-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Voile Switchback with Crispi Svartisen on Fisher E109
Tessatroll svarte på Paddy sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Both weight and movement. Yes you do get the pivoting similar to tech or BC-binding. But, my experience is that the length of the plate under the forefoot and the weight does make the movement of the foot less natural then with BC. -
Tips til å overkomme frykt for mørke på tur…
Tessatroll svarte på Skaubjønn på truger sitt emne i Generelt om friluftsliv
Og eg vert alldeles forbanna av dei 1000-metringane midt i fleisen, som tek nattesynet mitt for langsameleg tid. Må som eit minimum vere råd å blende ned, ikkje kike ekstra etter liksom 🙉😂 Usympatisk for dei som eventuelt er redde? Hell yeah. Like fullt så vert eg skikkelig gretten 🙉- 38 svar
-
- 4
-
-
Mi erfaring er at det funkar best med litt dyre briller til bakke/topptur, og eit par rimelige briller med gult/orange glas til pulktur. Brillene får ein annan juling på pulktur, og er det først "goggleføre" (mykje vêr) er det sjeldan ein gidd stå å dille med bytte av glas.... Er det go'ver er briller kat 4 og evt maske ved vind som funkar best (for meg).
- 3 svar
-
- 3
-
-
-
Eg har vore ein del på litt krevjande turar saman med gnagsårfolk. Med det meinar eg turar med mykje høgdemeter/lengdemeter i kombo med tung pulk/tung sekk, som gir stor belastning på hæl. No er det litt ulikt kva som fungerer for ulike folk, men vi plar gjerne forebygge med gnagsårplater og trykkavlastning om me veit det er mykje høgdemeter ein dag eller to. I kombinasjon med dampsperre i form av plast (ikkje dampsperresokk) mellom ein tynn sokk og ein tjukkare, er det fleire som har opplevd å endeleg få bukt med problema. Du får eit "sklilag" som tek av for huda på eit vis. Seier ikkje at dette vil funke for alle, men det har funka for overraskande mange. Har ein dog berre "heilt steike feil sko" er det kanskje beste enden å ta til i. Men har ein vore gjennom heile rekka av modellar, kan det vere eit triks å teste ut. Dampsperre er altså effektivt for meir enn å halde yttersokken tørr
- 28 svar
-
- 1
-
-
Gjekk frå Alfa tli Crispi, ikkje grunna gnagsår men trykksmerter (noko med hælen i Alfastøvlar som slett ikkje høver meg). Crispi Stetind kan eg trø nye rett på foten og labbe avgårde. Den er også meir vridningsstiv enn Alfa, noko eg verdsett i lange traversar på hardt/isete føre. Men, at the end of the day er det passform som er viktigst, lurt å gå i butikk og prøve ulike modellar (sjølv om ein ikkje alltid greier kjenne kva som vil melde seg etter nokre km). Elles er Stetind ofte å finne til ein billig penge på Finn. Har kjøpt to par der til "røvarpris" før, når det var tid for kidsa å få fjellski og "voksensko".
-
Norge på langs - pulk eller sekk?
Tessatroll svarte på Baryshnikov sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Kan det vere aktuelt med Storsekk og eit lett Parisbrett med taudrag som lett kan stoppast på sekken? Det har funka for meg på kombinasjonsturar- 22 svar
-
- 1
-
-
tur jul-nyttår Hardangervidda hensyn til villrein?
Tessatroll svarte på Megogskyggen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Heilt samd i dette. Eg tenkjer også at aktiviteten resten av året er det som gir mest trøbbel. Likevel veit vi at nett no er det ekstra vanskeleg for dei, og ein meinar også lokalt/regionalt at fluktavstand har auka grunna dei siste års situasjon, slik eg forstår det. -
Norge på langs - pulk eller sekk?
Tessatroll svarte på Baryshnikov sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Eg ville valgt pulk og jobba like hardt for å halde vekta nede som om eg gjekk med sekk. Då får ein ein behageleg tur.- 22 svar
-
- 3
-
-
tur jul-nyttår Hardangervidda hensyn til villrein?
Tessatroll svarte på Megogskyggen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Synes personleg desse vurderingane er vanskelege. Når eg ser på dyreposisjonar for desember og januar i fjor og kart i naturbase så er det jaggu ikkje heilt beinkløyvd å trekke detta skarpe skiljet mellom vest og aust som ein tradisjonelt plar trekke i ein del villreinområder.. I tillegg finn ein at reinen endrar arealbruk, og dei "oppleste" reglane for kvar han står til ulike tider er ikkje like klare, sjølv om beita burde tilsei at dei fylgjer gamle mønster. Det som er sikkert er at stammen allereie er i dårleg forfatning, og vinteren er ei sårbar tid. Villrein regarerar på menneskeleg forstyrring med stress og flukt av varierande lengde, og svir mykje energi. I ein stamme med dårleg kondisjon på dyra smakar det ekstra dårleg om ein skulle støkke dyr. Det er sjølvsagt ingen forbod mot å bevege seg nokon stad, det skulle teke seg ut med ein allemannsrett som står så sterkt..men for meg var det no-go i vår når planlagt tur kryssa i ytterkant av trekk mot kalvingsområde. Det smakar så dårleg at me menneska utgjer eit av villreinen sine største problem. Med tanke på at det er vanskeleg å vite/finne ut av kva som gjeld om dagen, ville eg framleis haldt ein knapp på å kontakte dei som er lokalt/regionalt og spurt om ferdselsråd.- 17 svar
-
- 2
-
-
Snøsag er fint om ein er går all-in på topptur og skredvurderingar. Elles ser eg det som overflødig og nok ein "dippedutt". Dog moro om ein skal bygge igloo eller styre med byggeprosjekt med kids osv.
- 10 svar
-
- 2
-
-
Eg har båe deler. Skulle eg hatt berre eit par, ville eg hatt utan fast gamasj. Meir anvendelig i alle temperaturar, og ofte meir stødige/vridningsstive.
-
Den våte ulltrøya som ligg som ei glye mot korsryggen er nett like forbanna ubehageleg som ei hvilken som helst anna våt trøye, og det vert like kaldt så lenge ein har vått tøy mot kroppen, som skal fordampe for å bli tørr. Netting innerst og ull mid, evt syntet mid om ein skal sveitte mykje. Syntet mid trekker fukta vekk frå innerste lag og tørkar raskare enn ull om ein har ei lita lufteglipe under armane. Som å banna i kyrkja å seie dette som borgar i ein ullelskande nasjon, og med Devolden som "næraste nabo", men slik er det no eingong eg opplever det. Ein god gammal fleecevest har av dette blitt ein god venn på dei verkeleg kalde dagane med mykje svetting, til dømes framfor pulken. Då kjem han på utanpå nettingen, eller utanpå netting og ulltrøye. Stinkar etter 14 dg, men så er det jo ikkje noko overordna mål at alle plagg skal lukte rosebed når ein ramlar ned frå fjellet heller vel. Prøvar dog unngå å ha den på i teltet om me er fleire på tur i lag, sjølv om lukta truleg ikkje hadde spelt noko rolle når alle dreg av dampsperresokkar på tiande dagen.. 🙉
- 34 svar
-
- 2
-
-
tur jul-nyttår Hardangervidda hensyn til villrein?
Tessatroll svarte på Megogskyggen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Det er godt med snø på Hedmarksvidda om det er interessant å gå til dømes frå Elverum i sør til nøre delar av Rondane. Tenkjer også det er godt med snø allereie i Langsua, der plar vere snøsikkert kring jul.- 17 svar
-
- 1
-
-
Andrew 75 mm skistøvlar på supertilbud hjå Gamletorvet sport, for dei som har opp til str 40. Både St.Moritz og Arctico. Eg reiste med siste par St.Moritz i str. 39 til ein alldeles latterleg pris.
-
Skisko til rottefella bc manuell
Tessatroll svarte på Gårbarelittpåski sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Elles ligg det no mange par meget pent brukte Crispi Stetind på finn, om du har Crispifot. Ein god støvel.- 10 svar
-
- 1
-
-
Kan det vere eit alternativ med kollektiv til Dyranut og gå til Haukeli, kollektiv heim? Går buss i båe retningar frå/til båe stader. Husk berre å undersøk korleis det ligg ann med villrein og ferdsel for områda/hyttene for perioden de skal avgårde. Alternativet kan vere ein runde i Skarvheimen eller Jotunheimen, då unngår de villreinproblematikken heilt. Krossbu - Olavsbu - Gjendebu - Gjendesheim kan vere eit alternativ? Eller er Langsua veldig flott, tett mellom hyttene, både DNT-hytter og fjellstyrehytter, snøsikkert. Som ein liten forgård til Jotunheimen, med noko vennlegare terreng.
- 2 svar
-
- 2
-
-
Fjellski lengde høyde vekt?
Tessatroll svarte på Lena Kristiansen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eg ville valgt Nansen alle dagar om valet stod mellom Cecilie og Nansen (difor eig eg ikkje Cecilie-ski). Om eg fekk velje blandt andre modellar ville eg vurdert ei endå rankare ski, som hjelper deg betre på isete skuterspor og i avblåste områder i snaufjellet, type Liv Arnesen eller Amundsen. Nansen og Cecilie er båe raust innsvinga. Fantastiske ski til sitt bruk, men Cecilie vert alfor daff til slikt terreng, og båe modellar vil krevje litt av skoen og deg om du skal ferdast isete/hardt og/eller på scooterspor (som slett ikkje er like godt alltid). Amundsen og Liv Arnesen er rankare med litt meir spenn, og vil gje deg betre kontroll på kant og betre "framover"- eigenskapar når det ikkje er silkeføre og preppa spor. Du får meir igjen for trykket du legg i skia rett og slett. Skal du hovedsakleg bevege deg utanfor løypenett og i skog vert det noko annaleis, men om eg skulle hatt ei ski og hovedsakleg ferdast langs skuterspor og på Rørosvidda så ville eg valgt Amundsen eller Liv, eventuelt dersom eg krydra med litt skog og laussnø innimellom, så ville eg vurdert Gamme. Til slutt ; det hjelp lite med god ski dersom skoen er som ein gymsokk. Syt for at du får kjøpt ein skistøvel som er vridningsstiv nok, slik at du faktisk får nytta skia sine eigenskapar.- 11 svar
-
- 1
-
-
Fjellski lengde høyde vekt?
Tessatroll svarte på Lena Kristiansen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Ja båe.- 11 svar
-
- 1
-
-
Fjellski lengde høyde vekt?
Tessatroll svarte på Lena Kristiansen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Cecilie er ei veldig mjuk ski. Dersom du foretrekk litt spenn men vil ha ei kortare ski så kan kanskje Nansen vere eit alternativ?- 11 svar
-
- 1
-
-
Parispulk for nybegynner…
Tessatroll svarte på Skaubjønn på truger sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Taudrag funkar utruleg bra. Har gått nokre mil og slitt ut nokre parisbrett med taudrag, i alt slags terreng. Har montert fester for fjellpulkendrag på i tillegg, og kan velje å sette på det om eg vil. Har også ein acapulka i tillegg, som eg har rigga for både taudrag og stivt. Eg føretrekk oftast parisbrett med taudrag. Nest etter dette er acapulka med taudrag foretrekt. Dei stive draga til acapulkaen har eg framleis ikkje nytta, føler stive drag som ei tvangstrøye for hoftene. Det er dog lurt med eit bremsetau å kunne slenge under om du skal gå på truger, så ikkje pulken glir fortare enn du går.- 16 svar
-
- 2
-
-
Nei veit ikkje.
-
Crispi Svalbard. Super bortoverstøvel. Eg droppa kartank, ikkje behov. Men har ein storleik større enn eg brukar til vanleg og har plass til ein litt meir moderat kartank frå Lundhags. Skal ein ha tjukk ullkartank tippar eg ein må opp to storleikar. Stormmatter er vel i grunnen eit spørsmål om smak og behag, og så innretter ein seg etter det ein har. Eg trivast best utan stormmatter og innrettar meg deretter (til dømes om det føyker så spar ein litt snø langs veggen, sjølv om det ikkje bles veldig hardt). Men, etter å ha foreint flyttelass med ein annan turboms, er det også telt i hus med stormmatter. Funkar det også, ein innrettar seg berre deretter (kan bli litt tettare til dømes).
- 13 svar
-
- 1
-
-
En kokewilly og vindskjerm/brennerplate prosjekt
Tessatroll svarte på Kristoffer Sandnes sitt emne i Primus og kokesystem
Stemmer. Godt begravd er stikkorda her -
Dei har vel eit utstrekt samarbeid. I si tid var nettverket av polarfolk på kryss og tvers av "beslekta" bedrifter, og det var/er forbindelsar mellom Alfa, Hvitserk, Mørdre, sportsnett osv. Så treng ikkje bety at Alfa er best. Eg har nytta Crispi nokre år, og mellom anna var det støvelen både eg og mine to turvenniner nytta over Grønland i 2017. Eg har ikkje Alfafot, så det var heilt utelukka. Er veldig nøgd med en støvelen, og etterkvart som eg kjenner fleire og fleire som brukar den, synes eg å høyre mykje go'låt. Unntaket er kanskje @Heriks, som opplevde at ho ikkje har "Crispifot" om eg hugsar rett.
- 13 svar
-
- 1
-