BD sin versjon som er ganske lik) i forhold til mindre spader. Hovedgrunnen er å kunne spa snø kjapt, enten det er snøhule, kuldegrop, snøhauger, skred eller anna. Kjøpte den via Telemarkpyrenees.com. I Norge virker det som 7Blåner er importør. Selges blandt anna av Sport1 og VPG: http://www.vpg.no/eshop/pub/engine.php?id=1158
  24. Ser ikkje heilt kva som skulle vera forskjellen på å oppgi N (north) E (east) og "L" (lengdegrader) "B" (breddegrader)? Det er jo vanlig å oppgi dette med E/W N/S alt eller kor på kloden det er, også når det er snakk om desimalgrader. Hyttelista som ligger på gps.no (dnt-lista vell og merke) skal vera henta frå 1:50.000 serien (Belanor sin versjon) og er sikkert blitt henta ut automatisk (etter det eg kjenner til). Difor er det nok blitt mange desimaler i prosessen, sjølv om punktet ikkje nødvendigvis er like nøyaktig angitt av kartverket. Området der 32v og 33v grenser mot kvarandre er interessant. Visse turkart har utvida 32v sonen også innover eit stykke på 33v for å "unngå problemet", med det resultat at posisjonen blir feil i forhold til gps. På dei svenske turkarta er det heldigvis informasjon om både datum og rutenett, samt ein detaljert informasjon om instilling av GPS.
  25. G3 spada mi fungerer bra til snøhulegraving, blandt anna nettopp fordi skaftet er passe kort (men også enkelt kan forlengast så den blir lang). Bladet er meir solid enn på Rottefellas klassiske "rød" spade (den er også god, men litt mindre). Har også sansen for mange av Black Diamond sine spader, men bladet er gjerne litt smalare enn på G3. Har mindre gode erfaringer med plast/kompositt spader, t.d. Lifelink.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.