-
Innlegg
3 705 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Til forflytning langt nok Redigert: for ei knotete setning. Det skulle stå : til ein har flytta seg langt nok. Altså så langt som eg må for å få dekning. Det skulle seg. Omtrent som med mobilen
-
Tøffe forhold i Finnmark nå - leteaksjon
Tessatroll svarte på Kjell Iver sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Superrelevant spm. -
Vel....ein ting er kva som vert sagt , ein anna kva ein opplever. Eg har i alle fall opplevd å ikkje ha dekning med iridium
-
Stemmer, påkravd der og på Svalbard pga satelittskuggar. Men det har kanskje betra seg med åra? Framleis påkravd dog. Veit ikkje kva som er av satelittskuggar på fastlandsnorge, det har eg ikkje sett meg inn i. Kanskje er det heilt uproblemtatisk. Men sidan eg måtte ha ein godkjent ein til turar i områder med slike skuggar, vart det nødpeil, og det var uaktuelt med fleire enn ein. Men altså; Skulle eg absolutt hatt noko form tovegs kommunikasjon i TILLEGG tilnødpeil, til dømes til ein utsatt tur åleine, trur eg at eg personleg heller hatt satelitt tlf enn InReach. Må eg av ein eller annan grunn melde frå kan eg gjere det via den. I ein akuttsituasjon er InReach fanden så knotret, til dømes om du treng bistand eller rettleiing frå helsepersonell. Eg har knotra nok på den. Oppkopla mot telefon er den noko enklare å bruke, men då må du fanden ikkje vere kald på hendene og/eller gå tom for batteri på mobilen. Dette er smak og behag sjølvsagt. Men etter å ha lagt med sjuk person i "intet" er eg ikkje i tvil om kva eg ville ha velt om det stod mellom InReach og tlf. No ville tilfeldigheitene det slik at ingen av delene funka ei stund der ute i "intet", og redninga der ville vore ...*trommevirvel*.......: ein radio. Så. Når eg tenkjer meg om trur eg at eg går for radio Neida. Me fekk til slutt til InReachen (delay på meldingar og masse kødd, fleire som hadde i det tidsrommet)., og knotra avgårde med helsepersonell med den. På denne turen var der altså 3 ledd før knappen på PLBen var aktuell. Radio. Sat tlf. InReach. Dei siste to hadde båe svikt. (Skal seiast at på telefonen var det ladebanken og ladinga som svikta, ikkje sjølve telefonen). Usikker på abbonementsprisar på sat tlf, men trur ein også der kan få rimelige årsprisar mot stive bruksprisar. Skulle eg hatt ein slik ville eg kjøpt ein saman med nokon.
-
Synes å hugse (utan å påberope meg full oversikt over marknaden) at ein avogtil kan finne dei varme modellane frå Mountain Hardwear til omkring den prisen? Eg har også den med 2 overlappende glidelås, den er topp! Og forstå meg rett: Jan Mayen er ein superpose. Men ut frå det eg greier sjå vil han i ein 70 l sekk dominere.
-
Han har jo sagt noko om at det skulle vere på lett tilgjengelege stader, der ein enkelt kan komme seg til startpunkt med bil. Sognefjellshytta var mellom anna filma under "invitasjonsfilmen". Han sa også at det ville bli moderate etappar, 10 - 15 km per dag, fordi stort meir enn 15 km per dag for dei fleste vil gi stress.
-
@MarengNokre gonger kan det vere noko å stå opp å grave av teltet med jamne mellomrom. Men, eg har også lest beretningar (heldigvis ikkje opplevd sjølv) om uvær så innmari at ein knapt har greid å halde unna for snøen. Gravinga har gått på skift heile uværet gjennom, og folk har vore heilt ferdige, og på grensa til "begravd". Eg vil tru at ein "dårleg" plassert camp er ein faktor i dette i tillegg til ver, men så er det jo ikkje alltid at ein får til velplasserte campar. Det kan vere at heile området du befinn deg i er eksponert under visse forhold. Det er heller ikkje alle delar av verda som har kart i liten målestokk, og kanskje befinn du deg i eit område med "stor målestokk" og lite småformasjonar. Heilt samd med deg i dette. Eit døme er nettopp etablering av leir/eksponeringa av teltet (her på generell basis, ikkje nødvendigvis mtp dei siste episodene). Om ikkje ein ser ein pøkk rundt seg, og har kart med stor målestokk, og kanskje forflytning er meir eller mindre umogleg pga snømengde? Ja då er det jo å spare på kreftene ved å etablere leir, der ein er, etter beste evne. Då kan ein få slike heftige døger som skissert over her, tenkjer eg, utan at ein nødvendigvis hadde kunne gjere så innmari mykje så innmari annsleis. Det hjelp heller ikkje på med ei verteneste som kan fortelje deg kva som kjem i morgo eller i overimorgo, dersom det tek nokre dagar å komme seg ut av det eventuelt unormalt eksponerte området du er i. MEN, om du har gjort ei scenario-tenkning før du sette i gong med turen/området, åleine eller saman med turkamerat. Då har ein kanskje lagt opp nokre strategiar som gjer at ein har auka føresetnader for at det skal gå bra? Utan at dette heller gir nokon garanti. Dei får ein jo sjeldan i fjellet. Men med scenariotenkning og gjennomgang av handling/strategi for å handtere, får ein både episoder som går heilt bra, og desse episodene der det har vore "på kanten" men gått bra. Det er noko som heiter at "det er mykje læring i det som har gått gale men enda godt" Fram til grunnar til noko anna ligg føre vel eg i alle fall å betrakte episodene i det siste som episoder som har gått bra, fordi førebuingar har sørga for evne til å handtere faktorar som ikkje let seg kontrollere, framfor å tenkje på dei som episoder som har gått dårleg fordi ein har fått hjelpebehov etterkvart. Enkelt og greit fordi eg prinsippielt prøvar leve eit liv med tiltru til mine medmenneskjer. I eige turliv omtalar eg det som marginar. Eg er nokså "nazi" på å tenke tryggleik der eg kan, for å ha noko å møte ikkje-kontrollerbare faktorar med.
- 53 svar
-
- 2
-
-
Har ingen problem med å sjå på "randoms" framfor skjermen. Det er ikkje slik at eg avlyser familiemiddagen, eller droppar treningsrunden for å sitte benka, men tenkjer at det kan vere morro å titte innom. I alle fall snodig å dømme noko nord og ned før ein i det heile har fått heilt grep om konseptet. Ikkje mi greie, men ser likevel at det kan vere moro for enkelte, og til morrakaffen før jobb kan eg godt ha litt sakte "tur-tv" utan lyd. Eg blir glad av å sjå glade folk eg
- 49 svar
-
- 5
-
-
Eg har ein som er redusert til meg, eg er 167 cm. Posen er supergod! Det er det ingen tvil om. Men i ein 70 liters sekk har du ikkje mykje rom igjen til andre ting, det er eg nokså trygg på. Eg plar seie at min tar like stor plass som eit halvt vealass. Ikkje utprega komprimerbar heller, utan ein MASSE jobb.
-
Fjellvett med utdyping fra UT.no
Tessatroll svarte på Memento mori sitt emne i Generelt om friluftsliv
Samd. Veivalg og orientering er ein løpande prosess. Akkurat dette eg meinar i posten over. Er ein to bør ein ha det meste i båe sekkar. Er ein fleire, og kanskje endåtil køyrer i "skikompismønster", så kan ein tole å fordele på ein annan måte.- 7 svar
-
- 1
-
-
Dei er i alle fall ikkje go å få varma opp mot sola, før ein skal legge på feste....irriterar meg.
-
Fjellvett med utdyping fra UT.no
Tessatroll svarte på Memento mori sitt emne i Generelt om friluftsliv
Eg har der enda med eit halvt z-lite, for dei bygger lite på sekken. Langt nok til overkropp tilogmed ropa. Med vindsekk og ein sekk eller to under beina på den skadde, tenkjer eg det er ei ok løysing. Min 32 l skisekk er ein vits om ein skal ha plass til alt, men om ein kan samkjøre litt vindsekkar og førstehjelp (kanskje mest i grupper som tel fleir enn to) så har ein berga unna litt plass. Er ein berre to i skredterreng er det no greit om begge har det meste, då trengs større sekk etter mitt begrep.- 7 svar
-
- 1
-
-
Eg har ikkje førstehandserfaring, så ta meg med ei klype salt : men den turen @tronn snakkar om over Josten, og eit par tilfeller til, gjer at eg tenkjer at ein i alle fall på lengre tur kan ha betre utbytte av eit par smale langfellar i mohair som du kappa ved helen. Ein smal, godt impregnert fell, med glisona bak fri for fell, gir ikkje verst glid.
-
@Morildfekk nokså heftige sår/kutt i sine markløkker (på splitter nytt Kaitum) ved første gongs bruk av Helsport Snøpluggar. Eg har vore borti helsportpluggar som er skarpe, og pluggar som ikkje er skarpe... Så det verkar som det e litt tilfeldig det der.
- 35 svar
-
- 1
-
-
Ok. Motstrid det eg har fått av info, frå folk som har arbeidd med og solgt ski gjennom mange år, og som sel både Åsnes og Fischer, og på "uavhengige" stader, altså folk som ikkje har med kvarandre å gjer, og som har generell skikompetanse. Hm....er det ikkje mogleg å rigge ein testlabb? 🙈 Må også legge til at til tross for at eg er gla i mine Åsnesski, så synes eg dei vert fortare tørre/grå enn fischerskia... Om det er tilfeldig eller ikkje veit eg ikkje.
-
Den beste snøsmelteren som finnes😀 i følge ryktene
Tessatroll svarte på Memento mori sitt emne i Primus og kokesystem
Samme prinsipp i utg pkt tenkjer eg. Stadfestar kanskje kvifor trangaien er best tl koking og heller crap på steiking? Fordi denkanaliserar energien konsentrert oppover. Hadde kjelane vore djupare og mindre i okrins, og hatt meir effekt i brennar hadde det vel vore same same kanskje? -
Tøffe forhold i Finnmark nå - leteaksjon
Tessatroll svarte på Kjell Iver sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
https://www.nordlys.no/troms/topptur/ski/ekspert-om-turen-som-endte-med-dramatisk-leteaksjon-ikke-uforsvarlig-for-fjellvante/s/5-34-769771 Trur eg må få meg abonnement -
Den beste snøsmelteren som finnes😀 i følge ryktene
Tessatroll svarte på Memento mori sitt emne i Primus og kokesystem
Prøvde finne bileter. Det var tynt med det, men fann ein filmsnutt der den kort viser. MOV_1424.mp4 -
Den beste snøsmelteren som finnes😀 i følge ryktene
Tessatroll svarte på Memento mori sitt emne i Primus og kokesystem
Det er luftehol nedst. Det er det også på min heimemekka variant. Det er mange brennerar og system eg har hatt meir trøbbel med ufullstendig forbrenning på enn dette faktisk Men eg driv ikkje med måling og slikt, så kan ikkje legge fram noko "bombastisk". Min base er ein stor trangiakjel som er snudd på hovudet. Patentband opp frå plata vert nytta som "fikseringspunk" der eg trer øyrene på kjelens kant nedpå (der hanken før var festa). Botenen er teken ut, og vinklar festa nedi. Der står min willykjel. -
Den beste snøsmelteren som finnes😀 i følge ryktene
Tessatroll svarte på Memento mori sitt emne i Primus og kokesystem
Eg har ein tidlegare variant. Dette er vel thomas ulrich sin variant av ein koke-willy? Som i sin tur var basert på den gamle nansenkjelen? Hadde med min til Grønland i haust. Det var ingen tvil om at den var meir effektiv enn "naboen", samme brennar med standard oppsett trangiakjele stor og vindskjerm. Dog ville eg nok ikkje funne på å kjøpe han til den prisen. For den som har interesse av det går det jo an å lage ein litt rimeligare variant, med ei plate, ei jotunspann 10 l, nokre vinklar og ein trangiakjel. -
Fjellvett med utdyping fra UT.no
Tessatroll svarte på Memento mori sitt emne i Generelt om friluftsliv
"Fare er ikke farlig for den som farer varlig" er noko som går att hjå Nils Faarlund. Her er eit av hans mange bidrag inn i denne debatten kring fjellvett. https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/kRva/Kronikk-Fjellvettreglene-er-et-misfoster--Nils-Faarlund Eg seier ikkje med dette at eg er samd i alt han fer med, då han er nokså "ekstrem" i si utøving av sin filosofi, men synes temaet tryggleik og ansvar i fjellet skal ha fleire nyansar enn fjellvettreglane.- 7 svar
-
- 5
-
-
Tøffe forhold i Finnmark nå - leteaksjon
Tessatroll svarte på Kjell Iver sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eg synes elles at spm til Kjell-Iver er relevante i eit lærings/undringsperspektiv, som eg opplever at han meinte det som. Dog utan å stille dei berga til veggs.- 66 svar
-
- 3
-
-
Tøffe forhold i Finnmark nå - leteaksjon
Tessatroll svarte på Kjell Iver sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
No bryr eg meg ikkje så mykje om kva andre er samde om, eg er ikkje samd Og om du les min kommentar står det at det for meg berre vil vere aktuelt som "standardutrustning" i forhold til å kunne avverge unødvendig aksjon. Og i tilfeller der det er påkravd, har eg hatt det på plass. På tur med ansvar for grupper, og på tur på Svalbard og på Grønland. Eg har nødpeilesendar. Og eg har ofte tenkt at to-vegs kommunikkasjon kan vere gull i enkelte påkravde situasjonar. Likevel er det ingen bastante konklusjonar her. Eg plar normalt kunne vere nokså diplomatisk, men dette temaet kjenner eg provoserar meg. Det får faktisk vere grenser for kva ein skal frårøve folk av moglegheiter for å gjere eigen vurderingar, for å gjennomregulere vårt HMS-samfunn! Og nei, hverken eg eller familie synes eg er egoist overfor dei. Eg har fått den beskuldninga før i slike diskusjonar, og kan med handa på hjartet seie at eg har ein fin dialog og kommunikasjon kring dette med min familie, også rundt vurderingar av kva som er nødvendiog før kvar einskild "lengre" tur. Den fjellvettregelen er eg ikkje samd i med andre ord @Memento mori- 66 svar
-
- 9
-
-