Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 672
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Takk folkens. Var skeptisk til dette underlaget pga "gnikselydane" (nynorsk for gnisselyder ), men om de meinar det er noko som forsvinn etter eit tids bruk kan eg leve med det.
  2. Hei Er på jakt etter nytt liggeunderlag med lågt volum og låg vekt. Har frå før varme full-storleik vinterunderlag, men synes desse vert for store og tek for mykje plass i sekken på typisk meir alpine turar der ein så langt som råd er vil prøve å greie seg med "liten" storsekk. Har på slike turar til no brukt Exped Downmat 5 Lite, men desse er jo også ganske tunge i forhold til R-verdien. R-verdi må være minimum 4. Erfaringsmessig held dette for meg ned til 10-12 minus dersom eg kombinerar det med eit halvt skumplastunderlag under overkropp. Eg har tidlegare tenkt at løysinga er å kjøpe eit XS underlag, type 120 cm, då det er under overkroppen eg treng det, og så ha fullengde skumplast. Eg ser dog at det kjem fleire og fleire produkt på marknaden, mykjer har skjedd sidan eg kjøpte dei første expedane her i huset. Eg tenkjer at kanskje utviklinga har gått så langt at eg kan få eit fullengde til omtrent same pakkvolum, eller lågare, som til dømes Exped Downmat UL 7 XS. Nokon som har tips? PS: Fiksar ikkje "gnikselydar" nattestid, og det må ha ein viss komfort, då det også kal tene som mitt hovudliggeunderlag når heile familien på 6 er på tur. Me mista eit i fjor, og det er knytt til erstatting av dette at eg vil ha eit som høver meir til denne bruken.
  3. Flotte bileter!
  4. Eg har litt vanskar med denne nettingen, då Aclima definitivt høver mitt bruksområde best, og har god passform. I starten. Så krympar det og vert holete i ein fei. Hola bøter eg, så den er grei. Verre er at det krympar, til tross for korrekt vask. Fekk eit nytt sett med Aclima ved eit høve, men det er snart like ille. Utruleg at eg skal måtte opp ein og ein halv storleik for at det skal passe ved krymp.
  5. Ja for meg funkar den godt. Eg bur og ferdast dog i ei steinrøys, så ta høgde for at du kanskje ferdast i anna terreng. Same kor eg vrir og vrengjer på det vert eg sår under føtene om eg spring med alt for tynne og mjuke løpesko. Dette til tross for at eg elles ferdast mykje med låge sko med god kontakt, både med og utan oppakning og i det meste av terreng. Så dette med kontakt/stivheit er noko ein sjølv må kjenne på. Eg er lei av sko som vrir seg sidelengs rundt fotbladet same korleis du snørar dei. I sidebratt/bratt og variert terreng synes eg det stort sett berre er vridningsstive sko som gjeld.
  6. Eg har La Sportiva Bushido. Stiv nok i solen til å tole steinete terreng, har differensiert gummiblanding og storleik på knottar på ulike deler av solen, for å kunne takle variert terreng. Lett og god, middels drop, bra passform til meg (har nokså brei lest til å være kvinne) god snøring, særskilt ved snøring med "eseløyrer". Eg har den hovudsakleg til fjelløping, som er dens "spesialitet". Til gjørmete skogsløping/lågland ville eg kanskje velt noko anna.
  7. Sjølv i aude områder anstrenger eg meg for å ferdast sporlaust. Dasspapiret vert brent! Åkken som. Kor vidt eg grev ned sjiten kjem an på antalet menneskjer på tur, og kor sterkt beferda området er. I sommar var eg som tidlegare i tråden nevnt på tur i eit lite beferda område, saman med 11 andre (familar). Me grov ned alt sammen. Det er etter mitt syn ikkje meir enn ei gruppe til seinare på sommaren som skal til, før det byrjar bli utrivelig å gå same veg for den tredje gruppa på hausten. Til tross for at dette er eit område der eg tvilar på at det kjem stort meir enn eit par grupper forskerar og nokre fotturistar i året, er det noko med det aggregerte nivå....sjiten etter tolv menneskjer som har vandra i eit område vil nødvendigvis syne att for dei som kjem etter, i alle fall om dasspapiret ligg der også, som ei umulig hinne, på linje med kvitteringane ein finn i vaskemaskinen. Ikkje sjarmerande. Ikkje eingong her på Vestlandet forsvinn dasspapiret. Molladalen er ein ynda destinasjon for fjellsportfolk og klatrerar. Der har alle tenkt det same. "Gå bak den store steinen, gjer ditt fornødne, og legg mose og stein oppå". Kult. Heilt til neste mann kjem og lettar på steinen som du la oppå, fordi han har tenkt å bruke den oppå sin dritt. Dette blei mange ord for eit kort poeng, jaminsann; Det aggregerte nivå av enkeltindivid sine handlingar er ukjendt for oss. Me har ikkje kontroll på sluttsummen som handlinga vår (legg att dasspapir) er ein del av, med mindre me har kontroll på trafikken i eit område. Då vel eg å opptre på ein måte som gjer at min del av det aggregerte nivå er nada/close to nada.
  8. Kjøp økonomi-dopapir som brenn godt, grav latrine/dohull, brenn papiret og grav over jord att. Då ligg det minimalt att etter dykk. Eg brenn alltid dopapiret, men kor vidt me grev latrine eller ikkje varierar etter landskap og gruppestorleik. Me var fleire familiar på forttur over lengre tid i sommar sm var, me kjørte strengt opplegg med ei lita hagespade og latrine med dobrenning. Ikkje eit spor att etter leiren vår nokon stad.
  9. Frå Helleggi såg eg langt sydover i Breheimen. Har og prata med andre som har vore lenger syd. Tilhøva er dei same; vinter og nysnø.
  10. Eg veit ikkje korleis tilhøva på nevnte brear er, men var i helga på Grotli og på ski i området kring der. Tippar det godt skiføre i ein månad til, og på breane og i høgda endå lenger. Full vinter med nysnø og minusgrader der no.
  11. Samd. Jakker utan hette er for meg useless i tursamanheng. Lett tilgjenge til å stoppe/fremje varmetap/ventilering gjennom topplokket er praktisk synes eg. Spes når temperaturane er for høge til lue/pannebånd osv, men vinden innimellom er plagsom.
  12. Skjønar. For lengre tur på sommaren vert det nok for tungt å gjere det på "Fjordland"måten ja. Eg har ved nokre høver då brukt matthermos. Kokt opp det som skal kokast, putta det i matthermosen, latt den ligge i sekken/pulken gjennom dagen, og gitt middagen eit oppkok att på kvelden. EIn matthermosveg litt ekstra, men kva ber ein ikkje for å kunne sleppe REAL og andr uhumskheiter.
  13. Evt kok vakuumpakken som du gjer med Fjordland
  14. Har spm kring innog ut av teltet. På ein del dometelt vert sjølve døropning, i alle fall på ei side, ofte låg. Kor høgt er det "unde døri" på dette teltet?
  15. Hei Dersom du skal være kort på tur kan det kanskje være like greit å lage middagen heime, kjøle ned, vakuumpakke den i porsjonar og varme den kjapt opp i kokande vatn ala Fjordland? Saman med ein pakke hurtig boil-in-bag ris eller byggrynsris? Berre eit tips
  16. Alt etter kva luksus de skal unne dykk kan ein rekne frå 500 - 800 gr mat per dag pluss sjølvsagt då drivstoff om de ikkje skal proviantere/ha depot. Eg trur nok at ein halv kilo mat er eit minimum for ein lengre vandretur (?) med mindre ein skal fiske og fangste.
  17. Blå Bånd har nokre gode cous cousar, dersom ein kan beteikne pulvermat som godt i det heile.
  18. Har sunderslitte fjellsko som er blankslitte under, som framleis held tørt pga GTX. Så dette trur eg varierar litt, kanskje mellom anna stegavvikling og fotanatomi påverkar måten ein slit sko, også innvendi? Mine v ert hverftall berre degraderet til "markastøvlar" når dei er sunde, då eg har vondt for å kaste sko som framleis held tørt..
  19. Haha, who would have guessed, har eg potensiale? Men frå spøk til alvor; forsåvidt samd med @ost når det gjeld stupid light osv. Så er berre spm kva som skjer når breutstyret, medicen osc ryk ut. For faren er stor for at den då vert erstatta av ikkje-turvande luksus Med andre ord stupid heavy
  20. Akkurat! Cho Oyo er eit eindukstelt som veg 2,5 kg. Då er ein nede på den vekt eg tenkjer er spiselig, gjerne endå litt lettare.
  21. Ler så eg grin og konstatera at eg aldri vert lettpakkar. På skitur på bre har eg 22-25 kilos sekk for 5 dagar. Då har eg tyna, har mellom anna berre en kilo kle med. Skal dog seiast at breutstyr og tau ligg på 2,5 - 5 kg alt etter samansetninga på taulaget og utstyrsbehov. Vekta inkluderar også utvida medic for gruppe, to par fellar og sjølvsagt spade/søkestang og ein vindsekk eigna til innpakking av skadd person. Vekta er også ferdigpakka vekt, så det vil seie at det er 2 l væske inkludert i den. Konkluderar likevel med at eg har ein lang veg å gå, den dagen kne byrjar skrangle og eg må tenke lettvekt
  22. Sluttspennet på skia har forskjell om du måler det. UTEmagasinet hadde ei go sak på dette. Er du over 60 kg anbefalte dei Nansen.
  23. Dersom 3 kg er ok ser eg at MSR Holler 3 ligg til 5000 kr no, på Sportsnett. Har ikkje prøvd teltet, så kan seie lite om det, anna enn at eg synes det ser ut som et interessant telt. Evt MSR elixir 3
  24. Er forskjell på å ha i seg store doser hubbabubbapillar av ukjent art og oprinnelse tenkjer eg, og på å ha i seg enkle kosttilskot du får kjøpt på apoteket. For å spinne fullstendig av tråden (dårleg vane,m skal slutte etter dette); Som gravid vert du mellom anna rådd til å få i deg nok jarn og vitaminar. Ser ikkje heilt att saltar og mineralar kjem i anna kategori heller motsett; yngstemann truga med å kome for tidleg som følge av mangel på kalium Kaliummangel kan sette i gang aktivitet i den muskulaturen i kroppen som ikkje er viljestyrt. Huff, held me fram med dette trur eg me må skilje ut ein tråd som handlar om ernæring knytt til å få kroppen til å yte og restituere godt på tur
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.