-
Innlegg
1 384 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Ragnar
-
Hardangervidda (Dyranut-Rjukan) i midten av februar
Ragnar svarte på Jakobsen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Dette stemmer stort sett, sjølvbetjente/ubetjente hytter er som oftes ikkje låst med annan nøkkel, viss dei då er låst i det heile. Tidlegare hendte det at enkelte hytter var heilt avlåst, men informasjon på nettsida til turistforenigen viser vel at dette er blitt endra: "De selvbetjente og ubetjente hyttene er ofte helårsåpne, men i enkelte fjellområder er de selvbetjente hyttene stengt i den kaldeste vinterperioden fra 15. oktober -15. februar (det er mulig å låse seg inn med DNT-nøkkelen i disse hyttene, men det er ikke garantert at det finnes ved, gass eller noe utvalg av mat - hyttene må derfor betraktes som nødbuer i denne perioden). Noen hytter er stengt i kalvingsperioden for reinsdyr i mai/juni og andre i jaktperioden på høsten. " http://www.turistforeningen.no/index.php?fo_id=2459 Det er verdt å merke seg dette med jaktperioden og kalvingsperioden, det omfattar ein del hytter (og ein bør unngå å oppsøke hyttene i denne perioden). Forøvrig er det også verdt å merke seg at enkelte hytter (veldig få) er låst med anna nøkkel enn DNT standardnøkkel. Dette gjeld somregel hytter som ligg kloss oppi ein veg, eller slik som på Finnmarksvidda. Nokre få meir perifere hytter er også "utlånshytter", der du både må bestille og hente nøkkel på førehand (Det er ein del slike i Ryfylkeheiane, men få på Hardangervidda) Lågaros er merka på samme måte som til dømes Hellevassbu, Litlos og Sandhaug; alle desse er kun låst med DNT nøkkel også når dei er merka stengt. Til dømes har årets NPL turar nett vore innom. Av andre hytter som ofte kan nyttast på Hardangervidda og andre stadar, så er det fjellstyrehyttene. Ta kontakt med fjellstyret, eventuelt kommunen for oversikt. Dette er gjerne lite kjent blandt folk flest. -
Trappene på Flørli er verdt å få med seg. Ikkje minst også på grunn av den flotte utsikten! Har gått turen fleire gonger, for eksempel denne: http://breogfjellsport.no/articles.php?s_id=75&articleID=406 Turforslag Fredag: Båt til Flørli, enten ferja eller kombibåten. Overnatte på turisthytta som ligg 5min unna (sjølvbetjent, avstengt i vinterhalvåret). Rutetider finn du på kolumbus.no: http://www.kolumbus.no/downloadfile.php?i=26dd0dbc6e3f4c8043749885523d6a25 I høgsessongen sommarstid går det også ei turistferje i tillegg, sjekk rutetidene når det nærmer seg. Laurdag: Opp trappa, tar rundt 1-1,5 time. Då er det ein passe lang dagstur å fortsette til Langavatn turisthytte eller Blåfjellenden turisthytte. Alt frå 6-8t totalt. Søndag: Frå Langavatn via Kjerag til Øygardstøl, ca 6t. Eller til Børsteinen th og ut på vegen der (6-8t). Eller gå austotver til Sandvatn og til Lortabu i Hunnedalen (ca 6-7t). Frå Blåfjellenden th er det ca 3t til Hunnedalen, eventuelt 6t til Frafjord. Frå Øygardstøl kan ein bli henta med bil, ta bussen til Stavanger (1g dagleg om sommaren) eller haike ned til Lysebotn for å ta båten. For Børsteinen, Lortabu og Hunnedalen er det enklast å bli henta med bil eller ta samme omtalte buss. Frå Frafjord er det også mogleg å ta buss, utan at eg har sjekke om det til dømes går på søndager. Det er mogleg å gå Flørlitrappene-Kjerag-Øygardstøl direkte, men det er eit stykke og direkteruta er ikkje merka. Sving av turiststien ved Låtevikvatnet, gå så opp fjellsida, (dvs mot noraust, ligg ei jakthytte der du skal ta av). Antydning til sti og nokre vardar, men pass på å etter kvart halde retningen. Merk at det kan vera mykje snø oppå der eit stykke ut på sommaren, noko som til tider kan gjera det vanskeleg. Det er ei kløft like før Kjerag som du må omgå mot vest. Det er også fint å telt langs heile ruta.
- 21 svar
-
- 1
-
-
SPOT systemet til Globalstar fungerer bra det, men vær klar over at enkelte meldingar kan bli forsenka. Kvar "ok" melding sendes 3 gonger, 0min, 10min og 20min etter at du trykker på knappen om eg ikkje hugsar feil. Viss det var dårleg sikt til satelitten etc, så kan det hende den eine meldingen ikkje kom gjennom første gongen, dermed vil den ikkje vises før melding nr 2 blir sendt osv. Systemet baserer seg på at det skal vera så og sei heilt fri sikt til minst 1 satelitt, og det er det ikkje i 100% av tida. Skog, fjell, byggningar og anna kan til tider også stå i vegen. Merk også at satelittane heile tida er i bevegelse. Viss meldingen kjem i løpet av 15-20 minutt, så er det innanfor det du kan forvente av dette systemet. Globalstar sjølv meiner det er svært få meldingar som ikkje kjem gjennom i løpet av 3 forsøk. "911/nød" meldingar blir forøvrig sendt kontinuerleg, kvart 5. eller 10.minutt. Fleire av Norge på Langs turane bruker systemet aktivt, sjekk www.norgepaalangs.info
-
Har også prøvd slike, men vart bare delvis nøgd. Problemet er både storleiken på klossen og at fellen har ein tendens til å løsne etter litt bruk. Det fungerer jo på eit vis, men eg har gått over til å bruke vanlege, tynne feller (smale og dekker ikkje heile skien).
-
Ikkje anntent nei. Skal du rense opp røyra må du kjøre gjennom bensin (eller anna drivstoff) utan dyse, gjerne 1dl eller så. Bare å helle det i ein kopp/beholder. Bruk imidlertid ikkje denne bensinen etterpå. Reint generelt kan dette også fikse andre uforklarlige problem
-
Dette ser ut til å vera eit problem som oppstår med enkelte nye primuser, uavhengig av kva drifstoff som brukes. Opplevde i alle fall omtrent det samme ved testfyring av ein ny Omnifuel med bensin (2. eller 3. gongs bruk). Der var det også problemet med gule flammer, liten effekt etc. Tipper på at det kan vera "slagg", produksjonsrester eller noko anna som løsner og tetter til etter kort tids bruk. Problemet vart løyst ved å kjøre gjennom litt bensin utan dyse. Etter dette fungerte Omnifuelen utan noko problem over lang tid. Vi hadde den for eksempel med på ein 25 dagars tur der den vart nytta fleire timar kvar dag, utan å gjere noko anna enn å rense dysa innimellom.
-
Hardangervidda (Dyranut-Rjukan) i midten av februar
Ragnar svarte på Jakobsen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Ingen kvisteløyper i februar over Hardangervidda. Delar av strekket er kvista frå 6.mars, til dømes Finse-Kjeldebu-Sandhaug. Sandhaug-Litlos-Hellevassbu-Haukeliseter kvistes ikkje før til Påske ser det ut til. Frå Finse er runden om Klemsbu merka frå 1.februar og frå 14.februar Finse-Hallingskeid. Dette ifølge turistforeningens informasjon om "Vintermerking 2009": http://turistforeningen.no/article.php?ar_id=6617 -
Var på Gullfjellet på søndag, gjekk opp frå Gullbotn. Det var greit med snø, men vinden hadde ført til at det var litt hardt i øvre del. Nedste del hadde fin snø for skikjøring. Då vi var på toppen kom det også folk opp frå Osavatn. Utsikten er jo bra den, både mot havet og snødekte fjell innover. Men det er jo eit stykke opp dit, tar vel fort 2-3 timar å gå om du har litt i sekken. Viss du skal ha med mykje utstyr opp, gjeld det å få tak i ein del bærarar. Sjøve toppen er nokonlunde flat, så burde vera greit å rigge utstyr. I og med at det er eit populært turområde, kan det nok koma litt folk ein finvêrsdag
-
Rutenregisteret - et bokpubliseringsprosjekt
Ragnar svarte på Lars Tore sitt emne i Bøker - media - foredrag
Eg synes dette er eit spanande prosjekt. Eg ser jo enkelte problemstillingar, men dette virker jo temmeleg harmlaust. Er jo bare å reservere seg om det er problematisk. Prøvde å søke etter den personen som var på topp i lista, fekk 137 oppføringar i telefonkatalogen. Ein må ikkje overdrive "problemet" heller. Ein må kanskje også skilje mellom indeksert og ikkje-indeksert informasjon. Legg du ut bilder/scan av ei toppbok/hyttebok, så blir det jo på ingen måte søkbart (viss du ikkje for hånd digitaliserer informasjonen). Med ein god tidsbuffer (fleire år) og bare scans, så burde det kunne vera akseptabelt å gjere tilgjengeleg enkelte hyttebøker også om det er nokon interesse for dette. I det minste veldig gamle bøker, 20+ år. blandt anna for å bevara dei for framtida. Overvakningssamfunn? Dei aller fleste legg gladeleg igjen elektroniske spor eit to-sifra antall gonger pr dag. Om det er via mobiltelefon, betalingskort, kamera, bomstasjonar etc speler jo liten rolle. Særleg for mobil har du jo ein kjempeoversikt, lagres jo litt av kvart også av posisjonsdata. Med datalagringsdirektivet får du i alle fall ein god logg. Og Gmail-kontoen er ein telefon unna. Vi får jo bare håpe at denne informasjonen aldri kjem på avveie. Men det er jo ein litt annan problemstilling enn "google"-søk. -
Rjukan (to kamera i sentrum) http://www.webcamsinnorway.com/webcams.php?viewcam=1174 Gaustablikk (skianlegg opp av Rjukan) http://www.webcamsinnorway.com/webcams.php?viewcam=27 For inntrykk av vêret kan du kanskje likegodt sjå på kameraet oppe ved Møsvatn: http://skuter.no/webcam/kamera.jpg
-
Hardangervidda er normalt ein fin stad å gå påsketur, ingen grunn til å avlyse turen dit. Med tanke på vêrforhold, så er det generelt meir utsatt enn til dømes Rondane på grunn av si plassering i Langfjella, så det er nok bakgrunnen for rådet om å heller reisa dit. Det har vore påsker der vinden har vore sterk og med mykje dårleg vêr, men dette er ikkje unikt for Hardangervidda. Det skjer frå tid til anna i store delar av Norge. Det kan like gjerne bli lite vind og strålande sol. Eg har ingen god statistikk på dette, men mi erfaring er at vêret skifter, dvs at ein del av påsken gjerne har godt vêr, medan ein annan del gjerne har meir ustabilt vêr. Det er viktig å sjekke vêrmelding og ha det utstyret og erfaringa som fjellet krev; i det minste gode klede, snøspade, kart og kompass etc. Mange ruter på Hardangervidda er kvista, men det er ikkje satt opp skilt ved kryssningspunkt. Nyare kart har kvisterutene innteikna, men lokale forhold kan føre til at rutene blir lagt om litt. Snøforholda er generelt gode, sjølv om det kan bli noko vått og råtten snø om det er mykje sol og høge temperaturar. Isen er normalt sett god, men hald klar av inn- og ut-osar.
-
Med tanke på dei problema som oppstod, skyldes nok dette fukt/kodens i telefonen. Spesielt kontaktflater og nokre vitale deler på kretskortet tar fort skade av dette. Telefonen blir då veldig utstabil, den kan slå seg av/på, spele av lyd, bryte samtalar etc. Dette kan oppstå på nær alle typar mobiltelefonar, med midre den er lagd for å tole dette. Er det ein Sony Ericsson telefon, sjå etter eit raudt eller kvitt felt på batteriets side. Er det raudt, har batteriet (og telefonen) fått seg ein dose fukt/vatn. Dette går ofte ikkje inn under garanti eller reklamasjonsordningar, med visse unntak. Mi erfaring er at visse Nokia modeller tåler meir fukt enn tilsvarande Sony Ericsson, men det er store skilnader frå modell tl modell. Min Nokia N73 vart ustabil etter at den vart ganske så våt i lomma, det trakk vatn inn i skjermen og på kretskortet. Den vart frykteleg ustabil. Fekk såvidt starta den igjen, tok backup og lot den ligge varmt utan batteri og lokk i eit par dagar (+30 grader oppå ein lampeskjerm, pass på brannfare). No er den nesten like god som før. Eg plar oppbevara telefonen inni ei veske eller eit tøystykke, deretter i ein vasstett lomme. Tøystykket tar då til seg mykje av den kondensen som kan oppstå, utan at det skadar telefonen noko særleg.
-
Eg meiner å ha høyrt om eit tilfelle med kullosforgiftning i telt i Norge, men det kan hende dette er nokre ti-år sidan. Slik eg fekk det referert, dreide det seg om snøstorm og nedsnødde telt, og at det då vart for høg konsentrasjon av kullos under snøsmelting. Kom over ein interessant artikkel i "Tidsskrift for Den norske Lægeforening": Dødelige kullosforgiftninger (F Engtrø og O Haugen) http://www.tidsskriftet.no/index.php?seks_id=796383 Utdrag: "I Norge der elektrisitet fortsatt spiller en hovedrolle som oppvarmingskilde, forekommer slike dødsfall sjelden. I perioden 1994 - 97 ble det registrert 13 dødelige tilfeller av kullosforgiftning ved andre ulykker enn brann, hvorav en var arbeidsulykke (W. Djume, personlig meddelelse). Campingliv representerer også en risikosituasjon (17) slik ett av våre tilfeller tydelig illustrerer. Det må derfor sterkt advares mot bruk av engangsgriller og propanbrennere i telt, campingvogner og lukkede rom uten god lufttilgang og utlufting. Denne artikkelen var ganske grei (om fyring i telt): http://arkiv.nettavisen.no/Nyhet/141368/Fyr+sikkert+i+teltet.html
-
Nedetid skyldes ofte at nettverkskameraets innebygde serverfunksjon slutter å fungere og trenger omstart (Axis nettverkskamera ser det ut til å vera på Finse - eit av dei mest nytta på marknaden). Alternativt at routeren/adsl-modem/radio-modem det er tilknytta, har gått ned (og trenger restart). Det som overrasker meg er at dei ikkje setter på eit tidsur som tvinger ein restart med jamne mellomrom. Eit slikt koster 100kr, og kan programerast til å ta straumen til dømes 1 gong pr veke. Det er også mogleg å fjernestyre ein brytar over GSM/gprs. Dei aller, aller fleste system klarer å komme opp igjen etter restart For kamera tilknytta ein PC, er det ofte minneproblem i windows etter lang tids bruk (reboot!). Kameraet på Eidsbugarden går vel no over mobilnettet (EGPRS), medan det tidlegare gjekk over ein noko ustabil radio-link og var ofte nede. Det kan godt henda det er routeren mot mobilnettet som innimellom må resettast, og at dette blir utført manuelt. På Finse er eg usikker på om det er via noko breibandsgreier, modem eller gprs. I alle fall er kameraet på Finse byrja å bli nokre år, håper BT kunne ha fått satt opp eit nytt med litt betre kvalitet
-
Finnes det ikke romslige jakker lenger? Slim fit :(
Ragnar svarte på Pizzabudet sitt emne i Bekledning
Vanntette glidelåsar er blandt anna diskutert her: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=14186 -
På kalde dager bruker eg gjerne to sett stilongs eller ein Brynje Arctic (to lag, det eine netting), sistnevnde blir jo tilsvarande som nevt ovanfor her. Så lenge du skal vera i aktivitet, så synes eg det fungerer bra. Når det i tillegg brukes fotposar som går eit stykke opp på leggen, hjelp det også ein del. For teltbruk og stillesittande aktiviteter plar eg også ha med ei fleecebukse. Denne er også fin å bruke i teltet, innandørs på hytter, eller ved bil/buss/togreise. I soveposen kan det også fungere om det er kaldt. Mi erfaring er at fleecebukse ikkje egnar seg særleg til aktivitet/skigåing, då det blir litt for tett. Litt utanom tema kanskje, men det hjelp ganske godt på temperaturen om boksa har nettingfòr. Tidlegare hadde eg ei slik bukse (Bergans Telemark). Den var betydeleg varmare enn den eg bruker no (Norrøna Trollveggen). Det trur eg ikkje skyldes isoleringseffekten i seg sjølv, men at du får mindre kontakt med ytterstoffet og mindre kuldegjennomgang. Ulempen er då at nettingfòret kan bli vått og tar tid å tørke.
-
Sjølv med stormkjøkken skjer det stygge ulykker til tider, ingenting er under trykk. Det skjer stort sett under påfylling av rødsprit har eg forstått. Ein må vera 100% sikker på at det ikkje er flamme og vente til den er kjøla ned før påfylling - viss ikkje kan det sjølvantenne i det du heller på spriten. Ved forsiktig og korrekt brukt av primus trur eg det er ein minimal faktor dette med eksplosjon, brann derimot skal ein passa seg meir for. Sjølv bruker eg stort sett slangeprimusar og sjansen for ein bensineksplosjon anser eg som liten. Det eg imidlertid er bekymra for, er lekkasje (av bensin eller parafin) og dertil teltbrann, så det er viktig å sjekke at alle koblingar er tette. Samtidig er det også eit poeng å ikkje ha overdrevent høgt trykk, det gjeld jo gjerne om flaska er heilt full (over anbefalt) og du likevel pumper som om den var halvfull. I tillegg vera klar over ulike "fenomen", slik som høge stikkflammar, blaffring som kan oppstå til tider. Dette kan gjerne skyldes at dysa er sota til, at det er noko dritt i slangesystemet, eller noko heilt anna. Du merker jo igrunnen på lyd og flamme om brennaren er i orden, eller om det er noko som ikkje er heilt bra. Flammen bør vera rein, lyden bør vera "normal". Skjer det endringar bør ein vera på vakt. Det er klart at om primusen slukker og spyr ut bensindamp (som kan skje), så kan nok den dampen eksplodere/brenne. No brenn parafin også ganske godt også, sjølv om det ikkje eksploderer/brenn like godt som bensin. Det er også mi erfaring at det kan vera veldig varibel kvalitet på parafinen som er å få kjøpt. Dette kan i visse tilfelle føre til uventa stikkflammer eller andre "fenomen" (pga sot, rusk og rask osv), sjølv på ein i utgangspunktet god brennar. Det ser eg på som eit problem i forhodl til bensinen som er "rein". Det slik at ein del grupper, folkehøgskular m.fl. kun bruker parafin, og ikkje bensin, fordi dei meiner det er mindre sjanse for store uhell (og det kan eg forstå, særleg om det gjeld mindre erfarne brukarar). Nokre få norske folkehøgskular brukar kun stormkjøkken, sjølv midtvinters - det synes eg det er å trekke det litt langt (og stormkjøkken er ikkje risikofritt det heller). Teltbrann er så absolutt veldig alvorleg. Kjenner til tilfeller der 2 av 7 pumper på ein serie slangeprimuser smelta (!) pga lekkasje/brann, alle brennararne var identiske (nye for året) og var i bruk over ein periode på 6mnd i ei gruppe som var mykje på tur. Dette frå ein annerkjent produsent. Problemet såg ut til å vera for dårleg pakkning kombinert med for høgt trykk og muligens endå ein faktor. Så ein må vera litt på vakt. Sida det vart linka til viste jo også til ein stor grad til gassbrennarar, men også her skal det ganske mykje til før den går i lufta. Uavhengig av val av drivstoff, bør ein ta gode forhåndsreglar og opptre forsikitg. (dette vart langt og ustrukturert - sukk)
-
Eit godt råd er nok å bytte 2-takts bensinen med 4-takts - den er nok fri for tilsatt olje. Når det gjeld 95-blyfri rett frå pumpa, så inneheld den ein god del tilsettningar som ikkje er så gode å få i seg. Det anbefales å ha veldig god ventilasjon og då egnar det seg lite for vinterbruk i telt.
-
Legg til fila på samme måte som om det var eit bilde. Du kan no laste opp dei fleste filformat, inkludert GPX og GDB. Ragnar Fjellforum
-
Kan jeg hogge i Nordmarka? (gapahauk)
Ragnar svarte på Pizzabudet sitt emne i Generelt om friluftsliv
"Allemannsretten" sikrer deg god tilgang til skogen/marka. Det er mogleg å lage seg ein Gapahuk innanfor denne retten, men du kan ikkje då ikkje skade levande tre. Bruk kun tørre stokker og greiner om du er i ein produktiv skog (I ein villskog kan det vera noko anna). Det er ikkje uvanleg å ta ei lita bjørk om nødvendig for å lage ein gapahuk heller, og dette skader ikkje om du "tynner ut". Bjørk blir stort sett nytta til ved, om den i det heile blir nytta, og for at dei skal bli større, må ein uansett gjerne rydde litt. Det er nok også litt forskjell på om det er eit pressområde, eller ei, forskjell på Oslomarka og "langt inni granskauen". Om det er mykje ferdsel i eit område, bør ein vera ekstra varsam og vera heilt sporlaus. Ferdselen bør vera utan ulempe for grunneigaren, det er det viktig å tenke på. Dei fleste grunneigarar er gjerne positive til at området blir nytta, slik det "alltid" har blitt gjort. "Allemannsretten" er basert på ein nedarva rett/hevd, der ikkje nødvendigvis alle moment er felt direkte ned i lovverket (hovudsakleg friluftslova). Den er basert på respekt for naturen og miljøet. Det er forventa at ein tar hensyn til grunneigarar, bønder og andre brukarar. Det kan dimed bli litt vage skillelinjer, og også ulik praksis rundt om. Hugs også at andre lovar og reglar kan gå langt over "allemannsretten": Det kan til dømes vera avgrensningar i verneområde eller ved drikkevasskjelder. Reint praktisk er det få som reagerer på om du bygger gapahuk/camper og brenner bål innanfor lovleg periode. Det er først og fremst lite gjennomtenkt parkering, forsøpling, ferdsel i innmark (!!), ferdsel i planteområde (!), ulovleg bålbrenning og lite respekt for skogsdrift som det reageres mot. For grunneigarar kan det også bli eit problem når ferdselen blir veldig stor. Nokre kommunar er då gode til å finne løysningar, andre er meir passive og det fører gjerne til litt konflikter. Aktiv i Oslo har ei god side som gjer mange av hovudpunktene i "allemannsretten": http://www.aktivioslo.no/allemannsretten.php #Sporløs ferdsel Ved ferdsel i naturen bør prinsippet om sporløst ferdsel gjelde. Når du er på tur i skogen, ved sjøen eller på fjellet bør du forlate stedet mest mulig uberørt. På denne måten kan også de som kommer etter deg oppleve gleden av å møte den uberørte naturen. Du bør rive ned ting du har bygget, som gapahuker og ligenende, du legger stenen fra bålplassen tilbake og tar selvfølgelig med deg alt søppel som ikke brennes. Det er også en god skikk å rydde opp et andre som ikke er så flink til å ferdes sporløst som du er. Da blir det hyggelig å komme tilbake! Grunneeier har lov til bortvise mennesker som gjør skade på eiendommen. #å sanke tørre kvister, greiner og trær til brensel. Du må imidlertid ikke skade levende trær. Du bør ikke tenne bål direkte på svaberg, da disse blir ødelagt av varmen og sprekker. Det er best å tenne bålet på et underlag av sand eller småstein -
Webkameraet på Turtagrø gjer eit visst inntrykk: http://www.webcamsinnorway.com/webcams.php?viewcam=428 Fleire kamera her: http://www.webcamsinnorway.com/webcams.php?search=&searchtown=®ion=oppland http://kamera.kartet.no/interaktiv F.eks. ved Galdhøpiggen skisenter, Tyinholmen, Eidsbugarden. Snøkart på www.senorge.no
-
Hvor stengt er stengte DNT hytter om vinteren?
Ragnar svarte på Lindap sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Det med opningstider på hyttene er eit interesant tema. Eg synes turistforeningen ikkje er så klar på det punktet - det er litt for mange variasjonar. Eg har ein mistanke om at "folk flest" gjerne trur at hyttene er opne heile året. DNT OSLO: Dei fleste er oppført som stengt seinhaustes/tidleg vinter, utanom Rondane/Ringebufjellet og Huldreheimen. Vidare enkelte hytter stengde i periodar på grunn av villreinen om våren (t.d. Rondane), og kanskje nokre i samband med jakt på hausten(?). Om hyttene faktisk er heilt avstengde, slik at du ikkje kjem inn i det heile, det varierer. Veit at Olavsbu ofte er det, Gjendebu og Skogadalsbøen (sjøvbetjening) er gjerne opne likevel. Det er verdt å merke seg at fleire betjente turisthytter ikkje har sjølvbetjeningskvarter i den tida dei ikkje er betjent. Alle DNT-OSLO hytter er uansett låst med standard DNT lås - så hugs nøkkel! ANDRE TURISTFORENINGAR/TURLAG Opne heile året, med enkelte lokale unntak. Også nokre som blir stengt i periodar som ved jakt (midten av august til ut i september) og på grunn av villrein (mai-juni). Mange hytter på sørlandet og vestlandet er ulåste, men ein del bruker også standard DNT lås. I resten av landet er det DNT-lås. Det er også nokre utleigehytter der du må reservere og låne nøkkel på førehand. Eg forstår ikkje heilt at ikkje DNT OSLO kan klare å ha ein litt meir felles policy med resten av foreningane. Eg synes også at det er eit paradoks at nokre av hyttene er heilt avlåst midtvinters med tanke på tryggleik. Det minste bør vera at det er eit lite rom ope (f.eks. sikringsbu). Eg spurde DNT OSLO ein gong om kvifor Olavsbu ikkje var open heile året. Svaret var då at det ville ha vore nødvendig med ei ekstra forsyning om det skulle halde med ved og proviant. Det er jo forsåvidt eit greit poeng. -
Hilleberg Saivo skal vera eit svært stabilt telt. Ein venn av meg er veldig nøgd med dette teltet, inkludert den greie måten stengene settes opp (hekter). Stoffet er nok meir slitesterkt i forhold til Helsport, sjølv om begge deler er bra. Stabiliteten er nok også litt bedre på Saivo, då stengene krysses over det heile. Svalbardteltes svake punkt er mellom anna bogane som står fritt i kvar ende. Ved bardunering har dette mindre betydning. Eit anna moment er at stangkanalane ikkje fungerer like bra i -25 som ved -5 grader, dette gjeld særleg i krysset. Prisen på Hillebergteltet er imidlertid høg, og totalt sett er nok Saivo og Svalbard nokonlunde likebyrdige. Sjølv har eg Svalbard 3 normal versjon og er nøgd med teltet. Det står godt i vinden og tåler stor påkjenning.
-
Ny turportal på nett, samarbeid DNT & NRK
Ragnar svarte på martin.m sitt emne i Generelt om friluftsliv
Det skal nok no mykje til for at Fjellforum skal bli med på noko samarbeid med NRK og DNT. Det har blitt grundig vurdert, og vi er fortsatt i tenkeboksen. Både kommentarar her og internt viser nok at vi bør halde oss utanfor. Det er også dukka opp nokre meir indirekte moment som ikkje talar for noko samarbeid Ragnar Fjellforum -
Ein flott tur de planlegg! Frå Tyinkrysset er det mogleg å gå direkte til Sulebu. Først litt sørover gjennom hytte-feltet, vidare omtrent som sommarstien aust om Børrenøse til Telnesfjorden, vidare direkte til Sulebu. Den trasèen blir merka/delvis oppkjørt til vinterferien, men er ofte ikkje nevnt på kvistekart/turkart. Det kan vera litt kronglette akkurat i hytte-feltet, men ellers ok. På ruta Sulebu - Bjordalsbu er det mogleg å gå både via Breistulen, men også via Eldravatnet. Sistnevnde kan nok vera noko raskare, men isen på Øljussjøen kan bli eit problem. Nokon andre her kan sikkert svare på om det er ein god idè så tidleg på vintaren, men eg tvilar igrunnen på at det er smart/mogleg. Med tanke på skredfare er mitt tips å passe seg for lokale "heng" og bekkedalar, det er nok ein del stadar ein ikkje bør rote seg borti om det er overhengande skredfare. Området er også høgt til fjells, opptill 1600moh, og utsett for det som måtte komme av vêr og vind. Isbroddar bør ein alltid ha på seg (klar til bruk) når ein går på is av ukjent kvalitet.