-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Ja. Dersom det er ille nok, eller dersom det har vart lenge, opplever eg at det svekker min kognitive kapasitet, og evne til "lange tankar". Ikkje i så ekstrem grad dog.
-
Slik fortonar det seg for meg også, at dersom eg får tatt det i tide kan moderat aktivitet gjere langt betre enn å ligge roleg, det verker som eg får sirkulasjon i spente musklar.
- 20 svar
-
- 2
-
-
Hvilke storsekker (100L+) bruker damene på forumet?
Tessatroll svarte på Sovjetunionen sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Dei byter ikkje hoftebelte, men tek av så mykje som du treng for å få meir stramming å gå på Ein god salmakar kan nok også gjere samme joibben , om du har ein lokalt -
Hvilke storsekker (100L+) bruker damene på forumet?
Tessatroll svarte på Sovjetunionen sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Mitt inntrykk er at dei fleste sekkar i eit slikt volum er anten herrmodellar og/eller har høg eigenvekt. Ein sekk eg synes er bra på alle måtar, men som har høg eigenvekt, er Bergans alpinist Lady (100 l). Sjølv har eg 110 literen. Det er dog ein herremodell. Spilane kan bendast og tilpassast ryggfassong. ALternativt kan du byrje med pilates og få retta ut ryggsøyla di Hoftebeltet fiksa eg ved å sende inn sekken til Bergans som korta det inn, slik for å ha noko å stramme på etter eit par dagar på tur når magemusklane har trekt seg saman. Med damemodellen tippar eg på at dette ikkje er nødvendig. Desse sekkane taklar tunge bører, og til tross for eigenvekt, så er den ein definitiv favoritt når børa vetr tung, eg går heller med tyngre sekk som er komfortabel og bære enn lett sekk som er grusom med det same han bikkar 22-23- kg. -
Sovepose til varmblodig mann
Tessatroll svarte på Sovjetunionen sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Kvalitet og varme heng saman med fleire faktorar enn dunspset. Det er totalbiletet av materialar, dunspenst og utforming som avgjer dette. Personleg likar eg litt lågare dunspenst, fordi en då ofte har litt meir dun, noko som gjer at eg mellom anna opplever færre kuldepunkt ned mot underlaget. Meir fluffy dun for same temperatur, vil seie mindre dun. Posen vert lettare, men også meir sårbar for fukt slik eg opplever det, og ein får enklare kuldepunkt. Dette er mi oppleving, utan at eg på nokon måte kan bygg under med djuptgåande forskning Den finaste duna synes eg også klumpar seg på ein annan måte ved fukt en dun av litt "lågare kvalitet". Eg tenkjer at det er ein grunn til at ein ofte finn denne duna i dei lettaste produkta berekna for høgdemeter og krevjande bagasjetilhøve. Til allroundbruk har eg ein teori om at føremunane ved slike produkt ikkje veg opp for ulempene. Dei er ofte kombinerte med veldig lette stoff også, som igjen har føremunar og ulemper. Men eg har, så det er sagt, ikkje inngåande kjennskap til denne modellen som du linkar til. -
Sovepose til varmblodig mann
Tessatroll svarte på Sovjetunionen sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Ja den har høgare spenst ser eg, med dei føremunar og ulemper det medfører -
Sovepose til varmblodig mann
Tessatroll svarte på Sovjetunionen sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Ok, dette har eg lite peiling på, men det går vel an å sjekke med leverandørane av dei aktuell posane om kva glidelås som står i og kva som er kompatibelt. Med fare for å repetere meg sjølv er eg imponert over Warmpeace sine posar, og vil tru at Viking 300 kunne være aktuelt for en varmblodig sak? -
Sovepose til varmblodig mann
Tessatroll svarte på Sovjetunionen sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Har du pose frå før? Dersom ikkje er det å finne soveposar frå same serie men med ulik temperaturlimits, som kan koplast ein høgre og ein venstre. -
Test av vintersovepose i dun - Warmpeace Viking 1200
Tessatroll kommenterte på Tessatroll's artikkel i Soveposer
Ja, skjønte du ikkje at du skulle byrje med Pippis krumelurpillarr ved passert 183 cm? Hehe. Endå eit godt innspel, test av sovepose for lange folk kunne være noko.- 27 kommentarer
-
- sovepose
- bo og sove
-
(og 6 andre)
Merket med:
-
Test av vintersovepose i dun - Warmpeace Viking 1200
Tessatroll kommenterte på Tessatroll's artikkel i Soveposer
Samd. Eg har fått fleire tilbakemeldingar på det, og kjem til å kome med ei oppdatering på det i nest runde, samt ta det med inn i diskusjonane kring testartiklar for dunprodukt. Takk for innspel- 27 kommentarer
-
- sovepose
- bo og sove
-
(og 6 andre)
Merket med:
-
hva tror vi om snøen på fjellet denne sommeren
Tessatroll svarte på tklami sitt emne i Fjellvandring
Vonleg varer skiføret til langt ut i Juli, i alle fall om eg får det som eg vil- 13 svar
-
- 2
-
-
Ok. Dersom du har bikkjer med, kan du kjapt auke litt på "komfortsakene". Eit par fotposar til dobesøk, nattfotografering og andre ærend utanom teltet er kjekt når ein først har fått av skisko og klamme dampsperre og fått på tørre sokkar. Ikkje noko eg prioriterar på tur med sekk og høgdemeter, men definitvt noko eg prioriterar ved bruk av pulk. Er usikker på kor detaljert du vil ha innspel, sidan pakklistene dine er grove. Om du tenkjer det er ei sjølvfølge med goggles, solbriller, solkrem, vindbeskyttelse osv. Er du åleine eller med fleire? Kva med ekstra av det som er kritisk; typisk vindvottar til dømes. Eller i alle fall ha ekstra plastposar som kan brukast til vindbeskyttelse på ulike delar av kroppen (til dømes hendene). Elles er søkestang og spade ei sjølvfølge i vinterfjellet for meg
- 32 svar
-
- 1
-
-
Eg kan knapt tenkje meg noko betre eigna forum å spørje etter dette på, sidan dei fleste her inne har eit over gjennomsnittet nært forhold til liter
- 19 svar
-
- 2
-
-
Skal du straka vegen eller planlegg du å bruke tid på turen? Kor lenge skal du være vekke med andre ord. Elles kan det jo være greit å dele inn pakkelistene i ulike kategoriar; medic, orientering, bo og sove, kjøkken, rep, framdrift, komfort og trivsel, storm, hygiene osv. Skal du være lenge på tur og bruke dampsperre kan det jo mellom anna være greit å ta med noko talkum til fotstell.
- 32 svar
-
- 1
-
-
Liggeunderlag med R-verdi minimum 4 og lågt pakkvolum
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Eg er ute etter noko på omlag 300-450 gr. R verdien treng ikkje være skyhøg, kring 4 . Til kaldere turar enn set har eg downmat 9- 28 svar
-
- liggeunderlag
- pakkvolum
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Nei å pakke med kle ein elles ikkje ville hatt med fordi ein har for kald pose er ikkje nødvendigvis vektmessig det smartaste. For min del endar eg opp med omlag same vekt, men med større fleksibilitet. Poenget er at så lenge det er snakk om ting som utgjer eit ledd i tryggleikskjeda, er det begrensa kor langt ned du kan kutte. Korleis ein då vel å "distribuere" minimumet er det mange svar på
-
Det spørs korleis du tenkjer kle. For min del er det slik at eg ofte vel lettare sovepose enn eg treng, fordi eg brukar ekstra kle i. Det vil ikkje sei eit sett ekstra kle som er dedikert til soving. Det vil seie kle som eg likevel har med. Til dømes har eg sjeldan meir enn eit sett ullkle med, uansett årstid og tur. Det eg står og går i, som regel netting. Denne får tørke på kroppen, og er det kaldare enn posen taklar, sper eg på med knevarmera i fleece (store carmetap bak knehasar), varmeskjørte i primaloft ( som regel rompa som er problemet for kvinner, både dag og natt) og evt syntet varmejakka. Eg får ei god natts søvn, på same tid som det eg har med plagg som funkar som forsterkningar på dagtid. Ingen ekstra vekt. Mykje fleksibiltet. Det er verre å dra nytte av ein veldig varm pose på dagtid. Men, dette er individuelt. Sjølv likar eg å pakke sekken med fleksible tingså godt det let seg gjere, som har meir enn eit nytteområde.
-
Dersom du ikkje campar på vinteren trur eg ein -2 pose held. Om du skulle få i kald natt sper du på med litt ull, evt ei varmeflask ei botnen av posen, det hjelp mykje på for den som finn det hardt å halde varmen. Og sjølvsagt; godt liggunderlag. Viktigere enn posen.
-
Eg har sjølv hatt ulike dunprodukt frå båe desse leverandørane, og vore greit nøgd. Men billige er dei ikkje. Får du noko som held til minus 10 og som er lett til den prisen, er det eit sjeldant godt kjøp Dersom det viser seg at du må opp i prisklasse, må eg berre seie at eg tenkjer at du får du meir pose for til dømes 4000,- om du kjøper Warmpeace, enn om du kjøper Rab og Mountain Equipment for 4000,- med mindre du får meget gode rabattar på dei aller dyraste modellane deira Lakenposen til turistforeningen er ok, men du kan kanskje få endå meir effekt av ein liner i fleece. Lukke til med valget
-
Test av vintersovepose i dun - Warmpeace Viking 1200
Tessatroll kommenterte på Tessatroll's artikkel i Soveposer
Det du påpeikar der @qwer993 er vel eit evig "dilemma" og ei problemstilling. Er kanskje ein grunn til at ein ved enkelte type lange turar og ekspedisonar brukar vassavvisande/vasstett ytterstoff, pluss dampsperrepose inni soveposen. Eg har ikkje noko fasittsvar, og problemstillinga minner meg litt om den evige diskusjonen goretex ikkje goretex, våt utanfrå eller våt innanfrå osv. Forskjellen er at her gjeld det soveposen, eit viktig ledd i tryggleikskjeda. Når ein mann då slepp ut omlag 750 ml fukt i løpet av ei natt, og ei kvinne omlag 500 ml, kan ein spørje seg om det ikkje er like greit med eit skikkeleg pustande ytterstoff. Sølv tenkjer eg at det handlar om balansen, altså at val av materiale og løysingar TOTALT sett gjer at ein kan hanskast med problemet fukt. Over litt tid er det vel det akkumulerte nivå av fukt som gir utslag. Å då ha vassavisande stoff som gjer at fukt ikkje har fri bane inn til duna i kombinasjon med eit pustande innerstoff som ein kan nytte når ein skal tørke fukt ut, tenkjer eg er eit godt oppsett for dei fleste vinterturar i norsk høgfjell. Dette siste er i alle fall det som funkar best for meg. Dette av di eg stort sett, med få unntak, ferdast i norske fjell. Sjølv om me har hyppige væromslag, og her i vest periodevis nokså høg luftfuktigheit, er det oftast slik at ein får ein halv dag, eit par timar eller nokre augneblinkar med litt vind utan nedbør og/eller nokre solglyttar. Er ein då flink å nytte desse til å dandere posen på pulken eller på sekken, evt utanfor teltet, greier ein stort sett halde fuktnivået totalt sett nede på eit vis som gjer at posen funkar fint. Eg er også nokså nøye med å lufte ut av posen ved føttene om morgonen, medan eg framleis ligg i posen, og varmen frå kroppen min hjelper fukta å fordampe. Ei kjapp runde på do utan mneir kle på (dersom det let seg gjere) er også ofte effektivt for å lufta fukta som sitt i "pysjen" ut, før ein legg seg i posen att for morgonkaffe . Eg er ikkje nokon "soveposeteknikar", men har ved fleire høve sett at mine posar med vassavvisande stoff rett og slett held seg fluffy lenger under krevjande tilhøve, enn fleire eg kjenner som har "ultralette" posar med supertynt ytterstoff som pustar. Fukta frå kroppen må uansett passere duna på vegen ut, og det kan verke på meg som at det totale nivået av fukt vert større i posen når ein får belastninga med fukt utanfrå i tillegg. Altså tenkjer eg at det er ok å kunne førebyggje oppbygging av fukt frå kroppen gjennom dei skisserte tiltak, utan i tillegg å skulle bli hysterisk om posen kjem i kontakt med duk/golv/vassflaske/skalljakke osv osv. På tur med slike får eg ein trang til å flytte ut Nokre gonger veit ein at ein skal ut på veldig fuktige greier. Då vil eg nok heller velje tresesongsposen/ein tynn dunpose med ein syntet sommarpose utanpå. Syntetposen tørkar fort anten det er ved hjelp av sol eller frysetørking, tek det meste av kondensen og gir meg eit ekstra luftlag. Då treng eg berre syte for å få lufte ut fukta eg har slept frå kroppen gjennom natta, så har eg ein tørr og påliteleg dunpose i lang tid uavhengig av tilhøve. Vinterpadling er eit slikt døme. Også enkelte breturar.- 27 kommentarer
-
- 5
-
-
- sovepose
- bo og sove
-
(og 6 andre)
Merket med:
-
Hei @gull Rimeleg, 1,5 kg og -10 er nok diverre faktorar som er vanskelege å kombinere. Ein syntetpose som skal halde -10 for kvinne er vesentleg tyngre, ein dunpose som på 1,5 kg og -10 er nok relativt dyr, utan at eg veit kva du legg i "rimelig": Testen som @jenspetter over her nevner kan kanskje verke litt oppklarande med omsyn til dette Der har eg også tatt for meg ulike begrep og prøvd å forklare litt kring dette med vekt, isolasjon og pris. Mvh Therese
-
Liggeunderlag med R-verdi minimum 4 og lågt pakkvolum
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Er eg som har knøla frå mobilen trur eg, komt borti moderatorvalga mine! Beklager . Skulle altså sitere deg- 28 svar
-
- liggeunderlag
- pakkvolum
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Liggeunderlag med R-verdi minimum 4 og lågt pakkvolum
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Daua Herlig!- 28 svar
-
- 1
-
-
- liggeunderlag
- pakkvolum
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Liggeunderlag med R-verdi minimum 4 og lågt pakkvolum
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Ok, en pakkpose har tross alt ein funksjon i andre høver også, så likar den varianten best. Er det eg brukar til expedunderlaga mine, samtlige faktisk, har kjøpt adapter som gjer at den passar både dei med vid og liten ventil. Ja det var på XXL på Moa at eg fann den til 1499,-- 28 svar
-
- liggeunderlag
- pakkvolum
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Lukke til med valet, og avlegg gjerne ein rapport