Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 435
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    57

Alt skrevet av Tessatroll

  1. "Det er bare snakk om prioriteringer" ? Den uttalen fortel meg eigentleg at eg skal gi blaffen i fleire innlegg. Men engasjemntet tek overhand. Er det berre arbeidstakaren med fast arbeid, 5 ferieveker og eit gjennomsnittleg liv som er temaet her? For så snakkar vi i alle fall om ein liten del av landets befolkning. Dei fleste som har litt innsyn i, eller arbeidar med, friluftsliv og folkehelse og spm kring dette, gjerne knytt til klasseskilje, moglegheiter, tilgjenge, sosiale årsaks-og verknadssamanhengar osv, vil soleklart sjå samanhengane her. Når ein snakkar om ressursar, handlar det ikkje alltid om pengar! Ein treng forresten ikkje arbeide med det, det held å gjere nokre objektive observasjonar ut verda som ikkje er farga av eige ønske om kva ein vil sjå. Spm er vel IKKJE korleis dette råkar dei som allereie har ressursar (til å reise til syden). Eit meir gyldig spm vil for meg være: Kva skal den som av ulike årsaker ikkje har ressursar til sydenferie og andre opplevingar gjere, når også fredelige naturområder vert ein knapp ressurs? Jau då skal dei verte sittande inne framfor skjermen, samen med kidsa sine.....Og ete Grandiosa. For det er tross alt rimeligare enn å ete sunt. Og så kan vi kritisere dei for ein usunn/meiningslaus og sjølvvalgt tilværelse etterpå. Eller bruke ein masse pengar på å utvikle nærområder på tur....i regi av ein folkehelskoordinator, eller anna meiningslaus ressursbruk. Meiningslaus fordi den kunne vore unngått. Ikkje fordi den ikkje fremjar viktige verdiar. Ærleg talt! Kven er det forresten som kjøper seg snøscooter/snøscooteropplevingar? Er i alle fall ikkje den jamne nordmann. Frå meg eit rungande NEI til kommunal autonomi på dette området. Det har sosiale kostnadar også, så vel som miljømessige. Det er mi bombastiske meining som eg kjem til å halde på til eg vert blå i ansiktet.
  2. Ler so ej grine!! Hahahahaaaaaaaaaa No har eg framleis nokså små born, 9 og 11, så det er enkelt for meg å være positiv Spørs kor enkelt det er om 4 år når mi nofortida Justin BIeberelskande dotter ein dag faktisk står på gangen, og meinar at overnatting ute er meiningslaust, at einaste greide skiform er snowboard i bakken med mp3 på øret, og at familien hennar er den teitaste på jord. Mogleg mi diplomatiske "vi lyt alle få styre med det som fengjer oss haldning" brått endrar seg til eit brøl av typen "Få på deg fillene, og det litt brennkvikt, du he berre godt av å komme dej ut å bevege dej å vekk frå youtube". Håpa i det lengste at det ikkje kjem sjølvsagt. Og nyt tida no medan dei er små, og syns toppen av lukke er å få krølle seg inntil ein voksen varm kropp, under ein jerven duk, og sovne til lyden av bål. Mitt motto som mor: Ej gjer so godt ej kan, å satsa på litt flaks
  3. Det er vel ei kjent sak at knappe goder ofte (dersom anna ikkje er definert) kjem dei ressurssterke til gode. Om vi får færre og meir perifere uforstyrra naturområder, kan ein kanskje få den effekten der også? At klasseskiljet kjem fram. Eit anna spm som naturleg dukkar opp i eit slikt resonnent, hjå meg hvertfall, er då folkehelse. Sent from my HTC One S using Tapatalk 2
  4. Ok, var ikkje klar over at dte gjekk an på Kajka Det som slår meg er at det kan være enklare å få fult "utjustert" damesekk god på deg enn å få ein fult "innjustert" herresekk god på henne. I alle fall mi erfaring
  5. Amen! ETter posting ser eg det. Eg gjer vist dette quotestyret feil kvar gong.....jaja..
  6. I ein kvar diskusjon kring kommunal autonomi, høyrer det etter mitt begrep heime ei erkjenning. Ei erkjenning av at når det gjeld spm og tilhøver kring motsetnader mellom utvikling/bevaring, evt potensiel næringsinntekt kontra vern, så befinn ein kvar kommunal politikar seg under eit press. Uavhengig av parti. Presset vert kalla budsjett. I enkelte høver er det bra at "dem som har skoen på....osv.....får ta avgjerda" osv.. I andre saker ikkje. I denne saka meiner eg at ein ikkje skal tildele kommunane for stor råderett. Spørsmålet er for viktig. Og kan potensielt føre til irreversible skadar. Ja til kommunal autonomi i spm kring pianoopplæring. Nei til kommunal autonomi kring viktige miljøsaker. Overfør spm til andre miljøspørsmål av global karakter. Kjenn etter korleis ein der ville tenkt. My thaughts
  7. Spørs vel litt på di og på hennar bygning kanskje? Eg (167 cm) og min sambuar (185 ish cm) kunne ikkje hatt same sekk, sjølv om den hadde justerbar rygglengde, då han er " 2 meter" over ryggen i forhold til meg, + at eg har typisk "kvinnefasong" , så plassering av skulderreimar osv er viktig. Har erfart at justerbare sekkar som er justert inn til det minste "alle" vegar vert noko meir ustable, og at det krev noko tid for å finne dei rette justeringane på millimeteren i alle ledd, for å få den behageleg. Men skulle eg kjøpt ein unisexsekk til meg og sambu hadde eg kika på arcteryx sine sekkar. Veit at nokre av dei har system som ikkje berre justerar festet til skulderreimane opp/ned men også inn/ut, altså kan ein justere avstanden mellom dei. Til dømes Arcteryx altra (62 women`s, 65 men`s) Kanskje noko for dykk dersom de har veldig ulik størrelse over skuldrane og ryggtavla?
  8. Snømengde på innlandsisen på Grønland vil vel som påpeika over kunne være liten, det kjem vel litt ann på årstida du gjeng og tilhøva elles. Trur eigentleg at dette er eit "problemstilling" som løyser seg sjølv. Som nevnt over går blueferdigheita truleg vekk nokså kjapt. Men kva har du gjort tidlegare? Reknar med du har "bimmelibomma" på dei andre turane du har gått? Når det gjeld "tissetrakt" kan eg sei at eg har ei mjuk, i silikon. Ei anna eg kjenner, har ein som ho kjøpte i statane, der koppen er av hardplast...Verka litt enklare å få til uten "søl"....
  9. Tissetrakt e digg. Når du berre he trent på å bruke det Ellers e d vel å gi beskjed om at en skal på dass, grave et hol og satse på at folk sitt/står med ryggen til? Hvertfall det ej gjer når det manglar både buske og stein
  10. Fantastisk! Spesielt for nokon som må konse på å halde tunga beint i munnen i overgangen mellom fortau og veg
  11. Åh, det va snilt! Det gjer eg gjerne. Konto og navn på en PM så skal eg sende deg peng
  12. Alternativ til overprisa fleeceposar i sportsbutikk: Kjøp det tjukkaste fleecepleddet du finn på jysk/nille/europris, legg det dobbel og sy saman eine kortsida og den langsida som ikkje er bretten......Voila, fleecepose for 69,50 i staden for 300 kr
  13. Har brukt Bergans kids comfort med ekstra innerpose i tjukk fleece og et sett ullundertøy i utetemp heilt ned i 18 kalde. Rett nok låg mor då med ei hånd ute halve natta for å kontrollere temp, noko som var unødvendig, for det var varmt nok. He gode underlag
  14. Sidan du er der, og er "inside", har du nokre tips til gode aktørar for ut/tilbaketransport med scooter ved ein litt lengre skitur?
  15. Sysselmannen krev vel ikkje satelitt tlf, men nødpeilesendar. Du får leigd nødpeilesendar på Svalbard, og nettet er fult av aktørar som leiger ut satelittelefonar med ringetid. Har de fastlagt ruta?
  16. Eg har brukt kroppssele på min son fram til no, han er vel 9 år. Dotter mi har brukt sittesele sidan ho var 8, men ho har ein heilt anna figur. Dersom sonen din har smale hofter kan det være lurt med ein kroppssele. Dersom ein likevel vurderar sittesele, kan ein ta ein test på om sittesele funkar, ved å spenne sele godt fast på ungen og snu opp/ned. Dersom ungen heng godt i selen og den sitt utan at ungen glir ut av den, kan ho/han truleg bruke sittesele uten risiko. Husk sjølvsagt å sjekke vektangivelse på kroppsselen. Eg har ein kroppssele til sals for 150 kr + porto.
  17. Ok. Eg har ikkje noko særskilt behov for å gå Glittertind eller Galdhøpiggen, og er også usikker på kva dato eg kjem heim, så om eg kan hive meg med på litt kort varsel er det flott? Bur på Sunnmøre, 45 min kjøretur frå Stryn, send meg ein PM om eg kan hjelpe til med "lokalgeografisk" kunnskap med omsyn til logistikk osv
  18. Hei Høyres ut som ein knall tur. Har du nærare spesifisert tidsrom? Eg er vekke på tur i fire veker frå mid-april, men om de framleis er på tur når eg kjem heim mid-mai, hiv eg meg gjerne med på delar av turen, artig å treffe nye folk på tur.
  19. Snø og ei hole...Vindgryte? Europas største bre? Bings?
  20. Hei og takk for svar Skjønar at snøgrensavarierar frå år til år, men ein har no oftast "trendar" innanfor vær og føreforhold. Eg ynskjer å ta med telt og gjere ein litt lenger rundtur av det. Har skjønt at ein del folk nyttar seg av esel på grunn av behov for å bære med seg vatn. Kor reelt dette behovet er dersom der er hytter langs med som ein kan kjøpe reint vatn på, veit eg sanneleg ikkje? Om det er slik at eg kan handle vatn, er det ikkje verre enn at eg bær med meg det andre eg treng for ei lita veke på ryggen. Snøforhold og høve til smelting er noko avgjerdande for løysingane ein legg opp til på ein slik tur, så linken din var no midt i blinken for å få følge med på dette! Tusen takk
  21. Hei Er det nokon her som har teke turen til Jebel Toubkan vinterstid og kan seie noko om det? Fly til og frå Marrakech og turen vidare ut til Imlil er eg nokolunde orientert på, men Imlil - toppen - evt rundtur samt evt leige av esel osv har eg lite på. Kor langt kjem ein med esel om vinteren? Altså, kvar går snøgrensa`ish? Siste kan eg vel finne om eg googlar litt, men skadar ikje spørje her inne.
  22. Ost og bacon inni, og kanskje ein dæsj med pizzakrydder, yummi
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.