Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 705
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Dette er ikkje mi erfaring. Tvert om har eg fleire gonger opplevd at folk stoggar og seier "for ei super løysing! Det skal eg jamen tipse xxxxx om", eller liknande. Dei fleste synes faktisk at dette er ei langt betre løysing enn desse evindelege plastposane. Det er berre å gi sjiten go nok send så fer den langt nok Det sagt så er det enkelte, heldigvis i mindretal, som aldri vert nøgde fordi dei meinar at hund ikkje skulle funne stad i samfunnet. Dei er berre å drite i. Bokstaveleg talt.
  2. Eg har stoppa å gjort noko med driten sjølv med to unge og energiske Grønlandshunder på lina som kjefter som huskyar for å ikkje få dra vidare. Kan ein ta omsyn ser eg ingen grunn til å ikkje gjere det. Kjøp deg ei plastikkspade på leiebutikken så er det kjapt å vippe sjiten lenger vekk Alt etter tur har eg mi hengande i ein karabin i kjørebelte, eller nedi ein go'bit pose som heng der for formålet. Edit: Og i enkelte områder har eg faktisk frakta med meg driten ut att, anten i ei dedikert mageveske for bæsjepose eller i anorakklomma i dobbeltpose. Då er det eg som må sørge for å ikkje tryne, i staden for andre
  3. Bålposen er vasstett og er med alltid. Den består av lighter, tennstål, never, fyrstikker og tennbrikettar. I tilegg har eg fyrstikker spreidd rundt i ulike pakkposar, inkl.dasspose, førstehjelp og klespose.
  4. Hehe men ved brenning av dopapir i frisk bris er dei heller vanskelege
  5. Etter ei drøfting på kammerset vel me å opne denne tråden att. Føresett at forhandler her @Kolbjørn K held fram med å vere tydeleg på at han er forhandlar og at evt innlegg frå den kant fungerar som rein produktinformasjon, jf § 11 andre ledd. Minner også om at det til tross for usemje om framgang, er ynskjeleg med ei høvisk framferd frå alle. Ha ein fin siste påskedag Therese
  6. Eg tenkjer at det er mange tiltak ein kan sette i verk før ein sett ned generelle forbud. Og dei fleste hundeeigarar tenkjer sjølv. Nokre gjer det ikkje. Mtp kor mange som eig hund i dette landet, vert diverre sjølv "nokre" til slutt mengder. Mtp bandtvang er det heilt katastrofe etter mitt begrep at folk gir faen, og eg veit det er ei problemstilling også i fjellet. Eg har sjølv hørt fjelloppsynet drøfte utfordringa. Trøbbelet med laushundar er spesielt utbreidt rundt hyttefelta i fjellet. Ikkje på setra til lokalbefolkninga men kring hyttene til "byfolket" . Eg let likevel være å trekke den konklusjon at alle byfolk er ute av stand til å respektere lovar og reglar Uansett ingen tvil; Bøtene burde svi på akkurat dette.
  7. Eg er samd i alt du skriv med unntak av dette. Ein må kunne ha områder der både barnefamiliar og hundeeigarar kan vere. Å treffe hund, oppleve dyr, og sjå dei i naturleg samspel med menneske bør først og fremst vere eit pluss for born, ikkje eit minus! Alt for mange born veks opp utan å erfare dyr. Fjernare og fjernare frå natur og dyr vert me, ei utvikling som ikkje nødvendigvis er bra for oss hverken som samfunn eller ut frå eit helseperspektiv. Å legge ned forbud/reglar så snart noko er ei problemstilling byd meg beint fram i mot. Til slutt skal me ikkje ha att meir evner til å tenke sjølv, eller få utvikle våre indre kompass på rett og galt. Den negative effekten av slik overregulering ser ein i personar som kjem frå slike kulturar og inn i ein tillitskultur. Dei trur alt som ikkje er eksplissitt forbudt er lov. Nei takk. Litt sett på spissen i forhold til trådens tema? Ja. Likevel litt relevant? Definitivt.
  8. Same her, alltid på lina. Nyttar spade, evt vrengt pose dei gongane eg gløymer spada/ikkje har kjørebelte på, og lempar i djupe grøfter eller under buskas/kratt. Likar dog best å ha med spaden, eg har bikkjer som ofte gjer frå seg i fart, då er det skikkeleg trasig å skulle saumfare 20 - 30 meters bremselengde med pose Å frakte med meg i pose nyttar eg berre i "byen" og dei gongane det ikkje er nokon stad å slenge ting. TIl dømes i dei fine opne glennene langs skiløypa der folk typisk grev seg dagcampar. Her hjå oss er det ikkje eit problem i dei store skiløypene knytt til skisenter osv, der er så mykje folk at eg trur det disiplinerar, ingen let skiten ligge att medan andre ser på....men i dei mindre løypene som dei ulike lokallag har, der den sosiale kontrollen er mindre pga mindre ferdsel, er det eit større problem. Eg må seie eg vert mektig irrritert på andre hundeeigarar som ikkje fjernar skiten etter seg, for det går utover oss andre og. Eg skjønar godt at folk vert fortvilte når dei skal putte skia i bilen og dei er fulle i møkk oppetter sidene eller i klisteret, eller når du heile tida må jobbe for å halde kiden unna dette spennande materialet som ligg der og innbyr til leik .
  9. Eg har ikkje nytta det, men eit kjapt blikk fortel meg at; Vaude må settast opp med innertelt først for så å tre på ytterduk. Mange synes det er eit minus, men det kjem an på bruksområde. Vaude har større golvareal og høgare takhøgde, kanskje er det nett det som årsakar at det ser ut som helsportteltet har brattare veggar? SOm igjen vil gi bra romkjensle (berre synsing).Ut frå bilete ser det ut som døra på vaudeteltet, og forsovidt dei andre veggane skråar meir innover teltet. Men, å sette opp eit reknestykke for dette for å finne ut av om det faktisk stemmer skal eg overlate til nokon av dei mange flinke nerdsa her inne Det kan sjå ut som Vaude har ein høg ventil som skal verke saman med eit oppløfta yttertelt (går ikkje heilt i bakken). Helsportteltet har ein låg ventil bak og ein høg framme. Plussar og minusar med det, men i dei tre sesongar stort sett pluss. Vaude har eit pittelite fortelt (plass til nokre sko og litt ymse? om det let seg bruke i til dømes sidelengs regn er ei anna sak, sidan det ikkje går til bakken). Helsportteltet har fleire bardunar/ankringspunkt. I tillegg kjem nok forskjelar i materialar. Eg trur Vadueteltet er eit greit telt, men ein må vite kva ein kjøper, og at det stettar behova dine. Eg ser dei ofte brukt rundtomkring i verda, så at Vaude kan å lage telt er det ikkje tvil om. Om denne modellen høver deg bra er ei anna sak kjem vel an på bruksområde.
  10. Herreminhatt, no har google blitt aldeles fintfølande. B i staden for P Takk @Jan@
  11. Eg finn ikkje den modellen frå Vaude ved Googlesøk? Har du ein link?
  12. Eg vel å lås denne tråden til eg kan komme meg heim å rydde i den frå ein PC. Mvh Therese som moderator
  13. Samsvarer god med det eg også har erfart, i tillegg til ising. Har gitt den tid i sovepose eller på kropp så kjem den. Det enklaste er å vere føre var og ha den på kropp gjennom dagen, evt ta den på kropp siste timen/-ane av dagens marsj.
  14. + 1 . Stort sett om det er nødvendig med tørking, eller me har med slitne mannfolk som har brent for mykje i musklane før på dag
  15. Eg har hatt mange økter i trekket med mine Nansen. Eg synes det er moro! Får skikkeleg skijensle, om en noko slunken stilkarakterar for mitt vedkommende 🙈
  16. Eg kjøpte anorakk i ventile til mora mi på Svalbard. Den e knallgod iflg henne.
  17. Ser ein del av dei på Svalbard faktisk. Eg har ikkje brukt dei i praksis, men ser fleire føremunar med dette teltet (std varianten eg har kika på).
  18. Dette stadfesta mine tankar
  19. Ja eg seier no beint fram at eg ikkje har prøvd dei, men at eg umiddelbart tenkte at det vart merkjeleg draretning, kunnskap overført frå andre ankringsmidlar. Det var ikkje mi meining å dra tråden over i andre baner, men spm mitt er faktisk meget relevant. KORLEIS fungerar desse i praksis mtp plassering. Skrivebordsteori er ein ting, men dette er faktisk erfaring med å plassere andre sikringsmidlar, og eg søkjer å finne ut av overførbarheit. Men det er mi meining. Ha ein fin dag
  20. Eg vonar dei er i mindretal, og meinar bestemt at dei fleste som legg ut på tur i eksponert terreng har gjort seg nokre erfaringar på vegen dit som gjer at dei er i stand til å vurdere produkt og utstyr til sitt bruk.
  21. Er ikkje styrken me er ute etter, me diskuterar prinsippet for draretning og plassering, fordi eg synes løysinga med dei tre linene er snodig.
  22. Det meste kan faktisk brukast til ankring, om ein berre plasserar det greit og lagar ein kanal/eit spor til line/bardun. Sjølv ei huve fylt med snø kan ankre godt.
  23. Jepp. Har nokre vanlige snøanker eg og, og der er jo vaier plassert rett overfor kvarandre, så det er enkelt å lage "løpekanal" til dei. Det gjeld berre å finne rett vinkel på ankeret. Difor eg synes desse såg tungvindte ut.
  24. Nei eg tenkte ikkje at ein skal henge noko etter dette, men snakkar om prinsippet for snøanker, same kva formål: ein må ha ein "kanal" der lånene går, for å få draget/belastninga på rett stad. Om ein grev ned og snorene går loddrett opp og så blir dratt sidelengs langs bakken/snøen så får ein feil dragretning. Men heilt korrekt, eg har ikkje sett desse i bruk, berre tenkte umiddelbart at eg ikkje skjønte korleis ein tenkjer draretning.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.