Gå til innhold
  • Bli medlem

Øyvind Hellenes

Passivt medlem
  • Innlegg

    127
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Øyvind Hellenes

  1. Hei Per! Kva med å gå hytte til hytte i Jotunheimen? Start på Eidsbugarden og gå til dømes Skogadalsbøen -> Leirvassbu -> Spiterstulen -> Glitterheim - Memurbu og så tilbake til Eidsbugarden.
  2. Kjøpte eit nytt Hilleberg Kaitum 3GT til 8300 på Fjellsport (Med FF-rabatt). Andre telt eg vurderte var Abisko Endurance 3/4 og nye Fjellheimen 3/4. Var først litt låst på firartelta sidan eg ønskjer å ha god plass til 3, men så gjekk det opp for meg at Kaitum faktisk er eit ekte 3-manns telt med heile 185cm i bredda. Noko anna eg likar veldig godt med Kaitum er at det har to fortelt og begge kan brettast opp for utsikt eller maksimal ventilasjon. No må vinteren berre kome!
  3. Takk! Var mykje Zpacks og lignande blant dei som vandra PCT. Veldig fasinerande å sjå folk med 35L sekk utan hoftebelte (som til dømes Palante Simple Pack) og sandalar! Dei som gjekk JMT bar ofte noko tyngre. Typisk Big Agnes eller REI Co-op. Etter mitt syn er det nesten ingen tvil om at singelduk-telt med store luftglippar i bunn er suverent for slike turar. Tunneltelt var så og sei ikkje-eksisterande. Seinare på turen var eg innom REI sitt HQ i Seattle og dei solgte utelukkande sjølvståande 2-3 sesongstelt. Mogleg dei endrar utvalget etter sesong, men syns det er veldig rart at det skandinaviske tunneldesignet tilsynelatande ikkje har blitt meir populært over dammen.
  4. Grattis! Fekk prøve Draumr XL på Vinjerock i år og den var heilt konge
  5. Eg ville aldri kjøpt eit telt som eg ikkje kan sitje rakrygga i. Enkelt og greit
  6. Er det fint vêr og du ønskjer ein roleg dag må du berre komme deg ut til kysten! Alden, Høgeheia på Stavenesodden, Kinn, Hornelen og Stad er alle fantastiske stader å sjå sola gå ned i havet. Skal du til Sunnmøre er det sikkert veldig fint rundt Ulsteinvik, men der er eg ikkje like godt kjend
  7. I Juni gjekk eg John Muir Trail i California. Det var ei fantastisk oppleving. Tok ikkje så mykje bilete, men har laga ein kort video for dei som er interessert:
  8. Forstår ikkje heilt kvifor symmetriske dører på kuppeltelt ofte blir trukke fram som ein ulempe. Med asymmetriske dører har ein alltid ein dårleg inngang i ruskete vêr, mens med symmetriske dører har ein som regel alltid to bra inngangar. Edit: Det vil sei når ein er to eller fleire. På solotur er eg einig i at assymmetri er best
  9. Kva med Exped sin nye modell Mars Extreme? Syns det ser skikkeleg bra ut.
  10. Inreach Mini har moglegheit for 2-veis kommunikasjon.
  11. Har Duplex sjølv og syns det er eit heilt rått telt. Var litt bekymra i starten med tanke på kondens sidan det er eit enkeltveggstelt, men luftinga er så bra at det aldri har vore eit problem. Rart ikkje fleire skandinaviske produsentar brukar dette designet eigentleg.
  12. Haha, du har knipsa lillesøstra mi på bilete nummer 8. Er ho som joggar i blå singlet 😛
  13. Har du høyrt noko i frå Helsport? Er ein ganske alvorleg design-feil dersom det ikkje er noko gale med teltet ditt. Edit: Og legg gjerne ut fleire bilete av teltet dersom du har
  14. Eg syns planen til Garmin nesten er sjokkerande billig faktisk. Viss ein berre tenker litt over kva ein faktisk betalar for: https://en.wikipedia.org/wiki/Iridium_satellite_constellation Nettverket kosta omlag 30 milliarder berre i produksjon og oppskyting. For å bruke desse satellittane som svevar rundt i verdsrommet så kostar det meg 140kr kvar månad eg skal ut på ein lenger tur. For ei tid vi lever i!
  15. Kult, var i grunn akkurat ei slik GPS eining eg var på utkikk etter. Berre synd eg kjøpte ein Explorer for to veker sidan 😑
  16. Eg har Rago Down Winter og er veldig fornøgd med den så langt. Har brukt den ned til -14 utan noko særleg problem. Ytterstoffet verkar robust og vil truleg tåle litt yr fint, men har ikkje testa posen under våte forhold endå.
  17. Eg hadde tenkt meg til Jotunheimen den helga dersom været blir bra. Planen er mellom anna å gå Store Ringstind. Det er ein relativt tøff tur, men berre å hive seg med om du vil
  18. Akkurat no har eg Hilleberg Unna til vinter og Zpacks Duplex til sommar. Ellers hender det at eg brukar Amok Segl eller Hilleberg Tarp 10 UL når eg veit det blir bra vêr.
  19. Kanskje det blir enklare å gje tips dersom du nevner kva som fekk deg til å gå vekk i frå Keron og Lofoten? Slik eg ser det passar jo begge dei telta ganske bra med kriteria dine.
  20. Hadde faktisk vore kult om det gjekk. Men angåande nye Fjellheimen. Nokon som har komme over fleire bilete eller erfaringar med teltet? Så langt har eg ikkje funne anna en det som står på Helsport si heimeside.
  21. Ja er det ikkje eigentleg berre festepunkt som hindrar deg i å gjere dette på fjellheimen? Det er i så fall ein lett fiks. Uansett, det er ein fin funksjon, men for utsikta sin del så trur eg ein har mykje meir glede av den på eit ikkje-camp telt. Kjekt å ha viss det høljer ned, men då føretrekkjer eg nok ein tarp uansett.
  22. Kan anbefale sjusteinsovn: Kan få skikkeleg bra temperatur dersom ein har gode steinar tilgjengeleg. Ellers har eg også hatt suksess med å steike kjøtt i vatn på tur: https://no.wikipedia.org/wiki/Sous-vide Legg steika i ein ziplock-pose med litt marinade og sug ut lufta mens du lukkar den. La posen ligge i varmt vatn (60-80 grader) i 1-2 timar.
  23. Kva med dei nye Fjellheimen-telta til Helsport? SL eller Pro. Dei ser ut til å ha veldig god plass i forhold til vekt. 110cm høgt i innerteltet og med bratt endevegg for bedre plass til beina.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.