-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Ok. Eg har drive med to posar nettopp pga det du seier om volum i isbjørnpose, pluss meir fleksibelt. Men no når eldstetausa begyndte å nærme seg mi høgd, og vonaleg ikkje veks så mykje meir, kjøpte eg vinterpose (mammut ajungilak kompakt winter) og sommarpose til henne. Så brukar lillemann hennar sommarpose utanpå sin tresesongs (mammut kompakt 3 sesongs) når det er kaldt. Er det kaldare enn 10 minus breier eg kanskje over ein fora jervenduk over dei som ekstra dyne, dersom me ligg ute hvertfall. Mammut ajungilak sin kompaktserie har mange ulike lengder, gutungen har 165 cm. Så om du synes vinterutgåva av den er varm nok kan den være eit alternativ? Gav 1000 kr for den på tilbud. Jentungen har brukt den under open himmel i minusgrader og hatt det topp. Ho er ein frossenpinn. Då vil eg tru den held til langt nedpå gradestokken i telt. Sjølvsagt avhengig av kor varme ungane dine er.
-
Alternativt bruk tresesongsposane deira med dykkar sommarposar utanpå.
-
Det er ingen som kan krevje noko som helst for at di skal kunne ta deg betalt for å føre folk til topps. Derimot er det frykteleg mange gode grunner for å heve kompetansen sin og evt sertifisere seg. Fagmiljø, kollegaer og tryggleik. HMS. Samarbeid. Skal ein drive føring i bratt terreng for kommersielt bruk er sertifiseringa gjennom Nortind rekna som ei solid utdanning. Reknar med at du har grunnleggande frå før sidan du vil starte med føring. Med det tenkjer eg på skred osv for vinterfjellet etter NF standard. Grunnleggande kunnskap om turleiing. Sjekk ut sidene nortind.no og norsk fjellsportforum på fjellsportforum.no
-
Isbretur (blåbre) med Volda som utgangspunkt
Tessatroll svarte på thomhess sitt emne i Fjellvandring
Det er no litt småbrea rundt om i Ørsta/Volda, men ikkje på nokon måte nok til rein bretur i to dagar. Dersom de tek til takke med småbrear i det alpine her, er vel både breane kring Brekketind og Råna aktuelle, og Kolåstind.... Med fare for å være captain obvious -
Markatur med kids og mødre. Det viser at eg er ein elendig fotograf, men ein liten stemningsrapport. Bålmafia, gutta i bossoa og stille morgencamp
- 4 598 svar
-
- 12
-
-
Tørket tannkrem – Fornuftig eller det rene skjære vanvidd?
Tessatroll svarte på Bjørn-Ivar sitt emne i Gjør det selv
Har ikkje sett denne før no. Ler meg skakk- 77 svar
-
- 1
-
-
Sealskinz? Sjekk ut sida deira. Mykje vanntette hanskar i ulike tjukkelsar. Blir to par til denne husstanden for vinteren/vår/haust.
-
Det trur eg varierar @tronn Veit at den eine brukar ein dunpose med waterblock i tøyet, kva dei andre brukar anar eg ikkje, men finn det rimeleg å tenkje dun, då dette er vektbevisste folk. Men dei fleste (med fare for at det høres ut som mange, det er det altså ikkje) som går slik gjer det når det er meldt ok, eller i alle fall ikkje vedvarande dritt. Og då får ein i dei fleste tilfeller tørka. I løpet av fleire dagar i fjellet skal det vel godt gjerast at ein ikkje på noko tidspunkt får ein liten halvtime- time med tørk.
- 41 svar
-
- 1
-
-
Har ein tilstrekkeleg med snø rundt seg, og det ikkje er meldt vedvarande rufs, kan ein gjere turar i høgalpint terreng over fleire dagar utan telt. Eg vurderte i vår å gå Jostedalsbreen på langs med duk og droppe telt, men då vart meldingane ille (dei slo også til for fullt) så det blei telt. Kjenner elles nokre og har snakka med fleire som vel å gjere slike turar på det viset. Travel light & fast er greia deira. Må legge til at dette er folk med åresvis med erfaring frå alpin ferdsel og god kjennskap til eigen kompetanse og tolegrense.
- 41 svar
-
- 2
-
-
Ok. Eg har brukt min i inntil ei veke utan å merke noko, men skal ikkje krangle på dokumenterte fakta
- 41 svar
-
- 2
-
-
Fora jervenduk er genialt til slikt bruk. Me har fleire varianter i hus, og dei er noko av det utstyret me brukar mest. Når den er fora oppstår ikkje kondenseringsproblemet i nevneverdig grad. Fin i skauen under open himmel, men aller best, når du er i fjellet, utan tre til tarp, har du ei løsning som gjer at du kan ligge under open himmel likevel. Har lagt under open himmel på sunnmørstoppar i alskens møkkavær og holdt meg varm og god. Seinast i fjor seinhaust, i liten kuling og nedbør. Tipptopp. Ved greit vær og tilstrekkelig erfaring er det ingen problem å reise på fleirdagers skiturar med berre ein slik også, og rett og slett droppe teltet. Ved hyttetilhyttetur vinter er den standardutstyr for backup. Sommaren er den ufora varianten med som backup.
- 41 svar
-
- 3
-
-
Utstyr for ny drømmetur, tilbake til Island
Tessatroll svarte på Initium sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Støtter @Omnilite. Har eit Hilleberg Keron 4GT. Festning i rufsete forhold, god plass til folk og matlaging. -
Eg er i praksis einig med dei som tenkjer at ein kan utøve eit visst skjønn når ein prioriterer oppgåver før ein dreg. Problemet er berre at skjønn et nettopp det, skjønn. Reglar er til for at ulik skjønnsutøvelse ikkje funkar så godt i praksis. Regelen for meg er: litt betre enn når eg kom. Dvs at eg forrige helg vaska kjøkkeninnreiinga i tillegg til det obligatoriske. Den såg mildt sagt jæv....ut. Har i tillegg observert at dette er eit større tema vinter enn sommar. Virker om folk ikkje greier planlegge å slenge ei bøtte eller to med snø på vedovnen som det likevel er fyr på. Har komt til nokre sjølvbetente hytter vinterstid, blandt anna Sandhaug på Hardangervidda, og det har sett ut som fjorten fulle kokkar har boltra seg og gått. Disgusting.
- 56 svar
-
- 1
-
-
Fischer har gode smørefrie ski, langt betre enn mange andre kjente merker. Eg hadde gått for dei du linker til, evt har dei hatt ei fjell/turski utan stålkant som også er bra, hugsar ikkje navnet. Den som heiter poker crown ser også ok ut.
-
Har du forslag til et vinterprosjekt?
Tessatroll svarte på Jan Erik Hansen sitt emne i Generelt om friluftsliv
April/mai og juni er ofte høveleg @Johan2000 -
Har du forslag til et vinterprosjekt?
Tessatroll svarte på Jan Erik Hansen sitt emne i Generelt om friluftsliv
Jepp. Fleire varianter av denne. Eg kan tenkje meg å avslutte med Lodalskåpa og komme ned på Bødalssetra. Turen står p å planen min hvertfall, om vær og høve byr seg. Kos deg med planlegginga -
Har du forslag til et vinterprosjekt?
Tessatroll svarte på Jan Erik Hansen sitt emne i Generelt om friluftsliv
Ja for dagstur er det nok det. Og eg blir gjerne med Men eg har også skrekkeleg lyst å gå tindefjellsryggen, om det kunne freiste. Du får Google det. Innebærer ein sving innom Skålatårnet og nokre netter i telt eller bivuak. -
Har du forslag til et vinterprosjekt?
Tessatroll svarte på Jan Erik Hansen sitt emne i Generelt om friluftsliv
Vest -
Har du forslag til et vinterprosjekt?
Tessatroll svarte på Jan Erik Hansen sitt emne i Generelt om friluftsliv
Må dog legge til at alt som har med det området å gjere er særs skredutsatt, så om det er eim midtvinterstur er vel heller gjenstand for diskusjon -
Har du forslag til et vinterprosjekt?
Tessatroll svarte på Jan Erik Hansen sitt emne i Generelt om friluftsliv
Hoy @Jan Erik Hansen eg bur tre kvarter frå og har breutstyr. Berre å seie frå- 24 svar
-
- 1
-
-
Må ut på Runde fyr i alle fall ein gong per år, å sjå storebåra bryte. Evt Lundefuglen frå fiske når sesong for det. Hadde nokre fine dagar no.
- 4 598 svar
-
- 11
-
-
Eg peronleg likar variasjon, så egvharveit ønske om Lomsdal V sjølv, nettopp pga ovennevnte poeng. Skal ein utenlands må vel austkysten av Grønland som du nevner, være eit godt alternativ når de er ulike....Kva med å padle ein av dei flotte Fjordane der, danne BC, og så kan nokre padle og fiske og putte med slikt, medan andre kan gå toppturar DET DEI MAKTA. Der er jo moglegheiter for alt! Og lite folk. Har tulla med tanken sjølv. Evt tidlegare på året, padle med toppturskia på dekk og stegjarna i luka frå BC... Ooooooooo herlege tid!
-
Er sjeldan på tur utan Nalgeneflaska mi. Den et brukt til suppekopp, drikkeflaske, varmeflaske, dl mål osv osv. Kom over eit lite lett metallfilter som passar i flaska. Genialt når ein ikkje har bålhøve. Ingenting å vaske opp, og med unntak av espressokokaren min den beste kaffen eg får på tur. Fyller flaska med nykokt vatn, skrur på filter, fyller det med kaffi, skrur på lokket og sett flaska opp ned. Rister litt på den innimellom. Langt betre enn pulverkaffe. Pris: 130 kr. Vekt: så latterlig eg ikkje har vegd den.
-
Hehe, jau det er klart, det er forskjel på og barbere seg og på å skjere av seg hovudet
-
Mantraet på tur i grupper eller med folk som har ulike føresetnader er for meg "at me alle skal være like slitne" i staden for "me skal alle yte det same". Og det fins ulike løysingar for å få dette til.
- 85 svar
-
- 5
-