Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 672
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Ingen er feilfrie, ei heller Norrøna. På linje med at Vibram hade nokre parti dårlege solar, har også Norrøna hatt nokre dårlige parti/seriar. Første settet mitt med falketind gtx (packlite endog) holdt og holdt. Andre sette såg ut som det hadde vore i krigen etter 14 dg. Det samme gjaldt sambo, og turvenninne. Opplevde ikke velvilje ved klage men gadd heller ikkje ta det så særiøst. Tapa den saman med gaffa og nyttar den som den er. Har boikotta Norrøna for tid tilbake, det heng også saman med andre ting. Men: for dei som til liks med meg er veldig gla i Falketindserien, såg eg her om dagen at årets Falketind ser ut til å vere både røffare og meir forsterka, så noko har jo skjedd etter den forrige "fadesa" med den buksa. Skulle berre mangle. Bukser som ser ut som dei har fått juling over år etter eit par veker, til ein kostnad langt over tre lappar, bør utgå med høge kneløft eter mitt begrep
  2. Kva meinar du med det?
  3. Om du held ut teltet vårt med 4 kids er det pinade greit 😂
  4. Skulle eg bytta ut mitt keron4gt ville det vore for eit keron 3 utan GT. Grunnen til at eg har 4gt no er fordi eg ville ha eit som også romma alle kidsa saman med oss. Vanlegvis kan me bruke fleire telt, men me har hatt turar der eg av ulike grunnar vil ha kontroll på alle saman med meg, anten ver eller Svalbard med isbjørnproblematikken. I 4gt får me alle 4 kids inn i teltet, og eg og gubben kan ligge på tvers i forteltet, og framleis ha plass til å steike pannekaker til frukost. I tillegg kan me, dersom veret vert veldig ufyseleg, faktisk greie å trykke alle seks i innerteltet. Det seier litt om kapasiteten til teltet. Så i mine auger er eit keron 3 utan GT stort nok for to vaksne som vintertreff. Men smaken er som baken. Nokre vil kanskje synes det er knapt. Har forøvrig kokkelert fint i eit keron utan GT (venninne sitt). Har også budd 3 personar i keron 3 GT i fire veker. Det var knapt.
  5. Jepp. Om det skulle knipe om. Gir god gli og er genialt mot klabbing
  6. Hei Fellar kan du klistre på kva som helst slags smørjeski, men kortfell (fell berre midt under skia der du normalt vil ha festevoks) må "matche" festeanordninga til skia. Det vil seie at kortfellane til Åsnesski ikkje vil høve til andre ski, likeins Fischer sine. Sjå forøvrig ny post frå meg and ny modell utan stålkant som kjem neste år. Fjellski i moderat breidde utan stålkant er stabilt og godt, og bra til allroundbruk med hund, i og utanfor løyper, og etter mitt begrep det beste valget om du skal ha "berre" ei ski.
  7. Gul glider, eller felleimpregnering har super effekt, alternativt solkrem
  8. I mi jakt etter eit par smørbare ski utan stålkant, med spenn, og gjerne kortfellesystem, ringte eg til slutt til Åsnes for å klage mi naud Dette etter å ha tråla både bruktmarknad og marknaden elles. Der kunne ei blid dame opplyse meg om to ting; Breidablikk kan ikkje heilt samanliknast med Ingstad, som eg ser vert gjort innimellom, den skal ha hakket meir spenn. Det kjem ei ny ski til neste år, utan stålkant, med meir spenn enn Breidablikk, og noko slankare, om ikkja akkurat ein "kilometerslukar" ala E99 eller Amundsen så i alle fall betre eigna til "kilometer-turar". På spm om spesifikasjonar ville ho ikkje seie for mykje då skia framleis er under utvikling, men i mål ville den kanskje vere noko ala Nansen. Då måtte eg berre skrinlegge heile "klagetalen" min, og seie halleluja i staden. Endeleg ei god allround fjellski utan stålkant, med kortfellesystem. Håpar eg!
  9. Fyttirakkern! Sjølv for meg med allergi mot korte ski trur eg detta hadde blitt drygt God tur!
  10. Denne varianten av å legge på klister nokre dagar før har eg ikkje vore borti og måtte til å spørje sambo (når ting vert meir avansert enn enkel glider, grunning og festevoks så dett eg av lasset). Jaudå, "myrmoblanding" sa han. Ideelt før lengre renn/turar med mykje opp/ned/kupert. Går ut frå at smørjar Magne Myrmo har noko med denne blandinga å gjere? Så no har eg bestilt myrmoblanding før neste tur i Tafjordfjella Edit; fekk følgjande dettande inn på messenger frå gubben; Magne myrmo va en av de norske skiheltane på syttitalet. Også kjent som den siste verdensmester på treski man legg baseklister for å bevare voksen man legg på betre når det er utsikter for varm sny. Når det e kaldt ville eg uansett brukt grunnvalla Så då vert det vel å halde fram med grunnvalla fram til seinvinteren.
  11. Og litt opplagsglider på sommaren er i alle fall å tilrå. Ikkje noko hokus-pokus. Har du først gjort det, og så sikla og børsta påfølgende sesong.. Ja så har du i grove trekk lært prosessen med prepping av ski.
  12. Dette er i alle fall mitt drømmeoppsett (ski og binding, Alfa kan eg ikkje ha) for allround skiglede i alt slags terreng. Grattis med ny 🎿 😄
  13. Lilla, blå og grønn. Har ein polar også men sjeldan eg tek han med.
  14. Hehe, omsatt til "Kajakks" så har den bra sekundærstabilitet Pariseren kan samanliknast med ein flatbotna fiske/hyttekajakk. Om ein har ein pulk der baugen har "spring" så klyv han snøen og andre "bølgjer" godt.
  15. Ein finn vel det samme innanfor hundekjøring så vidt meg bekjent, tobogganplate eller toboggan-slede? Har sin store styrke i laussnø, flyt godt. Eg har brukt to brett etter einann på lengre tur nyleg, og ser at det vil vere det framtidige valget dersom eg ikkje nyttar glasfiberpulk, for dei fleste turar med meir enn 40 + kg, sjølvsagt litt avhengig av terreng. Me prøvde oss litt for tidleg på ompakking til ein pulk, med ein idè om at det forsvann mindre kraft i "toget", men enda opp med å pakke tilbake og gå endå litt lenger med to.
  16. Jepp. Det er jo slik mine "nærområder" også er. Men fartar også ein del til områder der føret er av ein fastare sort, i alle fall oftast (sjølv om ein har få garantiar). Har liksom greid meg med Parisbrett, evt to etter kvarandre. Men har nokre turar på tapetet der eg ser at den vil ha si begrensing! Treng ikkje carbon, meir fasongen eg er ute etter, så er temmeleg altetande på material
  17. Jaujau, men alltid greit å erfare skilnadane likevel. Så veit ein meir om kva som er verd oppgraderinga i kroner og øre eller kva. Har inne eit søk på Acapulka på finn, så får me sjå kva det endar med. Har forsovidt vore nøgd med pariser, men har nokre turar på tapetet der eg tenkjer at det kan vere greit med ein i glassfiber med litt spring i "baugen".
  18. Er det ein Acapulka? I tilfelle; kva modell?
  19. Godt poeng med solen. Fischer har betre solar.
  20. Ok. Eg har ikkje opplevd noko praktisk problem med at andre tek att første, tvert om opplever eg at det i krøkkette terreng er betre fordi at pulk nr to får finne vegen sjølv i staden for å måtte vere ei "rett, stram" linje frå meg, som med eit langt tog bak meg kanskje må gjere justeringar på retning før siste pulk er"klar", eller opp og ned av små formasjonar i terrenget. Men smaken er som baken på kva ein føretrekk, også på dette Tippar båe deler vil funke greit
  21. Lag ein hanefot på brett nr to slik som på du truleg (?) har på det første, ein skrikarabiner i "taustumpen" frå pulk 1 bak på hanefoten. Funkar greit for meg. Alternativt hanefot bak på pulk 1 også, og elles likt som skissert, om du ynskjer endå meir vandring sideveis pulkane mellom.
  22. Artig å sjå, eg får både eine og andre tipset! Sjølv bur eg på ein kant av landet som i stor grad krev vasstette plagg. Så no har eg klipt brukbare stykker av kasserte skallkle eit par sesongar, og skal ved hjelp av gamle mønstre frå Flø Fjellklefabrikk sy både vottar og barnegamasjar, om materialane strekk til. Edit: kunne tenkje meg å prøve meg på eit par slike traktforma vottar også, vil du dele mønster?
  23. Folk kjem vel berre med sine oppfatningar, utan at det nødvendigvis handlar om at dei må ha det dyreste/sværaste? Få av oss i denne tråden som driv med sydpolturar så vidt meg bekjent Mi erfaring er likevel at ein kan ha vel så tøffe tilhøve til dømes på vidda her til lands, som i andre delar av verda. Kan hende (truleg) er de både varmare og tøffare i kroppen enn meg, men når 15 minus, høg luftfuktigheit og kuling går i ekteskap har eg faktisk behov for litt verbeskyttelse Og dei fleste her har formulert omlag noko slikt "sikkert bra jakke blablabla, men til fjellet er den for blablabla....". Altså ingen som har sagt noko om at plagget er dårlig, men dei har sagt noko om kva dei tenkjer om plagget føresett slik og sann
  24. Har opplevd det samme, og har opplevd det motsette. Varmevatn har super effekt. Men, eg tek dei ikkje av og på mange ganger ila sesongen. Dei får stå på gjennom sesongen, evt til eg treng å smørje
  25. Eg har ikkje fullt brukbare ski til formålet har berre ski med stålkantar. Etter at me fekk fleire bikkjer i hus, som me er på mykje på ski med, melder behovet for stålkantfrie ski seg. Og så sant det let seg gjere vil eg kjøpe brukt det gjer eg alltid.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.