Skal bare...
Aktiv medlem-
Innlegg
507 -
Ble med
-
Dager vunnet
2
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Skal bare...
-
Kort og greit, ja. Sekken må vera stor nok til å romme det ein skal ha med seg. I tillegg bør han vera god på ryggen, då endar eg alltid opp i store sekkar. 60-70l viser seg å vera ideelt for meg. For andre kan sjølvsagt idealstorleiken vera ein heilt annan.
-
Hvilke fjellski - og kort eller lang fell?
Skal bare... svarte på simson sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Fordelen med skismurning, er at ein slepp å gå med feller. Det gjev langt betre glid, både bortover og nedover, og meir skiglede enn å gå med kortfeller. Eg har både kort- og langfeller. Langfellene brukar eg i bratte og veldig lange motbakkar, altså det mange kallar topptur. Kortfellene brukar eg når skismurningen ikkje held, dei vert ikkje brukt kvart år..- 27 svar
-
- 1
-
-
Eg trur ikkje dette er verken farleg eller fungerande... Bensin har jo mykje lågare damp-trykk enn butan, så trykket blir lågare. Det vil altså fungere dårleg både med boksen riktig veg og oppned. Det er ein grunn til at parafinbrennarar og dei fleste bensinbrennarane har pumpe. Det kan hende du får det til å fungere på ein god sumardag, men nokon god ide er det ikkje.
-
"Pustende" endukstelt? Fungerer det i praksis?
Skal bare... svarte på sneakyowl sitt emne i Telt og lavvo
Bergans hadde einduks tunneltelt med dermizax for mange år sidan, på same tida som Cho Oyo- 17 svar
-
- 1
-
-
Eg har stikk motsatt erfaring med 111 vr 111T. Min 111 brenn veldig fint på både høg og låg effekt, men då regulerer eg med trykk (tanklokk frå Optimus 00 og parafin på tanken). Han brenn ikkje like fint med høgt trykk og stryping med regulatoren. 111T har eg eigentleg bare dårleg erfaring med, både med min eigen brennar og fleire eksemplar i fyrstegongstjenesta. Eg har ein mistanke om at mange av dei moderne brennarane også vil brenne betre på låg effekt med lågt trykk. Men, i alle fall for min del, startar eg alltid med meir effekt for å smelte snø, varme opp vatn osv, før eg treng låg effekt for småkoking og eventuell lunk i teltet. Slangebrennarar, med unntak av KAP arctic, er ikkje laga for å kunne enkelt kunne redusere trykket på tanken. Pannekakesteiking er derfor ikkje den ultimate lågeffekttesten for slangebrennarar, for då kan ein starte med lågt trykk. Eg har også renska fleire bruktkjøpte Optimus 00, Primus 210 og Radius 21 med oppvarming og trykkluft, og har veldig god erfaring med metoden. Eg har derimot aldri opplevd at eigne brennarar brenn seg tette. I forhold til trådens tema, må det nevnast at 111-familien har den store fordelen at ingenting skal monterast. Det er bare å lyfte lokket og byrje oppfyringa. Og det er færre gummipakningar som morknar, så det er mindre vedlikehald over tid, enn med moderne slangebrennarar. Ulempa i forhold til trådstartars preferansar, er at det vert veldig tungt dersom han skal ha med seg ein 111 for kvar halvliter brennstoff. Skal ein bruke ein slik brennar, må ein vera villig til å fylle drivstoff frå flaske i løpet av turen.
- 87 svar
-
- 1
-
-
Dersom du har problem med å halde brennaren, utan stillebrennartopp, i gang på låg effekt i kulda, har du ingen sjanse til å greie det med stillebrennartopp.
-
Du kjem ikkje til å like Dragonfly, for den bråkar mykje meir enn Nova. Eg hadde aldri problem med koplinga på Nova'en min med den gamle koplingen. Eg kan heller ikkje hugse at det var problem med låg effekt i kulda, men inni teltet var det jo aldri sprengkaldt etter at brennaren fyrst var fyra opp. Den opprinnelege Nova'en var nok ein betre brennar enn dagens.
-
Det var bare eit forslag for å sleppe å kjøpe n antall nye flasker, og like menge pumper. Sjølv åpnar eg brennstofflaske og fyller opp tanken regelmessig (kvar morgon før nedpakking på vintertur, og kvar ettermiddag før middagslaging på sumaren), derfor har eg aldri opplevd å gå tom med ei gryte mat på brennaren. Eg brukar for tida ikkje brennar som det bare er å bytte tank på, men denne rutina byrja eg med medan eg brukte brennar der eg kunne gjera det.
- 87 svar
-
- 1
-
-
Dersom du styrer med gjengeteip for å få det tett, forstår eg godt at du ikkje vil styre med å flytte pumpa mellom flaskene. Men med MSR-flasker treng du ikkje dette. Rådet mitt er fortsatt å bytte til MSR-flasker, om så bare ei som du brukar som trykktank, og brukar dei andre flaskene bare til oppbevaring. Då greier du deg med ei pumpe og du treng ikkje gjengeteip. Det vil også bety enormt mykje for brannsikkerheita.
- 87 svar
-
- 1
-
-
Eg har lang, og bare god, erfaring med Nova i kulda, og aldri opplevd problem på låg effekt. Men så byrja eg å tenke på korleis eg brukar brennare, og kom fram til at eg nok aldri køyrer brennaren på låg effekt i kulda. Brennaren står alltid i teltet, og der er det jo temperert straks brennaren er fyrt opp. Eg er også klar over at seinare Nova'er har dårlegare rykte enn min 2000-modell. Der har du problemet. Bytt flaskene til MSR, så held det nok tett med standardpakninga òg. Det er bare eit tidsspørmål før du får problem med pakningen på Arctic Pump også, dersom du fortsett å bruke Optimus-flaska. Eg er heilt einig i at pumpa bør ha lær-kopp. Men det må vel gå ann å bytte... Dersom pumpestanga til Arctic Pump passar i Dragonfly-pumpa, har du allereie løyst dette.
-
Genialt valg av pulkfarge. Med den pulken er ein sikra at resten av turfølget går framom og brøyter, ettersom ingen vil gå bak og vera bilsjuk.
-
Flaske gjengestandard for kokeapparater.
Skal bare... svarte på dsk sitt emne i Primus og kokesystem
MSR var fyrst ute med å lage slike brennarar. Men flaskene, og gjengene, hadde Sigg allereie laga.- 4 svar
-
- 1
-
-
Trangia sin største kaffekjele er 1,4l og veg 201g. Den er stor nok til å fylle den største termosen min, så eg ser faktis ingen grunn til å ha større. Større aluminiumskaffekjelar finnst i bøtter og spann på loppemarked, brukbutikkar ol, Men dei fleste av desse er ikkje laga for friluftsbruk, så godset er tjukkare, og vekta er derfor høgare. Problemet med store, tynne aluminiumskjelar er jo at dei vert frykteleg bulkete etter nokre turar.
-
Ikke trykksett Trangia drivstoff-flaske på Multifuel
Skal bare... svarte på Memento mori sitt emne i Primus og kokesystem
Trangia hadde vel akkurat same begrunnelse som MSR hadde, då desse gjengene vart valgt. Säkerhetskorken skulle passe i Sigg-flasker. Eg er i alle fall glad eg kan bruke Trangia-korken, med den eminente helletuten, på aluminiumsflaskene.- 12 svar
-
- 1
-
-
Sertifikat for " desinfisert packraft"
Skal bare... svarte på Ellefjell sitt emne i Kano, kajakk eller packraft
Utan kontroll på kvar du har dyppa utstyret i mellomtida, forstår eg godt at dei ikkje godkjenner desinfeksjon ein annan plass. -
Hvilken bensin eller parafinprimus er enklest for en nybegynner?
Skal bare... svarte på dsk sitt emne i Primus og kokesystem
Hengslene til lokket til Optimus 8/8r og 111 er for skjøre til at lar andre tukle med desse kassene. Eg kan godt anbefale desse for nybyrjarar, men mine er ikkje til låns. Kva som derimot både er superenkle å bruke, og som eg vågar å låne bort, er Svea 123r for bensin og Optimus 00 for parafin. Dersom denne vennen helst vil ha noko som minner han om Trangia, kan han få låne Sigg turist til Sveaen. Han skal også få låne brenselflaske med Trangia-helletut, så han får fyllt tanken utan søl. -
Optimus Hiker+ mutter til tank løsnet
Skal bare... svarte på OptimusPrimus sitt emne i Primus og kokesystem
Det er jo ikkje Nova-brennar i Hiker+, sjølv om brennaren liknar veldig. Nova har brenselrøyret vannrett inn mot spindelen. Hiker+ har det loddrett ned på spindelen. Du bør i så fall ha eit bend på Nova-slangen, ellers stikk han rett opp kanten av flammene, så slangen kjem ikkje til å vare lenge. I forhold til kjelen, kan det også bli problematisk.- 8 svar
-
- 1
-
-
Ny sekk - Trenger tips. Trollheta vs Osprey
Skal bare... svarte på henrikhoe sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Eg har hatt mange sekker, og er ikkje veldig einig i at ein får betre utnytting av volumet med slike topplokk enn gode gamle sekker med fastsydd topplokk. Problemet med den nevnte sekken, er at dette gjer at topplokket dekker så dårleg at det bare er ein vits. Trollhetta har også slik feste av topplokket, men der dekker det i alle fall åpningen til sekken. -
Ny sekk - Trenger tips. Trollheta vs Osprey
Skal bare... svarte på henrikhoe sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Eg har både Trollhetta og Aether plus (men ikkje akkurat den storleiken det vert spurt etter). Osprey-sekken er klart best på ryggen min, men det er også det einaste gode eg kan seie om han. Det eg ikkje likar med Osprey-sekken, er alt anna av dill og ubruklege løysingar. Til dømes er ikkje topplokket sydd fast til sekken i nakken, men festa med to stroppar (ideen er visst at lokket kan takast av og brukast som dagstursekk). Mellom desse stroppane, er det åpent rett ned i sekken, så snølåsen stikk ut. Sjølv med regntrekk over sekken, er det åpning mellom topplokket og ryggen. Og det er masse glidelåsar på dei mest ubruklege plassane. Dette er både svake punkt og unødvendig vekt. Og det som ser ut som sidelommer, har åpning i botn! Det er altså hol tvers gjennom. Dei som har konstruert sekken kan i alle fall aldri ha vore på tur. Drømmesekken min må vera ein Bergans-sekk frå 80-talet, men med dagens bæresystem frå Osprey, -
Ja, det er noko i forklaringa di, slik eg les det, som stemmer veldig dårleg med virklegheita. Eg drar ringen attende, og då stenger ventilen utan søl. Ringen sprett ikkje fram att, og det er heller ikkje mogleg å skuve denne fram att. Eg forstår faktis ikkje korleis denne kan feilbrukast. Men slik du forklarer det, brukar eg han likevel feil, og skulle hatt masse søl, som eg aldri har hatt. Koplingane på kompressoren min fungerer på akkurat same måte. Ringen står fast i bakre stilling, og ventilen er stengt, heilt til eg koplar til att.
-
Dette var veldig merkleg. Eg har alltid dratt ringen mot flaska, det har alltid stengt ventilen og eg har aldri opplevd søl. Eg måtte finne fram brennaren no for å prøve teorien din. Men ringen på koplinga mi går kun ein veg, og det er mot pumpa. Brennaren min er av dei aller tidlegaste, med umagnetisk rensenål.
-
Nortent LY - Nytenking innen tunneltelt?
Skal bare... svarte på Marius Engelsen sitt emne i Telt og lavvo
Eg greier ikkje å sjå kva som er ulikt andre tunneltelt, anna enn alternativ inngang i enden av forteltet, der ein i så fall må krabbe over alt sot som ligg oppbevara i forteltet. Akkurat det er noko eg aldri har savna. Eg greier meg veldig godt med tradisjonell sideinngang. Eg vil også ha innerteltinngangen heilt borttil ytterteltinngangen, noko som dette teltet feilar kraftig på (basert på mitt inntrykk etter å ha studert bilete). Dette er både for å kunne nå inn i innerteltet utanfrå, og for å kunne åpne ytterteltglidelåsen for lufting, utan å krype alt for langt ut av soveposen. Skal eg ha meg nytt tunneltelt, er det fortsatt Hilleberg Kaitum som står øverst på ynskjelista. -
Tips til brenner med bred flamme for «huspanner»
Skal bare... svarte på oDDi sitt emne i Primus og kokesystem
Eg har Gravity. Sjølve brennaren er grei, men dei 4 beina er noko eg aldri har vorte glad i. Greitt nok på heilt flatt underlag, men ellers, altså til turbruk, er det bare klønete å få underlaget til å passe til alle 4 beina samtidig. Det er ein god grunn til at dei aller fleste turbrennarane har 3 bein. -
Tips til brenner med bred flamme for «huspanner»
Skal bare... svarte på oDDi sitt emne i Primus og kokesystem
Primus mimer https://primusequipment.com/sv-se/products/mimer-stove-duo- 15 svar
-
- 2
-
-
Hvilken farge vil du ha på turutstyret ditt?
Skal bare... svarte på ole_brum sitt emne i Alt annet utstyr
Akkurat desse 2 identitentane er, i mitt syn, så stygge at eg ikkje vurderer dei sjølv om dei er på tilbod. Same gjeld Barents sine blå og Hilleberg sine raude. Helsport likar nok, utfrå eit marknadføringsperspektiv, at det kjem tydeleg fram at det er Helsport-telt på bilete frå ekspedisjonar. Det er heilt greitt om ein ikkje ser kva merke det er på teltet mitt på lang avstand. Dersom eg tar bilete av teltleiren min, er det leiren eg vil formidle, ikkje kva teltmerke eg har. Mine telt skal ha farge som ikkje stikke seg ut og skrike 'HER BUR EG!!!' Dersom eg er redd for ikkje å finne att teltet mitt, har eg andre måtar å sikre meg på. Mange meiner at raude telt gjer seg på bilete, eg er ikkje einig i det, eg synest det er eit stygt. Eg likar grøne telt, og derfor synest eg det er finast på bilete også. Ytterklede og sekk er litt same, eg vel farger som ikkje stikk seg ut. Jakt-grøn og grå er fine farger. Ravnø sin bjørk-farge er nydeleg. Jakke, bukse og sekk bør, etter mitt syn, ha 3 ulike fargetoner. Sumarklede bør vera lyse for å ikkje vera så varme, og for at dette, i større grad, vert oversett av blodtørstige insekt. Det kan argumenterast for at vinterklede bør vera mørke for å absorbere meir solvarme, men dette er mindre viktig, ettersom mellomlaga uansett er isolerande. Om soveposen er grøn, gul eller blå, betyr absolutt ingenting, her er det bare form og funksjon som er viktig. Kokeapparatet skal sjølvsagt ha messingfarge. Småting som lett vert borte i lyngen, kan gjerne ha, og bør i mange tilfeller, ha farger som stikk seg ut. Teltpluggposen min (eg brukar same pose uavhengig av kva telt eg har med meg) er Hilleberg-raud, sjølv om orginalposane som fulgte med enkelte av telta har vore svart eller telt-grøn. Pakkposar skal ha ulike farger, for at det skal vera enkelt å vite kva som er oppi kvar av dei. Så ei favorittfarge? Nei, absolutt ikkje.